Zip-line, planprogram for kystsoneplanen og barnehagebehovsplan i utvala denne veka

Komande veke er det møter i alle hovudutvala i Tromsø kommune. Det startar på måndag med Helse- og velferdsutvalet også går det slag i slag. Eg skal ikkje skrive så mykje om dei einskilde sakene denen gongen – har ikkje fått lest alle sakene grundig enno. Eg vil derimot alle som vil til å komme med innspel til sakene.

Kanskje er dei tre mest interessante sakene Zip-line, planprogram for kystsoneplanen og barnehagebehovsplan.

Zip-line skal ikkje avgjørast no. Det som er tema denne gongen er om kommunen skal søke om å få omdisponere eit statleg sikra friluftsområde. Kun dersom ein slik søknad blir akseptert av direktoratet vil det bli aktuelt å eventuelt godkjenne ei Zip-line. Samstundes er det ingen tvil om at det vil vere underleg å søke om ei endring også ikkje følgje opp med å tillate bygginga av zip-linja.

Det som er temaet når det gjeld kystsoneplanen er planprogrammet. I planprogrammet blir det avgjort kva tema som skal utgreiast og kva det skal vere spesielt fokus på. Det politiske innhaldet blir fastsett etter denne prosessen, men det er openbart at kva tema som blir tatt opp i ei slik utgreiing legg føringar for det politiske innhaldet.

Barnehagebehovsplanen skal legge føringar for kvar det kjem nye barehagar i framtida.

Her er alle sakene

Helse- og velferdsutvalet

Sak: 0022/20 Plan for habilitering og rehabilitering 20 20 -20 25

  • Blir endeleg avgjort i utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • 1. Tromsø kommune vedtar Plan for habilitering og rehabilitering 20 20 -20 25
      2. Planen legges til grunn for utvikling av habilitering og rehabiliteringstilbudet i Tromsø kommune
      3. Oppfølging og implementering gjennomføres i henhold til planens forslag

Sak: 0023/20 Oversendelse av forslag til helse- og velferdsutvalget fra kommunestyrets behandling av økonomirapport 1 – 20 20  

  • Utvalet avgjer vidare handsaming av forslaga
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Oversendte forslag fra kommunestyrets behandling av økonomirapport 1 – 20 20 tas til orientering.

Kommune- og byutviklingsutvalet

Sak: 0079/20 Planveileder for Tromsø kommune -revidert utgave 20 20  

  • Blir endeleg avgjort i utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Tromsø kommunes reviderte planveileder for detaljreguleringsplaner datert xx.xx.xx tas til orientering.

Sak: 0080/20 Tromsdalen 16/7 Pistolskytebane og leirduebane – underinstansandling av klager  

  • Blir endeleg avgjort i utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Klager på vedtak datert 12.06.20 20 hvor søknad om dispensasjon for oppføring av
      pistolskytebane og leirduebane avslås tas ikke til følge. Klagesakene oversendes
      Fylkesmannen i Troms og Finnmark for endelig klageandling.

Sak: 0081/20 Plan 1768a – Detaljregulering for B3 B4 og B5 Workinnmarka Norrøna boligpark – Endring etter forenklet prosess

  • Blir endeleg avgjort i utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Detaljreguleringsplan 1768a – B3 B4 og B5 Workinnmarka Norrøna boligpark gbnr 118/1458 og 118/459 m.fl. med planbestemmelser av 29.05.20 20 vedtas.
      Vedtaket er hjemlet i plan- og bygningsloven § 12-12.

Sak: 0082/20 Utbyggingsavtale for Nordmannsgård – offentlig ettersyn

  • Blir endeleg avgjort i utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Forslag til utbyggingsavtale mellom Tromsø kommune og Fløylia AS for utbyggingsområdet
      Nordmannsgård legges ut til offentlig ettersyn i 30 dager.

Sak: 0083/20 Tromsø kommunes årsregnskap og årsmelding 20 19 (11)

  • Allereie avgjort i kommunestyret til orientering for utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • 1. Tromsø kommunes årsregnskap for 20 19 godkjennes.
      2. Tromsø kommunes konsernregnskap for 20 19 godkjennes.
      3. Tromsø kommunes årsmelding for 20 19 godkjennes.

Sak: 0084/20 Kystsoneplan for Tromsøregionen – vedtak av planprogram  

  • Utvalet gjev tilråding til formannskapet som innstiller til kommunestyret
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Tromsø kommune vedtar vedlagt planprogram for revisjon av kystsoneplanen for
      Tromsøregionen datert 02. september 20 20.

Sak: 0085/20 Tiltaksplan for trafikksikkerhet – tiltakspakker 20 19/20 – til orientering

  • Orientering, vedtak i Miljø- klima- og samferdselsutvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Redegjørelsen for tiltaksplan for trafikksikkerhet tas til orientering.

Kultur- idretts- og friluftsutvalet

Sak: 0050/20 Etablering av zip-line i statlig sikret friluftsområde – gnr. 16/30 

  • Blir endeleg avgjort i utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • 1) Tromsø kommune søker om varig omdisponering av statlig sikret friluftsområde på eiendommen gnr. 16 bnr. 30 for å etablere endestasjon til zip-line i Tromsdalen
      eller
    • 2) Tromsø kommune søker ikke om varig omdisponering av statlig sikret friluftsområde påeiendommen gnr. 16 bnr. 30

Sak: 0051/20 Kystsoneplan for Tromsøregionen – vedtak av planprogram 

  • Utvalet gjev tilråding til formannskapet som innstiller til kommunestyret
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Tromsø kommune vedtar vedlagt planprogram for revisjon av kystsoneplanen for
      Tromsøregionen datert 02. september 20 20 ( 1).

Sak: 0052/20 Oversendelse av forslag til kultur- idrett- og friluftsutvalget fra kommunestyrets behandling av økonomirapport 1 – 20 20   

  • Utvalet avgjer vidare handsaming av forslaga
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Oversendte forslag fra kommunestyrets andling av økonomirapport 1 – 20 20 tas til
      orientering.

Miljø- klima- og samferdselsutvalet

Sak: 0037/20 Rutiner for ivaretakelse av miljø i anskaffelser  

  • Blir endeleg avgjort i utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Sak om rutiner for ivaretakelse av miljø i anskaffelser tas til orientering

Sak: 0038/20 Orientering om lovverk og normkrav for gangfelt

  • Blir endeleg avgjort i utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Redegjørelsen om lovverk og normkrav for gangfelt tas til orientering

Sak: 0039/20 Tiltaksplan for trafikksikkerhet – tiltakspakker 20 19/20 – til orientering

  • Blir endeleg avgjort i utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Redegjørelsen for tiltaksplan for trafikksikkerhet tas til orientering.

Sak: 0040/20 Kystsoneplan for Tromsøregionen – vedtak av planprogram  

  • Utvalet gjev tilråding til formannskapet som innstiller til kommunestyret
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Tromsø kommune vedtar vedlagt planprogram for revisjon av kystsoneplanen for
      Tromsøregionen datert 02. september 20 20 ( 1).

Sak: 0041/20 Etablering av zip-line i statlig sikret friluftsområde – gnr. 16/30  

  • Utvalet gjev tilråding til formannskapet som innstiller til kommunestyret
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • 1) Tromsø kommune søker om varig omdisponering av statlig sikret friluftsområde på
      eiendommen gnr. 16 bnr. 30 for å etablere endestasjon til zip-line i Tromsdalen
      eller
      2) Tromsø kommune søker ikke om varig omdisponering av statlig sikret friluftsområde på
      eiendommen gnr. 16 bnr. 30

Oppvekst- og utdanningsutvalet

Sak: 0023/20 Tiltaksplan for trafikksikkerhet – tiltakspakker 20 19/20 – til orientering

  • Blir endeleg avgjort i utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Redegjørelsen for tiltaksplan for trafikksikkerhet tas til orientering.

Sak: 0024/20 Rapport fra barneverntjenesten per 30 juni 20 20 til Fylkesmannen og status arbeidsmiljø

  • Blir endeleg avgjort i utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • 1.Barneverntjenestens rapportering til Fylkesmannen i Troms og Finnmark per 30.06.20 tas til orientering
      2. Status i arbeidet med å styrke arbeidsmiljøet tas til orientering

Sak: 0025/20 Barnehagbeheovsplan 20 20 – 20 24  

  • Blir endeleg avgjort i utvalet
  • Innstilling frå kommunedirektøren:
    • Barnehagebehovsplan 20 20 – 20 24 med tiltakspunkter vedtas.
      Barnehagebehovsplanen revideres en gang per valgperiode for å følge utviklingen og foreta nye prioriteringer

Foto: Toppbildet er henta frå prosjektbeskrivelsen til Zip-line og viser litt av traseen i Tromsdalen

Sentrumsplan og mobilfrie skolar – sakene i hovudutvala denne veka

Illustrasjon Austadkvartalet

Det er eit stort spenn av saker som vi skal ta stilling til i veka som kjem. Denne veka er det møter i alle hovudutvala i Tromsø kommune. Nokre saker blir avgjort der, men dei aller fleste skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak. Det er mange saker, men ein god del av dei skal diskuterast i alle utvala.

Dei som møtes først er kommune og byutviklingsutvalet. Dei møtest allereie i morgon, tysdag 2. juni.

Sakene til byutviklingsutvalet

Saksdok

Kommuneplanens samfunnsdel skal diskuterast i alle utvala. Dette skal vere den overordna strategiske planen for kommunen. Denne er blitt god. Det er likevel nokre ting som kunne vore betre.

Eg kunne ønska meg eit sterkare fokus på arbeid og arbeidsplassar som det kanskje aller viktigaste for å oppnå inkludering i samfunnet og små skilnader mellom folk. Tromsø har vore velsigna med låg arbeidsløyse. Det kan kanskje endre seg no – i etterkant av koronaen.

Eg synst og vi kunne vore meir offensive på å utvide folkestyret. Det er rom i Tromsø kommune for å eksperimentere med nye metodar for medverknad. Det kan vere deltakande budsjettering, minipublics. Vi må i alle fall bevege oss framover – det er ikkje nok med folkemøter.

Sentrumsplanen

Sentrumsplanen fortener nok eit eiga innlegg. Det kjem etter kvart. I denne omgangen skal vi ikkje vedta planen, men legge den ut til offentleg ettersyn. Det er mykje å diskutere. Byggehøgder i sentrum blir alltid eit stridstema i Tromsø, men og blanding mellom bustader og næring. Kvar i sentrum skal folk bu og kor mykje folk skal det vere her? Eit tredje viktig tema er gatebruksplanen. Kvar skal bilane køyre, enn bussane og ikkje minst skal det vere fleire gågater og korleis lagar vi gode offentlege rom, torg og leikeplassar i sentrum.

Eg synst og det er ei vanskeleg avveging kor strikte vi skal vere. Er vi for strenge ender vi opp med ein plan der det vil bli gjeve mange dispensasjonar og planen fungerer ikkje. Er vi for slappe mistar vi styringa med korleis sentrum skal sjå ut.

Eg vil oppfordre alle til å delta i debatten fram til endeleg vedtak. Sentrumsplanen blir bere god om alle er med å meiner noko om korleis den skal bli.

Austadkvartalet

I denne saka er vi rett inne i korleis vi vil at sentrum skal sjå ut. Dette er detaljane der sentrumsplanen er det overordna. Eg har fått med meg at det går ein debatt om høgda her. Det er og ein debatt om korleis bygningar blir framstilt. På dette bildet ser det nye bygget gjennomsiktig ut. Slik blir det sjølvsagt ikkje. Det kan vere verd å minne om diskusjonen om Munchmuseet i Oslo eller Solseglet her i Tromsø.

Eg finn mange ting å like med denne planen, men synst kanskje høgda burde vore det same som SAS-hotellet heller enn the Edge.

Utbetring av Storgata

I denne saka blir vi bede om å velje mellom tre ulike måtar å oppgradere Storgata. Den billige som er lapping på dagens gate, ei skikkeleg oppgradering a la området ved Kirkeparken/Rødbanken eller ein mellomting. Eg er ganske sikker på at ei mellomløysning bli feil. Eg vil helst oppgradere skikkeleg, men korleis vi skal klare å finne 50 til 70 millionar til det prosjektet det veit eg ikkje. Så kanskje blir det berre lapping. Det ville vore trist

Kultur, idrett og friluftsliv.

Hovudutvalet for Kultur, idrett og friluftsliv har møte på onsdag og dette er sakslista:

Saksdok

Alle namnesakene ser greie ut. Statusrapporten om idrettsanlegga er ein fin gjennomgang. Eg synst det er artig at ein skal prøve å opne ishallen for rulleskøyter i sommar.

Friluft i Tromsdalen

Forvaltningsplanen for friluftsliv i Tromsdalen er ein stor og viktig plan. Der har utvalet hatt open høyring for å hente inn innspel. Eg fekk dessverre ikkje vore med på den høyringa, så eg er eigentleg ganske spent på korleis utvalet kjem til å konkludere i denne saka. Det er viktige val om korleis dei ulike delane av dalen skal tilretteleggast for friluftsliv.

Forøvrig tenkjer eg at det ikkje er grunnlag for å halde fram med pistolskyting i Tromsdalen.

Miljø, klima og samferdselsutvalet

Dette utvalet møter på torsdag, og sakslista er denne:

Saksdok

Piggdekkavgift

Det er vel sannsynleg at tiltaksutgreiinga for lokal luftkvalitet blir den største saka i dette møtet. I den saka ligg nok ein gong piggdekkavgifta til behandling.

Det er minst fem viktige fakta i denne saka.

  1. Periodevis er lufta i delar av Tromsø slik at helsa til folk blir påverka.
  2. For å gjere noko med det må vi koste og vaske meir, samt drive godt vedlikehald av vegane.
  3. Piggdekk er den viktigaste kjelda til helsefarleg støv.
  4. Kommunen har ikkje pengar til dei tiltaka vi bør sette i verk for å hindre støvspreiing
  5. Piggdekkavgift og dei andre tiltaka er samfunnsøkonomisk lønsame

Når alt det er sagt er dette ikkje ei enkel sak. Eg liker ikkje å legge avgift på folk. Og sjølv om det er samfunnsøkonomisk lønsamt så får ikkje vi dei pengane inn på konto. Piggdekkavgifta derimot går rett ut av kvar einskild sin konto.

Men vi har og eit heilt klart ansvar for helsa til folk. Alt i alt meiner eg det er rett å innføre piggdekkavgift i Tromsø. Vi kan sjølvsagt diskutere kor ofte og kor mykje vi er over grenseverdiane, vi kan diskutere kor mange som blir ramme av svevestøv. Men det må vere rett at den som forureinar betaler for seg, og dei tiltaka vi set i verk for å redusere svevestøv vil gjere byen betre for alle og vil gjere vegane våre betre for alle.

Bompengar

Dette er eit svar på eit brev frå departementet. I saka foreslår administrasjonen at kommune skal akseptere krava frå staten. Det vil seie at vi aksepterer ein 20% eigendel på prosjekta langs kommunal veg. Vi opnar og for å vurdere at det skal gå lengre tid mellom kvar gong du må betale i bommane på ettermiddagstid. I dagens vedtak er det ein time, no er det opna for tre timar. Det vil sjølvsagt minske inntektene til prosjektet og vil ikkje redusere biltrafikken så mykje. Men det vil og gjere det billigare for den som skal køyre ungar til trening og liknande.

Forøvrig er det framleis opent når det kan bli forhandlingar med staten om ein avtale. Det er og opent om dei store riksvegprosjekta kan finansierast utanfor avtale. Det gjeld ny tverrforbindelse i tunell og flyplassvegen.

Utdanning og oppvekst

Utdanning og oppvekstutvalet møter på fredag, og har desse sakene på sakslista:

Saksdok

Eg har ikkje sterke meiningar om mobilfri skole. Men eg har ungar heime som har svært sterke meiningar om dette. Eg er usikker på om eg tør komme heim om eg stemmer for dette.

Evalueringa av akuttberedskapen i barnevernet viser at den nye ordninga har fungert fint. Spørsmålet i denne saka som i så mange andre er sjølvsagt om verdien er verd kostnaden. I utgangspunktet trur eg det er det, men vi har mange gode tiltak også i barnevernet som skulle hatt meir pengar. Er dette rett pengebruk?

Helse og velferd

Helse- og velferdsutvalet møtes på måndag i neste veke. Dei har denne sakslista:

Saksdok

Startlån

Startlån er ei fantastisk ordning der folk som ikkje få lån gjennom venleg bank kan få lån gjennom kommunen til å skafef seg ein bustad. Det er 250 millionar i denne ordninga i Tromsø kvart år. Det er mindre enn behovet, så derfor må vi prioritere kven som skal få hjelp. Det er verd å merke seg at det er svært lite tap på denne ordninga. Folk betaler låna sine, sjølv om dei har dårleg råd.

Revidering skjer delvis fordi Husbanken har revidert sine retningslinjer. Det blir ei enno tydelegare prioritering av barnefamiliar.

Dette er den foreslåtte prioriteringslista:

  1. Barnefamilier som nå opplever utrygghet i fht bortfall av inntekt, og som står i fare for å miste bolig
  2. Barnefamilier uten fast, men med stabil inntekt innenfor yrker med god jobbsikkerhet
  3. Husstander med uføretrygdede
  4. Pensjonister, eldre uten mulighet for lån i ordinær bank

Dette er ei liste med færre kategoriar enn vi har no, samstundes har det vore slik at dei som har stått nedst på lista per i dag ikkje har nådd opp fordi det har vore for lite pengar. Eg lurer likevel på om ikkje nyetablerarar, også om dei ikkje har barn burde vore nummer fem på lista.

Betalingsatser

Dette er ikkje ei hyggeleg sak. Som ein del av arbeidet med å få kontroll på økonomien er det foreslått å auke ein del betalingssatsar. Dei har vore låge i Tromsø, derfor blir det her foreslått å auke det til same nivå som samanliknbare kommunar.

Den aukinga som er synst er vanskelegast å akseptere er innføringa av eigendel hos kommunale fysioterapeutar. Regjeringa gjorde dette på generelt plan for nokre år sidan for grupper som før hadde gratis fysioterapi, men vi har ikkje gjort det for dei som går hos kommunal fysioterapeut.

Eg meiner det regjeringa gjorde i 2017 var svært galt, og vil ikkje at kommune skal gjere det same. Eg håper og trur vi skal kunne klare å unngå i alle fall denne auken.

Akson

Akson er eit enormt nasjonalt IT-prosjekt for å få alle delar av helsetenesta til å snakke saman. Eg er svært skeptisk til slike enorme prosjekt. Det blir fort store overskridingar. Det er likevel vanskeleg for Tromsø å stille seg utanfor. Dette er uansett berre ein intensjonsavtale, vi bitt oss ikkje til å betale noko i denne saka.

Sluttord

OK, alt for denne gongen. Kom gjerne med innspel og spørsmål. Eit lite atterhald til slutt. Dette er skriven før vi har hatt gruppemøte så dette er mine meiningar. Partiet kan ende på andre standpunkt.

E8, bemanningskontor og idrett i utvala denne veka

I veka som kjem er det møter i alle hovudutvala i Tromsø kommune. Det er mange saker, nokre blir endeleg avgjort i utvala, men mange blir førebudd i utvala for deretter å bli endeleg avgjort i kommunestyret.

Når eg skriv dette er det mange diskusjonar som ikkje er ført til endes, det betyr at det kan bli endringar og at det er rom for å kome med innspel for å få ting slik akkurat du meiner er best.

Helse på måndag

Framtida for bemanningskontoret i oppfølgjintstenesta i Tromsø kommune har vore diskutert mykje. Det er laga ein god evalueringsrapport som viser at vi har fått til svært mykje av det vi ønska å oppnå. Ressursutnyttinga er 99,64 prosent, vi har styrka heiltidskulturen, vi har fått turnusar som passar med lov og avtaleverk og vi har spart ein del pengar. Det gjenstår to ubesvarte spørsmål i denne saka. 1. Er innsparinga stor nok til å dekke kostnaden med bemanningskontoret? 2. Finst det måtar å organisere bemanninskontoret på som reduserer administrasjonskostnadane?

Administrasjonen har foreslått å legge ned bemanningskontoret i si noverande form. Det trur eg ikkje eg er eit godt forslag, eg trur det rette er å finne måtar å organisere på som tar vare på alt det vi har oppnådd, men samtidig gjer drifta billigare. Eit alternativ kan vere å ikkje organisere det som ei eiga eining, men legge det rett under seksjonsnivået.

Helse og velferdsutvalet skal og avgje høyringsuttale om den store reusreformen. Den saka skal nok vidare til kommunestyret så det blir tid til å diskutere. Eg er samd med utvalet om at det er mange gode argument for å sørgje for at vi ikkje straffar rusmisbrukarar for vanleg bruk og heller gje dei behandling i helsevesenet. Eg har likevel tre innvendingar. Det eine er at eg nok synst utvalet har lagt grensa høgt for kor mange brukardoser du kan ha straffefritt, det andre er at eg er skeptisk til om kommunane faktisk får dekt dei auka utgiftene til å gje meir behandling og oppfølgjing og det tredje er om det å motta behandling skal vere fullstendig frivillig?

Eg synst innstillinga frå administrasjonen er ganske dekkande for dette.

Dette er heile sakslista i helse og velferdsutvalet:

Gunhild Johansen og Abdalla Ali Mohammed representerer SV i Helse og velferdsutvalet.

Byutvikling på tysdag

Det er to saker i dette utviklet om fortener ekstra omtale. Den eine saka er konsesjonen til Kvitebjørn varme, den andre er planprogrammet til E8. Kvitebjørn kjem eg ikkje til å skrive noko om fordi eg sannsynlegvis er inhabil i den saka på grunna av at eg er styremedlem i Remiks.

Eg er veldig glad for at vi no får fram planprogrammet for E8. Det er eit viktig steg på vegen mot å få realisert ny E8. Det er ein offentleg debatt om vestre eller austre trase for E8. Den debatten har eg ikkje tenkt å gå inn i. Poengert er no å få realisert ein ny veg. Frå staten si side er det tydeleg sagt at vestre er det dei vil bygge etter. Då er det den traseen som vil vere raskast å få på plass.

Så ligg det i planprogrammet at det skal lagast ei konsekvensundersøking, og ei planskildring som omtalar viktige tema:

Tema som skal behandles i KU (utredningstema):

  • Landskapsbilde
  • Kulturarv
  • Nærmiljø og friluftsliv
  • Naturmangfold
  • Naturressurser og reindrift
  • Vannressurser
  • Reindrift

 Tema som behandles i planbeskrivelsen (vurderingstema):

  • Trafikksikkerhet
  • Vegteknologi, konstruksjoner, teknisk infrastruktur
  • Støy
  • Grunnforhold
  • Skred
  • Hydrologi og overvannshåndtering (flomfare)
  • Ytre miljø – landskap
  • Drift og vedlikehold
  • Berørte eiendommer til veganlegget
  • Barn og unge
  • Friluftsliv og tilrettelegging for reisende
  • Folkehelse
  • Universell utforming
  • Kollektivt tiltak
  • Omklassifisering og bruk av dagens E8
  • Anleggsperiode
  • Samisk fjordbosetning og bruk av utmark. 
  • Kollektivtilbud

Eg trur det vil gje oss eit godt grunnlag for å ta stilling til sjølve reguleringsplanen når den kjem.

Dette er heile sakslista i kommune og byutviklingsutvalet:

Åsne Høgetveit og Ingrid Hovda Lien representerer SV i byutviklingsutvalet.

Kultur på onsdag

Den kanskje største saka i dette utvalet er endringa av den organistoriske tilknyttinga for dei som driv med idrett i Tromsø kommune. Administrasjonen meiner det vil bli meir effektiv drift dersom idrett blir tilknytta bydrift. Dei tilsette er bekymra for både kultut og idrett dersom den eininga blir splitta. Eg har ikkje svært sterke meiningar om dette, men eg har jo sans for argument om meir rasjonell og effektiv drift.

Dette er heile sakslista for kultur, idretts og friluftsutvalet

Maja Lockert representerer SV i kulturutvalet

Miljø på torsdag

For sakene om Kvitebørn og E8, sjå det som eg har skrive under byutvikling på tysdag.

Dispensjonen om bruk av snøscooter synst eg ser grei ut. Høyringssaka om endringa av lova for motorferdsel i utmark har eg berre fått skumma gjennom. Det er endringar knytt til el-motorar, dispensasjonar ol. Dersom nokon kan noko om temaet set eg verkeleg pris på innspel.

Dette er heile sakslista til Miljø-, klima-, og samferdselsutvalet

Det er Sigrid . Hammer og Pål Julius Skogholt som representerer SV i dette utvalet

Oppvekst på fredag

Sakspapira til oppvekstutvalet på fredag er berre akkurat komen, så desse har eg ikkje fått sett grundig på. Den einaste saka eg har lest er saka om kombinasjonsklassen på Ishavsbyen. Der synst eg det er argumentert overtydande for at den klassen må vi halde fram med. Kom gjerne med innspel.

Dette er sakslista til møtet oppvekstutvalet:

Det er Benjamin A. Notkevich om representerer SV i dette utvalet