Categories
Politikk Sosialisme SV

Slå saman Raudt og SV?

Etter at både SV og Raudt gjorde dårlege val er det fleire som har tenkt tanken om at vi kanskje burde slå saman dei to partia, nokre meiner og at der er verd å ta med MDG i ein slik prosess.

Bakgrunnen er naturleg nok. Dei tre partia fekk til saman åtte mandat på Stortinget. Hadde dei vore eit parti som fekk dei same stemmene ville uttellinga vore 13 til 14 mandat.

Ei samanslåing av dei tre partia er på mange måtar ein fin tanke, men dessverre feil medisin.

Ein av dei som har tatt til orde for dette er Stein Ørnhøi. Han han skriv i Manifest tidsskrift :

Problemene er for store og truslene for alvorlige til at vi som hører til til venstre for det veletablerte Arbeiderpartiet skal fortsette å slåss hver for oss. Jeg har sterke personlige følelser knyttet til SV som parti. Men jeg ser at partiet ikke er politikkens egentlige mening. Svaret på hva som må gjøres, gjør jeg likevel veldig kort: Ved kommunevalget i 2015 bør SV, Miljøpartiet De Grønne og Rødt ha felleslister i de fleste norske kommuner. Ved stortingsvalget i 2017 bør det være bare ett parti til venstre for DNA, nemlig RGV – Rødgrønt Venstre

Sjølv så besnærande som dette kan høyrast ut, så er det feil bruk av tid. Ei samanslåing vil føre til uendelege diskusjonar om politiske vegval. Sjølv om vi til slutt skulle bli samde, vil ikkje alle bli med i eit nytt samla parti. Mange i MDG vil ikkje kalle seg sosialistar eller seie Nei til EU. Mange i Raudt vil ende opp med å meine at partiet ikkje blir radikalt nok. Vi kan fort ende opp med å bruke enorme mengdar tid og energi på å skape noko nytt som kanskje ikkje gjer det så mykje betre i val enn det SV gjer i dag.

Samstundes er den energien som har blitt brukt på ei samling, energi som ikkje blir brukt på å kjempe mot høgresida i politikken, som ikkje blir brukt på å kjempe for velferdsstaten eller for internasjonal solidaritet.

Eg tenkjer at det nok er nok med eit parti til venstre for Ap, men vil heller bruke energien min på samfunnskamp enn på intern partikamp.

Men eg har eit håp om at fleire i dag brukar energien sin i Raudt heller blir med i SV. Når Raudt ikkje kom inn på Stortinget i år etter at SV har vore i regjering i åtte år, og inngått kompromiss med Arbeidarpartiet som er ganske langt frå det vi eigentleg ønska, så er det lite truleg at Raudt vil klare det i overskueleg framtid.

Ei eventuell samanslåing må skje gjennom individuelle val og ikkje gjennom ein kollektiv prosess.

Sjå og Olav Sannes Vika sitt gode innlegg

Categories
Olje SV

Vi treng minst ein oljemostandar på tinget frå Troms

Oljeindustrien, og dei som leverer til den har skapt stor rikdom i landet, men no er det i ferd med å gjere oss til ein for einsidig økonomi. Foto: Tim Thomsen/flickr.com/photos/hotpixelaction/182874330/
Ein oljeplatform kan vere vakker, konsekvensane av olja er ikkje vakker Foto: Tim Thomsen/flickr.com/photos/hotpixelaction/182874330/

Når historia om stortingsvalet i 2013 skal skrivast kan det tenkjast at noko av det kommentatorane bit seg fast i er at trass i at over halvparten av innbyggarane i Nord-Noreg er mot oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja så var ingen av dei innvalde stortingsrepresntantene mot oljeutvinning. 

I Troms er det ein reell sjanse for at berre Ap, Høgre og Frp vinn mandat. Då vil vi vere representert berre av parti som er for oljeutvinning. Det einaste partiet som er mot oljeutvinning og som etter meningsmålingene har ein reell sjanse på mandat frå Troms er SV. Det er difor viktig at alle som er mot oljeutvinning samlar seg om det partiet som kan bryte gjennom oljelobbyen sitt jerngrep om tromsbenken; SV.

Argumenta mot oljeutvinning blir berre sterkare og sterkare. Vi veit at om vi skal stoppe dei vondaste utslaga av klimaendringene må vi la ein god del av olja liggje. Noreg er eit rikt land som har råd til dette. Kunnskapen som trengs for å la olja liggje er kjent.

I tillegg ser vi at oljeselskapa ikkje overheld reglane. Til og med Statoil vårt eige oljeselskap slepp ut store mengder gift utan å rapportere det. Tør vi overlate dei viktigaste fiskeområdene til Noreg til desse selskapa?

SV har gjennom åtte år i regjering stoppa oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.Vi må velje minst ein representant ved dette valet som vil fortsetje dette viktige arbeidet.

Så finn fram nordlendingen i deg, stem SV

Categories
Miljø SV Troms og Tromsø

6000 trailarar eller tog og båt

MS Tege er skipet som kanskje skal leggast til kai for godt. Det kan føre til at det blir 6000 fleire trailarar på nordnorske vegar. Foto: John Nuttall/flickr:skagman
MS Tege er skipet som kanskje skal leggast til kai for godt. Det kan føre til at det blir 6000 fleire trailarar på nordnorske vegar. Foto: John Nuttall/flickr:skagman

For eit par dagar sidan kunne vi lese i Nordlys at Tollpost Globe vurderer å legge ned godslinja si frå Bodø til Tromsø. Båten tar til å bli gammel og selskapet vil ikkje ta kostnaden med å bytte han ut. Den vurderinga er det mogleg å forstå, den skjer – reknar eg med- på eit strengt bedriftsøkonomisk grunnlag. Vi forventar derimot av andre at dei skal tenkje samfunnsøkonomi.

Derfor er eg veldig glad for at toppkandidatane til SV i Nordland, Troms og Finnmark har tatt affære og sendt brev til fiskeriministeren og samferdselsministeren for å få dei til å rydde opp.

Men først og fremst vitnar dette om at vi treng jernbane i heile landet. Dersom båtruta forsvinn vil det dukke opp 6000 trailarar på nordnorske vegar. Det kan vi ikkje tillate. Vegane er ikkje bygd (eller vedlikehaldt) for det og det vil skape mange trafikkfarlege situasjonar. Vi kan og lese at IKEA reknar med å frakte varene sine med tog til Narvik og med bil derifrå til Tromsø.

Det gjenstår berre ein ting, å få bygd jernbane til Tromsø, slik SV har vedtatt i arbeidsprogrammet:

Norge bør være offensive i nord. Å etablere infrastruktur som knytter landene i regionen tettere sammen vil være strategisk viktig. Jernbaneforbindelser mellom Norge og Russland kan gi rom for spennende muligheter innen både handel, transport, næring og kultur. Å øke kapasiteten, og forlenge Ofotbanen videre til Tromsø kan åpne for miljøvennlige og effektive transportlinjer både østover og sørover i en tid hvor fisk, malm og transport er i sterk vekst i regionen

 

Categories
EU SV

EØS er høgrepolitikk

Jens Stoltenberg
Eg trur Stoltenberg vil måtte gje seg på EØS, i alle fall delvis. Foto: Håkan Dahlström

Du har kanskje fått med deg at SV og Sp har sett EØS på agendaen fram mot Stortingsvalet neste år? Det er lurt. Eg meiner at EØS-avtalen er ein husmannsavtale som innfører høgrepolitikk i Noreg. Karin Andersen skriv inderleg godt om saka her, og eg tillet meg å sakse litt:

Vi må sikre at EU ikke kan svekke norske lønns- og arbeidsvilkår, arbeidsmiljøloven, arbeidsretten eller gripe inn i tariffavtaler. Og vi må slå fast at EU ikke kan sette til side ILO-konvensjoner. Hvis vi kunne vært enige om dette hadde mye vært gjort. En slik avklaring må forplikte også når EØS presser oss.

SV mener Norge må si nei til høyrepolitikk uansett om den kommer fra Erna Solberg eller fra Brussel. Det burde alle regjeringspartiene være enige i.

Spesielt når det gjeld arbeidslivsspørsmål må vi no kreve reforhandling av EØS-avtalen. Vi kan ikkje akseptere at EØS-avtalen over tid medfører at arbeidslivet blir tøffare. Så er det mange som snakkar om at Jens Stoltenberg og Ap ikkje er til å rikke i denne saka, og då kan det vere det same kva SV og Sp meiner. Dei viser då ofte til utsegner av denne typen:

Han gjorde det helt klart at det ikke blir noen fortsettelse av det rødgrønne samarbeidet, dersom ikke EØS ligger i bunn. Ap, som det førende regjeringspartiet, vil ikke ta noe initiativ i retning av å få fjernet deler av regelverket som andre i regjeringen misliker. Stoltenberg mener det er en politisk, juridisk og handelsmessig umulighet.

Eg trur det vil vise seg at kommentariatet og Stoltenberg tar feil. Og, eg trur Stoltenberg veit det. Han er nøye på å gje seg sjølv opningar og utgangar når han snakkar. Eit godt døme er i Aftenposten i dag:

Samtidig satte Stoltenberg døren ørlite grann på gløtt for å benytte handlingsrommet innenfor dagens avtale, uten å reforhandle.

– Det vi kan gjøre er å bruke rommet som ligger i reservasjonsretten bedre. Å være imot eller å være kritisk til enkeltdirekiver er ikke det samme som å være imot EØS-avtalen, sier Stoltenberg.

Det er ikkje så veldig lenge sidan det ville vore nærmast utenkjeleg at leiaren i Ap skulle seie noko slikt som dette. Det at Ap no opnar døra på gløtt kjem av at LO, SV og Sp har løfta debatten og fått alierte på venstresida i Ap.

Eg meiner det er uomtvisteleg at EØS er ein dårleg avtale for Noreg, over tid kjem det faktumet til å vinne fram. Då blir det ei reforhandling eller ei oppseiing av EØS-avtalen.

Categories
SV Troms og Tromsø

Første gong i Noreg?

Så vidt eg veit skriv Troms SV historie i år. Vi arrangerer ei bindande uravstemming mellom medlemmane for å avgjere kven som skal stå først på stortingslista. (Dersom eg tar feil, og dette har vore gjort før, så sei ifrå i kommentarane) Eg er ganske stolt av dette. Det var eg som la fram dette forslaget på årsmøtet og fekk det vedtatt.

Grunnen til at eg gjorde det er at i dagens personifiserte politikk er det å utpeike representantar noko av det viktigaste eit parti gjer. Sjølv om det ligg eit partiprogram og ei felles forståing av politikk i botn er det ingen tvil om at personar betyr mykje. Då er det for meg rimeleg at alle medlemmane skal vere med på å velje kven som skal representere dei og partiet.

Tidlegare har sjølvsagt og medlemmane avgjort, men indirekte gjennom val av representantar til eit nominasjonsmøte. Det har gjeve svært mykje makt til dei som sit i nominasjonskomiteen og andre sentrale verv til å velje kven som skal nominerast.

Det er mange gode demokratiske grunnar til å gjere det på denne måten, men eg har sjølvsagt andre baktankar enn dei reint demokratiske. Eg håper og trur at ein slik prosess som Troms SV no skal gjennom vil vere med på å gjere det meir interessant å vere partimedlem. Når du blir direkte involvert i viktige avgjerder så trur eg at du blir meir engasjert og får større eigarskap til det som skjer. Kanskje vil og fleire bli med i partiet.

Har du lyst til å vere med å bestemme må du melde deg inn i Troms SV før den 15. november.

Vi har fått tre svært gode kandidatar som stiller til val.

Sjekk dei gjerne ut! Eg håper og trur du vil høyre ein del frå dei framover.

Eg håper dette kan vere eit første steg i retning av å opne opp alle politiske prosessar meir. Eg håper at det i framtida skal vere mogleg å få til ei eller anna form for crowdsourcing av programskriving og politikkutvikling. Her synst eg norske politiske parti har ein del å lære av mellom anna piratane i Tyskland. Ein draum er at vi og kan gjere dette i formelle fora, og på ein betre måte involvere folk i dei avgjerdene som blir tatt i kommunestyrer, fylkesting og storting.

Å kome dit er eit lang lerret å bleike, men det må vere lov å drøyme om eit betre demokrati.