Ville spekulasjonar

I dag har eg tenkt meg å kome med nokre ville spekulasjonar på bloggen min. Dei spekulasjonane skal handle om kven frå SV som skal sitte i regjeringa framover. Og, la meg slå fast. Dette er spekulasjonar og ikkje basert på noko anna enn det eg har tenkt.

For ei veke sidan var det fire SV-statsrådar; Kristin Halvorsen, Erik Solheim, Tora Aasland og Audun Lysbakken. Eg tippar at om ein månad ville berre Kristin Halvorsen sitte igjen i regjeringa av desse fire.

Eg tippar Halvorsen vil bli sittande som sjef for heile kunnskapsdepartementet og som SVs sjef i regjeringa. Ho vil nok halde fram med å møte i underutvalet og liknande. Dette kjem over tid til å bli svært problematisk for Lysbakken. Så lenge Kristin sit og er sjefen i regjeringa vil det vere uklårt kven som er den reelle sjefen i SV. Er det framleis Kristin Halvorsen, eller er det Lysbakken på Stortinget?  Over tid blir dette uhaldbart, og Kristin må nok og forlate regjeringsstolen.

Det naturlege ville vore at ein av nestleiarane overtok rolla som SVs fremste person i regjeringa med ein gong, men korkje Solhjell eller Thorkildsen er av Lysbakkens næraste allierte, derfor blir det ikkje slik

i første omgang.

Solhjell kan bli bistandsminister. Då får han jobbe med tema han synst er spennande, og vi slepp brysame konfliktar mellom Solhjell og Lysbakken på Stortinget og samstundes vil Solhjell vere så mykje på reise at han ikkje kan vere ein rival til Lysbakken. Thorkildsen kan bli ny miljøvernminister. Då kan det tenkast at Heidi Sørensen sluttar som statsekretær og går attende til Stortinget. Det blir eit problem, fordi det betyr at Akhtar Chaudry fell ut av Stortinget. Det gjer han og om Sørensen held fram som statssekretær, men Halvorsen kjem attende til Stortinget på eit eller anna tidspunkt. Det ville vere eit dårleg signal. Han er ein av Noregs viktigaste minoritetspolitikarar og visepresident i Stortinget. Eg trur derfor at Chaudry kjem til å bli Barne-, likestillings- og integreringsminister. Då blir og nominasjonskampen mellom Chaudry og Holmås om førsteplassen på SV si osloliste ekstra spennande.

Men, dette er som sagt ville spekulasjonar. Kva trur du?

IKT-senter og betre SFO

I dag har vi hatt besøk av kunnskapsministeren (Bård Vegar Solhjell frå SV) i Tromsø. Det har vore ein god dag for byen og for utdanning i Tromsø. Den første hendinga var at han har bestemt at hovudkontoret for det nye IKT-senteret skal ligge i Tromsø. Den andre hendinga var at han lova at Tromsdalen skole skal få pengar til å halde fram satsinga på kvalitet i SFO. Kan det bli betre?

22062009653a
Solhjell blir mottatt på Tromsdalen skole av SFO-ungane. Foto Pål Julius Skogholt

I Troms har vi brukt mykje pengar og energi på å utstyre alle elevane i vidaregåande skole med eigne Pcar. Det trur eg; skjønt under litt tvil; er ei rett satsing. Det er likevel ikkje nokon tvil om at vi har eit stykkje igjen å gå før vi får eit læringsutbytte av desse PCane som står i forhold til kostandene. Her kan eit slikt IKT-senter bli ein svært viktig medspelar. Ministeren seier det slik i pressemeldinga frå departementet:

Senteret er eit uttrykk for at vi meiner IKT er ein viktig del av utdanningspolitikken. Vi ønskjer at skulane og barnehagane meir effektivt skal nytte IKT for å få til betre læring. Å plassere hovudkontoret i Tromsø inneber at vi ser på nordområda som ein kunnskapsregion. Tromsø har mange, gode kunnskapsmiljø som vil spele ei viktig rolle for senteret.

Eg trur han har rett. Her kan du sjå Solhjell sin eigen presentasjon av det nye senteret. Nordlys skriv om det her, og NRK her. IKT i læring har ei kort melding her.

Etter at denne nyhenda vart slept reiste vi vidare til Tromsdalen skole (Ja, eg fekk lov til å vere med heile dagen, det er alltid hyggeleg). Sjølv om eg ikkje har noko formelt ansvar for det som skjer i grunnskolen er det viktig for vidaregåande skole og. Den kunnskapen elevane har med seg frå grunnskolen avgjer korleis den vidaregåande skolen blir. Tromsdalen skole har eit spennande prosjekt med fysisk aktivitet i SFO, der elevane frå ungdomsskolen er leiarar. Det fungerer fint. Og prosjektet får no i underkant av ein million frå ministeren.

Det som skjer i SFO er det mest undervurderte temaet i norsk skole. Nesten alle første og andreklassingane er i SFO, derfor blir det som skjer i SFO viktig for samfunnet. I dag har SFO for varierande kvalitet og er for dyrt. EG er glad for at Solhjell og SV har sett fokus på dette området. Fysisk aktivitet, leksehjelp, og mat i SFO (pluss ein masse leik) vil gje betre skoleresultat over tid, og i neste instans mindre fråfall i vidaregåande skole.