Oljeindustrien skvisar oss

Oljeindustrien, og dei som leverer til den har skapt stor rikdom i landet, men no er det i ferd med å gjere oss til ein for einsidig økonomi. Foto: Tim Thomsen/flickr.com/photos/hotpixelaction/182874330/

Audun Lysbakken (som forøvrig gjorde ein god figur på Debatten i kveld) hadde eit svært godt innlegg i Bergens Tidende den 9. august. Der seier han i korte trekk at oljeindustrien tiltrekker seg så mykje kapital og så mange flinke folk at resten av norsk industri slit. Han kunne og lagt til at oljeeksporten er med på å styrke den norske krona. Det gjev både tradisjonell industri og anna eksportnæring ein vanskelegare jobb.

Dette er i tråd med det eg og har argumentert for på denne bloggen mange gonger. Også NHO er samd i dette. Tor Steig, sjefsøkonom i NHO har sagt:

Det er nå tegn på at oljeklyngen fortrenger annen norsk konkurranseutsatt næringsvirksomhet gjennom særnorsk sterk kostnadsvekst og tilspisset kamp om den kvalifiserte arbeidskraften.

Ketil Solvik-Olsen misforstår dette. På bloggen sin latar han som at poenget er at offentleg sektor skal vekse. Det er heilt feil, poenget er å skape rom for utvikling i anna næringsliv. Vi treng mange bein å stå på i dette landet.

Så kallar det på eit skjeivt smil når Solvik-Olsen skriv i ei samanlikning med Nederland:

Problemet var at gassinntektene ble brukt til å blåse opp offentlige budsjetter og velferdsgoder. Tradisjonell industri tapte i konkurransen. Da gassinntektene tok slutt var statens økonomi ikke bærekraftig.

Eg må innrømme at eg trudde Frp var mot handlingsregelen og for å blåse opp offentlege budsjett. Det er i alle fall det dei seier i alle debattar. Vi får kanskje slutte å tru på dei i denne saka og? Enno artigare blir det når han i same bloggen vil ha meir innvandring til landet for å løyse problemet. Det må ein vel kunne kalle ein snuoperasjon frå Frp?

Så har Solvik-Olsen rett til slutt i innlegget sitt. Den regjeringa vi har no har hatt alt for høgt tempo i oljeutvinninga. Det å få ned den farta er nok ein grunn til at SV bør få større oppslutning i stortingvalet i 2013. Det at så mykje av kapitalen i Noreg går til oljeinvesteringar betyr at det blir mindre til investering i vegar, jernbane, skolebygg og sjukehus. Det er for dumt at vi skal køyre på dårlege, humpete og rasfarlege vegar fordi vi insisterer på å øydelegge både klimaet vårt og økonomien vår.

Eg har tidlegare skrive om korfor det er betre å spare i Haltenbanken enn på børsen og hurra for at NHO har forstått dette problemet.

 

Exit mobile version