Fleire gule kort

Det er ei stund sidan fotball VM. Det einaste det betyr er at eg no må få ut irritasjoen som har bygd seg opp over tid. Det handlar om skjortehalding.

Slepp fotballspelarane fri! Foto: Jan Solo/Flickr https://www.flickr.com/photos/jansolo09/3969570423/
Slepp fotballspelarane fri! Foto: Jan Solo/Flickr https://www.flickr.com/photos/jansolo09/3969570423/

Eg er ikkje sånn lidenskapleg opptatt av fotball, men ser ein kamp i ny og ne. Gjerne når det er EM og VM og sånt. Kvar gong kjenner eg at eg blir irritert. Litt på filming og sånn, men aller mest på skjortehalding. Denne haldinga som går ut over dei verkeleg gode spelarane slik at dei ikkje får vist oss det dei verkeleg kan.

Derfor har eg eit forslag. Eg vil ha videodømming etter kampen. Eit panel på tre dommarar tildeler gult kort til alle som så mykje som har nappa i ei skjorte i løpet av kampen.

Sånn, då har eg fått det ut av systemet.

Skoleruta i Tromsø 2014-2015

Så vidt eg har klart å finne så har ikkje Tromsø kommune gjort skoleruta tilgjengeleg i eit format som gjer det lett å ta ho i bruk på diverse elektroniske duppedittar. Eg har derfor skrive ho inn i Google sin kalender og lagt den open for deling slik at alle kan ta den i bruk. 

Dersom du vil legge til kalenderen i din eigen google kalender er det enklaste å trykke der det står +Google Kalender nederst på høgresida i kalenderen eller så kopierer du adressa til ical versjonen. Trykker på den vesle pila ved sidan av der det står «Andre Kalendre» når du er i Google Kalenderen din og vel legg til med nettadresse. Lim inn adressa i den boksen som kjem opp. Voila! Du kan og laste ned fila og importere ho til outlook eller andre kalenderprogram. Ical adressa er https://www.google.com/calendar/ical/h65srf6hoehsu61jidc1bij5es%40group.calendar.google.com/public/basic.ics

Skoleruta viser skolestart og feriar for skolar, SFO og kommunale barnehagar og er i tillegg samordnet med videregående skole. Ruta er henta frå Tromsø kommune sine nettsider,

Eg tar ikkje ansvar for eventuelle feil, anten i mi inntasting eller i det som ligg på kommunen sine nettsider

Dei ti beste bøkene om sverd, magi og politiske intrigar.

Eg havnar av og til i diskusjonar om kva som er dei beste bøkene i sjangeren fantasy og science fiction. Desse diskusjonane har dukka opp oftare i etterkant av filmane om «Ringdrotten» (Lord of the Rings) og «Game of Thrones». Eg tenkte derfor eg skulle dele med dokker den definitive lista over dei beste bøkene i desse sjangarane.

Førsteplassen kan det sjølvsagt vere diskusjonar om. Det finst gode argument for å plassere anten «Ringdrotten», «Norske folkeeventyr» eller Grim brødrane si eventyrsamling «Kinder- und Hausmärchen». For meg er det likevel ingen tvil, det beste du kan lese i sjangeren er «The Baroque Cycle». Du vil og legge merke til at eventyrsamlingane ikkje er på lista. Sjølv om dei er spanande og gode fell dei litt utanfor sjangeren, trass alt.

Ok, så er her den, den autorative lista over dei ti beste verka innafor sjangeren fantasy/science fiction.

1. «The Baroque Cycle» av Neal Stephenson er noko av det mest spennande og nyskapande innafor sjangeren. Bøkene er ei blanding av historiske noveller og science fiction. Bør lesast blant anna på grunn av feiden mellom Newton og Leibniz for ikkje å snakke om kryptologien. Gull som ballast er heller ikkje ille.

2. «Ringdrotten/Lord of the Rings» av Tolkien er det ikkje mogleg å komme utanom på denne lista, sjølv om eg eigentleg prøvde. Det skulle ikkje vere naudsynt å skildre denne boka. Les ho, og gjerne på nynorsk. Det gjev ein tilleggsverdi.

3. «Salamanderkrigen» av Karel Čapeker ei bok om skilnader. Boka handlar om motsetnadane mellom menneska og ein rase intelligente salamandarar og kan lesast som ein profeti om katastrofen som den andre verdskrigen er.

4. «The blade itself av Joe Abercrombie er ein del av «The first law trilogy». Eg lar denne boka stå for alle bøkene i og rundt trilogien. Det er ei korrupt og øydelagt verd med korrupte og øydelagte folk både fysisk og psykisk som Logan Ninefingers og toturisten Glotka.

5. Tid for litt tradisjonell science fiction, om ein kan seie det om «Red Mars» og resten av Mars-trilogien av Kim Stanly Robinson. Bøkene handlar om terraforminga av mars, men vel så mykje om korleis ein kooperativ økonomi kan fungere og om fridom.

6. Like lite som det er mogleg å kome utanom Tolkien på ei liste som dette, er det mogleg å unngå Isaac Asimov. Kva bok ein skal velje av Asimov er ikkje enkelt. Han kunne eigentleg fylt denne lista på eiga hand. Men, vi får la det vere «I, Robot», sjølv om «Foundation» nok hadde vore eit like riktig val. Robotbøkene hans har lagt grunnlaget for mykje anna Sci/fi og han er skaparen av dei tre robotlovane. Eg vil og gjerne nemne ei av dei beste novellene nokon sinne, «The Last Question» Les ho!

7. Meir sci/fi, og det må nesten bli «The Reality Dysfunction» av Peter F. Hamilton. Boka er ein del av Night’s Dawn Trilogy og handlar om ei framtid der mennesket har delt seg i to artar, Adamistar og Edenistar og dei har møtte andre intelligente rasar. Det er religion, økonomi og metafysikk.

8. No tar det til å bli trangt på lista, det er så mange som skulle vore med, men det må nesten bli «Enders Game» av Orson Scott Card på åttandeplassen. Dette er sjølve boka om kampen mellom menneska og aliens, men først og fremst handlar det om vala menneska gjer når ein ikkje kan vinne.

9. Denne lista ville ikkje vore komplett utan «Brave New World» av Aldous Huxley. Denne boka er sjølve dystopien om kor galt det kan gå med menneska i ei teknologisk verd.

10. Dette vart vanskelegare enn eg hadde trudd. Det er mange som kjempar om denne tiandeplassen. «Harry Potter» kunne fått plass, det kunne og «Ship of Magic» av Robin Hobb. Eg hadde ikkje gjort meg bort om bøkene om Thomas Covenant the Unbeliever av Stephen R. Donaldson hadde fått denne plassen. Eg trur heller ikkje så mange hadde protestert om ei av bøkene til Raymond E. Feist om Midkemia og the Rift War hadde fått plass på denne lista. Kanskje vil mange og putta ei av bøkene i «The Song of Ice and Fire» på lista, og eg er samd i at Arya Stark fortener ein plass. Naomi Novik sin bøker om dragen Temeraire høyrer ikkje heime på denne lista målt i litterær kvalitet. Men dei er underhaldande og ideen er god. Settingen er napoleonskrigane, men med dragar som fungerer som luftvåpen. Den første boka er «His Majestys Dragon».

Likevel, på tiande og siste plass kjem nok likevel «Neuromancer» av William Gibson. Det er ikkje den første cyberpunkboka, men vi må vel likevel rekna Neuromancer som boka som grunnla sjangeren.

Så, kva synst du? Nokon som er avgløymt? Nokon som ikkje skulle vore på lista?

Ein sjeldan morgon

Det var ein av dei morgonane då alt gjekk på skinner. Ungane var blide. Dei åt frokosten sin utan store diskusjonar, men hyggeleg samtale rundt frokostbordet. (Addexio skal vist starte å spele Star Craft) Kleda kom på utan klager verken på stillongs eller ull. Det var lyst, kanskje sol rundt lønsjtider.

Under over alle under, kanskje kunne eg komme meg på jobb før åtte, nokre verdfulle plussminutt til bruk ein mindre sjeldan morgon.

Eg skulle berre ein snartur innom kjøkkenet før eg kasta meg på sykkelen.

Korleis den flaska med søt chilisaus hadde endt opp heilt på kanten av benken skal eg ikkje gå inn på. Men at flaska stod nær kanten er det ingen tvil om.

Eg slo av lyset, snudde meg raskt rundt med ryggsekk på, full av barnehageting.

Flaska med søt chilisaus stod ikkje lenger på benken…

Godt nytt år

Då er vi i gang med eit nytt år. Eg tør ikkje spå så mykje om det nye året, men nokre få spådomar skal eg kome med:

  1. På denne bloggen vil det kome innlegg som er kritisk til høgrestyret både i Tromsø og i Noreg
  2. Politikken i retning større skilnader vil halde fram i Noreg.
  3. Nokre vil klage på at bustadprisane er for høge, andre vil klage på at prisane ikkje stig fort nok.
  4. Eit forsett om å gjere Noreg mindre avhengig av olje vil dessverre ikkje bli gjennomført i år heller

Nokon som vil vedde mot meg på desse spådomane? Nei, eg trudde ikkje det.

Bloggåret 2013 var for denne bloggen litt så som så. Eg hadde ein god del færre lesarar i 2013 enn i 2012. Ein av grunnane til det var at det i 2012 vart lenka til denne bloggen frå VG eit par gongar, noko som gjorde at besøkstala fauk i vêret. I 2013 skreiv eg nok ingenting som var interessant nok for VG.

Eg blir ofte litt forundra når eg ser kva innlegg som blir mest lest på bloggen. I fjor var det mest leste innlegget eit med den sexy tittelen «Den fylkeskommunale parlamentarismen i Troms«, medan andreplassen vart inntatt av det like sexy «Ein parlamentarisk farse«. Det er tydeleg at dei som les denne bloggen ikkje er mellom dei som klikkar mest på overskrifter som «Se Rihannas ti mest sexy private bilder» OK, no er eg faktisk litt spent på kva for ei av desse tre lenkene som kjem til å få flest klikk. Ikkje skuff meg kjære lesarar, vis at dokker er opptatt av meir enn parlamentarisme!

Tilsaman har eg skrive 617 innlegg på denne bloggen (nokre få av innlegga er skrivne av andre, eg tar gjerne mot gjesteinnlegg om du har noko på hjartet) sidan bloggen vart oppretta i 2005. Åtte år med meir eller mindre aktiv blogging er eg godt nøgd med. Gjennom desse åtte åra er «NRKSUPER og Superia – supert av NRK» det mest leste innlegget av alle. Det skreiv eg i 2009, og det er framleis på topp fem lista.

Til sist, tusen takk for at du les, og kanskje kommenterer det eg skriv. Eg set kjempestor pris på det. Dersom du ikkje vil gå glipp av noko på denne bloggen i 2014, finst det mange måtar å halde seg oppdatert på.

Så til slutt, sida det er så populært får eg vel avslutte med ein litt skremmande selfie frå julkvelden, og med det ønske alle eit glitrande godt nytt år!

Pål Julius Skogholt