Troms og Tromsø,Vidaregåande

Alle kan søke generell studiekompetanse

Det har blitt ein del styr etter at Utdanningsforbundet i Harstad hadde eit utspel i Harstad Tidende den 11. juni, der dei påstår at vi nektar dei siste Reform 94-elevane å ta påbygging til generell studiekompetanse.

Dette er ikkje korrekt.

Det som er riktig er at vi legg ned det gamle 20-timerskurset for reform 94-elevane som vi hadde i Tromsø og Harstad. Det betyr ikkje at desse elevane står utan eit tilbod. Det betyr at vi vil gjere det same i Harstad og Tromsø som vi har gjort i resten av fylket i lengre tid. Vi vil køyre desse elevane saman, med tilpassingar for reform 94-elevane.

For å få studiekompetanse skal desse elevane ha faga norsk, historie, naturfag, engelsk og matematikk.  Men det må gjerast tilpasningar i matematikk, anten ved å lage eit tilpassa totimarskurs, eller at dei følgjer det vanlege 5-timarskurset. Det siste ville vere best, fordi dette er faget dei fleste av desse elevane slit med (ikkje hatt matte sidan 1.år i vidaregåande, dvs for tre år sidan). Vil derfor rå desse elevane til å følgje heile kurset i matematikk. I denne modellen får vi med andre ord eit betre tilbod for elevane i dette faget!

Reform 94-elevane som har fullført fagbrevet må då konkurrere om dei plassane vi har på lik linje som før. Vi vil og som før prioritere elevane med rett. Til hausten har vi ein kapasitet på 400 plassar påbygging i fylket. Tidlegare års erfaring med at mange ikkje tar plassen eller ikkje møter opp ved skolestart tilseier at vi vil få plass til dei aller fleste med denne kapasiteten, også dei som blir ståande på venteliste etter første inntak.

Det er rimeleg å tru. Men samstundes usikkert om til dømes finanskrisa kan ha verka inn på elevane sine valg mellom utdanning og jobb. Ingen som ikkje har rett er garantert inntak, men slik har det alltid vore. Dette er ikkje ein skolepolitisk skandale, men ei av dei minst smertefulle tilpassingane vi må gjere til ein for tran økonomi i dei vidaregåande skolane i Troms.

Standard
Feature,Vidaregåande

Vi berga fleire opplæringstilbod

vii-1000-forside-200

Den vidaregåande opplæringa i Troms treng 30 000 slike pengesetlar ekstra for å kunne drivast bra.

I dag er eg ein svært glad mann. Vi har i fylkesrådet i dag funne ei løysning som gjer at vi slepp å legge ned service og samferdsel og reiseliv på Sjøvegan og Design og Handverk på Nordreisa vgs. Det var ein lettelse.

Eg vil nytte sjansen til å takke alle som har vist eit stort engasjement for tilbodet i den vidaregåande skolen i Troms. Det engasjementet treng vi framover. Det kjem til å bli tøffe tak om vidaregåande opplæring i Troms framover. Skolane er i dag underfinansiert med rundt 30 millionar. Det betyr at fylkestinget må velge mellom å smale inn tilbodet og legge ned skolar på den eine sida, eller å flytte pengar frå samferdsel til skole.

Eg håper mange vil vere med på å kjempe for meir pengar til vidaregåande skole i Troms. Eg er trygg på at Troms SV vil ende opp med at utdanning trass alt er viktigare enn asfalt.

Vi må nok likevel ha eit fokus på kva tilbod vi skal ha i fylket framover. Det vil bli vanskeleg å ha mange like tilbod i skoleregionane.

Folkebladet skriv om saka her.

NRK Troms her.

Standard
Feature,Troms og Tromsø,Vidaregåande

Opplæringstilbodet i Troms til hausten

På tysdag skal fylkesrådet fastsette opplæringstilbodet i den vidaregåande skolen i Troms for skoleåret 2009/10. Det er ikkje noko lystig affære. Dei vidaregåande skolane i Troms ser ut til å få eit underskott i 2009 på 28 millionar i år. Då må vi dessverre redusere på marginale og små tilbod for å prøve å komme i balanse. Det opplæringstilbodet vi foreslår vil føre til innsparingar på 8,9 millionar (heilårsverknad). I tillegg tilfører vi 13 friske millionar til utdanning i 2009. Det gjev oss eit håp om å komme i balanse i 2009. Samstundes er det ikkje noko tvil om at vi i budsjettet for 2010 må vurdere grundig om vi må flytte pengar frå samferdsel til utdanning for å ha råd til å gje eit godt vidaregåande opplæringstilbod til ungdomen i Troms.

Dessverre er det og slik at når økonomien er det viktigaste styringsverktyet (slik det er i Tromsskolane akkurat no) så er det ofte distrikta som blir hardast ramma. Det er der det er færrast elevar og dermed flest tilbod med få elevar. Det fører til at Nordreisa vgs mister mange fag, spesielt innafor formgjeving og design. Det er trist. Også ved Skjervøy vgs blir to fagtilbod kutta. Vg2 Maritime fag og vg2 Produksjonsteknikk, desse tilboda hadde ein og to søkjarar. Samtidig er det slik at dersom vi hadde latt økonomien vere det einaste styrande burde vi kutta fleire tilbod ved Skjervøy. Det gjorde vi ikkje. Vi kan aldri la økonomien bli det einaste styrande. Hadde vi kutta meir hadde vi fjerna sjølve livsgrunnlaget for skolen. Det ville hatt store konsekvensar for eit Skjervøysamfunn som allereie slit. Lærarane på vidaregåande skole bidrar med stor kompetanse og OK løn inn i sine lokalsamfunn. Det må vi prøve å ta vare på. I trange økonomiske tider forsøker vi etter beste evne å ta vare på distriktsskolane.

Også ved Indre Troms vgs. – skolestad Sjøvegan har dei grunn til å vere misnøgde. Der foreslår vi å legge ned tilboda innafor Service og samferdsel. Desse faga har dårleg søknad over heile fylket, og vi har ikkje råd til to tilbod i Midt-Troms. Vi måtte derfor velge om vi skulle ha det tilbodet ved Sjøvegan eller ved Finnfjordbotn. Eg synst det var vanskeleg, men valet fall på Finnfjordbotn. Det er fleire grunnar til det, men viktige momentar var at Finnsnes har eit større miljø innfor servicenæringane og at vi konkurrerer med ein privat kristen skole i området og eg ikkje ønska å gje dei heile marknaden for Service og Samferdsel i Lenvik og omegn.

Det er fleire andre store endringar rundt i fylket. Kvaløya vgs har fått meir enn ei halvering av søkarar til bygg og anleggsteknikk. Det er ikkje smertefritt å gå frå 90 til 39 elevar. Ein søkar til blomedekoratør på Rå er og for lite til at vi kan alde oppe det tilbodet. Vi må og legge ned ei rad idrettsfagtilbod ved Tromsdalen vgs på grunn av lite søkarar. Vil ikkje ungdomen drive med anna enn fotball?

Av og til kan ein jo lure på om den venstre handa veit kva den høgre driv med. Eg har ansvaret for tannhelse og utdanning i Troms fylkeskommune. Innafor tannhelse ser vi at det er eit stort behov for tannhelsesekretærar i åra framover, men eg må likevel legge ned det einaste tilbodet i fylket fordi det berre var ein søkjar. Her skal skal vi likevel prøve å få til eit desentralisert tilbod for vaksne.

Dette er blitt langt nok, meir av bakgrunnen og søkjartala kan du finne i saksdokumentet som ligg her.

Eg har og lyst til å nytte høvet til å be fleire lese ein veldig god kommentar som eg fekk på ein annan post her på bloggen. Den skal eg skrive litt om etter kvart.

Standard
Troms og Tromsø,Vidaregåande

Renovering av Bardufoss videregående skole

Det er ingen tvil om at det er behov for ei stor renovering av Bardufoss vgs. Det er heller ingen tvil om at denne renoveringa hastar. Tilstandsraporten fylkesrådet no legg fram for fylkestinget viser eit behov på 294 millionar. Eg må likevel ærleg innrømme at eg ikkje forstår kva Roar Sollied kavar seg opp over. Ingen kan vedta å bruke 300 millionar kroner utan at det ligg ei grundig utgreiing i botn om behov i framtida. Hadde fylkeskommunen brukt 300 millionar utan å først gjort grunnarbeidet, då hadde det verkeleg vore ein skandale.

Vi kjem til å legge fram ei sak til fylkestinget i desember. Der skal vi og diskutere budsjettet for 2010 og økonomiplanen for dei neste fire åra. Det er det riktige tidspunktet for å ta ei beslutning. Ingen kan ta ei beslutning før dette tidspunktet. Då vil vi og ha ei sak om behov for framtida. Hadde det ikkje vore galskap å renovert og bygt nytt for mange hundre millionar utan å vite kva tilbod vi skal ha på skolen i framtida og utan å tenke gjennom mulege gevinstar ved ei samlokalisering av Bardufoss og Høgtun? Korleis hadde situasjonen vore om vi først renoverte for mange millionar, for så å måtte bygge om for mange millionar kort tid etterpå?

Så god råd med innbyggarane sine pengar har ikkje eg, har du Sollied?

Troms folkeblad har skrive om saka her.

Saksframlegget til møtet finn du her.

Standard
Feature,Skole,SV,Utdanning,Vidaregåande

Fråfallet, den største utfordringa

Til helga er det årsmøte i Troms SV. Eg sit og kladdar på eit forslag om vidaregåande skole i Troms. Eg tar gjerne mot forslag til korleis eg kan gjere denne teksten betre. Er det noko eh bør ta med? Er det noko eg bør endre på? Kva bør SV meine om vidaregåande skole i Troms. Eg tar med takk mot framlegg i kommentarfeltet.

——————————————————

Fråfallet, den største utfordringa

Troms SV meiner at det store fråfallet i vidaregåande opplæring er ved sida av klimaendringane, den største utfordringa samfunnet i Troms står over for. Troms SV er nøgd med den jobben fylkesrådet gjer med dei vidaregåande skolane, men ønsker seg enno større trykk i arbeidet mot fråfall og for å auke kvaliteten i skolen.

russ

Korleis bidrar vi best til at det og blir ei fagleg knallavslutning på vidaregåande skole? Foto: Geir Halvorsen/flickr.com

Dei tre nordnorske fylka har størst utfordringar knytt til fråfall i landet. Troms SV forventar derfor at departementet deltar saman med fylka i nord for å finne løysningar. I ein periode vil desse løysningane koste pengar. Troms SV vil utfordre departementet til å stille opp.

Troms SV er glad for det som er blitt gjort med prosjekta «Praktisk yrkeskvalifisering» og «Skolebasert formidling av læreplassar» dette er prosjekt som vil bidra til å få ned fråfallet. Dette er likevel ikkje nok. Svært mykje av fråfallet startar før elevane kjem til vidaregåande skole. Nye undersøkingar viser at så mange som ein av fem elevar frå ungdomsskolen ikkje har den naudsynte faglege bakgrunnen for å kunne klare seg i den vidaregåande skolen. Dette krev at vi tenkjer nytt både innafor vidaregåande opplæring og i grunnskolen.

Det kjem i Troms og i heile landet til å bli eit stort behov for folk innan omsorgssektoren. Kommunane har stort behov framover for kvalifiserte helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Dette er trygge val om du vil vere sikker på å få jobb, og det er eit trygt val om du vil jobbe med noko som betyr mykje for menneska rundt deg. Utan kvalifiserte folk i omsorgsektoren blir Noreg eit fattigare og kaldare land. Troms SV derfor trygt rå dei som har interesse for det å velje helse- og omsorgsfag i vidaregåande skole. Spesielt vil vi be gutar om å vurdere slik utdanning. Til neste år gjer fylkesrådet noko nytt i Troms, dei gjev alle som fullfører læreløpet fram til fagbrev som helsefagarbeidar rett til eit ekstra år på skole slik at dei og kan kvalifisere deg til høgare utdanning. Vi veit at mange som blir helsefagarbeidarar har tankar om å ta ei sjukepleiarutdanning. Troms SV er nøgd med at fylkesrådet har gjort dette enklare.

Troms SV meiner at det er viktig å halde oppe den desentraliserte skolestrukturen i Troms. Vi meiner at vi må arbeide for at så mange som muleg har sjansen til å ta i alle fall første året på vidaregåande skole medan dei bur heime. Dette betyr at vi i enno større grad må ta i bruk ny organisatoriske og teknologiske løysningar for å kunne gje gode tilbod over heile fylket.

Troms SV vil advare mot forslaget om at alle yrkesutdanningane skal gje generell studiekompetanse. Dette vil på sikt føre til ei enno større grad av teoretisering av yrkesfaga, og føre til større fråfal eller leide til ei nivåsenking i høgare utdanning. Troms SV meiner det er ei betre løysning å bygge ut y-vegen, der fagbrev gjev rett til høgare utdanning innafor relevante fagfelt.

Troms SV vil ta initiativet til at fleire skal få ei meir praksisnær utdanning. Det betyr at vi i må tilby utdanningsløp der teorien er sterkare knytta til praksisfeltet. Dette kan blant anna skje gjennom eit sterkare vekselspel mellom utdanning i skole og utdanning i bedrift.

Troms SV meiner at ein bør vurdere eit kvalifiseringsår for dei elevane som ikkje har grunnlag for å ta vidaregåande skole. I nært samarbeid med næringslivet kan desse elevane oppdaga at teorien er naudsynt og sjølv oppleve korleis teori og praksis heng saman.

Standard