Maktesløyse og motstandskamp

Den sterkaste kjensla eg får når eg ser på TV og les om dei masakrane som går føre seg i Gaza no, er maktesløyse. Eg skulle så gjerne ønska at eg kunne gjort noko for å stoppe dette, og eg skulle ønske Noreg og denne norske regjeringa kunne gjort noko kraftfullt på mine vegne. Eg er glad for protestane frå regjeringa, men det er på tide å kalle ambassadøren heim og bruke sterkare ord og kraftigare diplomatiske virkemiddel enn det vi har gjort til no. For det skal vist bli verre.

Eg har ikkje enno sett filmen om Max Manus, men det slår meg at det er ein motsetnad mellom den norske herleggjeringa av den norske motstandskampen mens vi samstundes prøver å likestille palestinarane sin kamp mot okkupanten Israel, med Israel sine overgrep mot sivile i okkuperte ommråde. Det er då ingen som ville funne på å likestilt den norske motstandskampen med dei naziztiske overgrepa. Det er det vi gjer når vi ber begge partane om å besinne seg. Palestinarane har loven på si side, det har ikkje israelarane.

Det betyr ikkje at den eine sida er englar og den andre er djevlar. Slik er det aldri, skuld og ansvar er fordelt på begge sider. Det er likevel ingen tvil om at Israel er okkupasjonsmakta og er dei sterkaste, medan palestinarane er dei okkuperte og dei svakaste. Då er det Israel som sit at med hovudansvaret. Nokre kassam-rakettar mot Israel kan aldri endre dette. .

Tromsø er vennskapsby til Gaza. I dag var det ei markering i byen mot Israel sine overgrep. Eg er glad og stolt over å bu i ein by som tar vennskapet sitt på alvor. Eg er glad for at ordføraren tar vennskapet på alvor. At han har vore i kontakt med ordføraren i Gaza og at han stiller opp på markeringa. Det er no Gaza treng venner, og eg er glad for at Tromsø stiller opp. Bileta under er frå markeringa i dag. Kvaliteten er ikkje så god, men det er det beste eg fekk til med mobilkamera.

Du kan lese meir om aksjonen og sjå bilete hos NRK og Bladet Tromsø . TV2 si sak finn du her.

Sondre Olsen har tatt eitt heilt anna utgangspunkt, han skriv:

Hvis vi først skal boikotte, må det være av Hamas. Hamas er en terrororganisasjon som gjør at et utgangspunkt for samtale ikke finnes. Når Hamas-charteret har et innhold som tilsier at det er et mål å utslette staten Israel, har de selv sørget for å miste plassen ved forhandlingsbordet.

Eg trudde då at den norske motstandsrørsla og dei allierte hadde som mål og utslette nazi-regimet? Det betyr ikkje at eg er samd med Hamas. Faktisk ikkje eingong i nærleiken, men vi skal vere forsiktig med å fordømme korleis folk vel å føre motstandskampen sjølv om vi ville valt andre middel. Eg trur at både Hamas og Fatah ville vore tent med ein annan strategi. Eg trur ein ikkje væpna motstandskamp ville vore mykje meir verknadfsfult enn kassam-rakettar. Dersom palestinarane skal kunne «vinne» må dei skaffe seg oppslutnad i USA. Det gjer dei ikkje med dagens strategi.

VG har samla mykje stoff her.