I dag har eg fått vere med på utdanningsmessa i Lenvik. Det er spennande å gå rundt å sjå på alle tilboda som ungdomen får. Eg kjenner litt av den kriblinga i kroppen eg sjølv hadde då eg skulle velje kva eg skulle bli. No har eg ikkje blitt det, men det er ei anna historie. Det er og spennande å sjå korleis dei ulike institusjonane prøver å gjere seg lekre for ungdomen. Ungdomskulla bli mindre så det er viktig å tiltrekke seg ungdomen. Eg vart derfor skuffa over Universitetet.
Eg synst ikkje denne standen er spesielt velegna for å tiltrekke seg ungdomen. Universitetet må då kunne gjere det betre enn som så!? Lite informasjon, lite liv, rett og slett dåreleg marknadsføring spør du meg.
No var ikkje dei andre høgskolane og universiteta så mykje betre (heldigvis for Universitetet) men dei vidaregåande skolane var betre. Sjå for eksempel denne standen frå Senja vidaregåande skole:
Kanskje ikkje verdas beste, men definitivt meir tiltalande enn Universitetet sin stand.