Kva no – vesle parti?

Kristin Halvorsen kan gjere ein fantastisk jobb som kunnskapsminister, noko ho brenn for. Foto: Harry Wad

Valet er over, og veljarane har talt. Det var godt at det framleis blir raud-grønt fleirtal i landet, men resultatet til SV plagar meg. Eg synst det er trist at ikkje miljø vart ei viktigare sak i valkampen. Eg trur likevel vi skal innrømme at vi og kunne gjort ting annleis. Kanskje ikkje i valkampen. Eg synst heile partiet har gjort ein svært god valkamp. Derimot trur eg vi har gjort ein del strategiske feilval ikkje berre i denne stortingsperioden, men over lengre tid.

Det største feilen vi har gjort er at vi har blitt for snevre i satsingsområdane og prioriteringane. Eg er samd i at miljø og utdanning er dei to største oppgåvene og utfordringane partiet står overfor, men desse sakene er ikkje nok til å bli eit stort parti. Heller ikkje den viktige saka fattigdomsbekjemping er nok.

SV har vore svakt på to heilt sentrale politikkområde som vi må vere gode på for å kunne bli eit parti som varierer mellom 15 og 20 prosent heller enn eit parti som varierer mellom fem og ti prosent. Dei to tema som må bli eit satsingsområde framover er arbeidsplassar/næringsutvikling og helse/omsorg. Utan at partiet har stor truverd på desse områda kan SV aldri bli eit stort parti. Den nye stortingsgruppa har spennande kompetanse som kan komme godt med. Alf Holmlid er ein spennande politikar som kan og har jobba mykje med næringsutvikling og miljø. Den kompetansen treng vi.

Derimot er det ingen som peikar seg ut på helse- og omsorgsområdet. Det må vi ta fatt i. Eg håper og trur at Aksel Hagen og Heikki Holmås kan bygge seg opp på desse felta. Korleis må dette spegle seg i korleis posisjonane skal fordelast i SV.

Valet viser og at SV slit i det som har vore den sterkaste landsdelen for SV. Vi kan ikkje leve godt med eit så dårleg resultat i Nord-Noreg. Vi må jobbe med dei viktige sakene i landsdelen, og bygge opp gode folk som kan bere partiet framover.

Eg trur og at det vil vere rett for SV å gje opp finansministerposten. Kristin Halvorsen har gjort ein fantastisk jobb, men det strategisk grunnlaget for å velge den ministerposten er borte. Det var viktig for SV å vise at vi kunne styre økonomien. Eg har aldri tvilt, men mange andre har. No er den tvilen borte, og vi bør prioritere viktige sektorområde.

Draumen min er desse fem ministerpostane til SV i prioritert rekkefølgje:

  1. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen
  2. Miljøminister Erik Solheim
  3. Fiskeri og kystminister Ellen Øseth
  4. Arbeidsminister Audun Lysbakken
  5. Likestillingsminister Gerd Bjørhovde/Kirsti Bergstø/Kjersti Markusson/Liv Hauknes

Bård Vegar Solhjell som parlamentarisk leiar og Heikki Holmås som leiar for helsekomiteen.

Dette kunne blitt eit svært spennande lag, med viktige og spennande politiske område.

Relevante nyheitsartiklar:

Exit mobile version