Ville spekulasjonar

I dag har eg tenkt meg å kome med nokre ville spekulasjonar på bloggen min. Dei spekulasjonane skal handle om kven frå SV som skal sitte i regjeringa framover. Og, la meg slå fast. Dette er spekulasjonar og ikkje basert på noko anna enn det eg har tenkt.

For ei veke sidan var det fire SV-statsrådar; Kristin Halvorsen, Erik Solheim, Tora Aasland og Audun Lysbakken. Eg tippar at om ein månad ville berre Kristin Halvorsen sitte igjen i regjeringa av desse fire.

Eg tippar Halvorsen vil bli sittande som sjef for heile kunnskapsdepartementet og som SVs sjef i regjeringa. Ho vil nok halde fram med å møte i underutvalet og liknande. Dette kjem over tid til å bli svært problematisk for Lysbakken. Så lenge Kristin sit og er sjefen i regjeringa vil det vere uklårt kven som er den reelle sjefen i SV. Er det framleis Kristin Halvorsen, eller er det Lysbakken på Stortinget?  Over tid blir dette uhaldbart, og Kristin må nok og forlate regjeringsstolen.

Det naturlege ville vore at ein av nestleiarane overtok rolla som SVs fremste person i regjeringa med ein gong, men korkje Solhjell eller Thorkildsen er av Lysbakkens næraste allierte, derfor blir det ikkje slik

i første omgang.

Solhjell kan bli bistandsminister. Då får han jobbe med tema han synst er spennande, og vi slepp brysame konfliktar mellom Solhjell og Lysbakken på Stortinget og samstundes vil Solhjell vere så mykje på reise at han ikkje kan vere ein rival til Lysbakken. Thorkildsen kan bli ny miljøvernminister. Då kan det tenkast at Heidi Sørensen sluttar som statsekretær og går attende til Stortinget. Det blir eit problem, fordi det betyr at Akhtar Chaudry fell ut av Stortinget. Det gjer han og om Sørensen held fram som statssekretær, men Halvorsen kjem attende til Stortinget på eit eller anna tidspunkt. Det ville vere eit dårleg signal. Han er ein av Noregs viktigaste minoritetspolitikarar og visepresident i Stortinget. Eg trur derfor at Chaudry kjem til å bli Barne-, likestillings- og integreringsminister. Då blir og nominasjonskampen mellom Chaudry og Holmås om førsteplassen på SV si osloliste ekstra spennande.

Men, dette er som sagt ville spekulasjonar. Kva trur du?

Exit mobile version