Fersk fisk har det travelt – men kjøletransporten går ikkje

eller «Ei soge om kapitalismen i eit høgrestyrt Noreg»

I Tromsø har vi fleire fine bedrifter som lager mat. Det er fisk og kjøtt av mange og velsmakande slag. Det som er felles for produkta dei lager er at dei må vere kalde. Mange av produkta har kort haldbarheit og vi vil helst at dei skal vare så lenge som mogleg. Derfor er kjøle- og frysetransport ein absolutt føresetnad for at desse bedriftene skal kunne få produkta sine ut i butikkane slik at eg og du kan kjøpe dei.

I Noreg har vi og ei bedrift som heiter Posten. Denne bedrifta eig vi alle i lag. Posten hadde eit dotterselskap, Bring frigo som køyrde kjøle- og frysetransportar i heile landet. Dette transportnettverket gjorde det mogleg for andre bedrifter å bygge seg opp og å nå ut til marknaden. Bring frigo skapte verdiar for det norske samfunnet. Dessverre gjekk ikkje Bring frigo sjølv med oveskott. Posten tapte ca 70 millionar i året på Bring frigo. Derfor bestemte Posten seg for å selge. 

Dei som kjøpte var naturleg nok ikkje interessert i å tape pengar. Dei kjøpte for å tene pengar. Korleis skulle dei gjere det. Jau det dei gjer er at dei reduserer kor ofte dei køyrer. I staden for å køyre fem gonger i veka mellom Tromsø og Alta reduserte dei til to gonger i veka. Dette er heilt naturleg for ei privat bedrift. Dei driv ikkje for å tilrettelegge for at vi skal få gode matvarer i butikkane våre, dei driv for å tene pengar. Den eine av desse turane går på fredag, det betyr at varane ikkje er i butikken før på måndag. Det er ganske lang tid for eit fersk fiskeprodukt.

Konsekvensen av at vi ikkje i fellesskap lenger tar ansvar for å sørge for at det er eit godt transporttilbod er store problem for andre bedrifter. I dette tilfellet matprodusentar i Tromsø.

Næringsforeininga i Tromsø har tatt kontakt med oss politikarar i Tromsø om denne problemstillinga. Bildet er frå møtet der eg saman med Marlene Bråthen og Mats Hegg Jakobsen frå Sp vart informert frå Karls fisk og skalldyr, Næringsforeininga og Domstein – med passeleg koronaavstand.

Eg har på mi side tatt kontakt med SVs politikarar på Stortinget. Dette er noko vi må løyse i fellesskap. Eg trur det er heilt naudsynt at slik vi kjøper transporttenester for fly og båt så må vi og gjere det for å sikre varetransporten, spesielt i område av landet der marknaden åleine ikkje maktar å løyse dette.

Denne saka illustrerer kva som skjer når ein organisasjon som vi har opprette for å sikre transport av brev, pakkar og varer i heile landet, nemleg posten, blir meir opptatt av å tene pengar enn å tene samfunnet. Ja, Bring frigo gjekk med underskott, men Bring frigo mogleggjorde stor verdiskaping i mange andre bedrifter.

Denne verdiskapinga står no i fare.

Kanskje vi burde finne opp ei ordning der vi saman kunne spleisa på grunnleggande infrastruktur i dette landet. Vi kunne kanskje kalla denne ordninga stat, fylke eller kommune?

Skiparkering

Lysløypa på toppen av øya er ei viktig samferdselsåre i Tromsø. Vinterstid er det mange som bruker løypa for å gå på ski til jobb. Potensialet er likevel større. Det kan vere utfordrande å måtte bære skia ned og opp frå Charlottenlund til byen for eksempel. Ei skiparkering der ein kunne sette frå seg ski og skisko på ein trygg og låsbar plass ved Charlottenlund og ved skibrua over Erling Kjeldsens veg kan føre til at endå fleire vil bruke ski til jobb vinterstid? 

Folk i alle aldrar bruker lysløypa, nokre og som transportåre til og frå jobb eller studiar. Vi burde gje dei moglegheit til å låse skia fast på ein trygg måte.

Ei skiparkering på Charlottenlund kunne eventuelt vore kombinert med bysykkelordning med el-syklar som ein slags “skiheis” opp frå byen til Charlottenlund?

Over 400 000 brukar lysløypa

I 2017 passerte 412 069 personar tellepunktet til kommunen på Charlottenlund. Sjølvsagt var ikkje alle desse på veg til eller frå jobb med ski på føtene. Men nesten ein halv million mennesker viser at lysløypa er ei viktig ferdselsåre på toppen av øya. Det er og klåre toppar i bruken i samband med morgon og ettermiddag, noko som fortel at dette nettopp er ei transportåre i tillegg til å vere viktig for trim og rekreasjon.

Dette er sjølvsagt ikkje verdas største sak, men ei sak som om det ikkje kostar for mykje kunne vore ei fin lita forbetring for innbyggarane i Tromsø. Så i dag har eg sendt inn dette forslaget til handsaming i kommunen:

Kommunestyret ber om ei sak frå administrasjonen med framlegg til korleis ei skiparkering kunne ordnast, og med oversyn over kostnadane.

Og det er klart, kva det kostar vil avgjere om dette er noko vi kan gjennomføre.

 

 

Exit mobile version