Eg er ein evig optimist. Eg trur den raud-grøne regjeringa kan vinne valet til hausten, eg trur SV kan gjere eit godt val og nærme seg åtte prosent. Eg skal likevel innrømme at om eg tar på meg litt kalde og kyniske brillar, og eg ser på fakta, så er det ikkje særleg sannsynleg. Det sannsynlege utfallet er nok ein siger for dei borgarlege.
Eg er og glad for at óg partileiinga i SV er optimistar og trur på valsiger. Eg er derimot ikkje så nøgd med at det kan sjå ut som denne optimismen styrer strategien til partiet. Det kan dessverre sjå ut som om partileiinga i SV tar større hensyn til forhandlingar med Sp og Ap etter valet enn å sørge for at vi faktisk vinn valet. To eksempel.
Forhandlingstaktikk er einaste grunnen eg kan sjå til at partileiinga ikkje kan seie ordet ultimatum i same setning som Lofoten, Vesterålen og Senja. Dette er underleg når alle veit at det vil vere heilt uaktuelt for SV å sitte i ei regjering som opnar for oljeboring i regionen. Einaste grunnen eg kan sjå til denne ordbruken er for å ikkje framprovosere motultimatum frå Ap. Det er fornuftig dersom vi var ganske sikre på at vi faktisk kom til å forhandle etter valet. Faktum er at vi kan vere ganske sikre på at vi ikkje skal forhandle etter valet.
Det andre dømet er krig og fred og sånn. Når utanriksministeren opnar for norsk deltaking i krigen i Mali så forventar eg eit kraftfult svar frå SV. Når svaret frå SVs Snorre Valen er at dettte enno ikkje er diskutert i regjering, framfor «det er uaktuelt for SV og Noreg å vere med i nok ein krig der vi skal bombe fattigfolk langt unna». Realpolitisk er det kanskje ikkje så stor skilnad. SV kjem til å kjempe mot norsk deltaking i denne krigen, men igjen blir tilhøvet til Ap i forhandlingane viktigare enn korleis vi kommuniserer med veljarane og legg grunnlaget for ein valsiger til hausten.
Altså, dersom den raud-grøne regjeringa skal kunne vinne nok ein gong må det bli slutt på kompromissa og uklår tale. Vi kan ikkje lenger la teorien om korleis forhandlingane går avgjere kva vi seier. Då kjem vi ikkje i ein forhandlingssituasjon. No handlar det om å hindre ein borgarleg valsiger.
Så får vi krysse forhandlingselva når vi kjem til ho. Eg er sikker på at vi skal klare å komme over sjølv om straumen skulle vere stri.
Det skjer mykje spennande i Russland for tida, og det kan vere verd å halde seg nokonlunde orientert. Her er nokre lesetips.
Etter eit parlamentsval som fråtok maktpariet «Sameinte Russland» det to tredjedels fleirtalet dei hadde, er det mange som hevdar at det likevel var mykje valjuks. Stemmetal frå mellom anna Tsjetsjenia på 99% for Putin sitt parti er eit godt døme på dette. Finansminister Kudrin gjekk av i september etter ein konflikt med Medvedev, og han seier til Associated Press:
«Without the acknowledgment that the parliamentary election was unfair, the fairness of the presidential vote will be thrown into doubt, irrespective of how honest it might be,»
Mange meiner dette er eit spel for at protestane skal bli redusert i omfang. Alexei Navalny er blitt ein av leiarane for denne nye opposisjonsrørsla, og seier i same artikkelen:
«I’m convinced that the main strategy of the Kremlin in the coming months would be neutralizing protests by the usual deceit and bribes,» Alexei Navalny, a corruption-fighting lawyer and popular blogger who has become a leading figure in the protest movement, said in remarks posted on his blog.
Navalny er ein interessant person. Han har blitt kjent gjennom bloggen sin, og og det var han som døypte om «Sameinte Russland» til «Partiet for kjeltringar og tjuvar», ei namn som har sett seg fast i medvetet til folk i Russland. Han har blitt intervjua av B. Akunin (eigentleg Grigory Shalvovich Chkhartishvili) om kva han meiner og står for politisk. Du kan finne intervjuet omsett til engelsk her, og den russiske originalen her. Har du forøvrig ikkje lest bøkene til Akunin har du mykje å gled deg til. Sein attenhundretalskrim frå Russland med superdetektiven Erast Fandorin i hovudrolla er underhaldande, spennande og handlar om mange av dei konfliktene som har forma også dagens Russland. I innleiinga til intervjuet med Navalny skriv Akunin:
Aleksei Navalny is the most exciting political figure of recent times. More specifically, he is the only authentic politician in Russia today. Nevertheless, many view him differently, some admire him, and others hate him. Some are very critical, while others are perplexed. My opinion of Aleksei Navalny has evolved in a typical manner. At first, I thought he was simply wonderful, because he has this great story- A young lawyer goes out on his own, and while keeping within the law defies corruption, leaving the huge system cowering, with its tail between its legs
A huge turning point for me however, was his taking part in the “Russian March”. Is this guy a nationalist? Or an unprincipled populist? Perhaps he’s simply soft in the head? If that’s true, any increase in his popularity could be dangerous. I look at this young politician thinking that, just like Bulgakov’s Sharik, “this owl must be explained”.
Eg rår til at du les heile intervjuet, reknar med at framhaldet blir omsett etter kvart.
«…the only thing that the protesters seem to have in common is a deep loathing for all things political, including all political leaders and all political parties. This contempt is not reserved just for Putin and United Russia. It assails the very notion of politics as careful social management or, to use Max Weber’s words, as «the strong and slow boring of hard boards, managed with both passion and perspective.»
Minst like interessant er det å lese The Jamestown Foundation sin artikkel her om same tema, men med ein litt anna vinkel.
På same nettstaden finn vi og denne artikkelen. Der hevdar dei at ein av grunnane til at det ikkje vart brukt vald mot demonstrantane i Moskva er at så mange i den russiske eliten har pengane sine i utlandet:
This evacuation of money by Putin’s elites constitutes a financial guarantee against repressions because few of the owners of mansions in London or dachas in Sardinia would want to be implicated in a forceful crackdown. The protesters have discovered this weakness that makes Putin’s regime as much quasi-authoritarian as it is pseudo-democratic, so the fear factor has all but evaporated. (…) He [Putin] counts on the fact that the list of candidates does not feature a single credible alternative, but his pyramid of power cannot stand on the crumbling personal credibility of the leader who fears making a public appearance because of the prospect of booing.
Kanskje endeleg ein positiv ting med den store kapitalflukta frå Russland?
Men det russiske styret blir ikkje berre utfordra av middelklassa i Moskva. Vi glømmer ofte at Russland ikkje berre er russisk, men samansett av mange nasjonalitetar. Den største ikkje-russiske gruppa er tartarane.
The ethnic conflict in Tatarstan started in June 2011, when activists of the organization Russian Language in the Schools of Tatarstan protested against what they regard as an overly high representation of Tatar language classes in the republic’s schools. The Russian activists complained that Tatar language hours were increased at the expense of the Russian language, meaning that ethnic Russians end up learning Russian in programs designed for non-native Russian speakers, such as ethnic Tatars. http://www.jamestown.org/programs/edm/single/?tx_ttnews%5Btt_news%5D=38836&cHash=0e1a9aa3fe393aa482b5bd2ec3f83a5c
Dette er berre ei av svært mange spenningar som rir Russland og utfordrar styresmaktene der. Du har store regionale motsetnadar, du har språk, religion og økonomi. Men du har og ei folketalsutvikling som skaper store utfordringar. Nokre spådomar seier at Russland vil hamne under 100 millionar menneske om ikkje aå alt for lenge. Ein måte å sjå denne utfordringa på er slik :
Russia has no conscript-age young men left to recruit, Russia’s chief of the General Staff complained on Thursday. The current conscript service crisis in the Russian Armed Forces is mainly due to demographic decline, bullying and brutal treatment of conscripts. General Nikolai Makarov said only 11.7% of young men aged 18-27 were eligible for the army service but 60% of them had health problems and could not be drafted under law.
Hovudgrunnen til nedgangen i folketal er nok høg dødlegheit og låge fødselstal, men ein viktig del er og at svært mange vandrar ut av Russland. I ein perioden har dette blitt vegd opp av russisk innvandring frå tidlegare sovjetrepublikkar. Men den innvandringa er ikkje lenger så stor.
Russian graduate students prefer just about any small, unknown laboratory in Europe over the brand-new Russian scientific complex [Skolkovo]. “A stable trend has been established: 100% of working young people who get the opportunity to work abroad leave Russia,” said one scientific analyst. “If a young researcher gets the opportunity to enter the international arena, he or she will do it.”
Eg veit ikkje kven som vil ende opp med makta i Russland, men tvingar du meg å vedde set eg kronene mine på Putin. Men, uansett kven det blir, utfordringane er så store at eg trur vi kan kalle dei problem.
Må vi velje om vi skal ha konge eller president? La meg som ein god SVar få foreslå «ja takk, begge deler».
Hovudargumenta for kongedøme er så vidt eg veit to. 1. Kongen og kongefamilien representere landet på ein god måte og 2 dei utgjer ein viktig tradisjon og ei institusjonell forankring som er viktig i ei omskifteleg tid.
Hovudargumenta for republikk er det og to av. For det første er det urimeleg at makt skal arvast i eit demokrati, makthavarane skal vi velje (med unntak av dei som har makt gjennom å ha arva pengar – det er greitt) og for det andre kan vi aldri vite kor lenge den norske flaksen med kongar varer.
Eg ser ingen grunn til at vi ikkje skulle kunne sameine desse to standpunkta i eit glitrande kompromiss.
La oss først sjå litt tilbake i tida. I vikingtida og tidleg mellomalder var det ikkje noko automatikk i at den eldste sonen (og i alle fall ikkje den eldste dottera) skulle arve kongedømet. Kronprinsen fekk versågod reise rundt i landet og gjere avtalar med bøndene for å bli tatt til konge på dei lokale tinga. Seinare tok riksmøtet over noko av denne funksjonen.
Vi hadde i realiteten ei valkongedøme med ein sterk fortrinnsrett til krona for arveprinsen. Denne ordninga med modifikasjonar kunne vi tatt i bruk igjen.
Neste gong vi skal bytte konge kunne vi gjort det slik at kronprinsen måtte komme til Stortinget og bli tatt til konge av eit fleirtal på tinget. I realiteten vil Stortinget alltid ta ein nokonlunde skikka kronprins til konge (ja, så Håkon er nok trygg) men vi kunne stoppa openbart ukvalifiserte kongar.
Eg tenkjer at vi i utgangspunktet vel kongen på livstid, men at han kvart tiande eller femtande år måtte komme til tinget på ny for å bli ratifisert.
Dersom vi mot formodning ikkje skulle ville velje kronprinsen må Stortinget finne ein ny konge, og då ville det vere naturleg å leite først mellom folk lenger ute i arvefølgjen. Det ville vere ein uting å skifte kongehus i tide og utide.
Dette ville bevare monarkiet som institusjon, samstundes som det ville få ein viss demokratisk legitimitet og hindre Carl Gustav tilstandar i riket. Det er og i tråd med tronfølgjelova frå 1163.
Det er fristande med ei sterk blåfarge. Anten det er den blå nonstopen på pepparkakehuset eller fridomspratet frå dei blå partia.
Blå tilsettingsfarger i godteri og anna mat vart lovleg i Noreg i 2002. Då vart eit EU-direktiv om dette gjeldande, før hadde norske helsestyresmakter sagt nei til dette. Vi fekk med andre ord fridom til å velje blått, E133 briljantblåt. Det kan gje allergiske reaksjonar, og hyperaktive barn bør ikkje få i seg stoffet. Nokre meiner og at det kan vere kreftframkallande.
Så vi har altså fått denne fridomen til å velje oss blått godteri med usikker helseeffekt. Dette er den typiske blå fridomen.
Og, det er same typen fridom dei no planlegg å gje oss i Tromsø no framover. Vi skal få fridomen til å velje blant fleire private tilbod i til dømes eldreomsorgen. Kva vinn vi på det. Eg meiner det gjev oss same fridomen som moglegheita til å velje blått godteri gav oss.
Vi får lov til å ta overflatiske val, vi får lov til å ta diskusjonar om godteri med ungane våre og diskusjonar om kva omsorgsselskap vi vil ha.
Men blir dette ein samtale om korleis vi kan ha god ernæring, korleis vi kan utvikle eldreomsorgen. Fridom handlar om mykje meir enn overflatiske val. Det handlar om tryggleik for jobb og inntekt, tryggleik for hjelp når du treng, tryggleik for eit samfunn som bryr seg. Det er mykje som enno kan bli betre i Noreg.
Men, det blir ikkje betre gjennom at den private rikdomen veks, medan det offentlege blir fattigare. Det blir ikkje betre gjennom at skattane blir sett ned.
Det blir betre om vi løftar i lag.
For min del oppfattar eg både blå politikk og blått godteri som negative for folkehelsa, og sluttar meg til sitatet nedanunder frå Aftenposten. Tolk gjerne blå politikk inn i blått godteri
Blått godteri bør man unngå. Hvis alle sluttet å kjøpe for eksempel blått godteri, ville produsenten også slutte å lage det, sier Soot-Ryen.
Eg sendte ut denne eposten i morres. Legg den og ut her:
Du får denne eposten fordi du på eit eller anna tidspunkt har havna i adresselista mi. Eg stiller til val til kommunestyret i Tromsø, og eg vil gjerne bli valt inn saman med ei sterk SV-gruppe. Derfor skriv eg denne e-posten til deg. Eg håper du vil stemme på SV ved valet no i haust.
Tromsø er ein fantastisk by å bu i. Vi har eit spennande kulturliv, vi er ein open og inkluderande samfunn der dei fleste kan finne seg til rette. Men, vi har og store utfordringar i byen og kommunen. Desse håper vi i SV på di støtte til å gjere noko med.
Det er tre ting vi er spesielt opptatt av. Skolane, barnehagane og SFO er gode i Tromsø, men kan bli enno betre. Vi må ta godt vare på ungane våre. SV i Tromsø meiner derfor at vi må sørge for at klassane for dei aller minste ikkje blir for store. Eg vil jobbe for at vi skal ei ei norm om at lærarane som hovudregel ikkje skal ha ansvar for meir enn 15 elevar. Vi må sørge for at alle lærer å lese å skrive så tidleg som muleg.
Den andre store utfordringa er å sørge for at bussane går oftare og blir billigare å bruke i Tromsø. Det er eit viktig klimatiltak, men det er og viktig for å gjere byen attraktiv for studentane og for at alle dei som ikkje har bil skal få eit godt transporttilbod. I tillegg må vi sørge for gode og samanhengande sykkelvegar i byen.
Den tredje store utfordringa er å klare å utvikle næringslivet i Tromsø. Det nyttar ikkje med skolar, bussar og eit godt kulturliv om det ikkje er gode arbeidsplassar i byen. Eg trur kommunen kan gjere meir for å legge til rette for at all den kunsnkapen som finst på Universitetet i større grad blir utnytta til å starte nye bedrifter.
Eg håper på din stemme og di støtte i dette arbeidet, og at du derfor stemmer SV ved valet. Vi er eit godt lag. Gunhild Johansen er ein dyktig varaordførar, og ho må få fortsette som det. Saman med meg på toppen av lista har vi ellers Ingrid Kielland, Terje Håkstad, Suzanne Heide og Jens Revold. Alle folk med kapasitet, kunnskap og engasjement. På dei to meiningsmålingane i dag i VG og iTromsø mangla SV henholdsvis 29 og 186 stemmer på det neste mandatet. Alle stemmer tel og er viktige!
Er du interessert i å finne ut meir om kva eg tenkjer, kan du lese til augo blir store og firkanta på bloggen min, www.skogholt.org eller send meg ein e-post så skal eg svare etter beste evne. Eg blir og veldig glad om du sender denne e-posten vidare, gjerne med ei personleg anbefaling om å stemme på SV.
Uansett, gode venn, bruk stemmeretten din ved valet.
Høgresida i politikken i Tromsø klager mykje. Dei klager på nesten alt i Tromsøsamfunnet, mens eg veit at det er mykje bra i Tromsø, men sjølvsagt og ting som kan bli betre. Det som kanskje forundrar meg mest er at høgresida klager på at vi har investert i skolar og barnehagar i Tromsø.
Derfor spør eg Høgre og Frp: Kva for ein skole er det de ikkje ville bygge eller ikkje ville pusse opp?
Kva for ein barnehage meiner Høgre og Frp er overflødig?
I SV meiner vi det er rett og naudsynt å investere i framtida. Vi vil halde fram med å pusse opp skolar, vi vil halde fram med å bygge barnehagar. Og vi vil bygge ny sjukeheim.
Når Frp og Høgre ikkje vil at kommunen skal låne meir, er det barnehagar, skolar eller sjukeheim som skal kuttast?