Lykke til, Audun

Audun Lysbakken kjem til å bli ein god leiar for SV og ein viktig mann for eit meir solidarisk Noreg: Foto: Stig Weston

I morgon startar landsmøtet til SV. Opptakta til landsmøtet har ikkje vore den aller beste. Det har vore diskusjonar om leiarvalet og det har vore skandalar. Det har vore lite rom for å snakke om SV sin politikk.

I går publiserte eg ein bloggartikkel om korleis olja øydelegg norsk økonomi. Vi veit og at klimaendringane er den største utfordringa vi står overfor. Det er berre SV som har gode svar på desse utfordringane.

Skal vi bygge landet treng vi fagfolk. Sjukepleiarar, ingeniørar, tømrarar og filosofar. Det er SV som har tatt dei store grepa for å sikre rekrutteringa til helsefaga, sikre lærlingeplassar og gjennomføringa i vidaregåande skole. Fordi vi i SV veit at det ikkje er motsetnad mellom praktisk og teoretisk kunnskap, begge er naudynte og gjennom å kombinere dei utviklar vi folk og samfunn.

Det kanskje verste som kan skje i eit samfunn er at barna vore ikkje har gode, trygge og utviklande oppvekstmiljø. Dessverre har ikkje alle barn i Noreg det. Då må vi sikre at vi kan hjelpe dei som treng det. Ein viktig del av dette er å ha eit kunnskapsrikt og kompetent barnevern. Eit barnevern som kan hjelpe, forebygge og i verste fall sikre ungane ein trygg oppvekst i ein ny familie. Audun Lysbakken og SV har stått i spissen for ei slik satsing.

Når Arbeidarpartiet no dessverre går til Høgre og Frp for å sikre fleirtal for eit mindre trygt arbeidsliv gjennom EUs vikarbyrådirektiv er det berre eit døme på at SV trengst og at SV må bli større og sterkare i samarbeid med fagrørsla, miljørørsla og alle andre som kjemapr for det gode samfunnet.

Denne helga blir Audun Lysbakken SVs nye leiar. Lysbakken har stått i stormen, men han har stått oppreist. Han får store utfordringar, på grunn av dei skandalane vi har sett. Det vil ta tid å bygge tillit og autoritet. Dei største utfordringane er likevel politiske. Dei utfordringane er eg heilt trygg på at Audun Lysbakken vil takle. Når han får opp dampen og får fokus på politikken kjem det til å bli tydeleg at SV trengst for å skape det gode samfunnet i Noreg.

Saka Lysbakken måtte gå av på var ikkje bra, men det er bra at det er avslørt ein systemsvikt som no vil bli retta på. Dette har foregått i departementet i fleire tiår seier den øvste byråkratiske leiaren. Lysbakken burde ha sett og gjort noko med det umiddelbart. Dessverre gjorde han feil, slik vi alle gjer. Det forhindrar ikkje at Lysbakken har gode politiske instinkt og vil vere med på å løfte ein solidarisk politikk.

Lysbakken vil ha heile partiet i ryggen når han kjemper for solidaritet, miljø og rettferd. Det skal vi gjere saman, og saman trur eg vi skal få SV godt over ti prosent ved stortingsvalet om halvanna år.

Lykke til, Audun.

Exit mobile version