I år stemmer eg SV. Her er mine fem viktigaste grunnar

Torgeir Knag Fylkesnes er Troms SVs fantastiske førstekandidat.

Dette kjem nok ikkje som ei overrasking for faste lesarar av denne bloggen. Eg kjem til å stemme SV i år igjen. Det er mange grunnar til at eg gjer det. Flest gode grunnar og nokre yderst få dårlege grunnar. Dei dårlege grunane har eg tenkt å halde for meg sjølv. Men eg hadde lyst til å dele nokre av dei virkeleg gode grunnane.

1. Den aller viktigaste grunnen for meg er at det ikkje er mogleg å få til eit grønst skifte utan at vi samtidig har ei rettferdig fordeling av godane. Det meiner eg skil SV frå MdG. Skal vi få til ei omlegging av samfunnet må både godane og byrdane fordelast rettferdig for at det skal bli akseptert. Dersom vi klarer å fordele dette rettferdig trur eg vi skal klare å skape eit grønt samfunn med masse nye arbeidsplassar. Potensialet er enormt. Eit nærliggande eksempel er at om vi klarere å utnytte det som i dag er avfall frå oppdrett og som er skadeleg for fjordane våre kan vi skape enorme inntekter på energi og frå bioindustri. Samtidig som lukka anlegg vil gjere det mogleg å vidareutvikle oppdrettsnæringa.

2. Nord-Noreg er avhengig av at vi har tilgang til havet og at retten til å fiske er fordelt slik at kystbefolkninga langs heile kysten får ta del i det. Utan at vi klarer å få til ei eindring av fiskeripolitikken er eg redd for at alt for mange samfunn langs kysten vår vil døy. Vardø er eit eksempel på korleis vi ikkje vil ha det. Det er fersk fisk frå kystflåten som skaper dei største verdiane. Og, når vi no over tid skal fase ut oljeindustrien har vi ikkej råd til å ikkje få mest mogleg verdi ut av fisken. SV har best politikk på området, og ikkje minst har vi den beste politikaren på området. Ja, eg tenkjer på deg Torgeir Knag Fylkesnes.

3. Eg trur at eit godt samfunn er eit samfunn der vi står i lag – skal vi få det til må vi og vere i same båt. Derfor er det ein grunnleggande verdi at vi går i same skolen, har det same helsetilbodet og omtrent den same eldreomsorga anten vi er fattige eller rike, anten vi bur i Oslo eller i Berlevåg. Derfor er det for meg grunnleggande viktg at vi ikkje deler dette opp, at vi ikkje privatiserer slik at dei som har mest kan kjøpe seg det beste tilbodet. Så lenge vi ror i same båt så står vi saman om å skape det beste tilbodet for alle. Eg meiner SV har den beste politikken her.

4. Vi er kanskje i same båt, men vi har ikkje den same føresetnaden for å styre og å ro. Eg trur fagbevegelsen er den viktigaste reiskapen for å sikre eit godt samfunn med små forskjellar og eit godt arbeidsliv. Derfor vel eg meg eit parti som spelar på lag med fagbevegelsen, som vil sikre små skilnader, gode løner og trygge arbeidsvilkår. Det partiet er SV.

5. Framtida vedtas ikkje den blir skapt, av kvar av oss og saman. Eg trur på at SV sin politikk er den som gjev eit rammevilkår og tryggleik for at folk tør satse på å skape ei bedrift, tar sjansen på seie opp den faste jobben og satse på noko nytt. Det partiet som kombinerer det trygge med det nyskapande gjennom at vi trur på teknologi, kreativitet og sjansar, samstundes som vi sikrar eit velferdsnett som gjer at om du feilar, om du trør feil så dett du ikkje langt.

Derfor ber eg også deg om å stemme på SV i år. Dessutan har vi ein djævelsk god kandidat her i Troms som eg anbefaler nesten uansett kva du meiner politisk. Han står på for folk i Troms og i Nord-Noreg. Det fortener fylket og landsdelen.

Godt val.

SV fokuserer på læring – Høgre på sortering

Kent Gudmundsen og Høgre kan ikkje ha likt at eg påpeika at Høgre vil privatisere skolen. Han svarer i alle fall ikkje på den utfordringa. Vedstår ikkje Høgre seg sin eigen politikk? Her svarer eg på Kent Gudmundsens innlegg; «SV uten fokus på innholdet i skolen» som du finn her.

Det eg har sett frå Høgre i det siste er at Høgre ikkje vil ha mat i skolen. Hender det ikkje at det finst mat på eit høgremøte, litt frukt kanskje? Eg trur det, for høgrefolk akkurat som ungar jobbar betre om blodsukkeret ikkje er langt nede. Utan mat, Gudmundsen blir det heller ikkje matte.

I denne perioden har vi auka timetalet i 1-4 fjerde klasse for å satse på lesing, skriving og rekning. Det kan ikkje Gudmundsen ha fått med seg når han skriv; «Høyre har kjempet en politisk kamp om å øke timetallet i norsk, matte og engelsk for grunnskolen». Høgre har snakka, SV har gjennomført.

Noko av det viktigaste i dei komande fire åra blir å auke kvaliteten i SFO. Ei gratis kjernetid midt på dagen vil gje ungane eit pusterom, som vil føre til betre læring i timane. Prisen på SFO må få eit tak slik at den ikkje veks gjennom taket – og ja – ungane må få mat.

SV var mot Høgre sine nasjonale prøver. Desse hadde berre eit formål, å rangere og henge ut skolar. SV har sett i verk prøvar for å kunne gje skolane tilbakemelding for å kunne utvikle skolane, heller enn å henge dei ut. Dei fleste blir flinkare av konstruktiv kritikk ikkje uthenging, men det er kanskje annleis i Høgre. I SV trur vi på gode tilbakemeldingar til skolar og elevar slik at dei kan bli betre. Derfor har innført prøver som er eit verkty for lærarane for skoleutvikling – ikkje for uthenging.

Gudmundsen påstår at SV er mot karakterar og eksamen. Det er rett at SV ikkje vil innføre karakterar i småskolen. Vi trur ikkje seks, sju og åtteåringar blir motivert til skole gjennom karakterar, men vi vil ikkje fjerne karakterane frå skolen. I programmet til SV står det:

«SV ynskjer difor å greie ut endringar i systemet for vurdering i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring med tanke på å forbetre vurderingssystemet vi har i dag. Målet med ei slik utgreiing må vere å finne vurderingsformer som gjev ei meir presis og heilskapleg tilbakemelding til eleven, og som seier frå om eleven er klar for å gå vidare i utdanninga eller ikkje. Eit godt system for vurdering må innehalde krav til ei meir kontinuerleg vurdering av kor godt eleven ligg an i høve til kompetansemåla på gjeldande steg, ha større fokus på kva elevane må arbeide med for å forbetre seg og medverke til motivasjon framfor sortering.»

Eg trur ikkje ein gong Høgre kan vere mot dette om dei set seg ned å tenkjer i staden for å berre reagere.

Tidlegare innlegg i debatten her