NATO og SV

Det er ikkje unaturleg at vi i SV tar ein ny runde om gamle standpunkt når verda rundt oss endrar seg.

På måndag ringte Nordlys meg. Dei lurte på kva eg meinte om NATO. Eg svarte ærleg at eg var blitt i tvil om NATO-standpunktet mitt, og at eg trur at SV bør ta ein grundig diskusjon om NATO. Det kan sjølvsagt hende at det berre er eg som er i tvil, men eg trur ikkje det.

Dette tenkjer eg er dei viktigaste argumenta for og mot akkurat no:

For:

  • SVs alternativ til NATO – eit nordisk forsvarsamarbeid – framstår som ganske urealistisk. Med den tryggingssituasjonen som er no oppstår det ikkje som ein ønska situasjon å bli ståande åleine i tilfelle ein militær konflikt.
  • Det skjer store endringar i forsvarspolitiken i fleire land. Mellom anna Tyskland. Det kan vere med på å gje NATO ei tydelegare europeisk forankring og gjere alliansen mindre avhengig av USA.
  • Putins Russland er blitt uføreseieleg og det skaper ein meit utrygg situasjon for Noreg

Mot:

  • Det aller viktigaste er det openbart store moralske problemet med at NATO er ein allianse med atomvåpen og ikkje har sagt frå seg retten til å bruke atomvåpen først. Frå ei beslutning blir tatt til millionar av menneske kan vere døde snakkar vi om under ein time. Kan vi verkeleg vere ein del av det?
  • NATO har vore og er ein reiskap for USA for å halde oppe eit militært hegemoni i verda. Som ein del av NATO er det norske forsvaret blitt meir som eit ekspedisjonsforsvar til bruk i andre delar av verda enn til forsvar av Noreg.
  • USA er i ein politisk situasjon der det kan bli store endringar. Vi kan fort sjå at Trump eller ein trumliknande figur kan vinne det neste presidentvalet i USA. Er det då fornuftig at vi er avhengig av USA?

Kva kan så vere løysninga for meg og for SV. Eg håper at SV vil ende på eit standpunkt om at vi framleis bør bygge ned avhengigheita av NATO og store militæralliansar, men at utmelding av NATO vil vere uaktuelt før vi har eit alternativ som kan sikre Noreg i ei omskifteleg verd. Det alternativet kan vere nordisk forsvarssamarbeid eller europeisk tryggingsgarantiar, men det vil etter alle solemerke ikkje vere noko som oppstår dei neste fem, 10 eller 20 åra. Vi må vere tydelege på at før det er på plass vil ikkje SV støtte utmelding av NATO.

Det er eit standpunkt som eg trur vil stå seg og som gjenspeglar både makttilhøva i verda og at Noreg treng ei alliansetilknytting som gjer at vi ikkje blir ståande åleine i ein eventuell krig. Eg meiner at dette og er i tråd med den politikken SV faktisk har praktisert dei siste 20 åra eller meir sjølv om det ikkje er dette som faktisk står i programmet.

Trist atomvedtak i kommunestyret

Forsvaret har laga ein risikoanalyse av å ta mot reaktordrivne farty til Tromsø. Vi har fått tilgang til den sladda versjonen. Last den ned her om du vil lese. Det er ein god del som manglar, men det som står er interessant nok.

For det første erkjenner forsvaret at dei ikkje veit så mykje om reaktordrivne ubåtar:

Vidare skriv forsvaret at det ikkje er gjort berekningar for Grøtsund, vi baserer oss på berekningane for Haakonsvern i Bergen:

Basert på berekningane frå Haakonsvern får vi dette kartet for kva som vil skje ved ei alvorleg ulykke. Alvorleg er ikkje definert i rapporten:

Som vi ser ender store delar av Tromsøya opp i kategorien «Shelter» som eg reknar med betyr at ein må halde seg innomhus. Men kva dei ulike kategoriane betyr er heller ikkje definert i rapporten.

cGy er centigray som er eit mål på kor mykje stråling eit objekt har absorbert.

Sjansen for at det skal skje eit uhell med ein slik båt er veldig liten. Eg vil tru at terror er det som gjev størst fare for at noko skal skje. I rapporten er det meste som handlar om truslar sladda, men dette står igjen:

Med bakgrunn i at terror kanskje er den største trusselen i fredstid så forundrar det meg at ein ønsker denne typen fartøy til ei sivil hamn. Trygging og sikring av slike fartøy vil måtte bli ei stor oppgåve for det norske forvaret. Eg kan ikkje forstå anna enn at ei slik sikring ville blitt betre og enklare ved ei militær hamn som var til rettelagt for det.

Uansett konklusjonen i rapporten er grei og ikkje uventa:

Men på bakgrunn av dette, og med tilleggsrisikoen vi tar på oss i eit større strategisk spel så meiner eg det er uansvarleg å ta mot denne typen fartøy ved ei sivil hamn nært Tromsø by.

Atomvåpen

Dette er og basert på at ubåtane ikkje har atomvåpen om bord. Noreg sin regel (Bratteli-doktrinen) er at vi forventar at dei skal vere utan atomvåpen, men at vi ikkje spør. Den ubåttypen som det er mest sannsynleg kjem inn til Tromsø er båtar av Los Angeles klassen. Denne klassen ubåtar vil vanlegvis ikkje ha atomvåpen om bord. Men dei kan ha det. Dei har Tomahawk missil som kan bære stridshovud med atomvåpen. Los Angeles klassen er sakte i ferd med å bli erstatta av Virginia-klassen. Dette er og ein ubåt som hovudsakleg er tenkt til å jakte på andre ubåtar og skip, men det er betydeleg meir sannsynleg at dei har atomvåpen om bord.

Skulle det mot formodning dukke opp ein Ohio-klassebåt ved kai i Tromsø kan vi vere heilt sikre på at det er atomvåpen om bord og sannsynlegvis at båten har store problem. Dei ville nok ikkje kome til hamn her om ikkje det var tilfelle.

Vedtaket i kommunestyret

I mars 2019 gjorde kommunestyret eit svært godt vedtak. Då sa vi frå om at vi ikkje ønska reaktordrivne fartøy til hamn på Grøtsund. Dessverre gjekk kommunestyret delvis tilbake på dette i går. AP, Sp, V, Krf, H, Frp og NTB gjekk saman om dette forslaget:

  • Kommunestyret vil understreke at Tromsø kommunes primære anliggende er å trygge og sikre egne innbyggere. Tromsø kommune skal bidra til at befolkningen får nødvendig informasjon og kunnskap om aktiviteten ved Grøtsund havne- og industriområde.
  • Tromsø kommune er opptatt av å bidra positivt inn i forpliktelsene Norge har som medlem av forsvarsalliansen NATO og skal legge til rette for alliert tilstedeværelse i kommunen og i nordområdene.
  • Tromsø kommune skal sette i gang arbeidet med å få̊ på plass nødvendig beredskapsplanverk slik at allierte fartøyer kan anløpe Grøtsund havne- og industriområde. Arbeidet forutsetter at Forsvaret ferdigstiller ROS-analysen som skal ligge til grunn for beredskapsplanverket. Arbeidet med beredskapsplanverket skal gis høy prioritet.»

Det er jo særleg punkt to som er problematisk i denne saka. Men det er viktig å få med seg at kommunestyret ikkje sette til sides vedtaket frå mars 2019. Det er rett og slett litt usikkert kva som er kommunens si haldning akkurat no.

Frå SV si side var vi med på eit siste tilleggsforslag for å prøve å sikre at dei som bur langs vegen ut til Grøtsund ikkje skal bli skadelidande på grunn av auka trafikk. Det forslaget var slik:

Kommunestyret vil påpeke at reguleringsplanene for Grøtsund angir rekkefølgekrav som må være ivaretatt før området kan tas i bruk. I forbindelse med avtale om mottak av allierte fartøy må det avklares hvilke rekkefølgekrav som eventuelt utløses av aktiviteten, samt sikres at disse ivaretas.

Men til sjuande og sist er det departementet som avgjer om det skal tillatast anløp i hamna på Tønsnes. Anten gjennom loven eller enkeltvedtak. I så fall får vi berre gjere vårt beste for å sikre innbyggarane i Tromsø.

Marerittet var likevel ikkje borte

Eg var ein av dei som hadde mareritt om atomkrig på 80-talet. Då muren fall tenkte eg at no var det over. Vi treng ikkje lenger ligge vakne om natta i redsel for ein atomkrig. Det varte ikkje så alt for lenge. No, 30 år seinare, er faren for atomkrig større enn på lenge.

Soppskyen etter Nagasakibomba. Det bør ikkje bli fleire slike bilde. Foto: Office for Emergency Management. Office of War Information. Overseas Operations Branch. New York Office. News and Features Bureau. (12/17/1942 – 09/15/1945)

Russland og USA har sagt opp avtalen som fjerna mellomdistanserakettar med atomvåpen. No kan det igjen bli slik at det berre vil vere nokre få minutt før store og små byar i Europa kan bli treft av atombomber. Med kort varslingstid vil ingen kunne unnsleppe. Igjen kan det vere på tide å bekymre seg. Med ein Trump i det kvite hus som vi ikkje kan vere sikre på kva vil gjere, og med ein Putin i Kreml som er besatt av Russlands storheit er faren større enn på lenge.

Dommedagsuret viser no to minutt på midnatt. I 1991 var det 17 minutt til midnatt. Vi er skremmande nært.

Det er i denne situasjonen at eg saman med Marta Hofsøy frå Ap foreslår i kommunestyret skal slutte seg til ICANs Cities Appeal. ICAN er den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen. Dei har vunne nobelprisen for arbeidet sitt. Dei ber byar over heile verda slutte seg til denne appellen:

Byen vår er djupt bekymra for den alvorlege trusselen som atomvåpen utgjer mot lokalsamfunn verda over. Vi meiner at innbyggarane våre har rett til å leve i ei verd fri for atomvåpen. Ein kvar bruk av atomvåpen, enten bevisst eller på grunn av feil eller uhell, vil ha katastrofale, omfattande og langvarige konsekvensar for menneske, samfunn og miljø. Derfor stør vi FN-traktaten som forbyr atomvåpen, og oppfordrar den norske regjeringa til å bli del av avtalen.

Tromsø blir ikkje åleine om å slutte seg til denne appellen. Byar som Los Angelsen, Toronto, Sydney og Manchester har saman med mange andre slutta seg til. Vi vil at Tromsøs stemme skal slutte seg til korset som krever ei atomvåpenfri verd no.

Amerikanske styrkar i Troms bidrar ikkje til avspenning i nord

Nordlys melder at det blir diskutert at det skal vere fast utstasjonering av amerikanske styrkar i Troms. Det kan kanskje høyrast tilforlateleg ut å stasjonere amerikanske og allierte styrkar fast i Troms. Det er då ingenting galt med allierte styrkar i Noreg?

US Marines trener landsetting under Cold Response 2012. (U.S. Marine Corps photo by Lance Cpl. Marcin Platek)

For å svare på dette spørsmålet er det lurt å starte med formålet med forsvaret. Det er å skape ein så høg terskel for ein angripar slik at vi aldri kjem i krig. Og, om så galt skulle skje er formålet å forsvare landet. Noreg har vel berre ein potensiell militær utfordrar. Det er Russland. Det viktigaste for forsvaret og Noreg er då å stille seg sånn at vi ikkje kjem i krig med Russland.

Det er mogleg å forstå at Russland er mistenksam på intensjonane til NATO. Dei ser at den gamle fienden NATO nærmar seg dei russiske grensene, dei føler seg omringa, og det er mogleg å trur at dei føler seg trua og pressa inn i eit hjørne. Eg har aldri gått på bjørnejakt, men eg tenkjer at å presse ein bjørn inn i eit hjørne er lite lurt, i alle fall om du er den som er i nærleiken.

Derfor valde Noreg gjennom heile den kalde krigen å seie nei til permanent basering av allierte styrkar i Noreg. Vi ville ikkje presse bjørnen inn i eit hjørne. Fordi det var oss labbane ville treffe om han langa ut. Det er enno betre grunnar til å halde fast ved denne politikken no. Derfor er det negativt for norsk tryggleik at det vart fast stasjonert amerikanske styrkar på Værnes, derfor kjem det til å vere enda meir negativt om det blir fast utstasjonering av amerikanske styrkar i Troms.

Samstundes med at denne saka blir diskutert, så aukar spenninga i nordområda. The Independent Barents Observer viser til russiske dokument som held fram Svalbard som eit av områda der det kan bli militær konfrontasjon mellom Russland og NATO.

Det er viktigare enn nokonsinne å halde på lågspenninga i nord. Då treng vi eit truverdig norsk forsvar, laga for å forsvare Noreg, ikkje for å delta i militære ekspedisjonar i Nato-regi, og vi må halde fast ved dei reglane vi hadde under den kalde krigen. Ingen utanlandske styrkar i Noreg i fredstid, og grenser for kor nært Russland alierte styrkar kan øve.

Amerikanske atomubåtar til Tromsø

Det er sjølvsagt ei stor sak at vi skal få atomkraftverk inn i Tromsø by. Det er realiteten med å få atomdrivne ubåtar til Tromsø. No trur ikkje eg at det er livsfarleg. Det er trygge reaktorar og sjansen for at det skal skje noko medan dei er her som får konsekvensar for oss er svært liten. Det vi burde ta ein diskusjon om er korleis vi kan vere sikre på at desse båtane ikkje har atomvåpen om bord.

Kanskje er dette ein av ubåtane vi får sjå i Tromsø? USS Virginia er ein av dei nyare amerikanske atomubåtane frå 2004. Det er ein ubåt laga for å jakte andre ubåtar og har ikkje atomvåpen om bord. Foto: Wikimedia/U.S. Navy photo by General Dynamics Electric Boat

La oss først slå fast og vere samde om at sjansen for at det skal vere atomvåpen ombord er mykje mindre no enn det var under den kalde krigen. I 1991 sette US Navy alle taktiske atomvåpen på land. Det er derfor no berre strategiske atomvåpen om bord på amerikanske ubåtar, og det er berre dei fjorten Ohio-klassebåtane som har atomvåpen ombord. Det viktigaste våpenet om bord på dei andre ubåtane er Tomahawk-missilet, ein kryssarrakett. I dag har desse missila ikkje atomstridshovud, sjølv om nokre av dei hadde det under den kalde krigen.

Det vi ikkje veit er kva type ubåtar som kjem til å legge til land i Tønsvika i framtida. Eg ringte FOH på Reitan i dag for å spørre dei. Eg tenkte det var best å gå rett til kjelda. Dei kunne ikkje, eller ville ikkje svare på om det var aktuelt at ubåtar av Ohioklassen skal komme til Tromsø, men at amerikanerane var svært klar over at Noreg ikkje tillet atomvåpen i fredstid.

I pressemeldinga frå FOH er dei likevel eksplisitte på dette. Der står det:

Det ligger nå i planene at amerikanske ubåter jevnlig vil ha havneligge i Tromsø for mannskapsbytte/hvile og proviantering. Fartøyene det dreier seg om er ikke strategiske ubåter, og bærer følgelig ikke atomvåpen.

Eg må berre innrømme at eg likevel er litt skeptisk.

Eg prøvde å spørre litt meir, for under den kalde krigen, då Noreg hadde same haldninga, vart dettte løyst gjennom «don’t ask, don’t tell». Norske styresmakter sa at dei hadde sagt frå til USA om kva som var rett, og at ein rekna med at amerikanarane aksepterte dette. Men ein spurte ikkje direkte om amerikanske skip som kom til Noreg hadde atomvåpen om bord.

Denne haldninga må vi bort frå. Atomvåpen er framleis ei av dei aller største farane på denne jorda. Framleis er atomvåpenarsenalet så stort at det kan utslette alt liv på jorda fleire gonger. Totalt er det over 15 000 atomstridshovud i verda. USA og Russland har 93% av desse.

Land Antal atomvåpen
Russland 7 300
USA 6 970
Frankrike 300
Kina 260
Storbritannia 215
Pakistan 130
India 120
Israel 80
Nord Korea >15
Kjelde: http://www.ploughshares.org/world-nuclear-stockpile-report

Eg meiner det er viktig at departementet no legg opp til at ein spør amerikanarane direkte før kvart anløp (som må godkjennast av departementet) om det er atomvåpen om bord, og ber om ei forsikring om at det ikkje er det.

I dagens klima burde det vere mogleg å få til

Walmart på Ramfjordmoen og frihandel mellom EU og USA

Kva om Walmart etablerte seg på Ramfjordmoen og E8 vart lagt om Malangen? Og kva har det med ein frihandelsavtale å gjere? Sjå videoen for svar.

Nokre lenker om du vil lære meir:

Exit mobile version