Categories
Internasjonalt

Nordområda!

I morgon kjem endeleg regjeringa si stortingsmelding om Nordområda – så seier i alle fall rykte. Tynt og lite visjonært seier dei same rykta – altså på linje med denne regjeringa sin politikk på alle andre område. Ikkje noko overrasking der. Flølg med her for kommentarar når meldinga kjem.

Categories
SV

SV sitt landsmøte, og AP sitt

Eg var på landsmøtet i SV. Det er tøft. Ein ting er at eg tapte sentralstyrevalet, noko anna er det at fire dagar med intens politikskaping tar på. Det tar litt tid åkomme seg etter eit slikt møte, fordøye inntrykk og forstå kva som skjedde. Det er ei oppleving eg unner alle! Det var eit godt landsmøte for partiet, men og for Nord-Noreg – landsdelen i mitt hjarte. Aldri har SV hatt ein betre næringspolitikk og distriktspolitikk.

Sjø¸lvsagt gjorde landsmøtet vedtak eg er usamd i. Og eg er ikkje slik at eg tap og vinn med same sinn – men alt i alt er eg nøgd.

No blir et spennande kva utfallet blir på AP sitt landsmøte, men eg er trygg på at det blir regjeringssamarbeid om vi vinn valet.

Men
Det viktigaste er at sola skin og våren nærmar seg også her i nord. Det er godt åkjenne sola på kroppen, sjølv om vi ikkje er nakne enno. Det kjem, det kjem!

Categories
SV

Finnmarksloven og dyrt nett

No sit eg på SAS hotellet på Gardermoen og skal i eit møte i SV om finnmarksloven. Loven handlar om kven som skal eige og forvalte grunnen i Finnmark. Det er spennande å kunne vere med på å gjere om på noko av den uretten som er gjort mot samar opp gjennom tida.

Men det eg verkeleg skulle skrive noko om er kor dyrt det er med trådlaus oppkobling på offentlege stader. 70 kroner for ein time betaler eg her – heilt vanvittig. Kanskje burde staten bygge ut eit trådlaust nett over store delar av landet. Korfor ikkje, nett er jo etterkvart blitt nesten like viktig som vegar?

Categories
Ikkje politikk

På tide med ein blogg?

Hei

No har eg tenkt å hive meg på denne bølgja av blogging som går over verda. Eg er svært spent på to ting. 1. Kjem eg til å skrive noko fornuftig, og 2 kjem nokon til å lese dette og svare meg. Følg med, så får vi sjå.