Eg er i sjokk, trur ikkje det eg ser, ganske enkelt overraska over at folk er i sjokk og vantru over at fleirtalet av innbyggarane i England stemte for å forlate EU, altså Brexit.
Det er underleg at så mange i Noreg, eit land som to gonger har slått fast at det er langt til Oslo, men lenger til Brüssel ikkje kan skjønne at ein også i Yorkshire kan meine at det er langt til London, men lenger til Brüssel. Det gjenspeglar seg i valdagsmålinga til Lord Ashcroft (eg må nesten elske eit land som held seg med arkaiske titlar som Lord, og som brukar dei til dagleg). Målinga viser at det var sjølvstyre som det viktigaste argumentet, sjølv om immigrasjon var det nest viktigaste.
Samstundes er det svært mykje i kampanjen til dei som ville forlate EU som var stygg argumentsjon. Lite av den sangen Jack Berntsen laga i samband med dne norske EU-kampen, «Åpne grenser, åpen port, men vi gjer’kje nøklan bort» gjenspegla seg i kampanjen for «leave».
Den beste kommentaren om folkerøystinga i Storbritannia som eg har lest i dag var i The Guardian. Der skreiv Owen Jones:
Britain is an intensely divided nation. Many of the communities that voted most decisively for leave were the same communities that have suffered the greatest battering under successive governments. The government’s Project Fear relied on threats of economic turmoil. But these are communities that have been defined by economic turmoil and insecurity for a generation. Threats that you will lose everything mean little if you already feel you have little to lose.
Eg veit eigentleg ikkje kva eg ville røysta på om eg skulle røysta i Storbritannia. Eg tippar at eg ville stemt på å bli i EU, mest på grunn av mi konservative grunninnstilling, men eg veit ikkje. Eg liker jo sjølvstyre.
Det blir uansett spennande å følgje britisk politikk framover. Vil skottane bestemme seg for at det er for langt til London, vil Nord Irland og republikken gå saman, og vil EU straffe Storbritannia? Eg skal ikkje spå om det, men driste meg til å spå at om Storbritannia ikkje maktar å gjere noko med dei veksande skilnadane mellom fattige og rike, om dei ikkje klarer å skaffe folk arbedi med anstendige løner så er det ikkje første gongen innbyggarane på dei britisk eøyene gjer ting eliten ikkje vil like. Det gjeld forresten ikkje berre Storbritannia. Det gjeld heile EU.
Det som er realiteten er at dette valet var eit oppgjer med den liberalistiske politikken i EU, der krisa i 2008 vart etterfølgt av ei enorm overføring av verdiar frå skattebetalarane til bankane og finansmarknadane utan at det vart arbeidsplassar av det.
Skilnadene og sinnet veks i takt.