Finnfjord smelteverk – velfortent støtte

Eldsmørja storknar ved Finnfjord smelteverk. Foto: Pål Julius Skogholt

Eg vil gjerne berømme Finnfjord smelteverk for den jobben dei gjer med å ta vare på energi og miljø. Smelteverket har no fått støtte av Enova for å gjenvinne 224 Gwh med energi. (Eg har tidlegare skrive om det her) Det er berre første steg på vegen mot eit klimanøytralt smelteverk. Vi er stolte over at den raud-grønne regjeringa si satsing på Enova no får denne typen utslag. I statsbudsjettet for 2009 auka løyvingane med 1,5 milliardar kroner.

Vi kjem til å trenge ferrosilisium i framtida – mykje av det. Då er noko av det viktigaste vi kan gjere å finne måtar å produsere dette på som gjev så små negative miljøkonsekvensar som muleg. Her går Finnfjord smelteverk først og brøytar veg. Ein veg som eg trur vil gje tryggare arbeidsplassar og betre økonomi.

All honnør, denne typen utvikling ønsker vi i SV å sjå meir av framover.

Finnfjord smelteverk – CO2-nøytralt?

For ei veke sidan var eg på besøk på Finnfjord smelteverk i Lenvik. Dene bedrifta står i dag for ein tredjedel av alle klimagassutsleppa i Troms målt i CO2-ekvivalentar. Smelteverket presenterte planar for korleis denne bedrifta kunne bli klimanøytral.

Eldsmørja storknar ved Finnfjord smelteverk

Finnfjord har lagt opp til en trepunktsplan for å nå dette målet. Først vil dei gjenvine store mengdar spillvarme og produsere straum av denne. Så vil dei bruke restvarmen til å produsere bioetanol av cellulose (altså trevirke) og til sist vil dei bygge eit kolkraftverk med CO2-reinsing og køyre avgassane frå smelteverket gjenom same reinseanlegget. På denne måten skal dei bli klimanøytrale.

Det er ingern tvil om at dette er eit spenande prosjekt, men eg kjener at tvilen sit laust. Hovudsakleg er dette med bakgrunn i kolkraftverket. Instinktet mitt seier meg at dette ikkje er noko bra. Eg får vel likevel håpe at eg kan la rasjonelle argument vinne over instinktet om det skulle vere rett. Eg ser ein del problem med prosjektet. Det første og største er kor og korleis ein skal lagre CO2-en. Dene må lagrast i struktur som er stabile i eit geologisk tidsperspektiv. Ingen veit om dette vil bli mogleg. På sett og vis står vi over for den same utfordringa som vi har i samband med lagring av atomavfall. Tidsperspektivet er så langt at ingen kan vite om det fungerer. Skilnaden er sjølvsagt at atomavfall er giftig der og då medan CO2 «berre» bryt ned klimaet over tid.

Men trass i alle betenklegheitane ligg eit eller to faka fast. 1. Den menneskelege sivilisasjonen treng stål og vil halde fram med å trenge stål. 2. For å produsere stål treng vi ferrosilisium og dermed den norske smelteverkindustrien.

Utfordringa er då å gjere den norkse industrien så miljøvenleg som råd og gje dei eit industrikraftregime som gjer det mogleg å planlegge drift over så lang horisont at investeringar og utvikligsprosjekt som det Finfjord smelteverk gjer framlegg om blir mogleg å realisere.

Eg vil gjerne ha kommentarar og innspel. Er dette noko som er råd å få til? Er det noko her eg ikkje har forstått?

Exit mobile version