Categories
Feature Økonomi

Moms på elektroniske tenester

I Twittersfæren er ein av dei store debattane i etterkant av framlegginga av statsbudsjettet blitt om moms på elektroniske tenester frå utlandet. Eg har hatt ei utveksling med @dagbnor om denne saka, og fann ut at eg hadde trong til å bruke litt meir enn 140 teikn på denne diskusjonen. På 140 teikn (som er grensa for ei twittermelding) vart eg alt for bastant kjente eg.

I denne saka har vi minst to motstridande behov. På den eine sida har vi eit behov og ønske om fri informasjons- og  kunnskapsutveksling. På den andre sida finn vi behovet for å finansiere den norske velferdsstaten og å likebehandle næringar.

Eg legg stor vekt på at vi i Noreg og i verda må ha størst muleg grad av informasjons- og kunnskapsutveksling. Det veks vi på som menneske, samfunn og økonomi. Kunnskap og informasjon er grunnlaget for den menneskelege sivilisasjonen.  For eigen del prøver eg å gjere mitt blant anna ved å vere aktiv på Wikipedia og eg har lagt ut ei av bøkene til far min til gratis nedlasting her på bloggen. Viktigare enn dette, er det likevel at vi har tilgang til internasjonal forsking, politiske idear, filosofi, musikk og litteratur.

Dersom eg skulle ta denne fråsegna på alvor ville det vel vore naturleg at eg og gjekk inn for at det ikkje burde vere skatt/moms på informasjon og kunnskap?

Eg er ikkje så heilt sikker på det.

Det er to grunnar til det. Sjølv om informasjon og kunnskap i vid forstand er ein viktig innsatsfaktor for næringslivet er den ikkje viktigare enn andre innsatsfaktorar. Vi har moms på papir, sjølv om det er ein viktig innsatsfaktor for å lage bøker. Vi skattlegg olje, sjølv om det er ein viktig innsatsfaktor. I tillegg er informasjon og kunnskap ein stadig større del av norsk og internasjonal økonomi. Produksjon av symbol (alt frå konsulentrapportar til musikk) er i ulik forstand er ein veksande del av økonomien. Dersom denne delen av økonomien skal vere unntatt skatt blir byrda på resten av økonomien desto større.

Eg meiner det er rett å dele byrda med å bere velferdsstaten – rekninga for skolen, sjukehusa og eldreomsorgen – på heile økonomien. Det har vi gjort i Noreg sidan momsen på tenester vart innført i 2001. Då er det vel naturleg at slike tenester – slike symbol – kjøpt frå utlandet skal ha det same skatetregime. Importerer du ein bruktbil frå Tyskland må du betale moms ved innførsel. Dersom vi ikkje gjer det slik vil det vere umuleg å leve av å produsere symbol i Noreg.

Så er eg sjølvsagt – reint personleg – ikkje glad for at e-bøkene eg kjøper frå Amazon eller elib.se blir dyrare, like lite som eg personleg liker at snusen blir dyrare.

Så er det ein annan diskusjon om det reint praktisk er muleg å få dette til, men det reknar eg med at finansdepartementet har tenkt på. Det vil sjølvsagt alltid vere muleg å omgå systemet – slik du i dag kan smugle både kjøtt og alkohol frå Sverige om du vil.

Eg tenkje og at dette er ein annan diskusjon, enn diskusjonen om moms på e-bøker. Det kan det vere ulike syn på, men skal det vere på norske må det og vere på utanlandske.

Eg klarer ikkje å sjå at momsen vil hindre fri utveksling av idear, informasjon og kunnskap.

VG skriv om saka her, og lenker til mange blogginnlegg.

Eirik Newth er som så ofte verd å lese. Det er og ein livleg debatt over hos Bekkelund.

Categories
Arbeid og trygd Feature Økonomi Politikk

Eit budsjett for miljøteknologi og innovasjon

Finansminister Sigbjørn Johnsen la i dag fram eit godt statsbudsjett for landet. Satsing på miljø og innovasjon, samt barn og unge peikar framover. Foto: Wikipedia

I Næringsdepartementet har hovudfokus i dette budsjettet vore på det vi skal leve av i framtida.  Det er ei stor satsing på dei teknologiane vi skal leve av framover. Det tyder at forsking og miljø får ein auke i eit stramt budsjett. Dette vil vere med på å legge til rette for eit grønare næringsliv og vil legge grunnlaget for dei bedriftene som skal bere velferdsstaten i framtida.

Miljøteknologi

På næringsdepartementet sitt budsjett vil det i 2011 blir brukt 267 millionar kroner direkte mot miljøteknologi for å få på plass pilot- og demonstrasjonsprosjekt. Det er likevel slik at dei fleste miljøprosjekta får stønad gjennom dei ordinære verkemidla der dei konkurrerer med andre prosjekt. Det betyr at den samla summen brukt på utvikling av miljøteknologi, vil vere ein god del høgare enn 267 millionar.

Regjeringa varsla i samanheng med revidert budsjett for 2010 eit nytt program for kommersialisering av miljøteknologi, med ei ramme på 500 millionar kroner i perioden 2011-13. Programmet skal utnytte og supplere gjeldande verkemiddel. Ein hovuddel av fyrste løyvinga til året, på 117 mill. kroner, blir derfor tilført den etablerte foreslåtte ordninga for miljøteknologi i Innovasjon Noreg. Vidare blir det foreslått å setje av 10 mill. kroner til etablering av eit Senter for forskingsdriven innovasjon for miljøteknologi. Olje – og satsinga til energidepartementet innanfor havvind –  blir foreslått auka med 20 mill. kroner, og 20 mill. kroner blir løyvd foreslått til Transnova over Samferdselsdepartementets budsjett. I tillegg foreslår vi å vidareføre 140 mill. kroner til ordninga for miljøteknologi som blei etablert i 2010 på Innovasjon Noregs budsjett.

Meir til forsking over budsjettet til NHD

Investeringar i forsking og utvikling er avgjerande for å sikre den framtidige konkurranseevna og dermed trygge arbeidsplassar. Over Nærings- og budsjettet til handelsdepartementet foreslår regjeringa å bruke 2,18 milliardar kroner til næringsrelevant forsking og utvikling (FOU) i 2011.  FoU-kontrakter over Innovasjon Noregs budsjett blir styrkt med 20 millionar kroner til 285 millionar kronar. Brukarstyrd innovasjonsarena (BIA) blir foreslått styrkt med 10 millionar kroner, til 352,2 millionar kroner. Auka løyvingar til BIA under Forskningsrådet og FOU-kontraktar under Innovasjon Noreg skal hjelpe til å utløyse fleire gode FOU-prosjekt i bredda av norsk næringsliv. Når det gjeld dei tematiske satsingane, styrker regjeringa med dette budsjettforslaget FOU-løyvingane til miljøteknologi og marin bioprospektering.

Gulljakt i nord

Verda skrik etter råvarer, til mellom anna batteri, mobiltelefonar og vindkraftgeneratorar. Kina er den største produsenten av mange viktige mineralar, men har no innført eksporttoll på mange av desse minerala. Det betyr at det er ein stor marknad for viktige mineral, og ikkje minst er dette mineral vi treng for å kunne legge om i meir miljø vennleg retning. Derfor foreslår vi å løyve 25 millionar til leiting etter mineral i Nord-Noreg. Dette er for å starte eit fireårig prosjekt som totalt vil koste 100 millionar.

Du kan lese heile statsbudsjettet på regjeringa.no og på NHD sine nettsider.

Teknisk Ukeblad nemner miljøsatsinga her.

Alf Holmlid bloggar om saka her.

Categories
Klima Miljø Olje Skole Troms og Tromsø

Treng vi olja?

Vi er heldige og bur i eit rikt land. Det er vel fordi vi har funne olje? Nei, eller i beste fall kanskje. i 2007 brukte staten nesten ikkje ei einaste oljekrone. Då statsbudsjettet vart lagt var det budsjettert med at vi skulle bruke 54,1 milliardar oljekroner. Når statsrekneskapen kjem 25. april vil det vise seg at vi nesten ikkje har brukt ei einaste oljekrone, og at vi fint kunne klart oss utan desse pengane.

Til no viser rekneskapen for 2007 at vi har brukt 2,8 milliardar oljekroner, melder Dag og Tid. Så godt som ingenting på eit statsbudsjett på 711 milliardar. Korfor er det slik? Jo fordi resten av økonomien går svært godt. Nordmenn er som alle andre folk initiativrike og flinke. Derfor får vi det til i mange andre bransjar og. Det skal vi vere stolte over.

Men det neste spørsmålet pressar seg fram; dersom vi ikkje treng oljeinntektane og vi er inne i ein høgkonjunktur som hindrar viktige og naudsynte investeringar i vegar og skoler, korfor hastar det slik? Korfor hastar det slik med å opne sårbare område i Barentshavet, Norskehavet og utanfor Lofoten og Vesterålen?

Svaret er sjølvsagt pengar. Nokre tener gromt på denne olja vår. Men, det er ikkje fiskarane, eller lærarane, eller dei som køyrer på vegane våre. Det må vere mykje betre økonomi for landet vårt å spare oljeformuen på botn av havet, framfor på børsar som for tida går meir ned enn opp. I selskap som vi ikkje liker å samanlikne oss med. Utan dei enorme oljeinvesteringane ville det vere rom i økonomien for å bygge vegar, skolar og anna infrastruktur. Oljeøkonomien har gått frå å vere ei glede til å bli ei plage for vanleg folk.

Det er direkte dumt å plage folk med dårlege vegar fordi vi skal øydelegge klimaet.

Categories
Politikk Sosialisme

Folkeavstemming om statsbudsjettet!

No nærmar tida for sjølvmelding seg med stormsteg. Vi skal alle saman fortelle stat og kommune kor mykje pengar vi tente i 2007, også får vi beskjed om kor mykje som skal betalast i skatt. Og, vi håper alle på at det skal bli litt pengar til overs, heller enn den frykta baksmellen.

Er det ikkje litt trist at den einaste gongen staten kommuniserer med innbyggarane er når dei skal ha pengane våre? Eg er ein av dei som betaler skatt med glede, eg veit at det vi får igjen i form av skole, omsorg og sjukehus er enormt mykje meir verd enn dei pengane eg betaler inn. Eg trur likevel vi kan gjere ein vri, ein vri som vil auke gleden over å betale skatt.

I 2008 har Stortinget budsjettert med at vi skal betale 170 milliardar i inntekts- og formueskatt. Burde ikkje vi fått love til å bestemme over korleis i alle fall litt av desse pengane skulle brukast? Stortinget kunne vedtatt skattesatsen og sett av – la oss tenke på eit tal – 50 milliardar som vi fekk bestemme over.

Praktisk
Det er ganske lett å gjennomføre dette i praksis. Når eg leverer sjølvmeldinga så fekk eg lov til å krysse av i eit skjema. Skjemaet kunne ha 10 val:

Eg vil at pengane skal brukast til:

  • Betre skolar
  • Meir til forskning og utvikling
  • Meir til forsvaret
  • Billigare sprit og bensin
  • Større innsats innafor eldreomsorgen og sjukehusa
  • Lågare skatt
  • Auking i bistanden
  • Fleire politifolk
  • Billigare barnehagar og SFO
  • Større overføringar til landbruket

Så ville dei kryssa vi har sett inn avgjere korleis dei 50 milliardane skulle bli brukt. Eg trur vi fort ville oppdaga at dei fleste ikkje ville ønske seg billigare bensin eller lågare skatt, men ville ønske seg betre offentlege tenester. Eg ser og for meg ein spennande offentleg debatt om korleis vi skal sette kryssa våre.

Det er openbart store utfordringar med dette, men vil vi demokrati så kan vi løyse dei utfordringane.

Exit mobile version