Primærval i Noreg?

Michele Bachman
Michele Bachman
Michele Bachman tar del i primærvala for å bli republikanarane sin kandidat ved presidentvalet i USA. Burde vi finne nye måtar å velje ut kandidatar i Noreg og? Foto: Gage Skidmore/Wikimedia

Leiaren i Unge Venstre er til ei forandring ute med eit interessant og positiv sak på TV2 i dag. Han meiner at norske parti kan ha mykje å lære av korleis amerikanarane vel kandidatane sine. Eg trur og det, men har og nokre ikkje heilt ubetydelege motførestillingar.

Politikken handlar i utgangspunktet om meiningar og visjonar for samfunnet, men det handlar og om at vi skal velje leiarar som skal sette desse visjonane ut i live.  Eg trur det er på tida at vi tar inn over oss at dei strukturane vi har for å peike ut folk og politikk – dei politiske partia ikkje lenger er masserørsler. Det er i realiteten ganske få menneske som tar vala som blir retningsgjevande for kommunen, fylket eller landet. Det bør vi gjere noko med.

Men, først, la meg ile til å seie, eg trur dei fleste som ikkje er politisk aktive ville blitt overraska over kor lite som skal til for å få reell innverknad i eit politisk parti – i alle fall når ein har lært kodene og spelereglane å kjenne. Sånn sett er det norske politiske systemet ganske opent for alle.

Men alle deltar ikkje – heller ikkje alle medlemmane i dei politiske partia.

Eg trur derfor at det er rett å ta til å eksperimentere med andre prosessar, prosessar som i større grad inviterer til deltaking. Ein eller anna form for primærval kan vere vegen å gå. Eg vart veldig skuffa då landsstyret i SV sa nei til å avgjere leiarvalet i SV gjennom ei uravstemming. Eg trur det kunne vore ein måte for mitt parti å opna opp prosessen.

Eg er likevel stolt av at vi i Troms har bestemt oss for å halde ei rådgjevande uravstemming om dette spørsmålet. Denne avstemminga vil gje råd til våre delegatar på landsmøtet. Eg er spent på deltakinga i denne avstemminga.

Eg kjem og til å foreslå på årsmøtet i Troms SV at vi skal halde ei bindande uravstemming om nominasjonen til neste stortingsval. Og, eg håper fylkeslaget vil vere med å opne opp prosessen på denne måten.

Utfordringane er likevel mange. Korleis skapar vi opne prosessar om kompliserte politiske spørsmål – det er enklare med personval?  Kom gjerne med gode innspel. Og, det kanskje aller viktigaste, korleis unngår vi at slike prosessar gjer politikken enno meir personfokusert?

Det er trass alt politikken og ikkje kandidatane som er det viktigaste – ikkje sant?

[poll id=»13″]

Eg har tidlegare skrive om korleis vi kan bruke sjølvmeldinga for å ha ei folkeavstemming om korleis vi skal bruke pengane våre. Det innlegget kan du lese her.

Blir det fleire stemmer av å forlate regjeringa?

Demonstrasjon mot skolenedlegging Foto: Elise Hamari

Det er ein slags antydning til debatt om SVs regjeringsdeltaking. Den er det viktig at vi tar. Fleire meiner at skal vi kunne klare å gjenreise partiet må det skje utanfor regjering. Då kunne det vore greitt å sjå om det er effekt for partiet i tilsvarande situasjonar.

Så vidt eg veit har vi berre eitt eksempel i Noreg på at SV har brote eit “regjeringssamarbeid” i Noreg. Det skjedde i 2009. I november i 2009 gjekk SV ut av fylkesrådet i Troms. Troms har eit parlamentarisk styresett tilsvarande det som finst i Oslo, Bergen og ein del andre fylke. Grunnen til at SV braut samarbeidet med Ap den gongen var at vi nekta å vere med på å legge ned Skånland vidaregåande skole. Skolen vart likevel nedlagt av Ap, Høgre og Krf i fylkestinget. Skånland vgs var ein liten skole, men viktig for den markasamiske kulturen og det samiske språket i Sør-Troms. I tillegg gjorde dei ein god jobb med å gje undervisning til tidlegare rusmisbrukarar.

Nedlegginga var ei stor politisk sak i Sør-Troms og debatten i alle fall i kommunen var levande heilt fram til dette fylkestingsvalet. Det er gjort fleire forsøk på å starte skolen opp igjen.

Kva sa så veljarane i Skånland til dette i fylkestingsvalet i år. Veljarane der stemte nesten alle på dei partia som la ned den vidaregåande skolen. Ap, H, og Krf fekk til saman 60,2% av stemmene, både Ap og Høgre gjekk fram. SV som braut fylkesrådssamarbeidet på nedlegging av skolen fekk 4,2% av stemmene, tilbake 2,3.

Dette er sjølvsagt eit anekdotisk bevis, men viser likevel at det å bryte samarbeid ikkje treng å gje uttelling i stemmer, sjølv ikkje i ei så betent sak som å legge ned ein skole. Så er det sjølvsagt stor skilnad på fylkespolitikken som «ingen» bryr seg om, og ei nasjonal regjering. Men, utfordringane kan fort bli dei same.

Eg seier ikkje dermed at vi aldri skal gå ut av ei regjering, men vi må for all del ikkje lure oss sjølve til å tru at det er løysninga på SV sine problem. For min del har eg tenkt å vente med å ta debatten til eg ser kva som kjem i klimameldinga.

Kva no, vesle parti?

Tusen takk til Kristin Halvorsen for ein fantastisk jobb som leiar i SV gjennom snart 15 år. Det har vore ei fantastisk reise du har tatt oss med på. Foto: Harry Wad

Valet gjekk omtrent som forventa – dessverre. Her i Tromsø ser vi ein tilbakegang på 1,5 prosent. Når eg skriv dette manglar vi fem stemmer på å ta det tredje mandatet, så eg har håp til fintelling og stemmer utanfor krets.

Det viktigaste er likevel at dette valet maner til ettertanke både lokalt og sentralt.

Den største utfordringa, og problemet, SV har er at vi lenge har vore for dårleg på politikkutvikling. Paul Chaffey skreiv om sitt gamle parti hos Minerva for ei tid sida :

SV er intellektuelt late
Jeg tror ikke den intellektuelle latskapen har vært der helt fra starten. I hvert var den ikke like dominerende på 60- og 70-tallet som i dag. Det vil sikkert overraske mange at et parti med så mange akademikere ikke bruker forskning og akademisk kunnskap til å analysere samfunnet, finne bedre politiske svar og til å begrunne de politiske svarene man har programfestet. Siden 80-tallet har SV vært blant de minst kunnskapsbaserte politiske miljøene i Norge. Det finnes ingen tenketank som hjelper SV med å fornye politikken, ikke noe tidsskrift, ingen avis og det produseres ikke annen politisk litteratur enn partiledernes nokså overfladiske bøker om seg selv.

Eg er ikkje samd med Chaffey i at SV er intelektuelt late, men han har eit poeng i at vi har vore for dårleg til å utvikle ny politikk. Det heng saman med fleire ting. Men viktige årsaker er at vi lenge har vore involvert i ein stor kamp for å forsvare den norske velferdstaten, både mot åtak frå Høgresida og delar av Arbeidarpartiet.

Men, også regjeringssamarbeidet er ein årsak til dette. Vi har blitt for opptatt av dei rammene vi kan operere innafor der, noko som gjer at vi ikkje har utfordra rammene. Samstundes er det ingen tvil om at mange av våre beste folk er bundne opp i regjeringsarbeidet og den daglege sakshandsaminga som skjer der. Det gjev lite rom for å tenke nye tankar. Audun Herning tar opp dette på bloggen sin. Han skriv mellom anna:

Først og fremst mangler vi saker. Etter landsmøtet satt jeg foran nettavisene og prøvde å skjønne hva det var partiet hadde vedtatt, hva vi gikk til valg på. Det klarte jeg ikke. Det var noe med en arbeidsgivergaranti, men fikk jeg med meg hva det var eller hva det betydde. At det i tillegg hørtes ut som vi ga en garanti til arbeidsgivere er noe annet. Dette ikke det første landsmøtet hvor vi ikke har lykkes i å komme ut med ny politikk. Hvert landsmøte etter regjeringsdeltagelsen har blitt mindre og mindre fylt med politisk innhold. Det skapes rett og slett for lite politikk i SV.

Dette er ei kjempeutfordring til heile partiet. Ikkje berre sentralleddet. Vi må bli mykje flinkare til å reise ny politikk nedanfrå. Både retta mot den nasjonale scena, men og til lokalt bruk. Her i Tromsø ser eg heilt klårt ei stort behov for at vi tar tak og utviklar ny politikk for byen vår. Og gjer vi ein god jobb kan dette gje smitteeffekt til andre stader. Eg trur vi i Tromsø SV må utvikle oss på mange frontar. Det gjeld skole og barnehagar, men og tilhøvet mellom Universitetet og byen, næringsutvikling, bustadbygging og mykje meir. Eg kjenner at det kriblar i nevane etter å ta til med dette arbeidet. Det er politikkutvikling som er grunnlaget for partiet. Eg trur vi har forsømt det.

Politikkutvikling handlar om makt og om fordeling av makt. Vi må ta innover oss at SV er blitt eit ganske sentralstyrt parti. Det har lenge vore slik at det har vore stortingsgruppa og regjeringsapparatet som definert kva som er det viktige. Kommunikasjonen og informasjonsflyten har ikkje vore god nok. Noko av dette er leiinga sitt ansvar, men det handlar og om at lokalleddet og fylkeslaga har vore for svake til å sette dagsorden. Alt i alt har dette i for stor grad ført til at SV er blitt eit reaktivt parti. Vi set ikkje dagsorden, vi reagerer på andre sin dagsorden.

Ny leiar

Det er ingen tvil om at diskusjonen i partiet i stor grad vil handle om kven som skal bli ny leiar. Det er ein viktig debatt, men det bør og bli ein debatt om korleis leiarskapen skal utøvast. Vi har tre-fire gode og opplagte kandidatar til leiarvervet. Eg trur at Bård Vegar Solhjell, Audun Lysbakken, Heikki Holmås og Inga-Marte Thorkildsen alle kunne blitt utmerka leiarar for SV. I valet mellom desse stør nok eg i utgangspunktet Bård Vegar, men Erna Solberg har jo vist at det er muleg å gjere suksess med ein bergensar og.

Men, kanskje skal vi ta oss tid til å sjå utanfor dei som sit på Stortinget eller i regjeringa i dag. Er vi heilt sikre på at det må vere ein av desse fire? Eg trur vi må sette oss ned å tenke på om det ikkej finst andre, kanskje folk som ikkje har eit perspektiv på partiet med utsyn frå sentrale styringsorgan. Eg trur det kan vere gode folk i fagrørsla, blant ordførarane våre eller i miljørørsla som bør kaste seg frampå. Kanskje kunne folk som Inge Ryan, Christian Hinze Holm, Knut Fagerbakke, Ommund Stokkan, Kari Ystgård eller Arne Vinje vore verd å diskutere i som nye leiarar? Det er sikkert mange der ute som eg ikkje ser umiddelbart. Diskusjonen må bli brei. Eg meiner og at vi har ei kjempeutfordring i Nord-Noreg. Vi har, etter at Åsa Elvik trekte seg litt tilbake, ingen nasjonale leiarfigurar i partiet. Det må vi få gjort noko med.

For vi treng ein leiarskap som er opptatt av å ta i bruk ressursane i heile partiet. Ein leiarskap som er villig til å flytte makt ut i organisasjonen, mellom anna gjennom å flytte alle dei tilsette ut av oslogryta. Eg ser ikkje for meg at dei fire kandidatane alle peikar på er villige til det

Uravstemming om ny leiar

Eg trur uansett ikkje at vi skal bruke ressursar på å arrangere eit nytt landsmøte. Vi kan og bør velje den neste leiaren vår gjennom uravstemming i partiet. Det er ingen grunn i dag til at ikkje alle medlemma i SV skulle kunne ha like mykje innverknad på kven som blir valt. Eg vil ha debattmøter mellom kandidatane på youtube, eg vil at alle skal vere involvert i å definere kva type leiarskap vi skal ha i framtida.

Kanskje kan det vere med på å gje oss ein ny start.

 

[poll id=»11″]

 

Gode venna

Eg sendte ut denne eposten i morres. Legg den og ut her:

Du får denne eposten fordi du på eit eller anna tidspunkt har havna i adresselista mi. Eg stiller til val til kommunestyret i Tromsø, og eg vil gjerne bli valt inn saman med ei sterk SV-gruppe. Derfor skriv eg denne e-posten til deg. Eg håper du vil stemme på SV ved valet no i haust.

Tromsø er ein fantastisk by å bu i. Vi har eit spennande kulturliv, vi er ein open og inkluderande samfunn der dei fleste kan finne seg til rette. Men, vi har og store utfordringar i byen og kommunen. Desse håper vi i SV på di støtte til å gjere noko med.

Det er tre ting vi er spesielt opptatt av. Skolane, barnehagane og SFO er gode i Tromsø, men kan bli enno betre. Vi må ta godt vare på ungane våre. SV i Tromsø meiner derfor at vi må sørge for at klassane for dei aller minste ikkje blir for store. Eg vil jobbe for at vi skal ei ei norm om at lærarane som hovudregel ikkje skal ha ansvar for meir enn 15 elevar. Vi må sørge for at alle lærer å lese å skrive så tidleg som muleg.

Den andre store utfordringa er å sørge for at bussane går oftare og blir billigare å bruke i Tromsø. Det er eit viktig klimatiltak, men det er og viktig for å gjere byen attraktiv for studentane og for at alle dei som ikkje har bil skal få eit godt transporttilbod. I tillegg må vi sørge for gode og samanhengande sykkelvegar i byen.

Den tredje store utfordringa er å klare å utvikle næringslivet i Tromsø. Det nyttar ikkje med skolar, bussar og eit godt kulturliv om det ikkje er gode arbeidsplassar i byen. Eg trur kommunen kan gjere meir for å legge til rette for at all den kunsnkapen som finst på Universitetet i større grad blir utnytta til å starte nye bedrifter.

Eg håper på din stemme og di støtte i dette arbeidet, og at du derfor stemmer SV ved valet. Vi er eit godt lag. Gunhild Johansen er ein dyktig varaordførar, og ho må få fortsette som det. Saman med meg på toppen av lista har vi ellers Ingrid Kielland, Terje Håkstad, Suzanne Heide og Jens Revold. Alle folk med kapasitet, kunnskap og engasjement. På dei to meiningsmålingane i dag i VG og iTromsø mangla SV henholdsvis 29 og 186 stemmer på det neste mandatet. Alle stemmer tel og er viktige!

Er du interessert i å finne ut meir om kva eg tenkjer, kan du lese til augo blir store og firkanta på bloggen min, www.skogholt.org eller send meg ein e-post så skal eg svare etter beste evne. Eg blir og veldig glad om du sender denne e-posten vidare, gjerne med ei personleg anbefaling om å stemme på SV.

Uansett, gode venn, bruk stemmeretten din ved valet.

Heller eige enn leige

Høgres Øyvind Hilmarsen spør i eit lesarinnlegg om det ikkje blinker varsellamper for SV med omsyn til at gjelda er i ferd med å bli stor i Tromsø. Jo, det er ingen tvil om at det hadde vore hyggelegare å vere gjeldfri, det trur eg dei fleste av oss kan skrive under på. Men, faktum er at om du ikkje tar opp lån vil dei færraste ha råd til hus eller leilegheit. Det same gjeld for kommunen. Og gjelda til Tromsø kommune er innafor det kommunen har råd til.

Den medisinen Høgre vil bruke betyr at kommunen for evig blir leigetakar. Høgre vil openbart at vi skal leige skolar, barnehagar og sjukeheimar. Eg er heilt sikker på at det blir dyrare i det lange løp. Dersom vi skal leige ein skole må vi ikkje berre betale kostnaden med skolen, vi må og betale profitten til utleigaren, og det er sannsynleg at skolen blir dyrare, fordi ein privat utbyggar vil måtte betale høgare rente enn kommunen vil. Venstres Jonas Stein Eilertsen har gått i same felle som Hilmarsen. Han hadde eit stort oppslag i Nordlys der han gjekk inn for såkalla OPS, som betyr å leige heller enn å eige. Eg har kommentert det oppslaget på bloggen min tidlegare. I eit tilsvar han misvisande har kalla «Mer skole for pengene» skriv han:

Å lese Pål Julius Skogholts (SV) kritikk av vårt forslag er nokså illustrerende for sosialistenes manglende vilje til nytenkning og modernisering. For å understøtte sine argumenter bruker han den marxistiske tenketanken, Manifest. For å understøtte våre argumenter bruker Venstre forskningsrapporter fra SINTEF.

Problemet til Eilertsen er at SINTEF-rapporten bygger på sviktande føresetnader. SINTEF bruker eit tal for investeringskostnader som sannsynlegvis er feil. Fagforbundet skriv i ein rapport om OPS:

Selskapet [SINTEF]mener å ha funnet fram til en totalvirkning på kr 41,55 millioner i lavere kostnader på Persbråten skole. dette skyldes lavere nåverdi av prosjektkostnadene inklusive finansieringskostnad på 43,80 millioner kroner, som igjen kommer av at selve prosjektkostnaden er antatt å være 58 millioner kroner billigere med OPS-alternativer, i forhold til tradisjonell entreprise (262 mill kr – 320 mill kroner). dette har SINTEF kommet fram til ved å ta utgangspunkt i papirene til bystyresak 95/05. Der var byggekostnadene for Persbråten anslått til 260 mill kroner. Undervisningsbygg oppga samtidig at det var for tidlig i prosjekteringsfasen til å kunne gi en fastpris og anga derfor et risikopåslag på 30 prosent. dermed ble kostnaden på 320 mill kroner. det er dette tallet SINTEF har brukt i sine beregninger av besparelsene.

Det er imidlertid ingen grunn til å tro at ikke undervisningsbyggs første anslag var nær det riktige. dette fordi man faktisk fikk inn et anbud som var helt i tråd med dette anslaget i forbindelse med OPS-kontrakten. Videre viste det seg at byggekostnadene for Bjørnholt vgs, som ble bygget omtrent samtidig, ble 48 millioner kroner lavere enn den opprinnelig vedtatte ramma, og med nesten nøyaktig samme byggekostnader pr m2 som Persbråten.

Det ligg derfor fast at ein skole eller ein sjukeheim blir ikkje billigare av at du betaler leige over driftsbudsjettet heller enn å investere i den same skolen eller sjukeheimen. Eilertsen, det blir mindre skole for pengane.

Det betyr at både Venstre og Høgre framleis har til gode å svare på spørsmålet mitt. Kva for ein skole vil dei ikkje bygge, kva for ein barnehage vil dei ikkje bygge? Kostnadane blir større med Høgre og Venstre sin modell, det må vel gå utover noko?

Eg meiner veljarane har krav på å få vite det.

Vi tar bussen inn i framtida

Stem SV, og få bussen til 10 kroner. Foto: Krister Brandser/Wikimedia Commons

Tromsø SV vil at bussen skal koste ti kroner, og vi vil at bussen skal gå oftare. Vi vil dette fordi det er bra for miljøet og fordi det er god velferdspolitikk.

Omtrent ein tredjedel av innbyggarane i Tromsø har ikkje tilgang til bil, dei har og rett på god kommunikasjon.

For å få dette til meiner SV at det er rett å innføre vegprising. Dette vil saman med auka tilskott frå staten om vi innfører det tilføre oss rundt 200 millionar i året som vi kan bruke på betre vegar, sykkelvegar og billigare og betre buss.

SV er det einaste partiet i kommunestyret som tar denne utfordringa på alvor.

Ein stemme på SV er ein stemme på eit miljø utan svevestøv, ein stemme på eit betre kommunikasjonstilbod, ein stemme mot klimaendringar, ein stemme for gode velferdstilbod.