Om steinalder og likestilling

Var kjønnsrollene som Viktor M. Vasnetsov forestiller seg på dette biletet?

No skal det handle om steinalderen, likestilling og skole. Eg tenkjer at kjønnsrollene i samfunnet ofte blir vidareført ubevisst. I dag kom eine guten min heim frå skolen med eit hefte om steinalderen. Det er ein fin og enkel gjennomgang av steinalderen i Noreg. Til sist i heftet er det nokre spørsmål, slik det ofte er. Eit av desse spørsmåla var:

Hva gjorde steinalderkvinnene med skinnet for å få det mykt?

Rett svar er at dei tygde det. Men det interessante er om vi veit at det var kvinnene som gjorde denne jobben, eller om vi berre overfører våre tankar om kjønnsroller ubevisst til eit anna samfunn og samstundes vidarefører dei her?

Kanskje har vi skjelett der vi kan sjå frå slitasjen på tennene at dette var ein kvinnejobb? Kanskje nokon av lesarane veit? Eller er dette eit døme på korleis vi overfører kjønnsrollene frå generasjon til generasjon?

Exit mobile version