Stortinget til folket – møter med Torgeir Knag Fylkesnes

I eit forsøk på å gjere stortingsrepresentanten vår meir tilgjengeleg har vi bestemt oss for å prøve nokre nye ting. Ein av dei tinga vi vil prøve er Hangouts on Air. Det kan vere ein fin måte for lokallag og folk som er interessert å få Torgeir Knag Fylkesnes, SV i Troms i tale. Eg trur det er kjempeviktig at vi unngår at stortingsrepresentantane våre ikkje grev seg ned i papirbunkane, men er tilgjengelege for folk. Det viktigaste er sjølvsagt å reie og delta på alle typer arrangement, å besøke bedriftar og institusjonar. Eg trur likevel vi kan ha mykje å tene på å bruke meir teknologiske variantar og.

Under er eit eksempel som vart laga i dag, men med berre to deltakarar. Vi kjem til å gjere forsøk med fleire deltakarar, og gjere kjent på førehand når desse hangoutane er så folk kan delta og sende inn spørsmål. Vi er framleis på forsøksstadiet for å finne ut om dette er eit eigna verkty. Fortel gjerne kva du synst om ideen i kommentarfeltet under her.

 

Dagens meiningsmåling – litt rar

torgeir Knag Fylkesnes kan bli den einaste representanten frå Troms som seier nei til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Om alle gode kreftar samlar seg.
Torgeir Knag Fylkesnes kan bli den einaste representanten frå Troms som seier nei til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Om alle gode kreftar samlar seg.

Kanskje er det berre vi politiske nerdar som er sjukleg opptatt av meiningsmålingar som bryr oss, men dagens måling i Nordlys var interessant.

Målinga for Troms er omtrent der eg ville forventa ut frå det vi elles veit. Det mest interessante er likevel to ting. Ap er igjen det største partiet i fylket og SV er nærmast å ta mandat. Det mandatet vil SV eventuelt ta frå Høgre. Dersom situasjonen mellom dei tre største partia blir omtrent som denne målinga indikerer (Ap 28,5, H 24,1 og Frp 18,1) betyr det at grensa for å stele Høgre sitt andremandat ligg på ca 12 prosent. Det vil seie at summen av SV 7%, Raudt 2,8% og MDG 2,3% er nok til å vinne eit distriktsmandat i Troms – med 719 stemmers margin.

Alternativet til at SV vinn eit mandat i Troms er at fylket berre blir representert av stortingsfolk som er for oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Det er kanskje til ettertanke for dei som har tenkt å stemme på Raudt og MDG?

No har SV i Troms gode sjansar på utjamningsmandat, men det er no alltid litt lotto.

Målinga for Finnmark er rett og slett litt rar, spør du meg. Og, det gjer du kanskje i og med at du sit og les bloggen min? Eg har vanskeleg for å tru at Ap har 50% oppslutning i fylket. Spesielt etter at fiskeriministeren frå Ap ikkje ville stille krav til levering av fisk frå Røkke sine trålarar. I tillegg blir det spennande å sjå kva som skjer med sjukehuslista ved valet. I denne målinga får dei 10,4% (Andre, eg reknar med at det er sjukehuslista) og manglar 1250 stemmer på å stele Høgre sitt mandat i Finnmark. Men eg må innrømme at eg har vanskar med å sjå for meg eit valresultat der Ap får tre og sjukehuslista eitt mandat i Finnmark.

Dersom ein skal tru tabellane har og Raudt 31% oppslutning hos dei over 65 år i fylket, og 10% totalt. Tillat meg å tvile på det. Alt i alt, så har eg lyst til å avskrive denne målinga for Finnmark som ein ekstrem ‘outlier’ med lite informasjonsinnhald.

Nordland er meir i tråd med andre målingar og litt mindre spennande enn spesielt Finnmark. Men det er likevel store sprik hos nokre av partia mellom målingane. For SV sin del i Nordland har dei tre siste målingane vist 2,7; 8,4; og 4,2 Målinga på 8,4 kom då debatten om Lofoten, Vesterålen og Senja var på sitt heitaste. Spriket er likevel litt for stort til å tru på, kanskje ligg sanninga sånn midt i mellom. Skal eg tippe seks prosent?

Til slutt, her er mitt tips for valreusultatet i dei nordnorske fylka til hausten:

Finnmark: Ap 2, H 1 og Sjukehuslista 1 (utjamning til SV)
Troms Ap 2, H 1, Frp 1 og SV 1 (utjamning til Sp eller V)
Nordland: Ap 3, H 3, Frp 1 og SV 1 (utjamning til Krf)

Korleis trur du det blir? Skriv i kommentarane

Oppdatert: Nordlys og inFact laga ei ny måling for Finnmark. Den vart litt meir truverdig.

10 spørsmål til rektorteama

rektor Eg har saman med Torgeir Knag Fylkesnes utforma nokre spørsmål til dei som stiller til val som rektorar ved Universitetet i Tromsø. Vi publiserer dei same spørsmåla på bloggane våre og håper på å utvide diskusjonen litt. Vi meiner nok at Universitetet er så viktig for byen og landsdelen at dei delane av Universitetet si verksemd fortener å bli diskutert meir.

Eit sentralt formål med etableringa av Universitetet i Tromsø var å utdanne folk til jobbane i landsdelen. Ingen av rektorteama seier noko spesielt i valplattformane sine om kva for ei rolle universitetet skal ha for dette i årane framover.

  1. UiT har satsa stort på petroleumsrelaterte utdanningar dei siste åra. Ifølgje kunnskapsinnhentinga til Oljedirektoratet vil berre ein stad mellom 3-5% av arbeidsplassane i petroleumsnæringa hamne i nord. Er ikkje då den store petroleumssatsingen ein subsidie av Vestlandet, og ikkje ei satsing på jobbane til framtida i landsdelen?
  2. Kva for grep vil rektorteama ta for å utvikle utdanningane innan reiseliv, IKT, fiskeri, alternativ energi og andre framtidsnæringar?

Nordområdesatsingen har prega utviklinga av høgare utdanning og forsking i nord dei seinaste åra. Forskningsprofilen i nordområdesatsingen har i stor grad vore prega av real- og helsefaglege tilnærmingar.

  1. Kva for ei rolle meiner rektorteama at UiT skal ha i denne satsinga?
  2. Kva vil rektorteama gjere for å styrkja den samfunnsvitenskapelige og humanistiske tilnærminga til nordområdene?

I universitetsverda internasjonalt skjer det ei formidabel satsing på opne studiet gjennom nye media (MIT, Stanford, osb). Det tyder at studentane i Noreg har tilgjenge på det beste av det beste frå heile verda utan å vere innom eit norsk universitet. Samstundes finst det store mengder kunnskap på UiT som aldri kjem seg utanfor veggene i Breivika. Dette seiane rektorteamene lite om.

  1. Korleis sikre at UiT blir det naturlege valet for vaksne folk som vil ha tilgang til kunnskap utan å reise til Tromsø?
  2. Når skal UiT tilby kunnskapen sin og kursa sine utanfor Campus og til alle?

Bodø er betre enn Tromsø på minst éin ting – eit tett og strategisk samarbeid mellom by og høgskule/universitet. ”Team Bodø” har ført til at byen har fått sentrale rollar i nasjonale satsingar. I Tromsø er historia ein annan.

  1. Korleis vil rektorteama jobbe for eit tettare samarbeid mellom byen og universitetet? På kva for område?
  2. Korleis skape tettare band mellom Breivika og byen?

Med kunnskapen sin og mandat sitt har forskarar ein svært viktig rolle som deltakarar i samfunnsdebatten. Med over tusen forskarar i Breivika, med kunnskap om nær alle samfunnsområder, burde alt liggje til rette for ei sterk deltaking i offentlegheita. Men slik er det ikkje.

  1. Kva for rolle bør forskarane ha i den offentlege debatten?
  2. Kva vil rektorteamene gjere for at forskarar kan delta meir i det offentlege ordskiftet?

[poll id=»20″]

Risiko, men ikkje gevinst

Oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja gjev oss 100 prosent av risikoen, men berre 3,5 prosent av gevinsten i form av arbeidsplassar. Resten av arbeiodsplassane havnar andre stader. Det må vere tidens dårlegaste avtale vi blir tilbydd. Spesielt med tanke på kva vi risikerer. Denne videoen gjev ein fin gjennomgang:

I dag var eg godt nøgd med mine folk i SV. Både Bård Vegar Solhjell og Audun Lysbakken har vore tydeleg og klåre. SV vil ikkje gå med på oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Dette er ein kamp vi må og skal vinne ein gong til. Og så mange gonger det er naudsynt. Partileiaren seier:

– Nå står slaget om oljeboring utenfor Lofoten, Vesterålen og Senja på nytt. SV og miljøbevegelsen har vunnet denne saken to ganger før, og vi har tenkt å vinne på nytt. SV kommer aldri til å svikte Lofoten, Vesterålen og Senja, sier SV-leder Audun Lysbakken.

Eg synst og SV sin listetopp i Troms, Torgeir Knag Fylkesnes, hadde eit godt, utsagn i Nordlys i dag:

– Hadde det vært olje i helvete hadde Statoil ønsket å konsekvensutrede det.

Skal vi stoppe klimaendringane så må vi ganske enkelt la vere å brenne alle olja, gassen og kolet som finst i verda. Då kan det kanskje vere greitt å la dei mest sårbare områda ligge.

Forøvrig meiner eg at om helvete skulle finnast, og det skulle vere olje der, så kan det område sannsynlegvis opnast for boring utan større konsekvensar for miljøet.

[poll id=»19″]

Sjå gode Bård Vegar her:


 

Første gong i Noreg?

Så vidt eg veit skriv Troms SV historie i år. Vi arrangerer ei bindande uravstemming mellom medlemmane for å avgjere kven som skal stå først på stortingslista. (Dersom eg tar feil, og dette har vore gjort før, så sei ifrå i kommentarane) Eg er ganske stolt av dette. Det var eg som la fram dette forslaget på årsmøtet og fekk det vedtatt.

Grunnen til at eg gjorde det er at i dagens personifiserte politikk er det å utpeike representantar noko av det viktigaste eit parti gjer. Sjølv om det ligg eit partiprogram og ei felles forståing av politikk i botn er det ingen tvil om at personar betyr mykje. Då er det for meg rimeleg at alle medlemmane skal vere med på å velje kven som skal representere dei og partiet.

Tidlegare har sjølvsagt og medlemmane avgjort, men indirekte gjennom val av representantar til eit nominasjonsmøte. Det har gjeve svært mykje makt til dei som sit i nominasjonskomiteen og andre sentrale verv til å velje kven som skal nominerast.

Det er mange gode demokratiske grunnar til å gjere det på denne måten, men eg har sjølvsagt andre baktankar enn dei reint demokratiske. Eg håper og trur at ein slik prosess som Troms SV no skal gjennom vil vere med på å gjere det meir interessant å vere partimedlem. Når du blir direkte involvert i viktige avgjerder så trur eg at du blir meir engasjert og får større eigarskap til det som skjer. Kanskje vil og fleire bli med i partiet.

Har du lyst til å vere med å bestemme må du melde deg inn i Troms SV før den 15. november.

Vi har fått tre svært gode kandidatar som stiller til val.

Sjekk dei gjerne ut! Eg håper og trur du vil høyre ein del frå dei framover.

Eg håper dette kan vere eit første steg i retning av å opne opp alle politiske prosessar meir. Eg håper at det i framtida skal vere mogleg å få til ei eller anna form for crowdsourcing av programskriving og politikkutvikling. Her synst eg norske politiske parti har ein del å lære av mellom anna piratane i Tyskland. Ein draum er at vi og kan gjere dette i formelle fora, og på ein betre måte involvere folk i dei avgjerdene som blir tatt i kommunestyrer, fylkesting og storting.

Å kome dit er eit lang lerret å bleike, men det må vere lov å drøyme om eit betre demokrati.