Categories
Feature SV Utdanning Video

Hurra for barnehagane

Frå og med neste veke har eg tre barn i Templarheimen barnehage i Tromsø. Ein av dei mange nye barnehagane i Tromsø – som eit dirkete resultat av at SV og Kristin Halvorsen var tøffe i trynet og lova barnehageplass til alle barn. Det har vi så godt som klart, og vi ville ikkje klart det utan at SV verkeleg la breidsida til.

Det er utruleg kor fort vi glømmer den revolusjonen dette er for barn og barnefamiliar i Noreg. Eldste guten min er fem år. Då han var klar til å starte i barnehagen var det ikkje plassar å få tak, og om vi hadde fått tak i dei ville ein plass kosta det same som to plassar kostar no. Vi hadde ei god dagmamma, men det er ingen tvil om at tryggheita med barnehage er utruleg stor. Vi må heller ikkje glømme at prisnedgangen på barnehagane er mykje større enn den auken vi har fått i eigedomsskatt i Tromsø. SV leverer velferd og kunnskap.

Eg er som du kanskje forstår veldig godt fornøgd med kvaliteten i barnehagen der ungane mine går. Det er berre å innsjå det, eg kune aldri klart å gjeve ungane mine det same gode tilbodet om dei var heime. Den sosiale treninga dei får, alt det dei lærer – eg kunne ikkje klart det. Eg og ungane mine ville vore fattigare utan barnehagen.

Men, vi skal ikkje slå oss til ro. Kvaliteten kan alltid bli betre. Eg er derfor veldig glad for at kunnskapsministeren no har lagt fram ei stortingsmelding om kvalitet i barnehagen, og stolt av at han tilhøyrer mitt parti.

Her er ein liten videosnutt der han seier nokre ord om satsingane:

__

Categories
Feature Troms og Tromsø Video

Ny tannklinikk i Nordreisa

Ein av dei mange hyggelege tinga ved å vere politikar (ved sida av helvetesjobben med å kutte for å halde budsjetta) er at eg av og til for lov å klippe av ei snor til eit betre tilbod til innbyggarane. I dag fekk eg klippe over ein tanntråd på Sonjatun i samband med nyopninga av tannklinikken der. Eg som mange andre synst ikkje det å gå til tannlegen er det artigaste som finst, men det er trivelegare å komme til eit tannlegekontor som ser oppdatert og moderne ut enn til eit som er gamalt og nedslitt.

I tillegg til å ha laga eit godt arbeidsmiljø og betre forhald for pasientane i Nord-Troms er det viktigaste at klinikken no er oppdatert til Universitetstannklinikk. Frå hausten vil Sonjatun ha to studentar i praksis. Studentane vil få gode forhald for å lære og bli gode tannlegar – og kanskje vil fleire ønske å jobbe ute i distrikta. Men heldigvis ser dte ut til at tannlegedekninga i Troms er i ferd med å bli betre. Det er ingen tvil om at aktiv rekruttering kombinert med at dei første tannlegane er i ferd med å bli uteksaminert ved Universitetet i Tromsø fungerer. Eg trur vi no er over den største tannlegekrisa, men snart kan det bli problem med å finne nok tannpleiarar og tannhelsesekretærar. Det kan bli ei like stor utfordring som tannlegemangelen. Tannpleiarane og tannlegesekretærane er minst like viktige for ein tannklinikk som tannlegane.

Uansett, gratulerer til alle som jobbar på tannklinikken på Sonjatun og til alle innbyggarane i Nordreisa og Nord-Troms som har eller vil få vondt i ei tann.

Her syng dei ansatte inn den nye klinikken. Beklager kvaliteten, men eg er litt ustø på handa og opptaket er gjort med mobiltelefon.

Categories
SV Video

Vi må vinne valet!

Vi må vinne valet!

Categories
Feature Utdanning Video

Kvar er våre universitet?

Eg er – når eg tar meg tid til å tenke på det – ganske forfert over universiteta og høgskolane i Noreg. Eg er forfert over i kor liten grad dei er villige eller i stand til å dele den kunnskapen dei sit med. Eg har tidlegare skrive litt om frustrasjonane mine med Universitetet i Tromsø her.

academicearth
Når skal vi kunne ta del i den kunnskapen som finst på norske universitet?

I Noreg er høgskolane og universiteta finansiert av det offentlege. Den kunnskapen dei utviklar er vår kunskap. Då må vi kunne forvente at dei gjer sitt ytterste for å gjere denne kunnskapen tilgjengeleg for oss alle. Det skjer i liten grad. Kunnskapen er tilgjengeleg for dei som kan vere på campus, og knapt nok det.

Frustrasjonen min veks når eg ser at andre får det til, andre maktar å dele av kunnskapen sin på ein effektiv og god måte. I løpet av kort tid har det dukka opp fleire initiativ i USA. Academic earth og You Tube gjer heile forelesingsrekkar tilgjengeleg for alle som er interessert. Forelesingar frå dei største og beste universiteta i USA. Academic Earth tilbyr forelesningar frå Berkeley, Harvard, MIT, Princeton, Stanford og Yale. På desse sidene kan du lære om nesten kva du vil. Under finn du eit døme på ei forelesning om ein introduksjon til antikk gresk historie. For augneblinken topprata på Academic Earth.

Det nærmaste eg veit om som kan samanliknast her i Noreg er NDLA, nokon som veit om andre? Spørsmålet blir; når har dei norske universiteta og høgskolane tenkt å dele med oss andre – eller skal vi vere avhengige av amerikanske universitet?

Categories
Ikkje politikk Video

Sauekunst – noko for bønder i nord?