Ikkje politikk,Troms og Tromsø

Uavgjort – og gratulerer til Universitetet

Dette har vore ei strålande helg. Det starta på fredagen. Då feira Universitetet i Tromsø at det var 40 år sidan Stortinget sa ja til å starte opp. Det er ingen tvil om at Universitetet har betydd enormt mykje for Tromsø og for landsdelen. Men det viktigaste med eit Universitet er undervisninga og forskinga. Det er derfor utruleg bra at Universitetet kan melde om ny rekord i talet på doktorandar i jubileumsåret. Gratulerer til alle som har vore med på å bygd opp denne fantastiske kunnskapsinstitusjonen.

Laurdagen var like bra, men av meir personlege grunnar. Sola skein, det var ein fantastisk vinterdag og ungane imponerer stadig meir på ski. Få ting kan konkurrere med å vere ein stolt far når sola varmar i bakkane.

Til sist då søndagen. Det såg lenge ut til å bli ein nedtur. Lillestrøm tok tidleg leiinga, men gutan spelte godt og fekk til ei velfortent utlikning. Det burde vore siger, men når Liverpool vann så vart det likevel ein OK dag.

Standard
Troms og Tromsø

Frustrasjonar med universitetet

Eg er av og til (som i dag) litt frustrert over to ting ved Universitetet her i Tromsø.

La meg ta det første og viktigaste først. Eg er deltidsstudent, dvs at eg prøver å studere litt jus ved sida av arbeid og anna eg held på med. Det er sjølvsagt frustrerande å ikkje ha nok tid til eit fag ein studerer, men den verkeleg store frustrasjonen er at forelesningane ikkje er tilgjengelege på nettet. Eg klarer ikkje å forstå korfor ikkje forelesningane blir tatt opp, lagra og gjort tilgjengelege for studentar over nettet. Både for oss som ikkje alltid har tid til å gå på forelesninga, men det vil jo og vere eit fantastisk instrument for repetisjon og ein kunnskapsdatabase for folk som generelt er interessert.

Det vil sjølvsagt vere ein del kostnader forbunden med dette. Det må settast opp litt utsstyr. Du må ha ein person eller to til å legge dette ut på nett etterkvart og servarar og slikt må sikkert endrast på. Eg trur vel ikkje at dette blir stor TV, men det vil bli ein fantastisk kunnskapsdatabase. I løpet av ein to til tre år vil enormt mykje kunnskap vere gjort tilgjengeleg for folk og fe i landet. Eg trur og (sjølvsagt utan å vite det) at dersom dette blir gjort rett vil ein kunne rekruttere mange deltidsstudentar frå heile landet. Det er ikkje utenkeleg at den auka vekttalproduksjonen (studiepoeng heiter det kanskje no) frå desse vil vere nok til å betale for kostnaden ved dette prosjektet og vel så det. Kanskje er det eit uløyst problem knytt til kven som eig ei forelesning. Er det forelesaren, og skal ho ha royalties. Dette kan eg ikkje, men forelesningar er då allereie offentlege, det kan då ikkje vere eit problem at dei blir meir offentlege.

Det som kunne bli stor TV er dersom universitetet satsa på eigenproduksjon av dokumentarfilmar knytt til all den spennande forskinga på universitetet. Eg tru det må vere råd og få det lønsamt og, men det er ein annan diskusjon.

Den andre store frustrasjonen min er at UiT ikkje tar vare på sine tidlegare studentar. Eg studerte eitt år i Kanada, og to til tre gonger i året blir eg kontakta av dei, eg får blad i posten og eg blir invitert til å bidra til å utvikle universitetet der, både med pengar og gjennom å rekruttere studentar. Korfor gjer ikkje UiT det same. Det er fantastiske muligheiter dersom ein skapte arenaer der tidlegare studentar kunne bidra. Dette kostar, men det er no eingong slik at alle store universitet i verda (i alle fall i USA – der dei rike universiteta er) gjer dette. Eg trur ikkje dei ville gjort dte om det ikkje var lønsamt både fagleg og økonomisk. Kor mykje ville det eigentleg koste å vedlikehalde ein database som gjorde at UiT kunne sende meg og andre ein e-post tre til fire gonger i året med informasjon om kva som skjer. Tankar om korleis vi kunne bidra til utviklinga av universitetet og ei oppmoding om å rekruttere studentar? Eg trur det ville vore verd det.

Standard