Motsetnadsfylt

Jonas Stein Eilertsen meiner at Tromsø kommune ikkje kan uttrykke venskapleg sympati med Gaza fordi det ville vore utanrikspolitikk. Foto: Ole Morten Melgård/Wikipedia

Det er kanskje berre eg som synst det er artig. Men eg kan ikkje noko for at eg må flire når folk seier ting som står i direkte motsetnad til kvarandre. Det er kanskje ikkje riktig så artig når det skjer av politiske bekvemlegheitsgrunnar.
Hald fram med å lese «Motsetnadsfylt»

All inclusive

Support freedom visiy egypt

Eg har vore på ferie. Ei herleg veke i Egypt, med kone, barn, sol og varm badevatn. Betre kan det knapt bli, men som den gode sosialisten og pietisten eg er, er det alltid minst eit aber.

Det var Bjørnson som i skodespelet «Kong Sverre» lot ein av karakterane seie:

Hver Glædesstund, du fik paa Jord,
betales maa med Sorg.
Om flere følges ad, saa tro,
de gives kun paa Borg.

Sorga ligg i at «All inclusive» konseptet som er ganske fantastisk for ein barnefamilie som berre skal ha ei veke avslapping ikkje er like bra for den regionale økonomien. Nokre hevdar at berre 10 prosent av det du som turist brukar hamnar i den regionale økonomien. Resten forsvinn ut.

Det hotellet vi budde på i Hurghada er eigd av ein av dei rikaste mennene i Egypt. Det er han som fekk fortenesta ikkje folk lokalt. På den andre sida hamnar no pengane i det minste i Egypt (får vi tru) og ikkje andre stader.

Uansett, turisme utgjer over 10 prosent av økonomien i Egypt. Landet kan ikkje komme seg vidare utan turismen. Det er kanskje derfor denne t-skjorta gjorde at eg kunne slappe godt av under den varme egyptiske sola.

Support freedom visiy egypt

I dag kom kapitalismen til rommet

Raketten til SpaceX frå ei prøveoppskyting i 2010. Foto: Wikipedia Commons/NASA/Tony Gray and Kevin O'Connell

I dag klokka 9:44 skaut det private selskapet SpaceX opp den første komersielle raketten som skal frakte varer opp til den Internasjonale romstasjonen (ISS). Med dette opnar eit nytt kapittel i tilhøvet vårt til rommet.

Eg kjenner at eg er litt usikker på om eg liker dette eller ikkje. På den eine sida trur eg at skal utforskinga vår av rommet, og ikkje minst bruken vår av rommet skal bli større, så må det fleire aktørar enn offentlege organ som NASA, ESA og JAXA mfl. På banen. På den andre sida vil det i overskodeleg framtid framleis vere slik at det er skattebetalarane som vil måtte betale dei private selskapa for det dei gjer (utanom det som skjer på satellittsida, men det er ei anna historie). Bør vi verkeleg bruke skattepengar på å skape privat profitt? NASA betaler 1,6 milliardar dollar for 12 turar til ISS.

Her er NASA sin video frå oppskytinga

Eg trur framtida vår ligg i å stadig utforske nye horisontar.

“Go West, young man, go West. There is health in the country, and room away from our crowds of idlers and imbeciles.» «That,» I said, «is very frank advice, but it is medicine easier given than taken. It is a wide country, but I do not know just where to go.» «It is all room away from the pavements.” skal Horace Greely sagt ein gong (det er usemje om kven som er opphavet til uttrykket Go West, young man, go West, nokre hevdar det kjem frå John Soule)

Greely sitt råd vart gjeve i samanheng med busettinga av den Amerikanske Westen. Denne busettinga førte med seg store lidingar for den opprinnelege indianarfolket der, men la oss sjå vekk frå det ein augneblink og tenkje over kvar vi no kan gå for å byggje eit betre samfunn for folk.

Eg trur at i alle fall litt av svaret ligg i rommet.

Kven taper i Europa?

Alexis Tsipras er leiar for Syriza, SVs søsterparti i Hellas. Foto: Joanna/Wikipedia Commons

Det kan godt tenkjast at det er Hellas og ikkje Tyskland som sit med dei beste korta når det no snart skal avgjerast kva som skjer med euroen.

Marshall Auerbach skriv i eit gjesteinnlegg på bloggen til Yanis Varoufakis at:

Alexis Tsipras [leiaren for Syriza] is a good man. At least he’s a very good poker player. He hasn’t yet capitulated to this massive orchestrated pressure and made it clear up front in the Wall Street Journal Germany that there are options for the Greek people which the Germans won’t like: He is, in short, the first Greek politician to use the his country’s leverage over creditors.

Vidare følgjer det av dette at:

The German response so far? “Oops. This guy is blackmailing us. What shall we do?” Because Germany as a creditor nation faces huge losses if the entire banking system starts to come under pressure, to say nothing of the end of their vaunted “wirtschaftwunder” as the entire eurozone implodes. Greece, by contrast, has already experienced 5 years of unremitting economic austerity. The country has been virtually reduced to the state of a barter economy. What has it got to lose at this juncture by refusing to roll over to the Troika?

Eg meiner at den sparelinja som no blir ført i Europa for å såkalt berge euroen er ei oppskrift på økonomisk nedtur. Ein økonomisk nedtur som i hovudsak vil ramme folk som ikkje sit øvst på samfunnspyramiden. Det at det no er ein god sjanse for at dei partia som ikkje legg opp til å følgje Brüssel og Berlin i eit og alt vinn det neste valet i Hellas er eit sunnheitsteikn.

Nobelprisvinnaren i økonomi, Paul Krugman, skriv på bloggen sin:

So Japan, which is spending heavily for post-tsunami reconstruction, is growing quite fast, while Italy, which is imposing austerity measures, is shrinking almost equally fast.

Eg trur Europa og delvis USA er i ferd med å gjere same tabben som då alle landa skulle tilbake til gullstandarden etter første verdskrigen. Den politikken førte til massearbeidsløyse og fattigdom. Om denne paripolitikken skriv Store norske leksikon:

Universitetets sosialøkonomer og flere andre advarte mot paripolitikken, fordi deflasjonen ville føre til innstillinger og store omstillingsvansker for bedriftene, mens direktør Rygg hevdet at parilinjen både var moralsk riktig og nødvendig for å opprettholde internasjonal tillit til den norske kronen

Er det andre enn eg som kjenner igjen denne moralske politikken heller enn den økonomiske realiteten som grunnlaget for det som skjer i Europa no?

Asylsaka i Stortinget

Eg må berre skrive ein rask kommentar om asylsaka i Stortinget. Venstre har lagt fram eit framlegg i Stortinget som er eit bra. Eg er samd med det Venstre skriv, dessverre har det ikkje moglegheit til å bli vedtatt uansett kva SV stemmer.

Mange kritiserer SV for å ikkje stemme på dette forslaget. Det skjønner eg. Det ville vore bekvemt å stemme for det, og hadde SV sine stemmer vore avgjerande meiner eg at vi sjølvsagt skulle gjort det. Sjølv om det skulle bety at regjeringssamarbeidet med AP ryk. I dagens situasjon ville imidlertid det ikkje hjelpe barna som må få bli i Noreg.

Matematikken i Stortinget er slik at vi må få Arbeidarpartiet til å snu om politikken skal bli endra. Presset er så stort på regjeringa at eg trur det er mogleg å få til ei utsetting i alle fall til Stortingsmeldinga om barn på flukt er på plass. Det er då slaget vil stå.

Ein meiningslaus protest i Stortinget no vil berre vere med på å gjere Arbeidarpartiet meir innbitt. Det er ikkje mogleg å få snudd denne politikken utan å få snudd Arbeidarpartiet. Enn så lenge er det betre å halde fram denne kampen i regjeringa, enn å protestere i Stortinget. Eg blir litt optimistisk når så mange fylkeslag i Arbeidarpartiet vedtar gode standpunkt i denne saka.

Vi må derfor ha ein taktikk som gjer at vi kan oppnå målet, framfor å protestere på ein måte som underminerer det endelege målet.

Det endelege målet er sjølvsagt at desse norske barna får bli i Noreg. Dei er jo norske. Eg trur vi skal klare dette, no må presset på Arbeidarpartiet berre auke.

Her er mi løysning

 

Istappar og euro

Istappar kan vere vakre, men foræderiske...

No i desse dagar så heng det store istappar frå hustak, særleg frå hustak som er dårleg isolert. Istappar som trugar med å dette ned å skade oss alvorleg, sjølv om dei kan vere vakre på avstand. Slik er det med euroen og, vakker og lettvinn på avstand, men kjem du nær han må du vere forsiktig med å ikkje få han i hovudet.

Hellas kom nær istappane, og dei fall ned.

Utfordringa med euroen er at han stappar ulike økonomiar inn i ei tvangstrøye. Der alle skal ha same rente, inflasjon og utlånspolitikk. Det går ikkje på eit så mangfaldig kontinent som Europa. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Hellas og Tyskland treng ulik økonomisk politikk. Eller at Tyskland er like skuldig i krisa som Hellas.

Det er dette dei ikkje har skjønt, dei som er ramma av gigantomanien også i det små. Utfordringa med å slå saman sjukehusa i Oslo, er litt den same som å få Tyskland og Hellas til å gå i økonomisk takt. Når noko blir så stort så blir det ustyrleg og med dårleg samanheng. Det blir vanskeleg å sjå ting over avdelingsgrenser eller sektorgrenser.

Når Tyskland (og Noreg) insisterer på å ha store overskott på handelsbalansen med utlandet, så må nokon gå med underskott. Det minner meg litt om ei venninne som ein gong kom blakk heim etter å ha studert i Oslo i ein periode og brukt opp studielånet så alt for fort. — Eg benytta meg berre av dei tilboda som fanst, var forklaringa på at ho var pengelaus. Litt det same kan ein seie om Hellas. Nokon måtte bruke dei pengane som Tyskland (og Noreg) sparte.

Gjennom innføringa av euroen vart det plutseleg lett. Det var akkurat som om Hellas fekk studielån og stipend. Renta gjekk ned til tysk nivå. Det vart nesten gratis å låne pengar. Vi kan sjølvsagt rette peikefingeren mot greske og andre politikarar som har brukt meir pengar enn det dei har tent. Men, vi kan ikkje la vere å sjå det i samanheng med den institusjonelle ramma som vart skapt gjennom innføringa av euroen. Ansvaret vart pulverisert. Sett frå Athen såg det ut som ansvaret låg ein annan stad. Den europeiske sentralbanken fastsette renta, uavhengig av kva som skjedde i Hellas. Sentralbanken måtte sjølvsagt ta omsyn til korleis økonomien gjekk i dei største landa.

Så sit vi i ein situasjon der folk flest i Hellas må ta ansvaret for det som har skjedd kanskje i hovudsak på bakgrunn av hendingar langt borte i Brüssel ein stad. Det greske folket må stramme inn livreima for å sikre at tyske og franske bankar ikkje skal tape pengane sine.

Eg klarer ikkje å sjå at dette er rettferd, at berre ein av aktørane som bygde rammeverket rundt euroen og gjorde krisa mogleg skal bere heile byrda. Det er ikkje meining i at når naboen isolerer taket sitt dårleg, så er det eg som får istappane i hovudet.

Eg meiner derfor at det einaste rette no er å la Hellas få lov til å gå konkurs, slette store delar av gjelda, starte på nytt. Kanskje og på ein kontrollert måte gå tilbake til ein eigen valuta. Då får grekarane sjølv ta ansvaret for låna dei tar opp og renta dei betaler. Investorane og bankane får ta stilling til om dei trur dei får pengane sine tilbake om dei låner ut. Eg trudde at poenget med bankar var at dei skulle vurdere risiko, og ikkje overlate det til andre.

Så er det kanskje og på tide at arbeidsfolk i Tyskland får ta del i overskottet der, gjennom at lønene veks. Noko dei nesten ikkje har gjort på 20 år. Og, kanskje Noreg og bør ta ansvar for å redusere handelsoverskottet vårt gjennom å redusere oljeutvinninga. Ein meir differensiert økonomi i Noreg, høgare løner i Tyskland og ein betre balanse i verdsøkonomien treng ikkje vere ei dårleg løysning på eurokrisa.

Dette innlegget vart først publisert på Nei til EU sine sider under vignetten «Ukens skribent». Bli medlem i Nei til EU om du ikkje allereie er det!