Realfag og OL

 

Kan idrett vere ein inngang til å få fleire interessert i realfaga? Foto: Terry Gaboury

Kunne OL vore brukt til å få fleire interessert i realfag? Det var i alle fall ein av ideane, eller kanskje heller hjartesukka som kom opp på møtet i Forum for realfag i går.

Regjeringa skal legge fram ein ny strategi for satsing på realfag. Dette er eit viktig dokument, sjølv om det ikkje kjem til å løyse alle utfordringane. Real- og teknologifaga kjem til å vere heilt sentrale for å løyse klimautfordringane framover, og for å at næringslivet i Noreg skal halde fram med å vere lønsamt. Dersom du er idealist er det realfag du bør studere. Det er ingeniørane (i brei forstand) som kjem til å skape den miljøvenlege framtida.

Startegien har blitt til i nært samarbeid mellom departement, næringsliv og utdanningsmiljø. Den kjem til å vere tilgjengeleg på Kunnskapsdepartementet sine nettsider om ikkje alt for lenge.

Men, kva har realfag med Ol å gjere? Det var Carla Botten Verboven frå NHO som kom med hjartesukket under møtet. Ho sa noko slikt som dette: ”Kunne dei ikkje heller enn alt dette tørrpratet under OL nytta sjansen til å fortalt oss noko om korleis salting av løypene verkar, korfor skihopparane hoppar lengst med motvind, korfor nokre måtar å gå svingane i skøyter er raskare enn andre?”

Eg synst spørsmålet er godt, og utfordringa går til NRK og kanskje Newton. Ein viktig del av å rekruttere fleire til realfaga er å vise korleis det betyr noko i kvardagen til folk.

Og kanskje er det mangel på teknologar som gjer at det er så mange tabbar i OL?

Klimautfordringar i Troms – våre eigne månelandingar

I Troms slapp vi i 2005 ut 837 tonn klimagassar. Den største kjelda i Troms er utslepp frå køyretøy, båtar og fly 377 tonn, av dette kom 206 tonn frå lette køyretøy i all hovudsak privatbilar. Industri og bergverk slapp ut 224 tonn og landbruket slapp ut 115 tonn. Dei tre største kjeldene utgjorde 75 prosent av alle utsleppa. Dersom vi skal gjere noko med klimaendringane er det desse tunge sektorane vi må gjere noko med.

Den aller største utfordringa i Troms er trafikken. Skal vi gjere jobben vår må vi finne vegar til meir miljøvenleg trafikk. Det er ingen veg utanom å redusere biltrafikken og finne meir miljøvenlege transportmåtar enn hurtigbåtane i fylket. Utfordringa er å gjere dette utan at transport blir for dyrt eller at folk får eit dårlegare tilbod enn i dag. Dette er ikkje lett. Vi må leite etter transportmåtar som gjev den einskilde fridom til å reise når han vil, og reise med ei fart og ein komfort som kan konkurrere med privatbil, hurtigbåt og fly. Heldigvis er dette ikkje umogleg, sjølv om løysingane kan vere visjonære.

Det finst mange teknologiske løysingar på dette – men eit av dei mest spennande prosjekta blir utvikla i USA av Skytran. Dette er ei løysing med skinnegåande og automatisert persontransport basert på magnetisk levitasjon. Dette er ein gammal teknologi, men nye gjennombrot har minska kostnadene. Det at løysinga er automatisert betyr at ein kan reise når ein vil utan å vere bunden av rutetabellar. Skytran kan nyttast både på korte og lengre reiser.

Køyretøya heng frå skinner seks meter oppe, og vil derfor ikkje oppta mykje plass, verken i byane eller på landsbygda. Skytran er ikkje eit tog, men små lette farkostar. Dette gjer prosjektet svært billig samanlikna med vegbygging eller høgfartstog. Løysinga kan nyttast både som interntransport i ein by eller over lengre avstandar. Hastigheita vil i alle tilfelle vere på 160 kilometer i timen. Farta kan aukast opp mot 250 kilometer i timen, men då aukar og energibruken. Ordninga vil i utgangspunktet vere lite berørt av snø og dårleg ver. Det er ingen vegar som må brøytast, det er ingen hjul som kan sette seg fast.

Den høge farta, og at reisene er ubundene av ein tidtabell betyr at eit godt utvikla nett i byane Harstad og Tromsø i stor grad kan eliminere behovet for privatbil. Mellom byar og tettstader i fylket vil ein kunne kutte ut det meste av bussar og privatbilar. I Troms vil ei linje mellom Tromsø og Harstad med sidelinje til Narvik og Finnsnes koste rundt ein milliard ut frå dei tala produsenten opererer med. Dersom vi no doblar prisen til to milliardar for godt mål er vi likevel innafor ei ramme som vil vere mogleg å få til. Prisen vil då vere omtrent det Lofast har kosta i dagens pengar. Ei slik linje vil gje reisetider på ca to timar mellom Tromsø og Harstad. Reisetid mellom Harstad og Narvik vil vere 45 minutt. Dette prosjektet vil binde saman Narvik og Harstad til ein arbeidsmarknad. Dette kan få store positive konsekvensar for busetting og næringsutvikling. Så kan vi sjå for oss ein andre etappe der det blir bygd ei linje til Alta. Det beste av alt er at ordninga går på straum, og ikkje slepp ut noko klimagassar.

Så er spørsmålet, korleis kan vi finansiere noko slikt som dette? To milliardar er ikkje småpengar. Ei mogleg kjelde er dei pengane som fylket i dag nyttar på Hurtigbåten mellom Tromsø og Harstad. Subsidiar pluss billettinntekter utgjer for denne ruta omlag 70 millionar i året. Det vil vi kunne legge inn i finansieringa. Men, dette er berre ein av fleire moglegheiter. Det viktigaste må vere å selje inn prosjektet overfor sentrale styresmakter. Vi må ha lov til å kunne forvente eit stort statleg bidrag til eit slikt prosjekt.
Eg er ingen teknolog og det finst kanskje gode grunnar for at eit slikt prosjekt som dette ikkje kan realiserat. Det viktigaste er likevel at om vi skal løyse klimautfordringane må vi tenkje utanfor dagens modellar. Vi må våge å tenkje nytt og lansere visjonære idear om vi skal kunne bevege oss framover.

Kanskje kan dette bli Troms sitt eiga månelandingsprosjekt?

 

[PS. Eg trur dei prisane eg skreiv om i denne bloggen er alt alt for låge for eit slikt prosjekt.]