Fråfall og fellesskole

I dag sendte eg ut dette lesarinnlegget saman med Lena Jensen.

Aktive elevar er det vi treng for å få ned fråfallet. Pluss litt politisk vilje. Foto: Flickr/ungtrenull

Vi er veldig glad for at Nordlys og Fremover er opptatt av statusen til yrkesfaga. Fråfallet i vidaregåande skole – spesielt i Nord-Noreg – er eit enormt samfunnsproblem. Det har derfor vore sentralt for Troms SV å arbeide for å få redusert fråfallet, både gjenom aktivt arbeid i fylket, og gjennom å sette fokus på dette nasjonalt. Vi er derfor svært godt fornøgde med at Troms SV fekk landsmøtet med på å vedta ein uttalelse om fråfallet i vidaregåande skole. Dette viser to ting, at heile partiet og ministeren er opptatt av saka og at Troms SV blir høyrt på nasjonalt.

I uttalelsen som vart vedtatt peiker vi på fleire sentrale ting for å få redusert fråfallet. Svært mykje av fråfallet startar før elevane kjem til vidaregåande skule. Nye undersøkingar viser at fleire enn ein av fem elevar frå ungdomsskulen ikkje har grunnleggande lese- og skriveferdigheitar. Det er derfor viktig at ein ser skulepolitikken i samanheng med andre sosiale utjamningstiltak i samfunnet i tillegg til at ein må ta fatt i problematikken tidleg. Dette krev at vi tenkjer nytt både innafor vidaregåande opplæring og i grunnskulen. Eg er svært fornøgd med at SV no vil vurdere eit kvalifiseringsår for dei elevane som kjem ut av grunnskolen utan godt nok fagleg grunnlag. Dersom dette året er nært knytt til praksis ute i bedrift kan det bli ei svært god løysning.

Vi er fornøgde med at SV er i gang med å satse på tidleg innsats mellom anna gjennom å lovpålegge fleire lærarar i 1- 4 trinn frå hausten av. Ungane skal få hjelp når dei treng det. SV går til val på at vi skal sikre fleire lærarar i skolen, og slik alle elevane skal få hjelp til leksene. SV skal innføre meir fysisk aktivitet og praktisk læring i skolen. SV ønsker å innføre ei gratistid midt på dagen i skolefritidsordninga. Vi vil ha ein skole der SFO og skole er saman om å nå læringsmåla. Slik vil vi og over tid redusere fråfallet.

Der avstandane er store må den desentraliserte skulestrukturen oppretthaldast slik at fråfallet ikkje blir eit problem. SV meiner at vi må arbeide for at så mange som mogleg har sjansen til å ta i alle fall første året på vidaregåande skule medan dei bur heime. Dette tyder at vi i enno større grad må ta i bruk nye organisatoriske og teknologiske løysingar for å kunne gje gode tilbod til alle.

SV vil ta initiativ til at fleire skal få ei meir praksisnær utdanning, og vi vil åtvare mot ei teoretisering av yrkesutdanningane. Det betyr at vi må tilby utdanningsløp der teorien er sterkare knytt til praksisfeltet. Dette kan blant anna skje gjennom eit sterkare vekselspel mellom utdanning i skule og utdanning i bedrift. Derimot er det ikkje smart å redusere på teorien. Det vil gje oss mindre kompetanse og kunnskap til å bygge framtida på. Men det er heilt sentralt å knytte teorien nærmare til praksisfeltet slik at den kjennest relevant og viktig.

Leiarskribenten i Nordlys og Fremover harselerer over at SV er mot private skolar og ønsker ein offentleg skole. Dei om det. Vedtaket er og godt fordi det seier at den offentlege skolen skal få eit breiare spekter av pedagogikk. Det bør vere plass til både Steiner, Montesorri og anna pedagogikk i den offentlege skolen. Det som var vedtatt av landsmøtet var:

Flere privatskoler vil øke de sosiale forskjellene i samfunnet, og svekke den offentlige skolens rolle som felles møtested for barn og ungdom med ulik bakgrunn. SV vil derfor forsvare dagens privatskolelov slik at kommersielle aktører ikke skal kunne drive private skoler. Pedagogiske og religiøse alternativer skal på sikt avvikles. Barn som har behov for alternativ pedagogikk skal få det i den offentlige skolen.

Det norske samfunnet veks på at alle ungane går i den same skolen. At direktørsønn og arbeidardotter går i lag, at muslim, kristen og ateist går i lag. Det norske samfunnet veks på at mine og dine ungar får treffe ungar som ikkje er oppdratt med dei same haldningane og meiningane som ungane våre møter heime.

Fråfallet, den største utfordringa

Til helga er det årsmøte i Troms SV. Eg sit og kladdar på eit forslag om vidaregåande skole i Troms. Eg tar gjerne mot forslag til korleis eg kan gjere denne teksten betre. Er det noko eh bør ta med? Er det noko eg bør endre på? Kva bør SV meine om vidaregåande skole i Troms. Eg tar med takk mot framlegg i kommentarfeltet.

——————————————————

Fråfallet, den største utfordringa

Troms SV meiner at det store fråfallet i vidaregåande opplæring er ved sida av klimaendringane, den største utfordringa samfunnet i Troms står over for. Troms SV er nøgd med den jobben fylkesrådet gjer med dei vidaregåande skolane, men ønsker seg enno større trykk i arbeidet mot fråfall og for å auke kvaliteten i skolen.

Korleis bidrar vi best til at det og blir ei fagleg knallavslutning på vidaregåande skole? Foto: Geir Halvorsen/flickr.com

Dei tre nordnorske fylka har størst utfordringar knytt til fråfall i landet. Troms SV forventar derfor at departementet deltar saman med fylka i nord for å finne løysningar. I ein periode vil desse løysningane koste pengar. Troms SV vil utfordre departementet til å stille opp.

Troms SV er glad for det som er blitt gjort med prosjekta «Praktisk yrkeskvalifisering» og «Skolebasert formidling av læreplassar» dette er prosjekt som vil bidra til å få ned fråfallet. Dette er likevel ikkje nok. Svært mykje av fråfallet startar før elevane kjem til vidaregåande skole. Nye undersøkingar viser at så mange som ein av fem elevar frå ungdomsskolen ikkje har den naudsynte faglege bakgrunnen for å kunne klare seg i den vidaregåande skolen. Dette krev at vi tenkjer nytt både innafor vidaregåande opplæring og i grunnskolen.

Det kjem i Troms og i heile landet til å bli eit stort behov for folk innan omsorgssektoren. Kommunane har stort behov framover for kvalifiserte helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Dette er trygge val om du vil vere sikker på å få jobb, og det er eit trygt val om du vil jobbe med noko som betyr mykje for menneska rundt deg. Utan kvalifiserte folk i omsorgsektoren blir Noreg eit fattigare og kaldare land. Troms SV derfor trygt rå dei som har interesse for det å velje helse- og omsorgsfag i vidaregåande skole. Spesielt vil vi be gutar om å vurdere slik utdanning. Til neste år gjer fylkesrådet noko nytt i Troms, dei gjev alle som fullfører læreløpet fram til fagbrev som helsefagarbeidar rett til eit ekstra år på skole slik at dei og kan kvalifisere deg til høgare utdanning. Vi veit at mange som blir helsefagarbeidarar har tankar om å ta ei sjukepleiarutdanning. Troms SV er nøgd med at fylkesrådet har gjort dette enklare.

Troms SV meiner at det er viktig å halde oppe den desentraliserte skolestrukturen i Troms. Vi meiner at vi må arbeide for at så mange som muleg har sjansen til å ta i alle fall første året på vidaregåande skole medan dei bur heime. Dette betyr at vi i enno større grad må ta i bruk ny organisatoriske og teknologiske løysningar for å kunne gje gode tilbod over heile fylket.

Troms SV vil advare mot forslaget om at alle yrkesutdanningane skal gje generell studiekompetanse. Dette vil på sikt føre til ei enno større grad av teoretisering av yrkesfaga, og føre til større fråfal eller leide til ei nivåsenking i høgare utdanning. Troms SV meiner det er ei betre løysning å bygge ut y-vegen, der fagbrev gjev rett til høgare utdanning innafor relevante fagfelt.

Troms SV vil ta initiativet til at fleire skal få ei meir praksisnær utdanning. Det betyr at vi i må tilby utdanningsløp der teorien er sterkare knytta til praksisfeltet. Dette kan blant anna skje gjennom eit sterkare vekselspel mellom utdanning i skole og utdanning i bedrift.

Troms SV meiner at ein bør vurdere eit kvalifiseringsår for dei elevane som ikkje har grunnlag for å ta vidaregåande skole. I nært samarbeid med næringslivet kan desse elevane oppdaga at teorien er naudsynt og sjølv oppleve korleis teori og praksis heng saman.

Eit stort og viktig val

Det er ikkje så alt for lenge til dagens tiendeklassingar må velje studieløp i vidaregåande skole. Det er kanskje ikkje eit val for livet, men for mange vil dette avgjere framtidas yrke. Det er viktig både for ungdomane som skal velje og foreldra å diskutere dette grundig og skaffe seg informasjon.

Breivang vidaregåande er ein av dei mange spennande skolane i Troms.

I Troms tilbyr vi 12 utdanningsprogram med ulike spesialiseringar første året, og du kan utdanne deg innafor totalt 190 fag eller yrke. Det er ikkje lett å velje blant alt dette. Valet må avhenge av interesser, ønske om framtidig bustad – og sjølvsagt – kva samfunnet har bruk for. Det vanlegaste rådet i denne situasjonen er at ungdomen må velje det dei er interessert i. Det er ei enkel utsegn, men for dei fleste av oss er det heldigvis slik at vi er interesserte i meir enn ein ting. Det kan derfor vere verd å skjele til andre ting i valprosessen.

Det er vanskeleg å spå , men ein spådom skal eg driste meg på. Det kjem i Troms og i heile landet til å bli eit stort behov for folk innan omsorgssektoren. Kommunane har stort behov framover for kvalifiserte helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Dette er trygge val om du vil vere sikker på å få jobb, og det er eit trygt val om du vil jobbe med noko som betyr mykje for menneska rundt deg. Utan kvalifiserte folk i omsorgsektoren blir Noreg eit fattigare og kaldare land. Eg kan derfor trygt rå dei som har interesse for det å velje helse- og omsorgsfag i vidaregåande skole. Spesielt vil eg be gutar om å vurdere slik utdanning. Til neste år gjer vi noko nytt i Troms, vi gjev alle som fullfører læreløpet fram til fagbrev som helsefagarbeidar rett til eit ekstra år på skole slik at du og kan kvalifisere deg til høgare utdanning. Vi veit at mange som blir helsefagarbeidarar har tankar om å ta ei sjukepleiarutdanning. Det har vi gjort enklare.

Vidaregåande skole kan vere ei utfordring for mange. Arbeidspresset er stort, og det krevst at du følgjer med, er til stades og at du gjer arbeidsoppgåvene din for at du skal lykkast. Dessverre er det alt for mange som ikkje fullfører vidaregåande skole i Troms. Det er vanskeleg å peike på ein grunn til at fleire elevar fell frå i Troms og resten av landsdelen enn i Noreg som heilskap. Kanskje har det noko med kulturen vår å gjere? Kanskje tar vi ikkje skole og utdanning nok på alvor her i nord?

Eg har ikkje noko eintydig svar, men ein ting veit eg, dei elevane som blir følgt opp heimanfrå og har god vaksenkontakt har lettare for å lykkast enn andre. Derfor er det på sin plass med ei utfordring til foreldra og andre som har kontakt med ungdom i vidaregåande skole. Det er viktig at du gjev uttrykk for at skolen og skolegangen verkeleg betyr noko for korleis det går med deg i livet. Det er viktig at du er interessert og følgjer med kva som skjer på skolen. Det er viktig at du veit kva dottera eller sonen din gjer på dagane. Så skal vi i Fylkeskommunen gjere kva vi kan for at utdanningane skal vere så gode og utfordrande som muleg., og gje elevane den beste oppfølginga vi kan.

Det faglege nivået i vidaregåande skole er høgt. Vi forventar ikkje at elevane skal kunne få så mykje fagleg oppfølging heime, men vi forventar at foreldre og andre bidrar til at skolearbeidet blir gjort, og viser interesse for skolearbeidet. Det betyr og at ungdomen må ha tid til å prioritere skolearbeidet. Eg synst det er bra og rett at ungdom har arbeid i tillegg til skolen, litt arbeid kan vere med på å bidra til å lykkes i skolen. Men, det er dessverre ein tendens i retning av at arbeidet blir viktigare enn skolen. Det er ein tendens til skolearbeidet blir prioritert ned til fordel for lønna arbeid. Det er ei felles oppgåve for ungdom, foreldre og arbeidsgjevarar å sørgje for at lønsarbeidet ikkje tar så stor plass at skolearbeidet blir lidande.

Eg trur at vi saman må få til ei haldningsendring dersom ungdom i Troms skal få den same utdanninga som ellers i landet, at ungdom i Troms skal gjennomføre skolen og skaffe seg eit godt grunnlag for vidare arbeid og studiar. Då må vi saman prioritere skolearbeidet og vere tydeleg på at dette er viktig.

Godt val til alle tiendeklassingar den 1. mars, eg er heilt sikker på at det blir nokre spennande og gjevande år i den vidaregåande skolen i Troms.

Skolestrukturen i Indre Midt-Troms

I Troms og spesielt i indre Troms har vi eit breitt og godt tilbod innafor vidaregåande skole. Regionen har nesten alle dei utdanningsprogramma som finst, og vi har eit tilbod innafor eit utal fag og yrke. Det sterke fylkeskommunale tilbodet innafor vidaregåande opplæring i indre Troms er ei stor styrke for regionen. Indre Troms vidaregåande skole er ein sterk og velfungerande skole med sterke og kompetente fagmiljø som bidrar til utvikling og utdanning. Slik skal det vere i framtida og.

Likevel er det slik at vi må diskutere frå tid til anna om vi har organisert oss på den beste måten. Får vi eit godt nok tilbod til elevane og regionen i forhold til dei pengane vi bruker. Dette er ein debatt vi må ha kontinuerleg. Vi blir aldri gode nok, aldri perfekt organisert. Det finst alltid betre måtar å gjere dette på. I ein slik debatt er det og naudsynt å sjå på om vi brukar pengane rett i samband med struktur.

Eg håper folk, politikarar, elevar og lærarar vil delta i ein debatt om dette, slik at vi kan vere sikre på at vi gjer ting på best muleg måte. For meg er det viktig å slå fast ein del grunnleggande prinsipp og premiss som eg meiner bør ligge til grunn for ein slik debatt.

1. Det er både fordelar og ulempar med dagens struktur
2. Det er fordelar med små skolar
3. Det er fordelar med store skolar
4. Kostnadene med dagens skolestruktur ligg opp i mot 30 millionar over kostnadene med ein struktur som utnyttar alle stordriftsfordelar.
5. Kvaliteten på ein skole blir i stor grad avgjort av menneska i ein skole, ikkje av betongen rundt menneska i skolen.
6. Økonomien i skoletroms er pressa og vi har ikkje pengar nok til kvalitetsutvikling, kamp mot fråfall og kompetanseauking for lærarane.

Den viktige debatten framover blir, slik eg ser det, er om mange små skolar i form av oversiktlege skolemiljø, nærleik til elevane ol. er verd dei økonomiske utgiftene dette gjev oss. Er det verd at vi ikkje får råd til ei rad andre viktige tiltak i skolen? Eg må innrømme at eg er i tvil. Eg trur heller ikkje det finst eit fasitsvar på dette spørsmålet. Og, eg er heilt sikker på at det er gode argument som eg ikkje har tenkt på for alle alternativ. Det er viktig at desse argumenta kjem fram, før det blir aktuelt å ta ei beslutning om å endre på strukturen.

La det og vere sagt at det er mykje som talar for at det kan vere fornuftig å samlokalisere Bardufoss og Høgtun vidaregåande skolar. Bardufoss vgs har stort behov for oppussing. Det kan vere ein del å hente på fagleg samarbeid mellom skolemiljøa – og det vil vere ein økonomisk gevinst. Dersom dette i tillegg kan vere med å bidra til å hjelpe Målselv kommune er det fint. Kommunen og fylket må jobbe saman om desse problemstillingane. Dersom vi etter ein debatt skal ende med at vi samlokaliserer Høgtun vgs og Bardufoss vgs vil det vere ein absolutt føresetnad frå mi side at det er to samla fagmiljø som skal samlokaliserast. Det skal ikkje skje endringar i utdanningsprogram eller fagstruktur i negativ retning som følgje av ei slik samlokalisering.

Ei eventuell samlokalisering av Høgtun og Bardufoss vil bety store investeringar. Dersom vi skal samlokalisere dei to skolane må det byggast nytt på Bardufoss for å få plass til Høgtun – og gje Høgtun gode arbeidsvilkår. I tillegg har vi eit oppussing og rehabiliteringsbehov på Bardufoss. For å kunne skape Nye Bardufoss-Høgtun vidaregåande skole må det sannsynlegvis investerast mellom 100 og 200 millionar.

SVs arbeidsprogram: Kunnskap og mestring

Kunnskapspolitikken er den viktigaste politikken. Derfor er sjølvsagt og kapitlet om kunnskap og meistring i forslaget til arbeidsprogram for SV det viktigaste kapitlet. Kapitlet er godt, men gjev kanskje ikkje det same løftet og gleda som nokre av dei andre kapitla i programmet gjer. Kanskje er det fordi mykje av utdanningspolitikken etterkvart er blitt felleseige i Noreg, det er mindre som skil partia? Det er i så fall bra. Det er viktig for skolen at ein del ting ligg fast over tid.

Det er likevel ingen tvil om at det er SVs partiprogram du les. Dette finn vi mellom anna i det kunnskapsynet som ligg til grunn for tenkinga i kapitlet. I innleiinga slår komiteen fast:

Men først og fremst handler en solidarisk kunnskapspolitikk om at hvert eneste menneske skal få utvikle sine evner slik at han eller hun kan mestre sin hverdag i arbeid og fritid og leve et godt liv.

Dette er viktig. Kunnskap handlar sjølvsagt om kva som er bra for samfunnet og at samfunnet treng kunnskapsrik arbeidskraft, men til sjuande og sist er det utviklinga av mennesket som måstå i fokus.

Barn leiker i ein barnehage i Oslo. Foto: Simon Norbert Pranter/http://flickr.com/photos/simonnorbertpranter/2331775036/

Barnehagane har sjølvsagt ein sentral plass for SV. Vi veit at gode barnehagar fører til betre resultat i skolen. Programutkastet legg stor vekt på kvaliteten i barnehagane og at vi bør innføre ei obligatorisk kjenretid i barnehagane for femåringane. Eg er generelt skeptisk til å gjere ting obligatoriske. Mest muleg må folk (i dette tilfelle foreldra) få avgjere sjølv. I dette tilfellet er eg likevel samd i at fordelane med å gjere dette er større enn det inngrepet det er overfor folk.

Dei siste åra har så mange snakka om tidleg innsats at ein skulle tru det var noko vi gjorde over alt. Slik er det ikkje. Framleis bruker vi meir ressursar på spesialundervisning i slutten av skoletida enn i byrjinga. Og vi veit at det er dei første åra vi får best resultat av ein ekstra innsats. Eg er derfor veldig glad for at programmet er så tydeleg på dette området. Komiteen skriv i programutkastet:

Den norske skolen bidrar til å reprodusere sosial ulikhet. I dag vet vi at tidlig innsats for elevenes grunnleggende ferdigheter bidrar sterkt til at flere elever lykkes i resten av utdanningsløpet. SV vil derfor sette inn større ressurser i de første skoleårene, for å sikre at alle elever lærer seg å lese, skrive og regne så tidlig som mulig.

Dette vil over tid få stor innverknad på eit av dei største samfunnsproblema i Noreg; det alt for store fråfallet i vidaregåande skole.

Den første dissensen i dette kapitlet handlar om makspris. Dette er ein typisk kommuneSVdissens. Fleirtalet i komiteen går inn for makspris i SFO. Det er sjølvsaagt ein god ting, som ingen kan vere mot. Men kven skal betale? Det er ei utfordring at mange slike tilltak ikkje blir fullfinansiert frå staten si side og då går det utover kommunen sin økonomi. Eg reknar med at det er grunnen til at Kåre Aalberg og Inge Myrvoll er mot dette punktet. Eg har sans for begge standpunkta. Men alle er samde om at SFO tilbodet må bli betre og få ein høgare kvalitet.

Det står mykje bra om fråfallet i vidaregåande opplæring. Dette er viktig. Eg er glad for ei oppmjuking av 2+2 regelen og at vi er tydelege på ei betre integrering av teori og praksis. Eg er meir skeptisk til ei ny treårig yrkesfaglærarutdanning. I dag har yrkesfaglærarane ei sterk forankring i faget. Dei fleste har sjølv praktisert og tatt ei pedagogisk utdanning etterpå. Reint generelt trur eg dette er eit betre grunnlag for undervisning enn ein skole.

Programutkastet fokuserer på læretida og lærlingen. Det er viktig. Dette er eit område av utdanninga vi tradisjonelt snakkar for lite om. Det blir her laga eit løp som kan leie fram til ei lovfesting av retten til læreplass. Det er fint. Fram til no har denne lovfestinga vore meir lik ein besvergelse enn praktisk politikk. Spørsmålet er likevel om denne gode prosessen fungerer vil vi då trenge lovfesting? Ei lovfesting kan fort bli å kaste blår i augo på elevane. Karakterdebatten er ikkje heilt fråverande i programmet, men er blitt betre enn den tradisjonelle debatten for eller mot karakterar. Komiteen skriv:

Dagens vurderingsformer i ungdomsskolen og i videregående opplæring gir ikke en tilstrekkelig god tilbakemelding på elevens arbeidsinnsats og prestasjoner, og er for vilkårlig. SV ønsker derfor å utrede endringer i systemet for vurdering i ungdomskolen og videregående opplæring, med sikte på å forbedre dagens vurderingssystem. Målet med en slik utredning må være å finne vurderingsformer som gir en mer presis og helhetlig tilbakemelding til eleven, og som sier fra om eleven er klar for å gå videre i utdanningsløpet eller ikke.

Dette synst eg er ei god formulering. Den dekker ein del av den rettmessige kritikken av karakteren, men kastar ikkje fordelane med karakterar over bord. Det at vi treng å gjere vurderingssystemet betre kan vel dei fleste vere samde om.

Den store debatten i dette kapitlet kan fort bli debatten om forhandlingsansvaret. Skal lærarane forhandle med staten eller med KS. Mi prinsippielle haldning er klar. Den som har det økonomiske ansvaret, den som har ansvaret for kvaliteten må vere den som skal forhandle. Det er KS, kommunane og fylkeskommunane. Samstundes ser eg lærarane sine argument. Eg trur likevel det blir lagt for stor vekt på dette amomentet. Det blir ikkje himmel for lærarane om stwten blir forhandlingsmotpart, og det er ikkje helvete no. KS sleit vel kanskje litt ed forhandlingskompetansen i byrjinga. Mitt inntrykker at dette har blitt betre. Eg trur eg kjem til å følgje dissensen her.

Eg er derimot heilt sikker på at eg er i mot at alle elevane skal ha rett til å komme inn på førstevalet sitt. Dette vil gjere det nesten uråd å halde oppe eit desnetralisert skolesystem, og vil gjere det vanskeleg å tilpasse utdanningstilbodet til samfunnet sine behov. I dag kjem over 90% av elevane inn på førstevalet sitt. Kostnaden med å nå 100 prosent blir stor for samfunnet – økonomisk og distriktspolitisk.

Studiestøtta i Noreg bør bli betre. Eg trur likevel ikkje at det er lurt at vi bett oss til eit tal. I programmet er det foreslått 2G. Det blir fort eit løfte vi må bryte. Det er og ein diskusjon om kor høg studiestøtta skal vere. Eg synst sosialdemokratiet.no har nokre vektige argument.

Den siste dissensen i kapitlet handlar om å endre loven slik at alle rektorane på unversitet og høgskolar skal vere valde. I dag er dette hovudregelen, men det er opning for andre ordningar. Eg må innrømme at eg synst dagen regel er grei. Val er oftast det mest fornuftige – eg ville gå for dette nesten bestandig. Men det finst alltid unntak. Vi treng då ikkje å låse alle inn i ein mål når vi ikkje treng det. Dette synst eg institusjonane kan få avgjere sjølve.

Eg burde sjølvsagt skrive meir om høgare utdanning. Det er mykje om det i kapitlet, men det er fredagskveld og eg er lei.

Synkande kvalitet

Zett utanfrå hevdar i bloggen sin at det er ein stadig synkande kvalitet i norsk skole. Det blir som så ofte før når slike påstandar kjem fram ikkje vist til kjelder og heller ikkje sagt noko om etter kva kriterie kvaliteten er målt ut i frå. Utan at vi er tydeleg på kva vi måler, kor sikre målingane er, og kva vi ikkje måler er det vanskeleg å seie noko heilt sikkert om kvaliteten i skolen.

Elevar i hardt læringsarbeid. Foto: Baldur Blöndal/Wikipedia

Det vi veit er at det har vore ein nedadgåande tendens i nokre internasjonale undersøkjingar. Det er ille og noko vi må ta på alvor. Men det vi og veit er at desse undersøkjingane ikkje er den heile og fulle sanninga om norsk skole. Skolen er mykje meir enn det som blir målt i PISA og liknande.  Eit viktig mål på kvalitet må jo mellom anna vere om det ein lærer er relevant for det arbeidet ein skal gjere seinare? Norske arbeidstakarar svarar i ei internasjonal undersøking at dei oppfattar utdanninga som relevant. Faktisk ligg vi på topp (ja, eg skal finne referansen, berre gje tol).

Vidare er det gjort mykje vesen ut av dei geografiske skilla i landet når det kjem til resultata på dei nasjonale prøvane. Faktum er jo at det eigentleg er usedvanleg liten skilnad. Med tre unntaket er ikkje spennet i 8. klasse større enn 2,8 til 3,3, der dei fleste fylka ligg midt i laget. Altså er hovudfunnet at det er stor grad av likskap over heile landet. Dersom vi hadde korrigert tala for skilnad i utdanningsnivå og inntekt hos foreldra, som vi veit betyr mykje for resultata, så er eg sikker på at skilnadene ville blitt enno mindre. Gjennomgåande er det slik at dei fylka med lågast utdanningsnivå generelt ligg nederst. Fylke som Finnmark og Østfold har eit lågt utdanningssnitt, og scorer dårleg på prøvane, Akershus motsett. Akkurat slikein kan forvente. Dersom dette er riktig – og det trur eg – så er det slåande kor likt det er.

Det er viktig å måle kvaliteten på skolane, i alle fall på systemnivå (dvs kommunenivå for grunnskolane og fylkesnivå for dei vidaregåande skolane) fordi veljarane har krav på denne informasjonen for å kunne vurdere om vi som politikarar gjer ein god jobb og som eit viktig premiss for den offentlege debatten. Vi må likevel vere tydelege på at ikkje alt blir målt – og heller ikkje alt av viktig kvalitet i skolen er målbar.

Exit mobile version