Fiskevernsona og gråsona etter "Elektron"

Den siste norske grensa til lands vart trekt i 1826, mellom Noreg-Sverige og Russland. Den siste hendinga med trålaren ?Elektron? viser tydeleg at ikkje alle grensespørsmål er avklarte. I Barentshavet er det to omstridte område – der norsk handheving av fiskerireglar og rett til olje- og gassressursar er uavklart. Det eine spørsmålet er vernesona rundt Svalbard, det andre er grensa mellom Noreg og Russland i Barentshavet. Desse to sakene må sjåast i samanheng.

Det omstridde grenseområdet i Barentshavet dekker 155000 kvadratkilometer hav med viktige fiskeressursar og med potensiale for utvinning av olje og gass. Det står med andre ord store økonomiske verdiar på spel i forhandlingane mellom Noreg og Russland. Både Noreg og Russland innførte 200 mils økonomisk sone i 1976. Noreg meinte den gongen at grensa mellom dei to sonene skulle følgje midtlinjeprinsippet, altså ei linje som går midt mellom territoriet til dei to statane. Russland meinte at skiljelinja skulle følgje sektorprinsippet, altså ei linje trekt frå grensa i Varangerfjorden og rett til polen. I 1978 vart Noreg og Russland samde om ein ?gråsoneavtale? for å kunne ha kontroll med fisket i det omstridde området. Gråsona ligg i den sørlege enden av det omstridde området og dekkjer 67 000 kvadratkilometer. Gråsona dekkjer berre ein liten del av det omstridde området, og i tillegg ligg 22000 kvadratkilometer (tilsvarer Oppland fylke) av gråsona på det som er uomstridt norsk områda, medan gråsona berre dekker ørlite (3000 km2) av det som er uomtvista russisk område. Gråsoneavtalen gjeld berre for eit år om gongen.

Havrettstraktatens artikkel 15 og Genevekonvensjonen av 1958 fastslår at midtlinjeprinsippet skal vere det normale når ein skal strekke grenser til sjøs. Ut frå dette står det norske kravet på trygg folkerettsleg grunn. Det er i traktatane opna for at det kan gjerast unntak frå dette prinsippet om spesielle omsyn talar for det. Usemja mellom Noreg og Russland handlar om kor vidt det finst spesielle omsyn. Russland viser til at dette er i polområda og at Russland allereie i 1926 gjorde krav på øyer i havet nord for Russland ut frå sektorprinsippet. Det er dermed ikkje eit opportunistisk krav lage i denne samanhengen. Også Canada legg tilsvarande prinsipp til grunn i si forståing av grensene i nord. Det kan og vere verd å peike på at krava i Antarktisk (med unntak av det norske) blir avgrensa av rette sektorlinjer trekt mot polen. Det kan og leggast vekt på at det bur fleire på russisk side av grensa enn på norsk side. Dette understrekar behovet for å halde oppe folketalet i Nord-Noreg og Finnmark spesielt.

Det har frå norsk side vore eit sterkt ønske om å oppnå semje med Russland om grensa til sjøs. Det blir sett på som tryggare med klart definerte grenser mot den store naboen vår. Frå Russland har ikkje dette ønsket vore like sterkt. Det heng sjølvsagt saman med at Gråsona går langt inn i norsk område, men også ei langsiktig haldning frå russisk side med ønske om fellesstyre i nord. Dette er spesielt i høve til Svalbard, men gjev seg nok og utslag med omsyn til Gråsona.

Det er vanskeleg å sjå striden om gråsona avskilt frå den andre store betente saka i nord. Striden om fiskevernsona rundt Svalbard og i kor stor grad Noreg har rett til å forvalte fiskeressursane og eventuelle oljeressursar i denne sona.

Noreg fekk suverenitet over Svalbard i 1925 gjennom Svalbardtraktaten. Traktaten gjev alle like rettar til å utnytte ressursane på øygruppa og norsk skattelegging må avgrensast til det kostar å administrere øygruppa. Den avgåtte regjeringa foreslo ein skattesats på 10 prosent for næringsverksemd på øygruppa.

Traktaten gjeld landområda og territorialfarvatnet rundt Svalbard. Frå norsk side har det vore hevda at traktaten derimot ikkje gjeld på kontinentalsokkelen og i den økonomiske sona rundt Svalbard. Noreg har fått liten aksept for dette synspunktet internasjonalt. Frå norsk side blir det hevda at norsk suverenitet gjeld uavgrensa der det ikkje er sett konkrete sperrar mot dette i traktaten og at internasjonal rett har utvikla seg mot at kyststaten skal få større suverenitet og kontroll over hava og at det ville vere urimeleg at ikkje den same utviklinga skulle gjelde på Svalbard. Noreg har valt ikkje å sette desse spørsmåla på spissen. Vi har ikkje oppretta ei vanleg økonomisk sone rundt Svalbard, men heller valt ei ikkjediskriminerande fiskevernsone. I denne sona blir reglane handheva utan sideblikk til nasjonalitet.

Eventuelle konfliktar i sona går i hovudsak stå mellom Noreg og Russland, men også Island, Grønland og EU har interesser. Russland har i praksis akseptert norsk forvaltning av fiskerireglane i sona, men Noreg har vore svært forsiktig i sine inspeksjonar av russiske skip i sona. Med få unntak arresterer ikkje norsk kystvakt utanlandske farty i vernesona, men nøyer seg med å gje advarslar.

I nyare tid er det nokre heilt få unnatak frå dette. I 1994 arresterte den norske kystvakta ein islandsk eigd trålar som var registrert under flagget til Belize. Grunnen til arrestasjonen var at Belize ikkje har kvote i Barentshavet og heller ingen historiske rettar. I 1998 vart ein russisk trålar oppbrakt for ikkje å ha akseptert forbod mot fiske i eit område med for stor innblanding av småfisk. Trålaren vart slept fri av kystvakta etter diplomatiske samtalar på høgt nivå. Også i 2001 arresterte kystvakta ein russisk trålar. Dette førte til brot i fiskerirelasjonane mellom Noreg og Russland. Etter 2001 har det ikkje vore liknande situasjonar i vernesona før den dagsatuelle saka med Elektron.

Det vil vere naturleg å sjå for seg at vi vil få fleire situasjonar som Elektron i framtida. Det er sannsynleg at russiske reiarlag i større og større grad vil skjele til pengeboka, og dermed bli tøffare, og utfordre Noreg i vernesona. Dette stiler Noreg overfor store utfordringar. Vi må vurdere om norsk kystvakt i større grad fysisk skal gripe inn og ha ei mindre lempeleg handsaming av slike saker som dette. Problemet er at dette kan sette saka på spissen og gjere at vi blir trekt inn for internasjonale domstolar – ei slik rettssak kan ikkje Noreg vere sikker på å vinne. Likevel er det på tide at saka blir avgjort, konsekvensen for fiskeressursane av at det ikkje er avklart kven som fastsett reglane og handhever desse er for store til at vi kan leve med det.

Korleis kan motsetnadene mellom Noreg og Russland om gråsona og fiskevernsona løysast? Det er sjølvsagt ikkje noko enkelt svar på dette, då ville sakene vore ute av verden for lenge sidan. Det er heller ikkje blitt mindre utfordrande etter som det er blitt tydelegare at det er snakk om store verdiar i form av olje og gass i området i tillegg til fiskeressursane. Eg meiner at det kan vere naudsynt å sjå sakene i samanheng. Kanskje vil det vere fornuftig av Noreg å akseptere ei løysning der grensa mellom Noreg og Russland blir mindre fordelaktig for å samstundes få til russisk aksept av den norske forståinga av Svalbard og fiskervernsona. Dette sit nok langt inne, men med det svartfisket som no foregår i Barentshavet må vi vere villige til å sjå på alternative løysningsmodellar.

Det er og slik at det ikkje er uvanleg internasjonalt med ulike løysningar for grensene mellom økonomiske soner og grenser mellom kontinentalsoklane. For Noreg er det avgjerande å få aksept ikkje berre for den norske forståinga av fiskevernsona, men også at kontinentalsokkelen rundt Svalbard er ein del av den generelle norske kontinentalsokkelen og ikkje underlagt Svalbardtraktaten. Dersom det ikkje skjer må eventulle olje og gassressursar på kontinentalsokkelen rundt Svalbard forvaltast etter Svalbardtraktaten. Det vil då bli svært vanskeleg å avgrense utvinninga der av miljømessige grunnar, eller å skattlegge denne utvinninga på eit fornuftig nivå.

Frustrasjonar med universitetet

Eg er av og til (som i dag) litt frustrert over to ting ved Universitetet her i Tromsø.

La meg ta det første og viktigaste først. Eg er deltidsstudent, dvs at eg prøver å studere litt jus ved sida av arbeid og anna eg held på med. Det er sjølvsagt frustrerande å ikkje ha nok tid til eit fag ein studerer, men den verkeleg store frustrasjonen er at forelesningane ikkje er tilgjengelege på nettet. Eg klarer ikkje å forstå korfor ikkje forelesningane blir tatt opp, lagra og gjort tilgjengelege for studentar over nettet. Både for oss som ikkje alltid har tid til å gå på forelesninga, men det vil jo og vere eit fantastisk instrument for repetisjon og ein kunnskapsdatabase for folk som generelt er interessert.

Det vil sjølvsagt vere ein del kostnader forbunden med dette. Det må settast opp litt utsstyr. Du må ha ein person eller to til å legge dette ut på nett etterkvart og servarar og slikt må sikkert endrast på. Eg trur vel ikkje at dette blir stor TV, men det vil bli ein fantastisk kunnskapsdatabase. I løpet av ein to til tre år vil enormt mykje kunnskap vere gjort tilgjengeleg for folk og fe i landet. Eg trur og (sjølvsagt utan å vite det) at dersom dette blir gjort rett vil ein kunne rekruttere mange deltidsstudentar frå heile landet. Det er ikkje utenkeleg at den auka vekttalproduksjonen (studiepoeng heiter det kanskje no) frå desse vil vere nok til å betale for kostnaden ved dette prosjektet og vel så det. Kanskje er det eit uløyst problem knytt til kven som eig ei forelesning. Er det forelesaren, og skal ho ha royalties. Dette kan eg ikkje, men forelesningar er då allereie offentlege, det kan då ikkje vere eit problem at dei blir meir offentlege.

Det som kunne bli stor TV er dersom universitetet satsa på eigenproduksjon av dokumentarfilmar knytt til all den spennande forskinga på universitetet. Eg tru det må vere råd og få det lønsamt og, men det er ein annan diskusjon.

Den andre store frustrasjonen min er at UiT ikkje tar vare på sine tidlegare studentar. Eg studerte eitt år i Kanada, og to til tre gonger i året blir eg kontakta av dei, eg får blad i posten og eg blir invitert til å bidra til å utvikle universitetet der, både med pengar og gjennom å rekruttere studentar. Korfor gjer ikkje UiT det same. Det er fantastiske muligheiter dersom ein skapte arenaer der tidlegare studentar kunne bidra. Dette kostar, men det er no eingong slik at alle store universitet i verda (i alle fall i USA – der dei rike universiteta er) gjer dette. Eg trur ikkje dei ville gjort dte om det ikkje var lønsamt både fagleg og økonomisk. Kor mykje ville det eigentleg koste å vedlikehalde ein database som gjorde at UiT kunne sende meg og andre ein e-post tre til fire gonger i året med informasjon om kva som skjer. Tankar om korleis vi kunne bidra til utviklinga av universitetet og ei oppmoding om å rekruttere studentar? Eg trur det ville vore verd det.

Oljenirvana

Eg skal ikkje påberope meg all verdas kunnskap om Nirvana. Men så vidt eg har skjønt er det ein tilstand av harmoni og glede der alt er bra og ikkje til å tru. Nirvana er sikkert fint og flott, men det forundrar meg at så mange trur at det er olja som skal bringe oss dit.

Redaktøren i Nordlys har hatt nokre kommentarar og leiarartiklar i det siste som viser ei nærmast religiøs haldning til oljeutvinning i nord. Sjå til dømes Om forvaltningsplanen.

Eg er ein av dei som meiner at verda ikkje tar skade av at vi borer litt i Barentshavet, og at den olja og gassen vi finn der kan vere med på å løfte Nord-Noreg. Men, og det er eit stort men, skal vi gjere dette må vi ta minst to omsyn. Det eine er miljøet, det andre er til korleis vi skal få mest mogleg igjen for oljeutvinninga i nord.

Miljøet er viktig i og for seg sjølv. Men det er og viktig for fiskerinæringa og turistnæringa. Vi kan då ikkje for alvor ta sjansen på å skjere av oss to av dei føtene landsdelen står på, mens det nye (olja) i beste fall er halvvegs utvaksen? Vidare veit vi at Barentshavet har ei kort og sårbar næringskjede. Vi har ikkje lov til å gamble med denne. Derfor la oss ta det svært sakte og forsiktig i Barentshavet. Bygge kunnskap på erfaring slik at vi unngår uhell eller utslepp som øydelegg havet vårt. Dette tyder og på at vi må seie nei til olje- og gassutvinning i dei mest sårbare områda.

Korleis skal vi få mest mogleg igjen for olja og gassen? Det einaste som vi veit heilt sikkert er at det ikkje er først og fremst i Nord-Noreg oljekompetansen sit i dette landet. Den kompetansen sit i hovudsak på Sør-vestlandet. Dersom vi no tar sjumilstøvlane på og opnar Barentshavet med eit big bang har ikkje nordnorsk næringsliv sjanse til å ta dei oppdraga som kjem. Syndefloda av oppdrag druknar oss, men vil gje næringslivet på sør-vestlandet høve til å surfe inn og bygge eigen kompetanse på kaldt klima og Barentshavet. Nordlysredaktøren si linje er å be om at vi får minst råd igjen for det som skal skje i Barentshavet. Derfor la oss ta det svært sakte og forsiktig i Barentshavet. Bygge kunnskap på erfaring slik at vi unngår uhell eller utslepp som øydelegg havet vårt. Dette tyder og på at vi må seie nei til olje- og gassutvinning i dei mest sårbare områda.

Fly for solidaritet

Det var med stor glede eg leste at bistandsminister Erik Solheim vil vere med på eit internasjonalt prosjekt der ei lita avgift på kvar flyreise skal finansiere naudhjelp og bistand (Les om dette i VG)

Det er mange utfordringar knytt til internasjonalt solidaritetsarbeid. Ei av utfordringane er at slikt arbeid er at det er dårleg med fast finansiering, og mykje skjer litt tilfeldig. Dette kan vere med på å skape langsiktig finansiering, det vil igjen gjere det råd å arbeide langsiktig med for eksempel AIDS-problematikken. Frankrike har gått i spissen for dette arbeidet, og no følgjer Noreg på som land nummer to.

Eg vil likevel løfte ein advarande peikefinger. Sjølv om dette ikkje er dei store summane (åtte kroner for ein billigbillett) er det viktig at denne avgifta blir lagt kun på internasjonale avgangar. Viss ikkje blir dette nok ei «distriktsavgift» som dei som bur utanfor hovudstaden i hovudsak må betale. Slike avgifter er det mange nok av allereie. På den andre sida viser det seg jo i dei store pengeinnsamlingane at folk i distrikta ofte gjev mest – men la no folk avgjere dette sjølv og unngå denne avgifta på kortbanenettet.

Det internasjonale samfunnet må ta ansvar i Darfur

Darfur er ein provins i Sudan der regjeringa i samarbeid med Janjaweed militsen står for eit folkemord av enorme dimmensjonar. Til no er 400 000 mennesker drept som ein fålgje av konflikta, 2,5 millionar er på flukt og 3,5 millionar menneske har lite eller ingen mat. FN meiner dette er den verste humanitære katastrofa i verda (sjå: http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/africa/3496731.stm).

Den afrikanske union (AU) har på bakgrunn av ein FN-resolusjon fredsbevarande styrkar i Darfur. Desse er dårleg utstyr, utan luftståtte, og alt for få til å på ein effektiv måte patruljere provinsen eller stoppe militsen når denne får ståtte frå fly og helikopter frå regjeringa i Kartoum.

Regjeringa må no ta initiativ og arbeide for fortgang i den internasjonale prosessen for å få på plass FN-styrkar i Darfur som er mange nok og utstyrt for å stoppe det folkemordet som foregår. Noreg må gå i front og stille med styrker, fly og helikopter. I første omgang må Noreg ståtte AU gjennom å stille til rådvelde transport (fly og helikopter) og luftståtte for operasjonane deira.

Strøtankar om rovdyr

Eg har ein liten ide eg tenkte eg skulle dele med dokk – elektronisk løysning av rovdyrproblematikken.

Eg veit ikkje om du har sett korleis dei trener hundar for at dei ikkje skal ta sau? Ein set på eit elektronisk halsband som gjev eit elektronisk støt dersom hunden kjem nær sauane. Dette må det gå ann og overføre til rovdyrproblematikken. Spesielt med omsyn til ulv og bjørn som det jo ikkje er særleg mange av. Korfor ikkje sette eit slik elektrisk halsband på alle ulvar og bjørnar? Vi har vel oversikt over dei fleste? Dette kan utløysast gjennom at det og er ein såkalla rfid brikke i halsbandet. Vi må då og sette ein sendar på kvar sau, slik at ulven og bjørnen får eit støt om dei kjem nærmare sauen enn 5(?) meter. Eg veit ikkje kostnaden med dette, men uhorveleg dyrt er det ikkje. På denne måten kan ein og «gjerde» inn ulven og bjørnen. I Lyngen eksperimenterer dei no med GPS-halband til sauen. Dette må ein kunne kombinere med ein liten sendar som utløyser rfid-brikken og dermed støtet på rovdyret.

Dette går nok ikkje på jerv og gaupe – dei er det for mange av, men dette kunne kanskje vere ein enkel måte å ta fatt i konflikta mellom bønder og rovdyr på. Trur dette er mogleg.

Nokre dyreetiske betenklegheitar er det nok likevel….. Kva trur du