Slutt på boka

Denne artige vesle filmsnutten fann eg på IKT i læring. Den er verd å bruke nokre minutt på. Sjølv om eg må innrømme at norsk bokbransje sitt forhold til e-bøker irriterer meg. I går fann eg ei bok eg hadde lyst til å lese. Eg søkte ho opp på nettet og var klar til å bruke eit par hundrelappar for å laste ho ned på mobilen min for å lese. Det var ikkje muleg.

Kjem eg til å gå på biblioteket eller på bokhandelen for å kjøpe/låne boka? Eg tviler.

Tapt sal for eit norsk forlag og ein norsk forfattar.

Vel her er filmen:

Restane etter oljealderen

 

Det er store maskinar som skal til for å klippe sund stålet frå gamle oljeinstallasjonar

På tysdag var eg og besøkte restane etter oljealderen. Eller rettare, eg besøkte ei bedrift som høgger opp gamle oljeplattformar. I løpet av dei nærmaste åra skal meir enn 500 gamle installasjonar i Nordsjøen fasast ut. Det må skje på ein miljømessig forsvarleg måte. Intallasjonane inneheld både tungmetallar, kjemikaliar og lågradioaktivt avfall som må handterast på ein god måte.Men like viktig, plattformane inneheld enormt med råvarar som kan gjenbrukast eller gjenvinnast.

På Miljøbase Vats i Vindafjord gjenvinn dei meir enn 98 prosent (målt i vekt) av installasjonane. Noko blir selt til gjenbruk, stålet blir smelta om i Rana.

Det har vore ein del diskusjon om anlegget på Raunes i Vindafjord. Har dei store utslepp frå verksemda, skadar dei området rundt? Eg vart overtydd då eg var der om at dei arbeider på ein profesjonell og god måte. Den fysiske sikringa av området mot avrenning er god, og dei har eit omfattande miljøovervåkingsprogram gjennom NIVA. Det kan likevel sjølvsagt vere at det er ting der som ikkje er på stell eller ting eg burde spørje om. Kom gjerne med innspel i kommentarfeltet på det.

Det som likevel står fast er at installasjonane må takast vare på og gjenvinnast.

Denne videoen viser anlegget:

Nokre bilete:

Den beste forklaringa på det dei gjer i CERN

Denne videoen er den beste forklaringa eg har sett på kva dei eigentleg driv med i CERN med den nye maskinen som skal gjenskape Big Bang og som det var snakk om skulle føre til slutten på verda (Large Hadron Collider). Sjå, nyt og bli klokare.

Exit mobile version