Radikal openheit i Tromsø kommune

Eg har i lengre tid gått svanger med eit forslag som eg er litt usikker på om er ein god ide eller ikkje. Derfor spør eg om hjelp her. Har det følgjande noko for seg eller ikkje? Er det problem eg ikkje har tenkt på?

Ein kommune er ein stor økonomi, og kommunen forvaltar innbyggarane sine pengar til beste for oss alle. Er det ikkje då naturleg å tenke seg at rekneskapen blir gjort tilgjengeleg ned til siste krone i tilnærma sanntid ned til kvar minste transaksjon og kvar minste faktura?

Eg ser for meg at rekneskapen blir gjort tilgjengeleg som ei open dataløysning der alle kan gå inn å sjå på kvar einaste transaksjon og at det skal vere tilgjengeleg i eit maskinlesbart format.

Det vil gje alle (datakyndige) folk i kommunen og utanfor moglegheit til å undersøke pengebruken vår, kanskje sette tala saman på nye måtar og kanskje gje oss ny innsikt på korleis vi kan bruke pengane våre på ein betre måte.

Det vil sjølvsagt vere utfordringar her. Den viktigaste vil vere personvernet. Det vil vere transaksjonar, til dømes løn eller sosiale ytingar som ikkje kan vere tilgjengeleg for alle. Om det er mogleg å lage eit system som fungerer her veit eg ikkje. Vi kunne eventuelt starta med å gjere alle innkjøp tilgjengeleg på denne måten?

Dette må vere eit av fleire steg for å gjere absolutt alt av data som kommunen sit på (og som ikkje er avgrensa av personvernet) tilgjengeleg for alle innbyggarane og det må vere i maskinlesbart format.

Når vi har fått dette meir eller mindre på plass burde kommunen invitere til hackathons for å finne spennande ny bruk av alle dessa data. Kanskje ein premie til det beste forslaget.

Dei verkeleg spennande resultata kjem nok ikkje før både stat og fylkeskommune og går inn for ei like radikal openheit og det blir mogleg å kople data saman frå desse ulike kjeldene.

Tromsø kommune bruker 74 millionar meir enn planlagt

Økonomirapport 2 er overraskande nok eit ganske interessant dokument. Denne rapporten viser korleis det står til med økonomien i Tromsø kommune. Prognosen i raporten viser eit overforbruk på 74 millionar. Dette blir delvis berga inn gjennom at vi får 19,7 millionar mindre i renter og avdrag på lån og at dei frie inntektane stig med 10 millionar i følgje prognosen. Dette kjem på toppen av eit driftsunderskott på omtrent 84 milionar i fjor. Vi har med andre ord ei ganske stor utfordring med å få balanse i økonomien.

Det klarer vi nok ikkje på dei få månadene som står igjen av dette året, men det viser at det ikkje er plass til mykje frivolitet og laussluppen glede når budsjettet for neste år skal lagast.

Det gamle byrådet legg opp til at dei einingane som rapporterer avvik frå budsjettet i stor grad skal klare å spare inn dette på eigen hand i løpet av dei siste månadane. Basert på det skriv dei at dei reknar med balanse i rekneskapen. Eg håper dei har rett, men må innrømme at eg tviler på at det vil gå.

Dersom du skulle ha ein god ide for korleis kommunen skal spare pengar, så må du ikkje nøle med å seie frå. Sjølv tviler eg på at det finst nokon mirakelkur. Det vil nok handle om hardt arbeid over tid for å få det til. Vi klarer det nok ikkje i møtet i finanskomiteen i morgon.

Vi har starta på den jobben ved å seie nei til ytterlegare privatiseringar. Folk skal ha tryggleik for jobbar og pensjon i kommunen. Då er det enklare å bruke fagleg dugleik for å lage gode og effektive tenester for folk i kommunen – og å gjere det innafor budsjett.

Rangerte skolar

Langnes er ein av skolane som gjer det bra

Høgre er svært opptatt av å rangere skolane i Tromsø. Magnus Mæland har lagt ut tala for dette på bloggen sin. Det minste ein måtte kunne forvente er at han gjorde nokre forsøk på å analysere korfor ein skole er betre enn ein annan. Utan ein slik analyse som gjev ei retning for forbetring fortel ei slik rangering ingen ting.

Tala Mæland legg ut viser mellom anna og heilt som forventa at Workinmarka skole jamt over gjer det godt. Korfor som forventa, jau, fordi denne skolen ligg i ein av dei bydelane i Tromsø med dei høgaste inntektene. Vi veit frå før at barn av foreldre med høg inntekt og eller utdanning gjer det godt i skolen. Det ville med andre ord vore rart om Workinnmarka skole ikkje hadde gode resultat. Resultata seier lite om kvaliteten på skolen. Skolen er sikkert bra, men det er og stor sjanse for at dei har mange skolesterke barn.

Elles har Kattfjord skole god rangering. Det er kanskje ein indikasjon på at høg lærartettleik har betydning for læringsresultatet.

Det verd å merke seg at den av høgresida utskjelte Langnes skole har jamt over gode resultat. Kanskje er ikkje baseskolar det verste som finst likevel. Eller handlar det og om klasse? Vanskeleg å vite utan grundige studiar.

Det er mykje ein kunne sagt om desse tala, men å seie noko verkeleg fornuftig trengst tid, skolefagleg kompetanse og god kunnskap om skolane og skoleelevane. Mæland gjev inntrykk av å mangle minst ein av tingane, og utan det er rangeringa han har brukt mykje tid på å få ut ganske uinteressant.

 

Exit mobile version