Categories
Feature SV

Goliat rekk ikkje bli konfirmant

vindmoller
Vindmøller, tidevatn og solenergiteknologi skal gje 5000 arbeidsplassar i nord meiner SV. Foto: Ahn Quan

Medan fornybare energikjelder varnesten evig, er oljeressursane ei kortvarig glede. Goliatfeltet utanfor Finnmark rekk ikkje bli konfirmert før det er tomt. Dette er saman med klimaendringane og behovet for ny industri i Nord-Noreg grunnen til at SV i dag la fram ein plan for korleis vi kan skape minst 5000 nye arbeidsplassar i nord basert på fornybar energi.

Eg er alltid skeptisk til å talfeste kva det kan bli av arbeidsplassar om ein får til ei satsing, men denne gongen trur eg Audun Lysbakken som la fram forslaget frå SV sannsynlegvis har vore forsiktig i anslaget sitt. Allereie er det mange arbeidspalssar innafor alterntiv energi i nord, og poetensialet er stort – ikkje berre for energiproduksjon, men og industri basert på denne energien og produsksjon av installasjonane.

Alt i alt er dette ein spennande plan og eit godt svar frå SV på kva alternativet til olje er. Du kan lese SV sitt forslag her.

Bladet Tromsø skriv om saka her.

Categories
Feature Klima SV

Isen smeltar raskare enn vi vil tru

Havisen i Isfjorden på Grønland som bryt opp. Skal vi tru BBC er dette berre begynnelsen. Foto: Tim Norris

Torsdag 13. august hadde BBC ein reportasje som er skremmande. Vi har høyrt om at havisen i Arktis smeltar, vi har høyrt om isbrear på Grønland som kalvar og sprekk, men til no har i alle fall eg oppfatta at Antarktis har vore ganske stabilt. Det er ikkje lenger tilfelle.

BBC skriv på nettsidene sine :

«A study of satellite measurements of Pine Island glacier in west Antarctica reveals the surface of the ice is now dropping at a rate of up to 16m a year.»

Dette er alarmerande fordi det er når innlandsisen tar til å smelte at havet for alvor vil stige. Dette må få betydning for det norske valet. Det ville vere direkte uansvarleg å auke tempoet i den norske oljeutvinninga i ein slik situasjon. Vi kan med fordel spare hydrokarbonane på botn av havet, framfor på børsane. Sjølv om det gjekk godt det siste kvartalet.

Dersom du er opptatt av miljøet og opptatt av å hindre oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja for å ta vare på ei av dei viktigaste næringane i landsdelen – fiskeria – då er det berre eit alternativ. Det alternativet er SV.

Korfor SV, er ikkje Venstre og Krf og mot oljeutvinning?
Jo, det er dei, og all ære til dei for det. Det hjelp berre ikkje. Etter dette valet kjem Arbeidarpartiet og Frp til å ha fleirtal på Stortinget. Desse partia vil etter alle solemerker gå inn for oljeboring. Den einaste måten å bryte dette fleirtalet på er gjennom å binde Ap til masta i ei regjeringserklæring. Det er einaste måten å unngå fleirtal for oljeboring. Det betyr at sjølv om V og Krf skulle komme i regjering med Høgre, og få Høgre med seg på å seie nei til oljeboring vil fleirtalet av Ap og Frp kunne trumpe saka gjennom i Stortinget. Det einaste partiet som kan binde Ap til masta er SV.

Er du opptatt av miljø må du stemme SV ved dette valet. Forøvrig same konklusjon som professor Jørgen Randers på BI kom til i rapporten; «Partienes klimapolitikk 2005-2009 – løfter og leveranser». Til Morgenbladet seier Randers:

«- SV ønsker de riktige tingene på alle de områdene vi har blinket ut. Samtidig som de faktisk har styringsvilje. De andre ønsker mye av det samme, men de vil alle gå forsiktigere til verks.»

Valet er klart og valet er ditt.

——————————————

VG skriv om saka her

Brumlebass her

og  Steinar J. Olsen er innom temaet her.

Categories
Feature Internasjonalt Val

Dansande president

Jacob Zuma dansar, og tilhengjarane hans dansar. Til og med den største opposisjonsleiaren Helen Zille og leger i streik dansar. Alle dansar i dette landet, og ein kan ikkje alltid vete om dei er sinte eller glade når dei dansar.

Valet i Sør-Afrika gav ANC berre nesten to tredjedelar av røystene. Foto: Liv Marie Austrem

Men det er ingen tvil om at partileiaren for Democratic Alliance, den kvite Helen Zille feirar at hennar parti fekk 50.78% i Western Cape og overtar roret for denne provinsen, og på landsbasis auka DA med ca 5% til 16.37. Utbrytarpartiet frå ANC, COPE, endte opp med 7.62% og seier seg nøgd med det sidan dei er nye.

ANC feirar at dei fekk 66.0 % av stemmene i heile landet og kan styre vidare, nå med Jacob Zuma som president. 4% svikta ANC denne gongen, og hindra at ANC får 2/3 fleirtal i regjeringa. Eg har alltid vore ein stor ANC-fan, men dei har vore for mektige for lenge nå, og denne nedgangen er bra for å sikre demokratiet, tenkjer eg. Dermed kan dei heller ikkje endre grunnlova slik mange har frykta for at dei kunne finne på. ANC-tilhengjarane seier at ANC-regjeringa har ikkje gjort forsøk på å tukle med grunnlova tidlegare enda dei har hatt 2/3 fleirtal sidan 1994, så det behøvde ingen vere redde for. Skeptikarane kjente seg likevel ikkje trygge, for Jacob Zuma har meir enn ymta om at dødsstraff igjen kunne vere aktuelt, han har uttala seg negativt om at homofile har vanlege menneskerettar og han stiller spørsmål ved atmedia har lov å skrive kva-som-helst og  «rettssystemet er så fritt og uavhengig som ein Gud». I tillegg er det mange som ikkje greier tru på at Jacob Zuma er uskyldig i korrupsjon og valdtekt sjølv om sakene mot han vart henlagt.

– Nå må vi prøve lære oss å elske Zuma, sa ei dame eg snakka med. – Ein må jo elske presidenten sin.

Det er klart mange som elskar han, ikkje berre dei 5 konene hans, men tusenvis av trufaste fans møter opp og hyller han over alt der han ferdast. Han er ein antiintellektuell, folkeleg mann, flink til å lytte og snakke med folk og er svært karismatisk. Han kler seg ikkje i kvite snippar, og han ler høgt.  – Eg kjem ikkje til å slutte å le høgt og danse for det om eg blir president, har han sagt. Under apartheid var han leiar for ANC sin hemmelege etterretningsteneste, og han sat fengsla på Robben Island saman med Nelson Mandela i 10 år. Mandela støtta Zuma under valkampen, men Desmond Tutu har uttalt seg kritisk og sådd tvil om den nye presidenten sin integritet og moral. 

Eg håpar det blir god grunn til å elske han som president, og eg ynskjer han og dette fantastiske landet lykke til. Presidenten og regjeringa hans  har svære utfordringar:  arbeidsløyse, manglande utdanning og dårlege skolar, mangel på hus, hiv og AIDS, høg kriminalitet og ikkje minst korrupsjon. – Nå må dei slutte å danse og begynne å levere, sa ei gammal afrikansk dame til meg etter at ho hadde lagt stemmesedlen i urna.

Categories
Politikk Val

Veljarane avgjer valet

VG får seg til å skrive i dag at «Venstre kan avgjøre valet». Om det er Årebrotten sjølv eller VG sitt vanvittige utsagn veit eg ikkje. Eg er i alle fall lykkeleg over at korkje Venstre eller Sponheim avgjer valet. Det er opp til veljarane.

Så kan kanskje Venstre måtte velje mellom regjeringsalternativa – det er ei anna sak (litt skremmande det og, forøvrig)

Categories
Internasjonalt Russland

Fem like

Kva er det mest spesielle med det komande ordførarvalet i Arkangelsk? Jau, fem av kandidatane har det same namnet. Dei heiter alle Sergei Moiseev.

Ein kan sjølvsagt spekulere i korfor dette skjer, men ein av dei sterkaste kandidatane ved valet heiter nettopp Sergei Moiseev og er leiar for ein organiasjon som heiter «Folkets kontroll». Guvernøren sin kandidat heiter derimot Viktor Pavlenko og er fungerande ordførar. Kanskje er det eit poeng å splitte opposisjonen sine røyster. Pavlenko var forresten den einaste som ikkje stilte til den einaste debatten i ordførarvalet. Det var studentane ved universitetet som arrangerte debatten.

Den forrige ordføraren vart forresten arrestert. Mange meiner det var fordi han gav uttrykk for eit ønske om å stille til presidentvalet.

Exit mobile version