Eg har i lengre tid tenkt at eg skulle skrive noko om valet. Det har ikkje vore heilt enkelt å finne ut kva det skulle vere. Eg kunne få ut frustrasjonen min. Men eg veit ikkje om det er så interessant. Eg kunne sagt kva eg tenkjer om statsrådar, valkampen og partiet (både SV og andre), men det kunne fort blitt for interessant.
No sit vi i forhandlingar, dvs. vi skulle gjerne vore i forhandlingar. I går fekk vi meldinga om at Senterpartiet tok sekken med seg og rusla over grensa og snakkar med Frp og Høgre. Det er litt med Senterpartiet som med NATO, ein kan aldri vere heilt trygg på om ein kan stole på dei.
Eg lurer no svært sterkt på om kva senterpartiet sine veljarar i Troms tenkjer no. Tenkjer dei kanskje på at distriktspartiet vil samarbeide med parti som går inn for fritt skoleval i fylket, og dermed nedlegging av fleire vidaregåande skolar? Eg ville tenkt på det. Eg ville tenkt på kva det vil seie å sleppe marknadsliberalistane lause på eit såpass sårbart samfunn som distriktstroms er. Forhåpentlegvis vil også dei som styrer i Senterpartiet tenkje på dette, og besinne seg.

