Categories
Kommunepolitikk Video

Piggdekkavgift er ikkje hyggeleg, men det er naudsynt

Det er ikkje artig å be folk betale meir. Eg er derfor lite fornøgd med å vere med på å innføre piggdekkavgift. Men eg meiner at det er heilt naudsynt og at vi i realiteten ikkje har noko val.

Omtrent 3900 menneske i Tromsø bur slik til at dei kan bli utsett for helsefarlege mengdar svevestøv – støv som i all hovudsak kjem frå piggdekk som slår mot asfalten. Vi kan ikkje ha det slik at mange i Tromsø blir sjuke av lufta dei pustar. I alle fall ikkje når vi faktisk kan gjere noko med det.

Dei viktigaste tiltaka vi no skal innføre er ikkje piggdekkavgifta. Dei viktigaste tiltaka er hyppigare og betre reingjering av gatene og vegane våre. Betre vintervedlikehald slik at det ikkje blir store støvdeponi når snøen smeltar. Betre ventilasjon i tunellane slik at vi får støvet vekk. Salte med ein type salt som bind støvet slik at det ikkje svever av garde.

Men det alle desse tiltaka har til felles er at dei kostar pengar. 36 millionar i første omgang fordi vi må kjøpe ein del nytt utstyr, etterkvart ca 24 millionar i året. Det må til for å få ned mengda helseskadeleg støv.

Og, det er ingen plassar å finne desse pengane i kommunekassa om vi ikkje tar dei anten frå skolane, frå barnehagane eller frå helse og omsorg.

Dette er verkelegheita. Eg liker det ikkje, men slik er det.

I tilegg så veit vi at piggdekkavgift vil føre til at fleire vel piggfrie dekk. Dersom ikkje fleire vel å køyre med piggfrie dekk så vil sannsynlegvis dei tiltaka vi må sette i verk bli enno dyrare.

Så, det er ikkje for å vere jævlege vi vel å innføre piggdekkavgift. Det er ikkje fordi vi liker å plage folk med avgifter. Det er ikkje for at det skal bli vanskelegare å komme seg opp og ned bakkane i Tromsø vi innfører piggdekkavgift.

Det er for å sikre helsa til familiane som bur i område med store mengder støv. Det er for å hindre at dei 980 kiloa med støv som blir sliten vekk frå Stakkevollvegen kvar dag i piggdekksesongen skal hamne i lungene til barn i Tromsø.

Det er valet. Ei avgift som du kan unngå ved å køyre piggfritt. Eller ei luft som er skadeleg for mange av innbyggarane i Tromsø.

Eg veit kva eg vel – kva vel du?

Categories
Helse Kollektivtrafikk Troms og Tromsø

Svevestøvet

Det er sjølvsagt ikkje overraskande at det kjem oppslag i media om store mengdar svevestøv i Tromsø. Det kjem av at vi held oss med eit svært ineffektivt transportsystem.

Her om dagen høyrte eg på eit podkast frå freakonomics. Der sa dei noko som eg visste, men kanskje ikkje har tenkt så mykje over. I USA er 80 prosent av passasjerkapasiteten i bilane ubrukt. Dette er sjølvsagt lite effektivt – å køyre rundt med så mykje ledig kapasitet.

Dette heng saman med svevestøvet i Tromsø. Ein av hovudårsakane til svevestøvet er biltrafikken. Tenk kor mykje vi kunne redusert mengda svevestøvet i byen og andre utslepp om vi kunne gjere transporten vår meir effektiv.

Det er fleire måter vi kan gjere det på. Det enklaste er å gjere bilkøyring dyrare, slik at fleire vel effektive transportmåtar som føtter, sykkel eller buss. Men vi kan og effektivisere systemet gjennom å fylle opp bilane slik at vi utnyttar kapasiteten til bilane våre betre.

Vi kan gjere dette på fleire måtar. Eg synst kommunen i samarbeid med NAF og miljøorganisasjonane burde sette opp eit system som gjer det enklare å dele bilturane. Det bør bli enkelt å ta med folk som skal same veg som deg. Fyll vi opp bilane blir det mindre trangt på vegane, raskare å kome fram og det blir mindre forurensing.

Dersom vi kombinerer dette med eit system med vegprising der du får rabatt om bilen er full av folk, heller enn ein person og matpakka hans så trur eg vi kan ende opp med eit mykje meir effektivt og eit billigare transportsystem.

Categories
Feature Miljø Troms og Tromsø

Vi tar bussen inn i framtida

Stem SV, og få bussen til 10 kroner. Foto: Krister Brandser/Wikimedia Commons

Tromsø SV vil at bussen skal koste ti kroner, og vi vil at bussen skal gå oftare. Vi vil dette fordi det er bra for miljøet og fordi det er god velferdspolitikk.

Omtrent ein tredjedel av innbyggarane i Tromsø har ikkje tilgang til bil, dei har og rett på god kommunikasjon.

For å få dette til meiner SV at det er rett å innføre vegprising. Dette vil saman med auka tilskott frå staten om vi innfører det tilføre oss rundt 200 millionar i året som vi kan bruke på betre vegar, sykkelvegar og billigare og betre buss.

SV er det einaste partiet i kommunestyret som tar denne utfordringa på alvor.

Ein stemme på SV er ein stemme på eit miljø utan svevestøv, ein stemme på eit betre kommunikasjonstilbod, ein stemme mot klimaendringar, ein stemme for gode velferdstilbod.

Exit mobile version