Klima i endring

Den siste veka har vi mottatt meldingar om at Nordvestpasasjen er isfri og at store flaumar rammar Afrika. Dette er for å seie det enkelt, ikkje daglegdagse hendingar. Igjen blir det tydeleg for oss at endringane i klimaet er den største utfordringa vi står framfor.

Meiningsmålingsinstituttet inFact melder at nordlendingane er dei som er minst opptatt av klimaendringane. Lat oss no gjere dette til skamme. Eg vil utfordre alle kommunane i Troms til å la lokale klima- og energiplanar bli første store saka for dei nye kommunestyra. Slik kan vi bidra på vår måte til å løyse dei store utfordringane landet og verda står overfor.

11 millioner til videregående skole

Troms fylkeskommune har fått 11,2 millionar frå Kristin Halvorsen. Desse pengane meiner Troms SV bør gå til dei vidaregåande skolane. Dette vil gje oss muligheit til å sette i gang ombygginga av Kongsbakken og gje lærarane eit ekstraordinært kompetanseløft. Ei ytterlegare styrking av fagdidaktikken vil styrke den vidaregåande skolen i Troms.

SV vil utvikle de videregående skolene i Troms

Den vidaregåande skolen i Troms er det viktigaste fylkeskommunen driv med. Det å gje ungdom i Troms ein god start på yrkesliv og studiar er heilt avgjerande for å skape eit godt samfunn. Derfor prioriterer SV skolen svært høgt.

Arbeidet med å få ned fråfallet vil ha høgaste prioritet frå SV. For å få dette til må vi ha betre rettleing for elevane, og i vi må ha eit betre samarbeid med grunnskolane. Det er ingen tvil om at mykje av fråfallet startar allereie i grunnskolen, og overgangen mellom grunnskolen og vidaregåande er heilt sentralt. Men den viktigaste ressursen i skolen er lærarane. SV har fått gjennomslag for å auke pengebruken til etterutdanning for lærarane med ein million i 2007. Dette er berre ein start. Vi vil satse stort på lærarane framover. Det betyr etterutdanning, men det betyr ikkje minst at vi skal få til ordningar der lærarane kan hospitere i næringslivet eller i forskningsmiljø i kortare eller lengre tid for å oppdatere seg. Dette vil gje skolen betre kunnskap om det som skjer i samfunnet rundt skolen, og det vil gje lærarane ny entusiasme og stå på vilje. Vi håper på de støtte ved fylkestingsvalet slik at vi kan få til dette.

Isen smeltar i Arktis

I løpet av dei siste vekene har vi sett rekordnedbør på Østlandet, rekordsmelting av is i Arktis, tidenes sterkeste orkan i Mexicogulfen. Tilfeldig, neppe!

Det er ingen tvil lenger om at vi står framfor store klimaendringar. I dette valet må vi velje inn folk i kommunestyrer og fylkesting som er opptatt av miljø og vil vise handlekraft for å få ned utsleppa av klimagassar. SVs folk tar klimaendringane på alvor og vil gjere noko med dei.

I Troms forpliktar SV seg til å bytte ut alle oljefyrar i fylkeskommunale bygningar. Vi vil kjøpe tilbake Tromsbuss for å kunne satse på buss og miljø i Tromsø. Vi vil stille krav til nye hurtigbåtar mellom Harstad og Tromsø for å få ned utsleppa. I kommunane vil SV stille krav om lokale klimahandlingsplanar og vil reelt legge til rette for ei miljøvenleg utvikling i lokalsamfunna.

Klimaendringane er reelle. SV er partiet som tar dette på alvor.

Kjøp Tromsbuss tilbake

Troms og Tromsø SV går inn for å kjøpe Tromsbuss tilbake. Kollektivtrafikken i Tromsø er for viktig til at den kan overlatast til marknaden. SV vil at vi skal ha politisk kontroll med kollektivtrafikken. Då kan vi lettare gjere forsøk med lågare pris eller hyppigare avgangar. Vi slepp og å betale overskottet til private eigarar. Dette overskottet kan heller nyttast til å skape ein betre kollektivtrafikk.

I dag er det Hurtigruta som eig Tromsbuss. Dessverre går selskapet Hurtigruta ganske dårleg. Vi er derfor reelt bekymra for at Tromsbuss kan bli selt til ein stor internasjonal aktør som berre er interessert i å suge pengar ut av busspassasjerane i Troms. Det vil ikkje gje fleire bussbrukarar og eit betre miljø.

SV meiner at kommunen og fylket kan finansiere dette tilbakekjøpet gjennom å selge/bytte dei aksjane kommune, fylket og Troms kraft har i Hurtigruta med Tromsbuss. Desse aksjane er i dag verd ca. 100 millionar.

SV-kommunane best på omsorg

Torsdag 16. august var det eit oppslag i Dagbladet som viser at kommunar som har SV-ordførar er betre enn AP, Frp og Høgre på eldreomsorg. SV-kommunane prioriterer å bruke pengar på omsorg fordi dette er noko av det aller viktigaste i samfunnet. I Troms vil SV, dersom vi får tillit hos veljarane fortsette med dette.

SV vil bygge ein eldreomsorg som tar menneska på alvor, ein eldreomsorg som er opptatt av kunnskap og kvalitet, ein eldreomsorg som gjer det mogleg for folk å bu heime så lenge som mogleg og ein god sjukeheimsplass når det er naudsynt. Då må vi satse på dei ansatte og ta deira kunnskap på alvor. Vi må få ned den uønska deltida innafor omsorgsektoren.

Vi gjer dette fordi sosialisme er å ta menneske på alvor i alle fasar av livet. Samfunnet skal skape god omsorg og gode skolar. Då må vi prioritere fellesskapet.

Exit mobile version