Eg trur det er fint eg er politikar og ikkje filmskapar! Men her er uansett ei oppsummering av korfor SV i Tromsø meiner det er så viktig å ta vare på nærnaturen, dei grønne lungene og det vi har igjen av naturfjære.
Kategori: Miljø

Det er fire grunnar at det for meg er utforståeleg at regjeringa no går inn for elektrifisering av Melkøya med straum frå land. Særleg når det etter pressekonferansen er tydeleg at regjeringa ikkje har ein tydeleg plan for produksjon av meir straum i Finnmark og Nord-Noreg.
Grunn 1. Vi har lagt bak oss ein sommar med hetebølge, flaumar og den varmaste månaden målt nokon sinne. Vêr er ikkje klima, men vi veit at med klimaendringane aukar risikoen for ekstremvêr av alle typar. Elektrifiseringa vil forlenge fossilperioden når det vi treng fokus på er korleis vi fasar ut avhengigheita våre av fossil energi.
Grunn 2: Stortinget har bede regjeringa vurdere karbonfangst- og lagring på Melkøya. Det har dei sikkert gjort, men at dei valde det vekk er uforståeleg. Ja, det ville blitt ei dyrare løysning, men det ville gjort det mogleg å drive vidare på Melkøya utan store klimautslepp eller enorme naturøydeleggingar som følgje av bygging av nye kraftlinjer. Det er og viktig at vi får i gang bygging av mange fleire karbonfangstanlegg. Desto fleire som blir bygd, jo meir kunnskap om det og billigare blir det. Equinor er eit selskap som har musklar til å bygge dette.
Grunn 3: Vi har ikkje ubegrensa mengdar straum. Når det går 400 megawatt til Melkøya blir det mykje mindre straum att til anna industri, og sannsynlegvis høgare prisar til oss som forbrukarar. Allereie i dagens situasjon er det titals bedrifter som har fått nei til sitt ønske om å kople seg til starumnettet i nord fordi vi manglar straum. Det er feil at fiskeindustrien i nord ikkje skal få utvikle seg, eller Tromsø kommune ikkje skal kunne utvikle Grøtsund hamn og industripark fordi vi skal oppretthalde gassproduksjonen i Barentshavet.
Grunn 4: Ja, vi treng å oppjustere straumnettet, men dei linjene som trengst for å få til elektrifiseringa av Melkøya vil føre til store naturøydeleggingar og komme i konflikt med reindrifta.

I Tromsø er mange av vegane smale. Fortaua er enda smalare. Andre steder er det ingen fortau. Det fører til utrygge skolevegar, og til at det er vanskeleg å komme seg fram om vinteren for både køyretøy og folk. Medisinen for dette er at vi treng å bruke meir pengar på å sikre skolevegane våre, gjere det enklare å gå og sykle og sørge for at bussen går ofte til ein overkommeleg pris.
Dei siste tiåra er det gjort lite eller ingenting med transportsystemet i Tromsø, samstundes har folketalet auka kraftig og det er blitt fleire bilistar, syklistar og gåande på vegane våre. Det blir trangt, og vinterdrift og vedlikehald blir vanskelegare. Derfor treng vi eit krafttak for at dette skal bli betre. Ein byvekstavtale er eit slikt krafttak.
SV meiner at det aller viktigaste vi kan gjere er:
- Å oppretthalde og utvide busstilbodet i Tromsø
- Å sikre trygge skolevegar for ungane våre og at det skal vere trygt og lettvint for alle som går og syklar i Tromsø.
- Gjere vintervedlikehaldet betre for å sikre at bilar, syklande og gåande kjem seg fram, at det går an å komme seg på bussen, utan å skreve over meterhøge skavlar, og at du skal kunne gå med barnevogn utan å måtte gå midt i vegen.
Dette er sjølve basisen av det vi må få til med ein byvekstavtale. Men vi skal sjølvsagt gjere meir. Vi skal få i gang ein blå bybane. Den kan sjølvsagt høyrest litt råflott ut med båt over sunda våre – det er jo allereie bruer. Men bruene er ein barriere for alle som syklar og går. Det er bratt, fortaua er smale og skumle, og vintertid kan bruene vere dårleg brøyta. Ein blå bybane er svaret på denne utfordringa og eit alternativ til enorme investeringar for å løyse dette.
Vi skal bygge ny bussterminal i Giæverbukta. Giæverbukta er Nord-Noregs største kollektivknutepunkt med 760 bussavgangar dagleg og meir enn ein million reisande per år. Passasjerane og bussane treng enklare overgangar og færre rundar i rundkøyringa. Ein ny terminal vil føre til 40 000 færre køyrte kilometer per år for bussane.
Vi skal bygge nye vegar, kollektivfelt, fortau og sykkelvegar som gjer at alle kjem seg lettar fram i tromsøtrafikken – heile året. Vi skal transportere oss på ein annleis måte, slik at vi tar vare naturen og klimaet vårt for generasjonane som kjem etter oss.
Alt dette kostar pengar. Bompengane kan vi berre bruke til investeringar, derfor er statens bidrag så avgjerande for ein vellykka byvekstavtale. Mykje av dei pengane staten bidreg med kan brukast til drift. Drift vil seie vinterdrifta av vegane, fortaua og sykkelvegane våre, drift av ein blå bybane og å sikre hyppige bussavgangar og låge tromsøprisar på bussen.
Derfor er heller ikkje staten sitt tilbod nok. Tilbodet er på litt over 60 millionar meir i året enn det vi allereie får. Dei 92 millionane vi allereie har fått årleg går i alle hovudsak til å sikre låge billettprisar på bussane og hyppige avgangar. Tromsøs månadskort er blant de billigaste i landet. Men, prisstigninga gjer at det blir utfordrande å oppretthalde dagens tilbod og samtidig få til den forbetringa av vinterdrifta vi desperat treng. Å finansiere ein blå bybane blir vanskeleg. Eg meiner at staten sitt tilbod ikkje er i tråd med den avtalen regjeringa inngjekk med SV om statsbudsjettet for i år. Dette nivået handsamar Tromsø annleis enn Bergen, Trondheim og Jæren. Det er eit problem for regjeringa om SV ikkje kan stole på at dei inngåtte avtalane blir oppfylt av regjeringa.
Føresetnaden for bompengane og byvekstavtalen var at alle i Tromsø – uansett om du går, køyrer, syklar eller bussar skulle oppleve forbetringar. Det blir krevjande med dagens tilbod frå regjeringa.

Det er ikkje så alt for lenge til vi skal behandle ny kystsoneplan i Tromsø kommune. Forhåpentlegvis skal det skje på seinhausten i år ein gong. Du kan følgje framdrifta her.
Det blir sjølvsagt mange debattar i den samanhengen, men ei av dei aller viktigaste blir kva område som eventuelt skal settast av til oppdrettsnæringa og ikkje minst kva krav som skal stillast til oppdrettsnæringa for å få bruke fellesskapen sine område.
Eg har lenge argumentert for lukka oppdrettsanlegg og at kommunen må stille miljøkrav til næringa. Eg er derfor glad for at også regjeringa tar til å skjønne dette.
E24 skriv om den nye havbruksstrategien som er varsla frå fiskeriminister Odd-Emil Ingebrigtsen:
Blant virkemidlene som vurderes, er en ny stimuleringsordning for å sluse mer av dagens fjordoppdrett inn i lukkede anlegg.
Den nye ordningen er ikke besluttet ennå. Departementet har startet arbeidet med en innretning, og håper på en avklaring før sommeren.
– Vi ønsker en utvikling som også legger til rette for lukkede anlegg. Kundene krever stadig mer dokumentasjon på bærekraft og miljø, og selv om vi vet at norsk oppdrettslaks er noe av det sunneste du kan spise, er det stadig noen som overser det faktum, sier Ingebrigtsen.
Eg tenkjer dette er eit godt steg i rett retning, sjølv om eg meiner at dei ikkje går langt nok.
I Canada skal dei fase ut opne anlegg i British Columbia innan 2025 i følgje E24 og rundt Discovery Island allereie frå 2022. Det skjer etter press frå urfolk og miljøorganisasjonar. Eg trur det er lurt også fordi forbrukarane kjem til å krevje dette framover. Fiskeriministeren er inne på dette i sitt svar til E24:
– Dette er et isfjell som kommer drivende. Uten kunder blir det lite business. Hvis man ser hvor markedet beveger seg, med EU-taksonomi og dokumentasjonskrav, så tror jeg lukket oppdrett er noe som vil tvinge seg frem av seg selv, sier Ingebrigtsen.
Eg er heilt sikker på at dette kjem. Då er det viktig at vi set oss i førarsetet. At vi tar leiinga på utvikling av teknologien og sørger for at vi kan ha ei vidare utvikling av oppdrettsnæringa.
Korfor aukar utsleppa i Tromsø?

iTromsø har i dag eit oppslag om at utsleppa i Tromsø har auka kvart år dei siste åra. Det er sjølvsagt ikkje bra, men det finst gode forklaringar på korfor dette har skjedd.
Den aller viktigaste grunnen til at det skjer er at vi har fått eit søppelforbrenningsanlegg i kommunen. Utan dette anlegget ville utsleppa vore 30 000 tonn lågare, og vist ein nedgåande tendens. Den søpla som blir brent på dette anlegget vart før brent i Kiruna eller andre plassar. Utsleppa har med andre ord ikkje gått opp, dei er berre blitt flytta frå Sverige til Tromsø. Dei blir derfor ført i rekneskapen vår, medan dei før vart ført på Kiruna sin rekneskap. Sannsynlegvis er dei totale utsleppa gått ned fordi det blir mindre transport av avfall på trailer.
Kvitebjørn har søkt om ei dobling av sin konsesjon til å brenne avfall. Det er avfall som tidlegare har blitt brent andre stader. Det vil føre til at utsleppa i Tromsø kjem til å auke framover utan at dei totale utsleppa i verda vil auke.
Dette er tala frå miljødirektoratet for 2019 som er dei siste tala vi har:
Sektor | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 |
Industri, olje og gass | 225,3 | 178,6 | 58,4 | 310,1 | 52,9 |
Energiforsyning | 0 | 0 | 24 838,6 | 26 025,5 | 32 935,5 |
Oppvarming | 5 219,3 | 7 705,1 | 4 698,2 | 3 811,5 | 5 169,1 |
Veitrafikk | 74 826,1 | 70 847,6 | 65 573,6 | 67 822,1 | 64 916,2 |
Sjøfart | 67 511,8 | 75 377,2 | 81 949,3 | 81 578,5 | 85 352,7 |
Luftfart | 18 294,4 | 18 107 | 19 268,9 | 19 958,3 | 22 164,7 |
Annen mobil forbrenning | 25 585,5 | 28 867,3 | 29 292,1 | 32 252,1 | 22 206,4 |
Jordbruk | 8 705,1 | 8 750,9 | 8 555 | 8 521,6 | 8 758,7 |
Avfall og avløp | 13 029,9 | 12 205,2 | 11 467,9 | 10 997 | 10 365,2 |
Totalt | 213 397,4 | 222 038,9 | 245 702 | 251 276,7 | 251 921,4 |
Det vi ser av denne tabellen er at utan utsleppa frå Kvitebjørn Varme som ligg i sektoren Energiforsyning så ville vi vore under 2016-nivået i utslepp i Tromsø.
Det er fleire ting som er verd å ta med seg frå denne tabellen. Det første som er verd å merke seg er at sjøfart er største utsleppsektoren i Tromsø og at det er ein tydeleg vekst i den sektoren. Her er kommunen gjennom Tromsø Hamn og i samarbeid med Tromskraft i ferd med å sette i gang eit stort arbeid. Dei har – i tråd med Klimaplanen kommunestyret har vedtatt – laga selskapet Arctic Energy Port som skal legge til rettte for landstraum og og leveransar av energi for eksempel hydrogen til sjøfarten. Eg har god tru at dette arbeidet vil føre til ein kraftig nedgang i utsleppa frå denne sektoren. Arctic Energy Port har allereie fått Enova støtte på 16 millionar til dette arbeidet.
Eg synst og det er verd å merke seg at utsleppa frå vegtrafikken har gått kraftig ned. Det tyder på to ting. Det eine er at satsinga på buss, gange og sykkel har fungert og at satsinga på bilar utan lokale utslepp fungerer. Denne trenden vil halde fram og forsterkast når vi får Tenk Tromsø på plass. Det at fleire brukar alternativ til bilen er bra for alle. Det blir mindre bruk av knappe ressursar, betre luft i byen og betre folkehelse. Kudos til alle som har valt å bruke eit alternativ til bilen.
Sektoren «Annen mobil forbrenning» er i stor grad knytt til bygging, graving og den slags. Eg håper at grunnen til at utsleppa her går ned er fordi vi ser større bruk av elektrisitet eller fjernvarme til byggtørk og større grad av bruk av elektriske maskinar. Eg er dessverre redd for at det heller betyr ein nedgang i byggeverksemda i Tromsø i 2019. Dette er uansett ein sektor der kommunen jobbar aktivt for å få til fossilfrie byggeplassar. Det er eit arbeid som må forsterkast.
Kom gjerne med forslag om korleis vi kan bli betre. Har du spørsmål så skal eg og prøve å svare.
Bildet er henta frå sakspapira til kommunestyresak 112/20