Ein videoblogg om skatt og fellesskap, og korleis vi kan bygge landet.
Eg har blogga om dette tidlegare, du kan lese meir i innlegga under:
Pål Julius Skogholt – førstekandidat for SV i Troms
for folk i Tromsø
Ein videoblogg om skatt og fellesskap, og korleis vi kan bygge landet.
Eg har blogga om dette tidlegare, du kan lese meir i innlegga under:
Det å ha ungar er interessant. Oppveksten til ungar no er ulik den oppveksten eg hadde. Eg trur det meste er betre no. Dataspela er artigare og betre, det er fotballtrening om vinteren og skolen er betre, trur eg, men det er ein ting eg ikkje forstår. Korleis kan det ha seg at det er artigare å sjå videoar på youtube av nokon som speler, enn å spele sjølv? Eg veit ikkje om det berre er mine som er slik, men sjåartala tydar ikkje på det.
Videoane der Addexio speler minecraft har mange titusenvis av visningar på youtube, og dette er på norsk og for det meste norske ungar og ungdomar som ser på. Han har no godt over 20 000 kanalabonementar. Meir enn dei fleste avisane i dette landet vårt. Det er heller ikkje små korte snuttar som blir vist. Videoane varer mykje over 20 minutt, mange av dei.
Eg kan forstå at om noko er vanskeleg, så sjekkar du ut ein video for å finne ut korleis du kjem deg vidare. Men, å bruke timar på å sjå andre spelar?
Kan nokon forklare? Eller er det så enkelt at eg er blitt gamal?
Ein videoblogg frå sist kommunestyremøte, med klipp frå der Frp manar fram Saudi-Arabia og Høgre er villig til på eit generelt plan å ta avstand frå alt som er trist.
Hald fram med å lese «Skatteparadis og Saudi-Arabia»
I dag har eit fleirtal på fylkestinget i Troms, dessverre meldt Troms ut av det nordnorske samarbeidet. Ap og Høgre med heftige heiarop frå Frp har bestemt at Troms skal vere seg sjølv nok.
Det er kanskje her i Tromsø vi over tid kan oppleve dei største utfordringane dersom det nordnorske samarbeidet bryt saman. Tromsø har mange landsdelsinstitusjonar, UNN og Universitetet er kanskje dei viktigaste. Dersom Nordland no over tid orienterer seg mot Trondheim og Trøndelag kan det få store konsekvensar. I eit lengre perspektiv kan vi komme til å sjå at pasientar i Nordland heller reiser til St. Olav i Trondheim heller enn til UNN og at studentane søker seg til NTNU.
Allereie i dag er flytilbodet innad i landsdelen er for dårleg, og det vi har er i stor grad avhengig av politisk press for å få det på plass. Om presset frå Nordland no blir i retning av betre kommunikasjon mot Trondheim heller enn nordover er vi på ein farleg gallei.
Ap, H og Frp set mykje på spel for ein heller tvilsam gevinst.
Nord-Noreg står framfor mange store og felles utfordringar:
For berre å nemne nokre få døme.
Skal vi få gjennomslag på desse områda på ting som er viktige for Troms treng vi allierte, vi treng vennar og vi treng folk å gjere felles sak med. Vi kan ikkje og må ikkje stille oss i ein situasjon der vi øydelegg det nordnorske samarbeidet gjennom LU og generelt øydelegg det nordnorske samarbeidsklimaet. I media kan det framstå som ei intern ueinigheit mellom dei to AP-fylkesrådsledarane i nord. Å sette heile det langvarige nord-norske samarbeidet i spill over slike konfliktar er verken framtidsretta eller klokt