Categories
Ikkje politikk Troms og Tromsø

Ein polekspedisjon

Endeleg kom snøen til Tromsø. Det var ikkje ein augneblink for tidleg, men når eg sykla heim frå arbeid i dag, då merka eg snøen. I byrjinga tenkte eg ikkje så mykje på det. Vi er jo van til at det er litt snø i gatene, men etterkvart vart det ei utfordring. Snøen pakka seg mellom hjul og skjerm.

Eg måtte stoppe kvart femte minutt og banke snøen laus. Etterkvart måtte eg grynne til opp til navet. Det gjekk saktare og saktare, men eigentleg var eg ganske nøgd. For mitt i all denne snøen tok eg til å få ei kjensle av polekspedisjon. Eg kjempa meg fram med tung sykkel gjennom snøen. Motstanden var hard, men det at det trass alt gjekk framover fekk fram den gode kjensla av å vere ein sterk mann som overvinn naturkreftane for å komme heim til kjerring og ungar. Det var derfor ein våt og kald, men ganske fornøyd mann som kom heim etter arbeid i dag. Den gode kjensla vara i eit par sekund. Der kom polkjempen, urmannen litt stolt over kor fort det trass alt gjekk. Ho eg bur saman med delte ikkje heilt den oppfatninga.

— Kor du vart av, skulle ikkje du lage middag, seier ho ganske spist

— Jo, svarte eg, men det var mykje snø, eg kjempa meg fram gjennom snødrivene. Kulturstien var verkeleg ei utfordring.

–Kulturstien, for ein tosk du er, i denne snøen. Ikkje rart du er sein!

Og når trappa var allereie var måkka (av andre enn eg) og middagen ferdig, ja då gjekk eg inn og åt middag med ein mindre bratt nakke enn eit halvt minutt tidlegare.

Categories
Ikkje politikk

Datanerden i meg

Som den gode datanerden eg av og til er, har eg no gjort noko nytt. Eg har installert ei ny bloggprogramvare. Første gong eg har gjort noko slik. Artig å få det til. Dei gamle blogginnlegga mine finn du på blogg.skogholt.org, men eg håper å få flytta nokre av dei over hit snart. Skal og gjere eit forsøk på å gjere denne bloggen litt vakrare med tid.

Categories
Ikkje politikk Satire/ironi/humor

Smaken av batteri

Huska du korleis batteri smaka? Foto: Rob Nunn/http://www.flickr.com/people/scalespeeder/

Ein gong i min pure ungdom lærte eg meg at du kan smake på eit batteri for å finne ut om det er straum igjen på batteriet. Dette funka først og fremst på dei gamle flate 4,5v batteria som no er blitt meir eller mindre borte. Det var lett å få begge polane borti tunga samtidig. Og var det straum, vart det og ei herleg sitring.

Dette har fått meg til å tenke, på kraftkrisa i Midt-Noreg. For det eg huskar frå barndomen er at det nesten alltid var litt straum att på batteriet, også etter at lommelykta ikkje funka lenger. Og slik er det på dei aller fleste batteri, det er litt straum igjen. Eg tør ikkje tenke på kor mange batteri som blir kasta kvar dag med litt straum igjen på, men mange er det.

Burde vi ikkje fått til ein nasjonal dugnad der vi samla inn desse batteria og sendte dei til Midt-Noreg? Då kunne vi bygd ein batteritappingsfabrikk i Skogn som var spesialkontruert for å tappe siste rest av alle batteri. Det ville vore eit godt og miljøvenleg bidrag til å løyse kraftkrisa.

Eller – det trur eg eigentleg ikkje.

Categories
Ikkje politikk

På tide med ein blogg?

Hei

No har eg tenkt å hive meg på denne bølgja av blogging som går over verda. Eg er svært spent på to ting. 1. Kjem eg til å skrive noko fornuftig, og 2 kjem nokon til å lese dette og svare meg. Følg med, så får vi sjå.

Exit mobile version