Vi kan ikkje stole på USA lenger

Det er mange gode grunnar til å vere bekymra for tida. Vi har Putin på den eine sida, og Trump på den andre, og folkeretten som er ein basis for norsk tryggleik blir undergravd.

Det er rart med det, dei fleste meiner sånn omtrent det dei seier, og det gjeld nok for Trump og. Derfor må vi ta på alvor det Trump seier. Til og med når han ikkje vil garantere at han ikkje vil bruke våpenmakt for å ta Grønland.

Med Trump sine vanvitige utsegn på den eine sida og oligarkane eller «the techbros» si overtaking av den amerikanske staten så er i alle fall ein ting sikkert. Vi kan ikkje basere oss på USA i åra framover. Vi kan heller ikkje basere oss på at dette er noko som går over ved neste presidentval i USA. Vi har ingen garanti for at ikkje ein trumpklone vinn valet i USA om fire år.

River ned den amerikanske staten

Trump har gjeve Elon Musk myndigheit til å rive ned den amerikanske staten. Angrepet på USAid har fått størst merksemd i Noreg, men det same skjer mange stadar. Musk har mellom anna fått tilgang til store delar av betalingssystemet i det amerikanske finansdepartementet, og viktige institusjonar er under åtak. Spesielt er Trump og Musks angrep på kontrollinstitusjonane i staten og oppheving av forbodet for amerikanske selskap til å bedrive korrupsjon i andre land, ei utfordring for oss alle.

USA er ikkje til å stole på lenger. Trump sitt ønske om å overta Gaza, Panama, Canada og Grønland er ikkje berre vanvitig i seg sjølv, men får konsekvensar på mange område.

Måten Trump og USA snakkar om å overta andre landområde på undergrev internasjonal rett og gjev andre land «lov» til og å fremme territorielle krav. Trump underbygger med andre ord Putin sitt krav om å få Ukraina, eller Kina sitt krav om å få Taiwan. Gudane må vite kva anna som sprett fram når denne ormekrukka først er opna.

For eit lite land som Noreg er dette skummelt. I ei omskifteleg verd har respekten for folkeretten vore noko av det som har gjeve Noreg og andre små land tryggleik. Den tryggleiken er i ferd med å forsvinne. Folkeretten har aldri vore absolutt, og mektige land har alltid hatt større spelerom enn små land, men likevel har folkeretten vore med på å gje oss tryggleik. Den tryggleiken er ikkje borte, men er blitt svekka. USA og Trump sine utsegner har gjort Noreg meir utrygt.

Så korleis skal vi i Noreg ta vare på vår eiga tryggleik framover?

Det første er at vi må basere den militære tryggleiken vår først og fremst på det nordiske samarbeidet. Det at vi no bygg nordiske strukturar innafor ramma av Nato er viktig. Men vi må sikre oss at desse strukturane kan operere uavhengig av USA. For tryggleiksgarantien frå USA vil vere heilt avhengig av dagshumøret til Trump. Eit sterkt norsk forsvar i ein nordisk samanheng betyr og at vi må sikre lågspenninga i nordområda. Då er det feil å tillate amerikanske baser på norsk jord slik regjeringa har gjort. Ekstra ille er det når personalet på desse basane er unntatt norsk lov når det er tenestlege behov. Det undergrev norsk suverenitet og det undergrev lågspenninga i nordområda. Ei vidare militarisering av nordområda, for eksempel Svalbard vil gjere oss mindre trygge i ein potensiell stormaktskonflikt og gje den imperialistiske høgresida i Russland vatn på mølla.

Så er det å hevde norsk suverenitet i Norskehavet og Barentshavet ei prioritert oppgåve. Då blir det for dumt å sende ein av dei norske fregattane til Stillehavet i nesten eit år til den nette kostnaden av 300 millionar. Det er pengar som kunne vore betre brukt på å trygge Noreg, og vi treng den fregatten for å vere sikre på at vi kan trygge norsk suverenitet i norske havområde.

Men kanskje er det aller viktigaste å faktisk stå opp for folkeretten når den er truga. Då blir det underleg at Noreg er såpass taus overfor USA og Trump sine mange utspel. Tida er inne for å jobbe for å styrke folkeretten. Ein måte å gjere dette på er at Noreg faktisk sluttar seg til det internasjonale forbodet mot å bruke atomvåpen. Det løyser ikkje umiddelbart problemet med atomvåpen, men over tid vil slike forbod bidra til å styrke folkeretten og arbeidet for fred og tryggleik for alle. Ein annan viktig del av dette er å verne dei internasjonale domstolane. Trump sitt åtak på den Internasjonale straffedomstolen (ICC) er eit typisk eksempel på dette. For Noreg er det avgjerande at vi stiller oss bak domstolen og er tydeleg på at arrestordrane frå domstolen vil bli følgt.

Noreg må manne seg opp til å stå vakt om folkeretten. Trumpkviskring kan ikkje vere svaret i den internasjonale situasjonen vi er no.