Barn av tida

I serien «Etterlatte skrifter etter han Pappa» fekk dokker forrige gong eit politisk skrift om Storfjellvegen, denne gongen blir det ein prolog/dikt. Denne prologen er det mange som huskar og spør etter. Heilt upolitisk er ikkje denne heller

—————

Barn av tida

av Jahn-Arill Skogholt

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk
du som kom for seint til verda
vaks opp på ei søppelfylling
gjort av far og bestefedre
folk som trudde pengar kunne
kjøpe sola, kjøpe månen,
kjøpe lykke, kjøpe helse,
kjøpe kjærleik og respekt,
kjøpe tid som barna åtte,
kjøpe døtres kyss om kvelden,
kjøpe søners kalde blikk.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk,
barn av treet som vi trudde
eingong skulle vekse, vekse
opp i himlens høge hallar.
Lite skjøna vi at vekster
som har rot i gift og rote
veks seg tørt i grein og topp.
Lite skjøna vi at havet
som har famna, som har fødd oss
eingong skulle slå tilbake,
nekte å bli børsnotert.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk.
Barn som ser foraktfullt på oss
veit at kjærleik er ei vare
som kan myntast ut i gaver
pakka inn i glatt papir,
veit at framtida er oppbrukt
ser at soppar syg den bleike
kraft frå treets golde rot,
kjenner eigne krefter koke
koke bort, bli eit problem.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk,
høyr oss alle, demp musikken
høyr, vi tigg tilgjeving, nåde,
sjå, vi lagar fine planar
skrivne ned på blankt papir,
klorbleikt, glansa, godt å ta i
berre kjenn kor dyrt det er.
Sjå, du er i statistikken.
Sår oss ikkje, sei då ikkje
at vi ikkje bryr oss om deg.
Sjå, her står du; ein ressurs.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg opg hard musikk.
Gjer deg hard, still opp volumet
rus deg i musikkens under
ikkje høyr den kalde, kloke
tale frå dei gråe menn.
Ikkje høyr vår bøn om nåde
for vi burde vite, visste
at den arv som du fekk bere
det var tomme, skitne fat.
Med desserten tung i magen
lar vi oppvasken få stå.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk,
kanskje vil du eingong bere
ny og betre jord til treet.
Kanskje er det alt for seint.
Vil du eingong opne døra
og gå innanfor i huset
der ein gammal mann fekk døy
trygg i armen til ei kvinne
som var nær og kjær og varm.
Slik stig livet ut av tala
og blir meir enn statistikk.

Barn av tida
barn av berget
barn av høg og hard musikk.
Demp musikken, høyr oss tale.
Kanskje har du enno evnen
til å skille løgn frå sanning.
Kanskje kan vi enno bygge
bruer til ei betre verd.
Huset står der, la oss tette
taket som er lekkt og rått.
Varsamt, varsamt snur vi jorda,
smuldrar ho og ber ho audmjukt
å gje liv til nye frø.

Storfjellvegen: Ein serie overgrep

Storfjell

I serien «Etterlatte skrifter etter han Pappa» fekk de forrige gong ein prolog, denne gongen blir det meir politisk. Kanskje kan denne artikkelen stå som eit apropos til debatten om Bjarkøyforbindelsen? Det handlar i alle fall om vegen til ei då veglaus lita bygd i Austre-Vågan. Vegen kom nokre år etter at denne artikkelen vart skriven.

STORFJELLVEGEN: EIN SERIE OVERGREP

av Jahn-Arill Skogholt

Storfjell
Utsyn over fjorden frå Storfjell. Vegen visast så vidt.

Eg sit og blar og les i ein bunke papir som har med Storfjellvegen å gjere. Eg ristar på hovudet og undrar: Er dette ein draum, eit mareritt? Eg klip meg sjøl i armen og kjenner smerten. Altså er eg vaken. Det er ingen draum. Dette skjer i Norge i 1995. Eg gjentar: Dette skjer i Norge i 1995. Kva er det som skjer? Ei systematisk trakassering av eit lite bygdesamfunn som kjempar for livet sitt, utført av leiinga i det politisk/administrative apparatet i eigen kommune.

Det renn meg i hug eit lite vers på fire linjer, eg trur det er eit «gruk» av den danske diktaren Piet Hein: «Den dag da Fanden fikk i sind/ at intet skulle ske/ da satte han i verden ind/ den første komité.»

Nåh, la meg med ein gong vedgå at det ville vere galt å gje Fanden skylda for det som skjer eller, rettare sagt, ikkje skjer med Storfjellvegen. Her er det nok andre som gjer jobben betre enn Fanden kunne klart det. Og ordføraren treng ikkje nokon komité. Han har eit råd, eit bygningsråd som har sine sakskart. Men det er tydelegvis også dei einaste karta dei har, iallfall når det gjeld Storfjell.

No tvilar eg ikkje på at både bygningsrådet, teknisk sjef og saksbehandlar juridisk sett har sitt på det tørre. Bokstavleg talt på det tørre, for her knitrar det i tørre lovdokument og stivbeint regelverk. Men å ha sitt på det tørre, er noko anna enn å tørre. I heile denne saka får eg ei ekkel kjensle av at ingen tør gjere noko for å lage ei opning for veg til Storfjell.

Eg har overfor kalla kommunen si handsaming av Storfjellvegen ein serie overgrep og bevisst trakassering. Eg sit att med ei kjensle av at i dei dunkle rom, dit demokratiets nærlys ikkje når, der har nokre snakka saman og avgjort at Storfjell skal døy. Og då kan lovane og reglane vere ei godt skafott, når ein veit korleis ein skal bruke dei.

Det blir ofte i politiske kretsar og i organisasjonsmessige kretsar snakka om at folk er så lite engasjerte, dei sit på sin bak og glanar på TV og skrik på det offentlege om dei synest det er noko dei treng. Folket i Storfjell og i resten av Austre Vågan har i tallause samanhengar vist at dei sjølve er villige til å ta eit tak når det gjeld. Ein ordførar burde juble over å ha slike innbyggarar i kommunen. Han burde gjere alt han kunne for å hjelpe slike folk til ei leveleg framtid, i staden for å slå dei over fingrane kvar gong dei forsøker å hale framtida, for ikkje å seie notida, til seg.

Den måten Storfjell er blitt behandla, er faktisk verre enn eit brotsverk; det er pur dumskap. Saka om Storfjellvegen er eit lærestykke for alle innbyggarane i Vågan: Det er faktisk vi som eier denna kommun» her, så du må’kke komme her og komme her.

Entusiasme og engasjement, det skal leiinga i Vågan ha seg mykje fråbede. Det kan i verste fall øydelegge dei planane som blir lagte i dei indre, dunkle roma der makta sit, skjerma frå demokratiets nærlys.

«Står Storfjell på dødslista?» spør Gunnar Aarstein i Lofotposten 15 juli. Eg er redd han kan stryke spørreteiknet og snu ordstillinga til: Storfjell står på dødslista! Eg er redd for at, uansett kor mykje pengar Storfjell Sanitetsforening og Austre Vågan Innbyggerforening brukar på kartverk og på reguleringsplanar, så vil det alltid finnast ein lovparagraf eller ei forskrift som kan brukast til avslag. Det er det saksbehandlar Willy Engstad seier, nærmast i klartekst, i Lofotposten 10. juli.

Eg trur det er berre på ein måte Storfjell kan bergast. Det er å gje kommunen ei ny politisk leiing til hausten. Men det kan ikkje storfjellingane klare åleine. Det klarar ikkje folket i Austre Vågan åleine. Derfor spør eg velgarane i alle Vågan sine meir eller mindre utkantstrøk: Kor lenge tør dokker å sitte med ei politisk leiing som er i stand til å utvise ein slik kynisk arroganse? Det er Storfjell det gjeld denne gongen. Men når Storfjell er borte, kven sin tur blir det då? Og til alle i Vågan som kjenner seg trygge i relativt sentrale delar av kommunen: Kor lenge vil dokker sitte med eit moralsk medansvar for at slike ting skjer i eigen kommune?

Eg ber dokker tenke på det fram til 11. september.

Eg er ein lærar

 

Denne prologen er skriven av far min, Jahn-Arill Skogholt

Med ujamne mellomrom kjem eg til å publisere nokre av pappa, Jahn-Arill Skogholt, sine tekstar på denne bloggen. Eg synst fleire av dei fortener fleire lesarar, kanskje til og med omtale og debatt. Tidlegare har eg lagt ut boka Grågud og kvitekrist. Her finn du prologen «Eg er ein lærar»

 

Det står skreve:
I byrjinga var ordet.
I byrjinga var hagen.
Og menneska i hagen var nakne og umedvitne
til slangen kom
og freista dei til kunnskap.
Og dei åt av fruktene på treet
og kunnskapen kom inn i verda
og vondskapen kom inn i verda
og det medvite gode kom inn i verda.
Er kunnskapen vond?
Er kunnskapen god?
Kunnskapen er kunnskap.

Når rakettane freser
over ein nattsvart Golf-himmel
står det stor kunnskap bak.
Når legane lindrar smertene
og leger såra
til rakettane sine offer
står det stor kunnskap bak.
Kvadratrøttenes strenge logikk
bryr seg ikkje om moral.
Det er det menneske
kledde i kunnskapen si kappe
utanfor uskylda sin hage
ikkje logaritmenes kurver
som styrer moralen.

Kall meg lærar,
sa han,
vismannen frå aust
formann og dødeleg diktator
for Kinas myriader,
Mao Zedong.
På ei anna kontinent
i landet Elfenbeinskysten
sat presidenten og poeten
Houphouet-Boigny
og sa det same.
Lenger ned på det same kontinentet
skreiv ein mann med mjuk røyst
kjærleiksdikt
mens han leia fridomskampen
i kolonien Angola.
Lege, stod det,i eksamenspapira hans.
Sjøl sa han, Agostinho Neto:
Kall meg lærar.

I Tanzania såg folket
med age og kjærleik
på sin president, Julius Nyerere.
Folket i India flokka seg
kring den barbeinte filosofen
med spinneteinen.
Mahatma Gandhi
førte folket sitt til fridom.
Begge sa dei:
Eg er ein lærar.

Statsleiar, filosof, poet, lege, advokat.
Det var ikkje nok for dei.
Alle ville dei forvalte meir enn det.
Og sa det med dei enkle orda:
Eg er ein lærar.

Ordet lærar har ein undertekst:
Kunnskap, danning, kjærleik, ånd.
Der ordet og underteksten sameinast
blømer verda.
Når underteksten blir redusert
til berre utdanning,
kunnskapsbygging utan ånd og kjærleik
tar den kalde materialismes grådigheit over.

Verbet skal bøye seg for formidling av ånd,
ikkje for gold gramatikk åleine.
Ein skole skal vere ei tempel
ein pagode for ånd og undring.
Herren sa på den første dag:
Det verte ljos!
Og han såg at lyset var godt.
La oss sjå at lyset er godt,
kjærleikens og åndens lys
over kunnskapen.
Då kan vi trygt rette ryggen og seie:
Eg er ein lærar!
Eg lærer!