Byrådet spring frå løfta til Kroken og Stakkevollan

Eg skal ikkje påstå at rakettane gjekk til vèrs då bydelsløftet kom, men eg er ganske sikker på at det ikkje blir rakettar for at bydelsløftet blir lagt ned. Foto: lmarius/http://www.flickr.com/people/lmarius/

Obama vann valet i USA, trass alt betre enn alternativet. Utviklinga her i Tromsø viser kor galt det kan gå når dei konservative vinn. Det siste dømet er noko som heiter bydelsløftet.

Bydelsløftet skulle var eit prosjekt som skulle løfte Stakkevollan og Kroken bydelar i Tromsø. Det skulle vere med på å legge til rette for møteplassar, leikeplassar og alle andre ting eit lite lokalsamfunn som ein bydel er, treng for å vere ein triveleg plass å bu.

Ikkje misforstå, Stakkevollan er triveleg, emn det kunne blitt mykje trivelegare.

Byrådet (H, Frp og V) starta med å kutte to millionar til dette prosjektet i budsjettet for i år. Nok kjem forslaget om å legge ned heile prosjektet og fjerne resten av pengane.

Men, vi visste vel eigentleg at høgresamfunnet betyr at kvar må passe på seg sjølv?

Det einaste som sukrar pilla litt er at bydelsråda i Kroken og på Nordøya får litt meir pengar å rutte med, i alle fall i år. Av ein eller annan grunn trur eg ikkje dette blir noko vi får kvart år.

Saksframlegget kan du lese her

 Tidlegare utsagn:

  • Vi har tidligere bestemt oss for å sette disse to bydelene på kartet, og belysning er kjempeviktig både for å sikre trivsel og trygghet. Vi vet for eksempel at belysning forebygger vold, sier leder av Bydelsløftet, Frid Fossbakk (H). (http://www.itromso.no/nyheter/article510113.ece)