Det er svært sannsynleg at Israel og USAs åtak på Iran fører til at fleire land vil ønske seg atomvåpen. I løpet av ikkje så veldig mange år har USA saman med andre vestlege land gått til åtak på fleire land. Det landet som ikkje er utsett for angrep er Nord-Korea. Det kan verke som det einaste som gjer at du er trygg frå angrep frå USA og villige medhjelparar er at du har atomvåpen.
Dersom målet med åtaka på Iran er å hindre spreiing av atomvåpen så er det kontraproduktivt. Uavhengig av kva som skjer i neste etappe framstår det som sannsynleg at Iran vil forsterke arbeidet sitt med atomvåpen. Det framstår som einaste måten dei kan vere trygge på. Amerikansk etteretning har anslått at Iran var fleire år frå å kunne skaffe seg atomvåpen. Moglegheita for diplomati var ikkje stengt. Det blir derfor vanskeleg å sjå nokon annan grunn for desse åtaka enn at Benjamin Netanyahu treng ein evig krig for å halde seg ved makta. Det var palestinarane på Gaza som fekk gjennomgå først. No er det visst Iran sin tur. Kven er neste?
Det å angripe eit suverent land
Eit av argumenta for meg og mange andre for å støtte Ukraina i kampen mot Russland er at det er grunnleggande viktig for Noreg og andre små land å halde oppe ein internasjonal rettsorden. I folkeretten der ein av dei aller viktigaste reglane er at det er forbudt å gå til åtak på eit anna land. Gjennom måten dei agerer på er det ingen tvil om at USA saman med Israel er blant dei landa som i størst grad har vore med på å undegrave denne regelen. Åtaka på Iran og fleire andre land tidlegare gjev ei melding til verda at berre du er mektig nok så gjeld ikkje reglane for deg.
Eg er veldig glad for at den norske regjeringa tok avstand frå det israelske angrepet på Iran. No håper eg på like klår tale overfor USA.
Ingen støtte til Iran
Eg støttar ikkje Iran. Prestestyret er kvinneundertrykkande, det er udemokratisk og landet har sponsa terror i naboland. Men vi kan ikkje bombe alle land vi ikkje liker. Det er mange land i verda som er kvinneundertrykkande, som er udemokratisk og som fengslar opposisjonen. Noreg bør gjere alt det vi kan for å bidra til endringar i Iran. Men bomber og krig er ikkje måten å få til denne endringa på.
Støtte til Palestinarane
I skuggen av det som foregår i Iran er nauda på Gaza framleis like stor. Barn døyr dagleg på grunn av israelske åtak og utestenging av naudhjelp. Midt oppi det som skjer i Iran må vi ikkje glømme Palestina. Situasjonen der er minst like alvorleg som før.
Lisens for bildet: Northrop Grumman B-2 Spirit, Stealth Bomber, AV-1 – 82-1066 «Spirit of America» at KBAD Barksdale Defenders of Liberty Airshow.” by Christopher Ebdon, CC BY-NC-SA 2.0