Betre sykkelforhold i Tromsø – verda går framover

I dag har eg lyst til å komme med ros til både til det forrige raud-grønne styret i Tromsø som sette i gang tromsømarkaprosjektet, og til det borgarlege byrådet som har halde fram og støtta opp.

I 2008 skreiv eg eit brev til kommunen om at det mangla 100 meter med grus for å binde saman øvre Stakkevollan med sentrum på ein enkel måte for syklistar. Den gongen såg det ut som dette:

Vegen nedafor Arktisk-biologisk

No er det på grunn av tromsømarkaprosjektet (i samarbeid med sykkelbyen Tromsø, trur eg) skjedd store framsteg. Då eg i dag sykla ein tur oppom Stakkevollan for å besøke nokon såg same strekka ut som dette:

Det er ikkje heilt ferdig enno, men vi kan slå fast at verda går framover

Sykkelvegar i Tromsø

For nokre år sidan hadde eg eit prosjekt med at eg skulle prøve å illustrere kva sykkelvegar vi treng i Tromsø. Eg kom aldri lenger med det prosjektet enn dette biletet. Men vi treng verkeleg betre tilhøve for syklistane.

Vintersykling

På sett og vis har denne hausten og førvinteren vore perfekt for sykling., Det har vore lite snø, opphaldsvêr og lite vind. Det har gått fort og bra langs vegane. Det er berre ei einaste utfordring slik eg ser det, og det er for oss som syklar langs stiar og lysløype på veg til jobb. Nokre av desse er utruleg humpete. Dei er hardfrosne, og spora etter sko og anna har blitt verande. 

Så då er vi inne på poenget med dette blogginnlegget, treng eg ein ny sykkel? I dag har eg ein hybrid, opprinneleg med demping på forgaffelen, men akkurat det har slutta å virke for lenge sidan. Når eg syklar no går det støt og slag opp gjennom hendene når framhjulet treff ein isete hump. For å vise dette har eg kombinerte gleda over sykling med gleda over å bruke dingsar. Så godt som alle nye telefonar har eit aksellerometer. Det er dette som finn ut kva veg skjermen skal snuast. Men eg tenkte dette også kunne måle kor humpete ein sykkeltur er. Så i går stakk eg telefonen i baklomma då eg sykla på jobb. Ut kom denne grafen:

Slik er har oppfatta det, er det G-krafta som er målt langs ulike aksar over tid. Det er openbart store feilmarginar her. Telefonen låg i baklomma mi. Eigentleg burde eg vel gaffateipa han til framgaffelen for å få eit godt mål, men å vaske telefonskjerm i eit par timar fann eg ut ikkje var verd resultatet. Måleapparatet er heller ikkje kalibrert på noko som helst vis.

Dei store spørsmåla er likevel:

  1. Ville grafen vore flatare om eg hadde hatt ein fulldempa sykkel, gjerne med 29-tommers hjul?
  2. Kunne nokon med ein slik sykkel prøvd eksperimentet og gjeve ein kommentar?
  3. Finst det ein app til android som kunne plotta aksellerometret mot GPS?
  4. Stemmer det at rett tal syklar ein bør eige er n+1 der n er det talet syklar ein eig til ei kvar tid?
  5. Og, kunne vi utvikla dette til å på ein halvobjektiv måte målt kvaliteten på sykkelvegar både vinter og sommar rundt om kring?

Og det viktigaste, er dette berre syting frå mi side?

Olav Torvund skriv forøvrig om vintersykling i Oslo her, noko av det same gjeld i Tromsø.

No kjem den kalde fine tida

Snart legg snøen seg på marka, eller kanskje berrfrosten vil dominere utover seinhausten. Uansett er det snart klart for å legge om til piggdekk på sykkelen. 

Piggdekk gjer det enkelt å sykle heile vinteren. Husk varme hanskar og ei god, men tynn lue som får plass under hjelmen.

Piggdekk til sykkelen er ei fantastisk oppfinning. Det gjer det moglege å sykle heile året. Det betyr at eg kanskje ikkje kjem til å legge på meg ein to tre kilo i løpet av vinteren. Men viktigast er at eg slepp å stå i bilkø.

Eg har hatt piggdekk vinterstid i mange år no. Eg vil verkeleg rå deg til å prøve. Dersom du skal kjøpe deg piggdekk er det minst to ting du må tenke på:

  1. Kor mange piggar skal du ha på dekket?
  2. Kva dekkdimensjon treng du?

Talet på piggar er ei avveging mellom feste og rullemotstand. Desto fleire piggar, desto betre feste. Men fleire piggar gjer og at sykkelen rullar saktare slik at det blir tyngre å sykle, spesielt på asfalt. På ein hybridsykkel kan du i hovudsak velge i spennet mellom 106 til 240 piggar. Dei siste åra har eg sykla med 106 piggar her i Tromsø. Mi oppleving er at 106 piggar er i minste laget her. Det kjem av at vi har kystklima med ein god del is og regn i løpet av året. Syklar du for det meste på tørr asfalt eller snø i løpet av vinteren er 106 piggar nok. I Tromsø vil nok eg rå til opp mot 240 eller kanskje 200 piggar. Det blir det i alle fall på mine neste dekk. Med litt erfaring frå Oslo vil eg rå til mange piggar der og, mengda salt gjer vegane svært glatte å sykle på vinterstid.

Det andre du må tenke på er kva dimmensjon sykkeldekk du treng. Dette er meir innvikla enn ein gjerne skulle tru.

På ein hybridsykkel er det vanlegvis 28 tommers dekk. 28 tommar er 711 millimeter. Medan dei dimmensjonane du ser på dekk og felgar er 622 eller 700. Korleis heng dette saman?

622 millimeter er storleiken på felgen på ein hybridsykkel. Min felg er 622x19c. 19 er breidda på felgen i millimeter o c-en tyder at eg kan ha ganske breie dekk på felgen. Dette betyr at eit 28 tommars dekk slettes ikkje alltid er 28 tommar. Det kjem an på det dekket som du set på felgen.

 

Kva dekkbreidde kan du ha på felgen(dimensjonar i mm)
Breidde på dekket
FelgbreiddeInnsida 18 20 23 25 28 32 35 37 40 44 47 50 54 57
13 X X X X
15 X X X X
17 X X X X X
19 X X X X X X
21 X X X X X X
23 X X X X
25 X X X X X

Denne tabellen er nok litt forsiktig. Ofte vil det gå bra med litt breiare dekk enn det som følgjer av tabellen. Dei fleste piggdekka eg har sett ligg mellom 35 og 40 mm og går derfor fint på dei aller fleste hybridsyklar. Tenkjer du å kjøpe på nett frå ein utanlandsk nettbutikk så ver obs på at det blir nytta mange ulike måtar å skrive dekk og felgdimensjonar på. Denne artikkelen av Sheldon Brown går gjennom det meste. Der har eg og henta tabellen frå.

Farvel motor

Sykkelmotor er ein fantastisk god ting, men er kvaliteten bra nok?

Fredagen konka sykkelmotoren min ut. På veg til jobb med ungar i tilhengaren gjekk plutseleg alt i svart og i staden for framdrift vart det brems. Motoren slo seg i lademodus, så i tillegg til mi eiga vekt, vekta av to ungar i tilhengaren og vekta av motor og batteri måtte eg overvinne motstanden i motoren. Tungt!

Eg har klokka inn nesten 1000 kilometer på motoren min, 1000 kilometer som har gjeve mykje glede. Den har gjort det muleg for meg å sykle til jobb og barnehage store delar av året. Spesielt dette med barnehage har vore viktig. Eg har tre ungar som alle skal i barnehage. Med to i vogna og ei i barnesete på sykkelen blir det tungt å sykle. Eg er vel ikkje nokon lettvektar sjølv, slik at bil nok hadde blitt det naturlege valet. Det ville ikkje akkurat gjort meg til noko nærmare ei sylfide.

Eg har blitt svært glad i motoren min. Det var ein Bion X kjøpt frå USA. Sykkelmotoren fungerer slik at den hjelper til når du sjølv trør. Det blir ikkje gratis å sykle. Motoren har to hovudverknader slik eg ser det. Det gjer det muleg å ha tyngre last på sykkelen og dei greier å halde høg hastigheit over lengre tid. Begge delar er med på å gjere sykkelen nyttigare og brukbar i fleire situasjonar. Eg har eigentleg tru på at ein elektrisk motor på sykkelen er det som skal til for å gjere Noreg til eit sykkelland. For vi må vel berre innsjå det at oppoverbakkar er ei effektiv sperre mot sykkelbruk.

Men om det utstyret eg kjøpte er standarden er det eit stykkje igjen før dette blir allemannseige. Elektronikken er for dårleg. Det blir litt for tilfeldig kor mykje effekt du får ut av motoren. Det er ikkje alltid når du treng mest hjelp at du får mest hjelp. Eg trur og det gjenstår noko på batteriteknologien, i alle fall når du nyttar det slik som eg har gjort. Eg har tatt ut stor effekt på kort tid, fordi eg har hatt så mykje vekt på sykkelen. Eg er i tillegg litt usikker på kor godt batteriet har hatt av vinter og salte vegar.

I alle fall, eg trur det var batteriet som gav opp på mitt anlegg. Eg kjem nok til å vurdere nøye om eg skal bruke mange tusen på å kjøpe nytt batteri eller ny motor. Ideen med hjelpemotor på sykkelen er fantastisk god, men eg er i tvil om kvaliteten står i forhold til prisen.

Eg vil gjerne høyre om erfaringane dine, og svarer og på spørsmål om el-motor til sykkel om du har nokre.

Sykkelmotor

Motoren og bateriet er ikkje så veldig dominerande på sykkelen. I nedoverbakkane ladar systemet opp bateriet

På laurdag, dagen før nasjonaldagen var det feststemning hos meg. Då kom den elektriske hjelpemotoren til sykkelen min frå USA. No er eg den lykkelege innehavaren av ein menneske-elektrisk hybridsykkel.

I dag var første testen, hjelp det opp bakken til barnehagen? Sveitta eg mindre og går det fortare?

Både ja og nei. Farta auka betydeleg, men kanskje var eg like sveitt og sliten. Motoren jobbar berre om eg trør, og jo hardare eg trør jo meir hjelp får eg. Eg kan altså ikkje berre lene meg attover å gjere ingenting. Men hjelpemotoren er kjærkomen. Til hausten skal eg sykle med tre ungar til barnehagen, to i vogna og ein bakpå. Det blir tungt, alternativet til hjelpemotor er nok helst bil. Så får vi sjå korleis dette kjennes etter at eg har prøvd det i nokre dagar.

Motoren er av typen Bion X produsert i Canada. Sjøve motoren ligg inni navet på bakhjulet. Eg bestilte heile stasen frå NYCWheels i New York.

Exit mobile version