Min umiddelbare reaksjon då eg såg bilete av korleis Snøhetta og Buckhard ser for seg å bygge nytt hotell i Tromsø var at det var fantastisk artig. Eit flott og spennande bygg som byen treng. Eg liker det grandiose, ja nærmast grotesk store. Men, så sette ettertanken inn.
Eg trur ikkje det kjem til å sjå like fint ut i verkelegheita som på bileta. Lyset blir ikkje så kult som der. Det kjem til å skape skugge i store delar av byen. Vil vi eigentleg det? Er vi ikkje lenge nok utan sol? Korleis blir det mogleg å bygge noko som helst i sentrum av Tromsø etter dette som passar inn i ein heilskap. Er dette berre den første skyskraparen? Skal vi verkeleg ha hotell på den finaste tomta i byen. Burde det ikkje bli eit byrom som er tilgjengeleg for alle? Og, kan eit oppvarma basseng på taket reknast som eit svømme- og badeanlegg?
Eg trur framleis eg meiner det eg skreiv i februar
Samstundes liker eg nye spenstige tankar. Eg liker tanken på eit slikt bygg i Tromsø. Eg trur likevel eg blir vanskeleg å overtale for at dette prosjektet skal gjennomførast, men eg er villig til å høyre på argumenta før eg bestemmer meg.
Det einaste eg er heilt sikker på er at vi må skape ein prosess der alle innbyggarane i Tromsø får sagt meininga si og bli høyrte. Dette bygget vil endre korleis byen vår ser ut, ei endring som vi ikkje kan angre på. Det blir ikkje mogleg å trykke Crtl-Z når hotellet står der. Dette angår oss alle.
Kva synst du, skal vi bygge T-en? Kommenter eller stem.
[poll id=»16″]