I denne videobloggen snakkar eg om neste kommunestyremøte, om nominasjonen i Troms og Finnmark SV, om oppdrett og om samanslåinga av UNN med Finnmarksjukehuset.
Videoen er filma vertikalt. Det er ikkje fordi eg er litt tåpen, men fordi det viser seg at vertikale videoar får større spreiing på facebook. Dersom du er her med PC så får eg berre beklage.
Dette er ein tekst eg foreslår får årsmøtet i Troms og Finnmark SV som er 15-17. februar. Har du innspel til noko som bør endrast, leggast til eller strykast? Kom med det.
Sammenslåinga av UNN og Finnmarkssjukehuset må stoppast
Heilt utan utgreiing, forankring eller grunngjeving gjekk den nye regjeringa inn for å slå saman Finnmarkssjukehuset og UNN. Troms og Finnmark SV meiner dette vil svekke både UNN og Finnmarkssjukehuset.
UNN og Finnmarkssjukehuset har ulike utfordringar. UNN må som det minste universitets- og reginsjukehuset i landet ha eit stort fokus på å sikre dei høgspesialiserte funksjonane som er naudsynte for å gje folket i Nord-Noreg eit like godt tilbod som i resten av landet. Finnmarkssjukehuset har heilt andre utfordringar knytt til å drive gode lokalsjukehus i eit enormt stort område. Ei samanslåinga vil sannsynlegvis føre til at verken lokalsjukehusa eller regionsjukehuset får tilstrekkeleg oppmerksomheit til at dei kan utvikle seg optimalt.
I regjeringserklæringa skriv Frp, Høgre, Krf og Venstre: «I forbindelse med vurderingen av den nye regionreformens konsekvenser for inndelingen av helseforetaket, foreslå at Finnmarkssykehuset blir en del av UNN.»
Denne formuleringa er for det første ekstremt uklår, for det andre viser den at det ikkje er gjort ei sjølvstendig vudredring av behovet for, eller grunnen til ei samaslåing. Det er ein rein følgjefeil av samanslåinga av Troms og Finnmark. Dette er ein uhaldbar grunn til å slå saman sjukehusa.
Dei fagelege stemmane i debatten er utvetydig klåre, denne samanslåinga vil ikkje føre til eit betre tilbod til folk verken i Finnmark, eller i Nord-Noreg. Derimot er sjansane for et dårlegare tilbod sannsynleg.
Troms og Finnmark SV ber regjeringa lytte til dei faglege og politiske protestane mot denne samanslåinga og stoppe prosessen før større skade skjer.
Helse nord har laga ein Regional utviklingsplan for perioden fram til 2035. I denne planen legges ein god del av grunnlaget for kva tilbud vi som pasientar kjem til å ha. Det er fleire grunnar at vi som bur i Nord-Noreg bør vere litt bekymra for kva rolle Helse nord planlegg for UNN i denne planen. Det er særleg to ting eg har merka meg og som det er viktig at Tromsø kommune er tydeleg på overfor Helse nord.
Det første er at det er svært lite fokus på UNN si rolle som universitetssjukehus. Det er bekymringsverdig. UNN er eit lite universitetssjukehus som skal aksle ei svært viktig rolle for heile Nord-Noreg. Vi er avhengig av UNN dersom vi skal ha tilgang til den same kvaliteten og behandlinga som dei får i resten av landet – særleg på dei høgspesialiserte og vanskelege områda. Det å klare å halde opp kvalitet og kompetanse på UNN krev ei spesiell merksemd og satsing frå Helse nord si side. Denne planen bærer få spor av ei slik merksemd og satsing. Stort sett det einaste som blir sagt i planen om UNN si rolle er direkte avskrift frå den nasjonale helse- og sjukehusplanen. Har ikkje Helse nord eigne tankar og strategiar for utvikling av universitetssjukehuset? Mykje tyder på at det ikkje er slik.
Utdanning krev sterke fagmiljø
Planen er derimot ganske god på satsing på utdanning. Det er viktig. Det blir understreka behovet for utdanning i landsdelen for å ha legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i landsdelen. Det planen ikkje diskuterer er at mange av fagmiljø på UNN er små og sårbare. Det gjer spesialistutdanninga krevande. Dersom vi ikkje har eit heilt spesielt fokus på å utvikle fagmiljøa på UNN er det ikkje utenkeleg at det over tid også blir vanskeleg å halde oppe både kvaliteten og mengden av spesialistar som blir utdanna. Det vil igjen gjere det mykje vanskelegare også for dei andre sjukehusa i Helse nord å rekruttere den naudsynte kompetansen.
UNN som lokalsjukehus
Like utfordrande – spesielt for oss som bur i Tromsø og UNN sitt lokalsjukehusområdet – er at UNN som lokalsjukehus ikkje blir berørt i planen. I UNN-styret si høyringsfråsegn påpeiker dei dette. Andelen døgnopphald samanlikna med folketalet er 8% høgare ved Nordlandssjukehuset enn ved UNN, 19% høgare ved Helgelandssjukehuset, og 25% høgare ved Finnmarkssjukehuset. Til dette kommenterer UNN-styret: “En alternativ forklaring er at UNN på grunn av sine regionale funksjoner over tid har hatt mindre kapasitet til å tilby døgnopphold til innbyggerne som UNN har lokalsykehusfunksjon over”
Er det slik at UNN må gjere heilt naudsynte prioriteringar av sin funksjon som universitetssjukehus og regionssjukehus og at denne prioriteringa går på bekostning av det vi som innbyggarar i Tromsø, og dei andre kommunane i UNN sitt område kan forvente av lokalsjukehuset vårt? Det er i alle fall ein heilt klar trend i retning av at dei pasientane som blir skrivne ut av UNN og sendt til kommunen er sjukare enn før og krev meir og meir avansert behandling enn før. Ein ting er at dette er dyrt for kommunen, men det kan vere verd å spørre om det er det beste for pasienten. Det kan og vere verd å lure på om det faktisk er lik tilgang på sjukehustenester.
For alle kommunane vil det bli utfordrande framover. Planen frå Helse nord legg opp til at fram mot 2035 skal 45 000 ligedøgn overførast frå sjukehusa til kommunane. Dette er ein av konsekvensane av at regjeringa reduserer løyvingane til sjukehussektoren. Kostnaden blir overført frå ein stat som vel å bruke dei største pengane på skattelette for dei som har mest frå før, til kommunar som allereie slit med å få økonomien til å gå i hop.
Klasser og utdanning er med på å avgjere kven som overlever kreft. Fleire døyr av kreft i Nord-Noreg enn på Austlandet og på Vestlandet, men leger og juristar overlever i større grad enn andre, det viser ein studie omtalt av forskning.no. Studien har sett på kva som skjedde etter at det vart oppretta kreftavdelingar i Tromsø og Trondheim midt på 80-talet.
Studien viser at overlevingsgraden gjekk ned. Eg synst det er skummelt å tenke på. Vi er van med å tenke at vi har eit ganske godt og likt tilbod over heile landet. Men slik er det ikkje, ser det ut som.
Men endringa var størst for dei med høg utdanning. Før vi fekk dei regionale kreftavdelingane vart høgt utdanna folk i mykje større grad enn andre sendt til Oslo for behandling. Etter at vi fekk avdelingane i Tromsø og Trondheim vart skilnaden mellom dei som har høg og dei som har låg utdanning mindre, men framleis (i alle fall fram til år 2000) er det slik at juristar og legar i større grad enn andre blir sendt til Oslo for behandling. Eg kan tenke meg to grunnar til dette. Det eine er at dei (i alle fall legane) veit at behandlinga er betre i Oslo og derfor pressar på for å bli overført dit. Det andre er at dei kjenner reglane betre og dermed i større grad kan velge kvar dei skal få behandlinga si. Det tredje, som eg helst ikkje trur på, er at legane i tar omsyn til klasse og utdanning når dei avgjer kven som skal få behandling i Oslo.
I samandraget skriv forskarane(Jon H. Fiva, Torbjørn Hægeland, Marte Rønning og Astri Syse):
Våre kvasi-eksperimentelle resultater basert på etablering av regionale kreftavdelinger indikerer at i) høyt utdannede pasienter brukte spesialisert og sentralisert behandling i større grad enn de med lav utdanning, og ii) slik behandling bedret sjansen for overlevelse.
I sjølve studien:
Together with the differences with respect to level of education, these findings indicate that, even in an egalitarian welfare state, access to treatment appears to depend on socioeconomic status. More highly educated and better informed patients appear to receive better treatment than others.
Eg vil gjerne tru at norsk helsevesen ikkje behandlar pasientar ulikt avhengig av klass, inntekt og utdanning. Denne studien viser at dette ikkje var tilfelle for kreftpasientar fram til år 2000 då denne studien sluttar. Då er det verd å spørre om dette har endra seg på dei 13 års som har gått. Kan UNN godtgjere at det ikkje er slik forskjellsbehandling lenger?
Det andre er at det er verd å diskutere i kor stor grad vi skal anten sentralisere eller desentralisere norsk helsevesen. Kor mykje betyr litt større nærleik til sjukehuset samanlikna med overlevingssjanse? Eg meiner vi ikkje kan akseptere slike skilnader, og at vi må stille krav til minst like god kvalitet i Tromsø og Trondheim som i Oslo og Bergen.
Men kanskje har dette endra seg, patologiavdelinga i Tromsø er i alle fall den første til å bli akkredittert i følgje iTromsø og studien sluttar i år 2000?