10 000 ulike grunner

Dagbladet har i dag ein artikkel om unge uføre. Det er ingen av oss som er glad for at mange ikkje er i stand til å jobbe. Dei aller fleste ønsker å bidra til samfunnet, og ikkje minst dei fleste ønskjer seg ein betydeleg betre økonomi enn det ein får gjennom uføretrygd. Det er viktig å huske på at det er 10 000 ulike grunnar til at 10 000 unge menneske er uføretrygda. Nokre på grunn av fysisk eller psykisk sjukdom, andre på grunn av skader dei har fått anten i arbeidslivet eller på anna måte.

Det er og viktig å huske at 10 000 menneske er eit stort tal, men det ergodt under ein prosent av den aktuelle gruppa. Dersom du stilte opp 100 tilfeldige menneske på gata, ville du blitt overraska dersom ein av dei hadde ei eller anna plage som gjorde det vanskeleg å jobbe. Det ville ikkje eg. Det er godt at vi har eit samfunn som tar ansvar for at vi ikkje skal ha fattige i dette landet. Som SVar er eg stolt over å vere representert av folk som Karin Andersen.

Sjølv om det er ei spesiell historie bak kvar einaste som er uføretrygda veit vi og ein del generelle trekk. Vi veit mellom anna at dei som ikkje gjennomfører vidaregåande skole i større grad enn andre blir uføretrygda i ung alder. Kanskje er grunnane til at dei ikkje gjennomfører skolen og grunnane til at dei blir uføre den same, men sannsynlegvis er det noko skolen kan gjere med det.

I Troms har vi tatt konsekvensen av dette, og satsar på at fleire skal komme seg gjennom skolen. Vi har til hausten fleire eigne program for skoletrøytte og andre som treng spesiell oppbakking. Desse tilboda gjev elevane mykje praksis i bedrift og lite teori på skolen. Vi gjennomfører og eit program for at fleire skal få læreplass tidleg. Dette er eg svært stolt av at vi har fått til.

I tillegg skal vi ha ein skikkeleg gjennomgang av alle hjelpetenstene i den vidaregåande skolen for å kunne gje eit enno betre tilbod til alle elevane. Målet er fleire som gjennomfører med bestått, og forhåpentlegvis færre unge uføretrygda.

Exit mobile version