Kommunepolitikk,Miljø

Stakkevollveg og skytebane i utvalsmøtet

Stakkevollvegen er nok den viktigaste saka som skal opp i Miljø, klima og samferdselsutvalet på torsdag.

Det er to ulike saker vi skal handsame. Det eine er sjølve reguleringsplanen. Reguleringsplanen er på mange måtar svært enkel. Den regulerer ei vegbreidde på 19,5 meter frå Hansjordnesbukta til rundkøyringa ved Tverrforbinndelsen. Reguleringsplanen fastset ikkje korleis desse 19,5 metrane skal brukast. Altså det at vi vedtar reguleringsplanen avgjer ikkje om det blir fire eller tre felt, eller korleis tilhøva blir for dei som går og syklar.

Den andre saka om Stakkevollvegen seier noko om kva type veg vi skal bygge. Den saka er eit svar på vedtaket kommunestyret gjorde om firefeltsveg. (Noko eg synst var eit dårleg vedtak). Saka viser at vegen vil koste 500 millionar, reelt 400 millionar fordi vi får momsen tilbake. Men, vi har berre 250 millionar vi kan bruke på denne vegen. Det er dei oppsparte midla frå drivstoffavgifta pluss inntektane frå denne dei neste tre åra som gjev summen 250 millionar. Dette er pengar vi ikkje har lov å bruke til andre ting enn Stakkevollvegen på grunn av vedtak i Stortinget.

Eg meiner det er for mange utfordringar med firefeltsveg, og at vi må tenke nøye gjennom det prosjektet. Dette er hovudinnvendingane mine mot firefeltsprosjektet:

  • Det blir ikkje noko god løysning for dei som skal sykle langs vegen.
  • Det er ikkje rom til snødeponi noko som vil gjere vintervedlikehaldet dyrt og vanskeleg
  • Det blir ikkje noko bygate. Det er ikkje rom for rabattar, tre eller liknande. Det blir rett og slett stygt og ikkje eit bidrag til å lage noko som vil gje bulyst.
  • Det går ein tunnell paralelt med vegen. Det betyr at vi ikkje treng legge til rette for gjennomgangstrafikk på Stakkevollvegen.

Uansett. Nøyaktig korleis vegen skal sjå ut må vi komme tilbake til.

Skytebane i Tromsø

Vi har vel jobba med å finne plass til ein skytebane i Tromsø omtrent like lenge som vi har jobba med å få på plass E8. Eg håper at begge delar skal komme på plass om ikkje så alt for lenge. I denne saka har skytebaneutvalet kome med to framlegg. Det eine er eit sentralskyteanlegg på Langmoen på Brevikeidet, alternativt ei desentralisert løysning der dei ulike skyteidrettane er på ulike stader i kommunen.

Det er ein del utfordringar med Langmoen som gjer at eg synst det er for tidleg å konkludere med at vi kan legge skytebanen der. Men, det er også for tidleg å avvise forslaget. Eit desentralisert anlegg har sine eigne utfordringar, kanskje spesielt fordi det betyr at skytinga i Kjoselvdalen vil halde fram. Eg tenkjer derfor at det er lurt å undersøke litt grundigare om det er mogleg å få til eit anlegg på Langmoen før vi konkluderer.

Innspel Nasjonal transportplan

Innspelet til revisjon av NTP ser i all hovudsak greitt ut. Det viktigaste er at vi er tydelege frå Tromsø kommune på at jernbane er prioritert svært høgt av oss. Eg er litt meir i tvil om det er fornuftig og naudsynt å gå inn for forlenging av rullebanen på Tromsø lufthavn. Utviding av terminalbygget og oppstillingsplassar for fly er viktig, men i eit miljøperspektiv er eg i tvil om vi bør utvide rullebanen for å kunne ta i mot større fly.

Dei fleste av desse sakne skal vidare til kommunestyret, så kom gjerne med innspel heilt fram til kommunestyremøtet.

Saksliste

Saksnr Saksdok Vedtak Vedlegg
Behandling av utvalgssak 0003/20 Valg av styrer, råd og utvalg som oppnevnes av Miljø-, klima- og samferdselsutvalget Vedlegg (1)
Behandling av utvalgssak 0004/20 Plan 1821 Stakkevollvegen reguleringsplan Vedlegg (17)
Behandling av utvalgssak 0005/20 TP3 Stakkevollvegen – Orientering om kostnader og byggetid Vedlegg (1)
Behandling av utvalgssak 0006/20 Skytebaneutvalgets anbefaling til kommunestyret
Behandling av utvalgssak 0007/20 Tromsø kommunes innspill til revisjon av Nasjonal transportplan 2022-2033 Vedlegg (2)
Standard
Tog i snø. copyright: Krzysztof D/https://www.flickr.com/photos/kd85/8435522385
Miljø

Bygg Nord-Noregbanen!

Den 28. januar er det høyring i Stortinget på forslaget frå Torgeir Knag Fylkesnes og Per Willy Amundsen som ber regjeringa om å starte bygginga av Nord-Noregbanen. Dette kan bli eit svært viktig forslag for saka. Dersom Ap og Sp støttar forslaget, og eg reknar med at MdG og Raudt gjer det er vi svært nær eit fleirtal i Stortinget for Nord-Noregbanen.

Det vil i så fall mangle berre tre stemmer på Stortinget. Då blir spørsmålet. Vil Høgres Kent Gudmundsen frå Troms stemme mot forslaget? Kva med Høgre sine andre representantar frå Nord-Noreg. Det er mogleg å få til eit forpliktande vedtak om Nord-Noregbanen denne gongen, om regjeringspartia sine representantar i nord tør representere den landsdelen dei er valt frå.

Men også Arbeidarpartiet og Senterpartiet må då vise at dei er for nord – ikkje berre i ord, men også i handling. Eg må innrømme at eg er spent.

Det er svært mange gode argument for å bygge ein bane frå Fauske til Tromsø, med ein arm til Harstad og klårgjort for vidare bygging nordover og austover. Vidare må dette sjølvsagt koplast med ei oppgradering av Nordlandsbanen.

For meg er dei viktigaste argumenta:

  • Det vil flytte mykje godstrafikk vekk frå vegane våre
  • Det vil skape heilt nye bu og arbeidsmarknadsregionar. Med ei reisetid på 45 minutt frå Tromsø til Narvik vil det bli heilt nye moglegheiter for samhandling, pendling og utvikling av regionen.
  • Det er stort potensiale for passasjertrafikk. Berre mellom Bodø og Tromsø reiser det 250 000 menneske med fly kvart år. Dersom toget tar litt meir enn to timar på denne traseen kan vi forvente at 75% av desse heller tar tog. Potensialet for passasjertrafikk på denne banen er sterkt underkommunisert.
  • Krav til klimahandling blir berre sterkare og sterkare. Eit Nord-Noreg utan alternativ til fly vil tape i framtida.
  • Ein moderne bane, bygd for fart rundt 300 km/t, slik det er i store delar av resten av Europa vil gje fantastiske moglegheiter for landsdelen vår.

Eg håper alle ny benyttar sjansen til å bli med på turen.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Foto: Krzysztof D. /https://www.flickr.com/photos/kd85/8435522385

Standard
Miljø,Politikk

Fossilfrie byggeplassar

Den aller største veksten i CO2 utslepp i Tromsø dei siste åra har vore kategorien «Annen mobil forbrenning» I Tromsø er dette i all hovudsak ulike dieseldrevne motorreiskap. Det har sannsynlegvis samanheng med den store byggeaktiviteten i Tromsø. Det er veldig positivt med høg aktivitet, men det krev og av oss at vi må gjere noko med utsleppa frå denne aktiviteten. Her er ein artikkel i Nordlys om saka.

På byggeplassen på Workintoppen. Consto som bygger her har eit mål om minst ein fossilfri byggeplass i 2020. Det er mogleg å få til.

SV meiner derfor at kommune må stille krav til fossifrie byggeplassar i kommunen – i første omgang i eigne prosjekt.

Oslo har gått i front her, og gjennomført fleire fossilfrie prosjekt. Desse er evaluert av multiconsult, og erfaringane er i hovudsak positive (rapport her:). Oslo har og saman med Energi Norge, Norsk Fjernvarme, Enova, Byggevareindustrien, Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (EBA), Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg Oslo, Akershus og Østfold (EBAO), og Nelfo utarbeida ein rettleiar for slike prosjekt.

Hovudgrepet som blir gjort i desse prosjekta er å erstatte fossil diesel med HVO100 og å elektrifisere det som kan elektrifiserast. Framleis er det vanskeleg å dyrt med elektriske anleggsmaskinar, men det er på veg.

Det er to hovudutfordringar som må løysast:

·         Sikre tilgang på nok byggestraum i prosjekta, og evt. tilkopling til fjernvarme for byggtørk

·         Sikre tilgang på tilstrekkeleg volum HVO100 og sikre at maskinane kan bruke denne dieselen.

Dette er i hovudsak eit planleggingsspørsmål og stille krav til byggherre og entreprenør.

 Vi må og rekne med at teknologien utviklar seg og at det blir stadig betre tilgang på elektriske og hydrogendrivne maskinar. Men for at det skal skje må det skapast ein marknad og etterspørsel etter slike maskinar. Det kan vi bidra til.

I SV så meiner vi at kommunen bør legge opp til ei gradvis innfasing av desse krava for å sikre at lokal entreprenørar får tid til å tilpasse seg.

Standard
Kommunepolitikk,Miljø,Politikk

Heller satellitt enn bommar

I Tromsø har vi over lengre tid diskutert måtar å organisere bompengane på som gjer det billigare og enklare å få dette til enn å sette opp store bomportalar rundt i heile byen. Slik vil vi at meir av pengane vi betalar inn faktisk skal gå til trafikksikring, bussar, fortau og vegar. Fram til no har dette vore litt luftige tankar om at det sjølvsagt burde vere mogleg å få dette til. Men i går fekk i alle fall eg litt meir kjøtt på beina på dette.

Les og denne artikkelen i Nordlys.

I går hadde eg saman med folk frå Ap og Raudt eit møte med Autosim og Telespor. To tromsøbedrifter som mener dei har ei løysning for dette. Det går ut på å sette inn ein GPS-brikke i bilen. I første omgang tenkt kopla til OBD. Det er den kontakten som verkstaden brukar når dei koplar til bilen din for å diagnostisere den, og er ei tilkopling dei aller aller fleste bilane har. Denne brikken kommuniserer med ein sentral for å finne ut kva du skal betale. Dersom vi gjer det på denne måten kan vi oppnå fleire ting.

  1. Vi kan lage eit meir rettferdig betalingssystem. Vi vil ikkje lenger vere begrensa til kvar det er plass til å sette opp bommar ol. Det ville og vere mogleg å lage betalingsfrie område rundt skolar, barnehagar ol. Ein kan og gjere betalinga avhengig av køyrde kilometer og ikkje berre om du passerer ein bom eller ikkje.
  2. Vi slepp stygge bomportalar
  3. Vi kan bidra til å styrke næringslivet i Tromsø gjennom at dei får utfordrande og store oppgåver gjennom å bygge opp dette systemet.
  4. Vi kan få eit system som er billigare og enklare å sette opp og drifte.

Masse utfordringar

Det betyr sjølvsagt ikkje at eit slikt satellittbasert system vil vere utan utfordringar. Den aller største er at dette vil vere nybrotsarbeid, og som i alt nybrotsarbeid vil det bli gjort feil, ting vil ikkje fungere optimalt frå dag ein. Det vil kunne undergrave tilliten til systemet og undergrave finansieringa av ein byvekstavtale.

Vidare tenkjer eg dei viktigaste hindringane som må løysast er:

  1. Korleis handterer vi bilar som kjem utanfrå og ikkje har ein GPS-brikke i bilen? Skal dei sleppe å betale eller må vi ha ein type bom på innfartsvegane til byen?
  2. Korleis gjer vi det med bilar som er registrert i andre kommunar, korleis sikrar vi oss at dei og bidrar i systemet om og når desse bilane blir køyrt i Tromsø?
  3. Korleis sikrar vi personvernet? Ingen av oss vil vel at nokon skal vite kvar vi køyrer til ei kvar tid (sjølv om dei fleste av oss allereie gjev google eller apple all denne informasjonen). Det lar seg nok gjere om databehandlinga skjer i brikken og berre fakturainformasjon blir overført ut av bilen, men vi må vere sikre på at dette er i orden.

På mange måtar er Tromsø den perfekte plassen å teste ut dette systemet. Vi har lite gjennomgangstrafikk, noko som gjer mange av utfordringane mindre. Dei utfordringane vi har er eg ganske sikker på at lar seg løyse. Eg er litt meir usikker på om det lar seg løyse innafor den tidsramma vi har har. Vi har ikkje råd til å utsette ein byvekstavtale, først og fremst fordi vi er avhengigge av statlege pengar for å få til bussatsinga i Tromsø.

La meg gjerne høyre kva du meiner i kommentarfeltet.

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard
Miljø,Politikk,Troms og Tromsø

Tromsø treng ein byvekstavtale

Eg trur ikkje det finst ei levande sjel eller politikar som verkeleg ønsker å innføre bompengar i Tromsø. Men her er realiteten: Tromsø veks med omtrent 1000 personar kvart år. Desse tusen skal bevege seg rundt i byen vår. Dei skal på jobb og studiar. På fritidsaktivitetar og i barnehage. Dei skal bruke trafikksystemet vårt for å få kvardagen til å gå opp. I dag er det slik at alternativet for mange er bil. Det som er heilt sikkert er at vegsystemet vårt ikkje vil tåle denne veksten utan ei kraftig og dyr oppgradering, ei oppgradering som innebærer at fleire får eit reelt alternativ til bilen gjennom buss, gange og sykkel.

Eg skulle sjølvsagt ønska meg at denne oppgraderinga vart betalt av staten. Eg skulle ønska meg at staten betalte for hyppigare bussavgangar med større kapasitet, at staten betalte for trygge skolevegar og gode fortau, at staten betalte for vegar der næringstrafikk og dei som må bruke bilen kom raskt og trygt fram. Å ønske hjelper dessverre ikkje, å kaste myntar i ein ønskebrønn hjelper dessverre ikkje.

I Noreg er finansieringssystemet slik at staten betaler ein god del av kostnadane dersom byane stiller med eigne pengar. Den oppgraderinga av trafikksystemet som Tromsø treng om vi ikkje skal kvelast i eksos og køar vil koste minst åtte milliardar kroner. Staten har sagt at dei kan stille med mellom 40 og 50 prosent om vi finner dei resterande 50-60 prosentane lokalt. Eg veit ikkje om noko anna finansiering enn bompengar som gjer at vi kan klare dette løftet. Eit løft som er heilt naudsynt om byen vår skal vere attraktiv i framtida.

Vi kan sjølvsagt som Frp og Bjørn Gunnar Jørgensen nekte å sjå denne realiteten, vi kan nekte å ta framtida på alvor, tru at om vi lukker auga vil køane, svevestøvet og klimaendringane forsvinne av seg sjølv. Men, realiteten er, at når du opnar auga igjen vil situasjonen blitt verre enn han er i dag. Vi må ta tak i problema no, vi må løyse dei no, og vi må bruke dei verktøya vi har tilgjengelege no. Vi treng ikkje like det, men bompengar er det verktøyet vi har.

Så er det openbart at det vil koste. Og, for nokre av oss vil den kostnaden bli tung å bære. Eg trur likevel kostnaden blir enno større når arbeidsplassane forsvinn fordi verken arbeidstakarar eller produkt kjem seg fram. Tromsø har ei god utvikling, med vekst i både private og offentlege arbeidsplassar. Dersom denne veksten og denne utviklinga skal halde fram er vi avhengig av eit effektivt transportsystem. då er vi avhengige av ein byvekstavtale. Dessutan, dei som har minst pengar blant oss i dag har heller ikkje råd til bil. Dei er prisgitt andre framkomstmiddel. Det å gjere bussen betre, det å gjere det enklare å gå og sykle er og med på å gjere forskjellane mellom folk mindre.

Vi kunne gjort som Frp, vi kunne lata som problema forsvinn av seg sjølv. Men då stoppar og utviklinga av Tromsø opp.

Standard