Ny videoblogg. Om korona, koronapass og statsbudsjett

Eg har i ein periode sagt at eg var ferdig med koronaen, men det viste seg at koronaen ikkje var ferdig med meg eller alle andre.

Eg må berre innrømme at det å innføre ei ny coronaforskrift er noko av det vanskelegaste eg har vore med i politikken i Tromsø. Det kjennest i alle fall sånn akkurat no.

Grunnen til at det er så vanskeleg er at det er så mykje vi ikkje veit – i alle fall vi ikkje veit heilt sikkert. Men nokre ting veit vi.

  • Vi veit at den kommunale helsetenesta har store utfordringar. Det er utfordringar som blir forsterka av at vi allereie manglar ein god del folk i helsetenesta. I ein «normalsituasjon» manglar vi rundt 150 sjukepleiarar og vernepleiarar i Tromsø. I ein situasjon der mange må vere heime på grunn av sjukdom, i ein situasjon der mange helsepersonell har jobba mykje over lang tid så er det svært vanskeleg å sikre at vi har nok folk på jobb til ei kvar tid.
  • Vi veit at UNN har kapasitetsproblem. Fleire innlagte med korona fortrenger andre pasientar. Mangel på folk og smitte i dei kommunale institusjonane gjer at fleire utskrivingsklare pasientar ligg og tar opp plass på UNN.
  • Vi veit at det er mest smitte blant barn og unge, men og at desse i liten grad blir sjuke. Det er smitte blant vaksne og eldre som er hovudproblemet, reint bortsett frå at også helsepersonell må vere heime med sjuke barn.

Samla sett betyr dette vi måtte innføre tiltak i Tromsø. Målet med tiltaka er å forhindre kontakt mellom grupper som ikkje møtest i det daglege for å forhindre smitte. Så er det vanskeleg å vite om vi treff heilt med tiltaka. Er dei strenge nok? Er dei for strenge? Treff vi på rett plass? Er det fair å stille krav til utelivet når det er barn som er mest smitta? Det er mange gode spørsmål. Eg har høyrt på argumenta, eg har prøvd å vege det eine mot det andre. Og, eg trur at der vi hamna med koronaforskrifta er omtrent rett ut frå den situasjonen vi er i i Tromsø. Men usikkerheita er der. Burde vi gjort meir mot skolane? Burde vi vore strengare, eller mindre strenge med reiselivet? Eg trur det beste er å følgje nøye med og tilpasse oss. Vi må i alle fall ikkje ha prestisje knytt til det vi har gjort. Er det for strengt må vi lempe, er det ikkje strengt nok må vi stramme til.

I det siste har det starta ein diskusjon om konronapass. Ryggmargrefleksen min er at koronapass er svært problematisk. Det er eit viktig prinsipp at vi sjølv avgjer kva helsehjelp vi vil ha. Det handlar om at vi som individ skal kunne ta sjølvstendige val og det handlar om kroppsleg integritet. Skal desse vala vere reelle så kan heller ikkje presset frå samfunnet vere for sterkt. Då forsvinn det frie valet.

På den andre sida så er det og urimeleg at samfunnet skal måtte stenge ned, at helsetenestene skal vere under stort press, at dei tilsette på sjukehus og kommunehelsetenesta skal få inndratt feriar og jobbe overtid på grunn av at folk vel å ikkje ta ein vaksine som vel no er blitt ein av dei mest testa vaksinene gjennom tidene.

Så på balansen har eg konkludert med at koronapass kan vere eit godt verkty for å avgrense smitten i samfunnet. Men det er ei viktig føresetnad for dette, det må vere sjølvsagt at du kan teste deg til koronapass. Altså at er du smittefri så får du grønt pass også om du ikkje har tatt vaksinen.

I dag opna regjeringa for at kommunar kan ta i bruk ordninga med koronasertifikat. Eg trur vi skal prøve det ut i Tromsø. Så har eg enno ikkje sett den endelege forskrifta frå regjeringa. Den vil nok tydelegare vise under kva føresetnader vi kan bruke koronasertifikat. Det må vi nesten komme tilbake til.

Pengar

Statsbudsjettet til den nye regjeringa var ein aldri så liten nedtur. Eg er jo ein grunnleggande optimist, så eg hadde jo trudd at regjeringa verkeleg skulle komme med eit løft for kommuneøkonomien. Slik vart det ikkje. I følgje det nye statsbudsjettet får Tromsø kommune 24,6 millionar ekstra. I tillegg det nokre millionar gjennom andre ordningar, så kanskje blir det 30 millionar ekstra til Tromsø kommune. Det er dessverre ikkje nok. Det skaper ikkje rom til eit løft for helsetenstene som vi burde fått til. Det skaper lite rom for å utvikle Tromsø kommune.

Så vi får håpe at SV klarer å forhandle meir til kommunane. Men det som gjer meg litt fortvilt og forbanna er alle som no meiner at SV skal sørge for å oppfylle Ap og Sp sine valløfter. Til og med Ap og Sp folk set no si lit til at SV skal gjere regjeringa betre. Vi skal sjølvsagt gjere budsjettet betre, men

Det er ikkje SVs jobb å sørge for at regjeringa oppfyller løftene sine. Det er SVs jobb å få gjennomført SVs politikk.

Det kan sjå ut som dette budsjetter er eit ganske kynisk spel frå regjeringa. Når regjeringa vel å ikkje gje feriepengar til dei som har fått arbeidsløysetrygd i 2022 så er det eit brot på eit v dei viktigaste valløfta dei gav. Reknar dei med at SV skal rake ut glørne for dei? Ja, SV vil som LO at dei arbeidslause skal få feriepengar, men det er ikkje vår jobb å berge regjeringa sine løfter.

Dette er sjølvsagt ei utfordring for SV i forhandlingane. Skal vi berge regjeringa på viktige områder? Eller skal vi kjempe for dei sakene SV står aleine om? Dette er ikkje eit lett val spør du meg, men eg er heilt sikker på at dei som skal forhandle for SV har ein god strategi på dette.

Eg ser fram til å sjå SV sitt alternative budsjett på måndag og resultatet av forhandlingane.

Dele for å skape – SVs forslag til statsbudsjett

Av og til så vil så kjem det saker som gjer at eg skjønner nok ein gong korfor eg er medlem i SV og korfor eg bruker så mykje tid på SV. SV sitt framlegg til statsbudsjett er ei slik sak. Oppsummert så er det eit budsjett for ein betre miljøpolitikk, ein betre næringspolitikk og ei betre fordeling. Tre ting på ein gong, det er SV det! Vi skal dele for å skape.

Denne grafen oppsummerer på ein god måte fordelingseffekten av SVs skattepolitikk. Vi kuttar ikkje skatten for dei som har mest, men for dei som har minst.

Når denne skattepolitikken blir kombinert med høgare barnetrygd, større innsats for ledige og folk med nedsatt arbeidsevne og auka bustøtte, så har du ein god politikk for fordeling og bekjemping av fattigdom. Det er i alle fall mykje betre enn ein poseavgift.

Seks komma sju milliardar ekstra satsar SV på miljø i dette statsbudsjettet. Nesten tre milliardar meir til kollektivtrafikk ogein milliard til sykkelvegar og momsfritak på el-sykkel bidrar kraftig til å redusere klimautsleppa i Noreg. Større satsing på skogvern, straumferger etc. gjev og god effekt.

Miljøpolitikk er og god næringspolitikk. Derfor satsar SV på eit nytt nasjonal såkornfond for utprøving av miljøteknologi. Dersom vi skal skape eit betre samfunn må vi for alvor starte snuoperasjonen vekk frå olje og over til dei næringane som vi skal leve av i framtida. Eg er og veldig glad for at SV vil satse på satellittprogrammet Copernicus og 150 millionar til eit nordnorsk investeringsfond. SV satsar verkeleg på Nord-Noreg.

Det er mykje meir god politikk i SVs budsjett. Og alt dette samstundes som vi bruker mindre oljepengar enn regjeringa. Det må vi dersom vi sakte skal vende oss av med å leve i rusen frå oljedampen.

Du kan lese heile budsjettet her.

 

 

Angrar dei

I denne treminutters videobloggen lurer eg på om Knut Arild Hareide og Trine Skei Grande angrar seg. Kva trur du?

Ei distrikt- og Nord-Noregfiendtleg regjering

Vi visste frå før at Høgre er mest opptatt av dei mest folkerike delane av landet. I dag har vi lært at Frp er samde med Høgre.

Finansminister Siv Jensen har lagt fram eit budsjett som er negativt for Nord-Noreg. Foto: Norsk olje og gass

Korleis kan eg seie det, spør du kanskje, dei har trass alt gjeve meir pengar til veg? Jau det kan eg fortelle deg. Dei har finansiert skatteletta og vegane sine gjennom å:

  • Forslaget til bevilgning til Marint verdiskapingsprogram reduseres med 34 mill. kroner. Forslaget innebærer at det ikke gis midler til et opplæringsprogram for kvalitetsbehandling av fisk og til teknologisatsing rettet mot hvitfisknæringen.
  • Tilskuddet til SIVA går blant annet til drift av selskapet, inkubatorer og nettverksaktiviteter. Regjeringen foreslår at tilskuddet reduseres med 5 mill. kroner, fra 49,8 til 44,8 mill.
  • Det foreslås også å reversere den foreslåtte økningen på 10 mill. kroner som ble foreslått i Gul bok 2014 til Mattilsynets arbeid med markedsadgang for norsk fisk i utlandet.
  • Videre foreslås det å avvikle beredskapsordningen for mel til bakeribransjen nord for Ofoten/Vestfjorden. Ordningen er en avtale med Norgesmøllene AS om lagring av mel tilsvarende 20 dagers salg i bakeriene. Det bør være mulig for bakeriene i området å ha tilfredsstillende sikkerhet for melforsyningen uten tilskudd fra staten. Det foreslås at det ikke gis tilskudd til beredskap i kornsektoren i 2014 og at bevilgningen reduseres med 5,4 mill. kroner.
  • Tilskudd til GenØk – Senter for biosikkerhet Forslaget til bevilgning for 2014 reduseres med 2 mill. kroner.
  • Tilskudd til fylkeskommuner for regional utvikling Posten skal bidra til å realisere nasjonale mål for regionalpolitikken, og fylkenes egne mål for regional utvikling, tilpasset regionale forutsetninger. Det foreslås å redusere bevilgningen med 430 mill. kroner i forhold til forslag i Gul bok 2014, fra 1 596,3 mill. kroner til 1 166,3 mill. kroner. Sammenlignet med Saldert budsjett 2013 innebærer dette en reduksjon på 359,6 mill. kroner.
  • Nasjonale tiltak for regional utvikling, kan overføres Bevilgningen skal bidra til å realisere nasjonale mål for regionalpolitikken, og skal primært rettes mot næringsliv og kompetansemiljøer. Bevilgningen foreslås redusert med 85 mill. kroner i forhold til forslaget i Gul bok 2014, fra 587,3 mill. kroner til 502,3 mill. kroner. Sammenlignet med Saldert budsjett 2013 innebærer forslaget en reduksjon på 17,9 mill. kroner.
  • I gjeldende dagpenge- og permitteringsregelverk er det gitt flere særregler for fiskeindustrien. Blant annet gjelder ingen lønnsplikt under permittering, og perioden med rett til dagpenger under permittering er lengre enn for permitterte i andre næringer. Regjeringen mener at det i størst mulig grad bør være like permitteringsregler i alle næringer, og foreslår derfor at disse særreglene for fiskeindustrien oppheves. Regjeringen foreslår på denne bakgrunn å innføre lønnsplikt under permittering i fiskeindustrien tilsvarende som for andre næringer, det vil si med en arbeidsgiverperiode på 20 dager for nye tilfeller med virkning fra 1. januar 2014. Regelendringen anslås å gi en innsparing på om lag 36 mill. kroner i 2014.
  • Regjeringen foreslår å avvikle finnmarks- og svalbardtillegget i barnetrygden fra 1. januar 2014. Avviklingen anslås å gi en innsparing på 80 mill. kroner i 2014.
  • Tilskudd til sikkerhetsopplæring for fiskere Forslaget til bevilgning for 2014 reduseres med 7,2 mill. kroner.
  • Tilskudd til næringstiltak i fiskeriene, kan overføres Regjeringen foreslår å redusere bevilgningen til føringstilskudd med 10 mill. kroner.
  • Videre foreslås det å ikke gjeninnføre lineegnetilskuddet som er foreslått i Gul bok 2014 med en bevilgning på 18 mill. kroner.*

Eg trur vi trygt kan slå fast at den nye fiskeriministeren har fått gjennomslag for at det skal bli vanskelegare for kyst- og fjordfiskarane framover. Det blir nesten umogleg å drive heimefiske der det er langt til nærmaste fiskemottak når det ikkje lenger blir føringstilskott.

Ellers er dei store kutta på regional utvikling. Dette er pengar fylkeskommunen har disponert for å utvikle næringsliv og infrastruktur i distrikta. Desse pengane skal til ein viss grad gå til nasjonale ordningar, noko som vil favorisere bedriftar i sentrale strok, og delvis vil dei gå til å betale for å fjerne arveavgifta.

For fiskeindustrien er dette framlegget alvorleg. Endringane i permiteringsreglane vil føre til at fleire mottak sannsynlegvis vil stenge. Dette er ein bransje som allereie er hardt pressa. Det blir ikkje betre av dette.

Rregjeringa har no starta arbeidet med å gjere det vanskelegare for Nord-Noreg spesielt og distrikta generelt. Når vi i tillegg veit at regjeringa vil bruke meir av samferdselpengane i sentrale strok kan dette bli riktig så triveleg for distrikta (det siste var ironi).

* Alle desse kulepunkta er henta rett frå regjeringa sitt budsjettdokument

OPPDATERING

Eg hadde ikkje fått med meg at regjeringa har kutta støtta til Folkeaksjonen for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja med 2,4 mill. Det gjer ikkje saka betre.

Vi treng meir til miljø

I dag kjem statsbudsjettet. Det vil vise at vi heller ikkje i år bruker nok på klimatiltak, sjølv om det skal seiast at denne regjeringa har løyva mykje pengar til ulike miljøtiltak.

I 2010 eksporterte Noreg 77 954 000 tonn råolje, det tilsvarer omtrent 245 millionar tonn CO2. Ei CO2-kvote i EU-marknaden har hatt ein pris i hovudsak mellom 12 og 30 euro for tonnet. Det betyr at CO2-kostnaden med den norske oljeeksporten er mellom tre milliardar euro og 7,3 milliardar euro. Det tilsvarar med dagens kurs mellom 22 og 54 milliardar norske kroner.

I 2010 var den norske staten si overføring til oljefondet på 181 milliardar kroner.  Det betyr at berre for olja sin del (eg har ikkje tatt med gass, kondensat og NGL) burde vi bruke mellom 12 og 30 prosent av oljefondet på klimatiltak om vi skulle vere i nærleiken av å gjere godt igjen dei problema vi påfører klimaet.

I ein slik samanheng blir kostnadene med å få på plass CO2-reinsing og lagring småpengar, skal vi ha reint samvett for olja, burde vi bruke langt meir kvart år på å finne måtar å avbøte utsleppa av klimagassar.

Gjer vi det?

Moms på elektroniske tenester

I Twittersfæren er ein av dei store debattane i etterkant av framlegginga av statsbudsjettet blitt om moms på elektroniske tenester frå utlandet. Eg har hatt ei utveksling med @dagbnor om denne saka, og fann ut at eg hadde trong til å bruke litt meir enn 140 teikn på denne diskusjonen. På 140 teikn (som er grensa for ei twittermelding) vart eg alt for bastant kjente eg.

I denne saka har vi minst to motstridande behov. På den eine sida har vi eit behov og ønske om fri informasjons- og  kunnskapsutveksling. På den andre sida finn vi behovet for å finansiere den norske velferdsstaten og å likebehandle næringar.

Eg legg stor vekt på at vi i Noreg og i verda må ha størst muleg grad av informasjons- og kunnskapsutveksling. Det veks vi på som menneske, samfunn og økonomi. Kunnskap og informasjon er grunnlaget for den menneskelege sivilisasjonen.  For eigen del prøver eg å gjere mitt blant anna ved å vere aktiv på Wikipedia og eg har lagt ut ei av bøkene til far min til gratis nedlasting her på bloggen. Viktigare enn dette, er det likevel at vi har tilgang til internasjonal forsking, politiske idear, filosofi, musikk og litteratur.

Dersom eg skulle ta denne fråsegna på alvor ville det vel vore naturleg at eg og gjekk inn for at det ikkje burde vere skatt/moms på informasjon og kunnskap?

Eg er ikkje så heilt sikker på det.

Det er to grunnar til det. Sjølv om informasjon og kunnskap i vid forstand er ein viktig innsatsfaktor for næringslivet er den ikkje viktigare enn andre innsatsfaktorar. Vi har moms på papir, sjølv om det er ein viktig innsatsfaktor for å lage bøker. Vi skattlegg olje, sjølv om det er ein viktig innsatsfaktor. I tillegg er informasjon og kunnskap ein stadig større del av norsk og internasjonal økonomi. Produksjon av symbol (alt frå konsulentrapportar til musikk) er i ulik forstand er ein veksande del av økonomien. Dersom denne delen av økonomien skal vere unntatt skatt blir byrda på resten av økonomien desto større.

Eg meiner det er rett å dele byrda med å bere velferdsstaten – rekninga for skolen, sjukehusa og eldreomsorgen – på heile økonomien. Det har vi gjort i Noreg sidan momsen på tenester vart innført i 2001. Då er det vel naturleg at slike tenester – slike symbol – kjøpt frå utlandet skal ha det same skatetregime. Importerer du ein bruktbil frå Tyskland må du betale moms ved innførsel. Dersom vi ikkje gjer det slik vil det vere umuleg å leve av å produsere symbol i Noreg.

Så er eg sjølvsagt – reint personleg – ikkje glad for at e-bøkene eg kjøper frå Amazon eller elib.se blir dyrare, like lite som eg personleg liker at snusen blir dyrare.

Så er det ein annan diskusjon om det reint praktisk er muleg å få dette til, men det reknar eg med at finansdepartementet har tenkt på. Det vil sjølvsagt alltid vere muleg å omgå systemet – slik du i dag kan smugle både kjøtt og alkohol frå Sverige om du vil.

Eg tenkje og at dette er ein annan diskusjon, enn diskusjonen om moms på e-bøker. Det kan det vere ulike syn på, men skal det vere på norske må det og vere på utanlandske.

Eg klarer ikkje å sjå at momsen vil hindre fri utveksling av idear, informasjon og kunnskap.

VG skriv om saka her, og lenker til mange blogginnlegg.

Eirik Newth er som så ofte verd å lese. Det er og ein livleg debatt over hos Bekkelund.

Exit mobile version