Kald januar – eit varmt år

Det har vore kaldt i Tromsø ei stund no. Når vi har ti tolv minusgrader over tid er det lett å glømme eller fortrenge at vi står midt i ei klimakrise. Eg gjer det sjølv når eg frys på fingrane og temperaturen på kontoret ligg litt under det som er aller mest behageleg.

Tverrfjellet no i januar

Realiteten er likevel noko heilt anna. Meterologisk institutt melder at 2025 var det varmaste året vi har målt:

“Landstemperaturen endte 1,5 grader over det som er normal temperatur i dagens klima (1991-2020-normalen). Sammenligner vi temperaturen i 2025 med før-industriell tid (1871-1900), var det 2,8 grader varmere i 2025 “ (met.no/nyhetsarkiv/2025-er-det-varmeste-aret-vi-har-malt )

I tillegg til at temperaturen var høg var det og over normalt med nedbør I 2025.Globalt var 2025 det tredje varmaste året vi har målt. (Copernicus tror vi når 1,5-gradersgrensen ti år tidligere enn ventet – NRK – Klima ) I artikkeln blir det vist til at verden kjem til passere 1,5 gradersmålet ti år tidlegare enn ein hadde trudd før.

Klimaendringane er ikkje lenger framtid, det er noko som skjer her og no. Og, endringane får store konsekvensar for oss. Eit lokalt viktig eksempel er at det strøymer store mengdar varmt vatn inn i Barentshavet. (Varmare vatn fossar inn i Barentshavet: Kan ha funne grunnen – NRK Troms og Finnmark ) Forskarane seier det slik : «– Funna tyder på menneskeleg påverknad på atmosfæren som gjev opphav til langtidstrendar, endrar prosessane i havet. Ringverknadane spreier seg vidare til sjøisen og økosystema i Arktis» (Nye resultat: Derfor fløymer varmt vatn inn i Barentshavet | Havforskningsinstituttet )

Dessverre har klima fått mindre plass i media og vår eiga bevisstheit dei siste åra. Derfor trengst eit parti som SV meir enn nokon gong, fordi vi vil at det naudsynste endringane vi må gjere for å handtere dei endringane som kjem og å gjere dei så små som mogleg treng at vi ser miljøkrav i samanheng med økonomi og skilnader mellom folk. Det kan ikkje vere slik at dei som har minst skal bere den største byrda med å tilpasse samfunnet til klimaendringar og å gjere endringane så små som mogleg.

I Tromsø jobbar vi hardt for å ta vare på naturen runsdt oss. Det er ein viktig beredskap for å handtere klimaendringane at vi har robuste økosystem og store nok inngrepsfrie areal til at naturen kan handtere endringane. Derfor er det viktig å handtere byveksten på ein slik måte at vi minimaliserer bruken av natur. Vi kan bygge nok bustader i Tromsø utan å bygge ned store areal.

Det aller viktigaste tiltaket vi har i Tromsø er Tenk Tromsø. Gjennom å unngå auke i biltrafikk så unngår vi å bruke meir natur til vegar og vi reduserer utsleppa.

I Noreg er vi heldige, vi har ressursane til å handtere dei endringane som kjem. Dessverre er ikkje alle andre land like heldige som oss.

God helg alle saman, og bruk vinteren medan han er her

Kostnaden med Arctic Center er for stor

Vi er i ei stor naturkrise. Artar forsvinn i høgt tempo og omdanning av jomfrueleg mark er eit av dei største utsleppa av klimagassar vi har. Vi må derfor vere heilt sikre på at det vi skal gjere er heilt naudsynt og verd utsleppa av klimagassar og tap av natur.

Eg meiner at det vi får att gjennom eit alpinanlegg på Finnheia/Håkøybotn ikkje er verd tapet av natur og utsleppa av klimagassar som kjem med det.

Det finst gode argument for eit alpinanlegg i området ved Finnheia. Det ville kunne gje tilgang til fjella for alle dei som ikkje er glade i å gå oppover bakkane og er mest interessert i å køyre nedover. Men til kva kostnad?

For korfor vil vi til fjells? Ein del av det er å komme bort frå det menneskeskapte, det å få den kjensla av fridom som det gjev å komme ut i naturen. For alpinanlegget Arctic Center er ikkje berre ein bakke og eit skitrekk. Det er hotell, vassverk, vegar og store parkeringsplassar.

Det vi veit er at ein treng ganske mykje energi til å produsere for snø for eit slikt anlegg. For sjølv om vi har mykje snø i Tromsø vil det vere stort behov for å utvide sesongen gjennom kunstsnø. I den situasjonen vi er i dag, der tilgang på kraft er ein barriere for å starte opp ny næring så må vi vere heilt sikker på at vi bruker straumen der den får størst effekt. Eg trur ikkje eit alpinanlegg er det rette å bruke denne ressursen på.

Vi treng heller ikkje ein ny attraksjon for å trekke enno fleire vinterturistar til Tromsø.

I regjeringa sin rettleiar med forventningar til kommunal planlegging står det:

«Det er viktig for Noreg si evne til å oppfylle natur og klimamåla at fylkeskommunane og kommunane bruker planverktøya til å hindre nedbygging av karbonrike areal som skog og myr, men også jordbruksjord (særleg beitemark). Dette inneber blant anna å ta i bruk moglegheitene til fortetting, gjenbruk og transformasjon av alt utbygde areal, før jordbruksareal, viktige natur- og friluftslivsareal og karbonrike areal som myr, skog og annan næringsrik jord blir omdisponerte» (mi utheving)

Vidare står det:

«Ved revidering av arealdelen i kommuneplanen, vurderer kommunen om tidlegare godkjend arealbruk skal endrast av omsyn til klima, naturmangfald, kulturmiljø, jordvern, reindrift, klimatilpassing, samfunnstryggleik og eit føremålstenleg utbyggingsmønster.»

For oss i SV framstår det klårt at ein rammetillatelse med dispensasjonar frå den gjeldande reguleringsplanen for Arctic Center ikkje kan gjevast no. Dersom Arctic Center hadde søkt i tråds med den eksisterande reguleringa er det lite vi kunne gjort, men sidan dei søker om dispensasjonar frå den vedtatte planen så vil og må vi gjere ei ny vurdering.  I tråd med regjeringa sin rettleiar bør dette avvente vedtak av den nye arealplanen i kommunen. I den planen er SV si klåre meining at området som i dag er sett av til alpinanlegg, hotell og parkering i Håkøybotn må tilbakeførast til LNFR-område.

Det vil vere å ta regjeringa sin rettleiar på alvor. Det vil vere å ta naturen på alvor. Det vil vere å ta friluftslivet på alvor, og det vil vere å ta reindrifta på alvor.

Melkøya, elektrifiseringa må stoppast

Det er fire grunnar at det for meg er utforståeleg at regjeringa no går inn for elektrifisering av Melkøya med straum frå land. Særleg når det etter pressekonferansen er tydeleg at regjeringa ikkje har ein tydeleg plan for produksjon av meir straum i Finnmark og Nord-Noreg.

Grunn 1. Vi har lagt bak oss ein sommar med hetebølge, flaumar og den varmaste månaden målt nokon sinne. Vêr er ikkje klima, men vi veit at med klimaendringane aukar risikoen for ekstremvêr av alle typar. Elektrifiseringa vil forlenge fossilperioden når det vi treng fokus på er korleis vi fasar ut avhengigheita våre av fossil energi.

Grunn 2: Stortinget har bede regjeringa vurdere karbonfangst- og lagring på Melkøya. Det har dei sikkert gjort, men at dei valde det vekk er uforståeleg. Ja, det ville blitt ei dyrare løysning, men det ville gjort det mogleg å drive vidare på Melkøya utan store klimautslepp eller enorme naturøydeleggingar som følgje av bygging av nye kraftlinjer. Det er og viktig at vi får i gang bygging av mange fleire karbonfangstanlegg. Desto fleire som blir bygd, jo meir kunnskap om det og billigare blir det. Equinor er eit selskap som har musklar til å bygge dette.

Grunn 3: Vi har ikkje ubegrensa mengdar straum. Når det går 400 megawatt til Melkøya blir det mykje mindre straum att til anna industri, og sannsynlegvis høgare prisar til oss som forbrukarar. Allereie i dagens situasjon er det titals bedrifter som har fått nei til sitt ønske om å kople seg til starumnettet i nord fordi vi manglar straum. Det er feil at fiskeindustrien i nord ikkje skal få utvikle seg, eller Tromsø kommune ikkje skal kunne utvikle Grøtsund hamn og industripark fordi vi skal oppretthalde gassproduksjonen i Barentshavet.

Grunn 4: Ja, vi treng å oppjustere straumnettet, men dei linjene som trengst for å få til elektrifiseringa av Melkøya vil føre til store naturøydeleggingar og komme i konflikt med reindrifta.

SV vil ha en byvekstavtale som gjer det raskt og trygt å ferdes i Tromsø

I Tromsø er mange av vegane smale. Fortaua er enda smalare. Andre steder er det ingen fortau. Det fører til utrygge skolevegar, og til at det er vanskeleg å komme seg fram om vinteren for både køyretøy og folk. Medisinen for dette er at vi treng å bruke meir pengar på å sikre skolevegane våre, gjere det enklare å gå og sykle og sørge for at bussen går ofte til ein overkommeleg pris.

Dei siste tiåra er det gjort lite eller ingenting med transportsystemet i Tromsø, samstundes har folketalet auka kraftig og det er blitt fleire bilistar, syklistar og gåande på vegane våre. Det blir trangt, og vinterdrift og vedlikehald blir vanskelegare. Derfor treng vi eit krafttak for at dette skal bli betre. Ein byvekstavtale er eit slikt krafttak.

SV meiner at det aller viktigaste vi kan gjere er:

  1. Å oppretthalde og utvide busstilbodet i Tromsø
  2. Å sikre trygge skolevegar for ungane våre og at det skal vere trygt og lettvint for alle som går og syklar i Tromsø.
  3. Gjere vintervedlikehaldet betre for å sikre at bilar, syklande og gåande kjem seg fram, at det går an å komme seg på bussen, utan å skreve over meterhøge skavlar, og at du skal kunne gå med barnevogn utan å måtte gå midt i vegen.

Dette er sjølve basisen av det vi må få til med ein byvekstavtale. Men vi skal sjølvsagt gjere meir. Vi skal få i gang ein blå bybane. Den kan sjølvsagt høyrest litt råflott ut med båt over sunda våre – det er jo allereie bruer. Men bruene er ein barriere for alle som syklar og går. Det er bratt, fortaua er smale og skumle, og vintertid kan bruene vere dårleg brøyta. Ein blå bybane er svaret på denne utfordringa og eit alternativ til enorme investeringar for å løyse dette.

Vi skal bygge ny bussterminal i Giæverbukta. Giæverbukta er Nord-Noregs største kollektivknutepunkt med 760  bussavgangar dagleg og meir enn ein million reisande per år. Passasjerane og bussane treng enklare overgangar og færre rundar i rundkøyringa. Ein ny terminal vil føre til 40 000 færre køyrte kilometer per år for bussane.

Vi skal bygge nye vegar, kollektivfelt, fortau og sykkelvegar som gjer at alle kjem seg lettar fram i tromsøtrafikken – heile året. Vi skal transportere oss på ein annleis måte, slik at vi tar vare naturen og klimaet vårt for generasjonane som kjem etter oss.

Alt dette kostar pengar. Bompengane kan vi berre bruke til investeringar, derfor er statens bidrag så avgjerande for ein vellykka byvekstavtale. Mykje av dei pengane staten bidreg med kan brukast til drift. Drift vil seie vinterdrifta av vegane, fortaua og sykkelvegane våre, drift av ein blå bybane og å sikre hyppige bussavgangar og låge tromsøprisar på bussen.

Derfor er heller ikkje staten sitt tilbod nok. Tilbodet er på litt over 60 millionar meir i året enn det vi allereie får. Dei 92 millionane vi allereie har fått årleg går i alle hovudsak til å sikre låge billettprisar på bussane og hyppige avgangar. Tromsøs månadskort er blant de billigaste i landet. Men, prisstigninga gjer at det blir utfordrande å oppretthalde dagens tilbod og samtidig få til den forbetringa av vinterdrifta vi desperat treng. Å finansiere ein blå bybane blir vanskeleg. Eg meiner at staten sitt tilbod ikkje er i tråd med den avtalen regjeringa inngjekk med SV om statsbudsjettet for i år. Dette nivået handsamar Tromsø annleis enn Bergen, Trondheim og Jæren. Det er eit problem for regjeringa om SV ikkje kan stole på at dei inngåtte avtalane blir oppfylt av regjeringa.

Føresetnaden for bompengane og byvekstavtalen var at alle i Tromsø – uansett om du går, køyrer, syklar eller bussar skulle oppleve forbetringar. Det blir krevjande med dagens tilbod frå regjeringa.

Korfor aukar utsleppa i Tromsø?

iTromsø har i dag eit oppslag om at utsleppa i Tromsø har auka kvart år dei siste åra. Det er sjølvsagt ikkje bra, men det finst gode forklaringar på korfor dette har skjedd.

Den aller viktigaste grunnen til at det skjer er at vi har fått eit søppelforbrenningsanlegg i kommunen. Utan dette anlegget ville utsleppa vore 30 000 tonn lågare, og vist ein nedgåande tendens. Den søpla som blir brent på dette anlegget vart før brent i Kiruna eller andre plassar. Utsleppa har med andre ord ikkje gått opp, dei er berre blitt flytta frå Sverige til Tromsø. Dei blir derfor ført i rekneskapen vår, medan dei før vart ført på Kiruna sin rekneskap. Sannsynlegvis er dei totale utsleppa gått ned fordi det blir mindre transport av avfall på trailer.

Kvitebjørn har søkt om ei dobling av sin konsesjon til å brenne avfall. Det er avfall som tidlegare har blitt brent andre stader. Det vil føre til at utsleppa i Tromsø kjem til å auke framover utan at dei totale utsleppa i verda vil auke.

Dette er tala frå miljødirektoratet for 2019 som er dei siste tala vi har:

Sektor20152016201720182019
Industri, olje og gass225,3178,658,4310,152,9
Energiforsyning0024 838,626 025,532 935,5
Oppvarming5 219,37 705,14 698,23 811,55 169,1
Veitrafikk74 826,170 847,665 573,667 822,164 916,2
Sjøfart67 511,875 377,281 949,381 578,585 352,7
Luftfart18 294,418 10719 268,919 958,322 164,7
Annen mobil forbrenning25 585,528 867,329 292,132 252,122 206,4
Jordbruk8 705,18 750,98 5558 521,68 758,7
Avfall og avløp13 029,912 205,211 467,910 99710 365,2
Totalt213 397,4222 038,9245 702251 276,7251 921,4

Det vi ser av denne tabellen er at utan utsleppa frå Kvitebjørn Varme som ligg i sektoren Energiforsyning så ville vi vore under 2016-nivået i utslepp i Tromsø.

Det er fleire ting som er verd å ta med seg frå denne tabellen. Det første som er verd å merke seg er at sjøfart er største utsleppsektoren i Tromsø og at det er ein tydeleg vekst i den sektoren. Her er kommunen gjennom Tromsø Hamn og i samarbeid med Tromskraft i ferd med å sette i gang eit stort arbeid. Dei har – i tråd med Klimaplanen kommunestyret har vedtatt – laga selskapet Arctic Energy Port som skal legge til rettte for landstraum og og leveransar av energi for eksempel hydrogen til sjøfarten. Eg har god tru at dette arbeidet vil føre til ein kraftig nedgang i utsleppa frå denne sektoren. Arctic Energy Port har allereie fått Enova støtte på 16 millionar til dette arbeidet.

Eg synst og det er verd å merke seg at utsleppa frå vegtrafikken har gått kraftig ned.  Det tyder på to ting. Det eine er at satsinga på buss, gange og sykkel har fungert og at satsinga på bilar utan lokale utslepp fungerer. Denne trenden vil halde fram og forsterkast når vi får Tenk Tromsø på plass. Det at fleire brukar alternativ til bilen er bra for alle. Det blir mindre bruk av knappe ressursar, betre luft i byen og betre folkehelse. Kudos til alle som har valt å bruke eit alternativ til bilen.

Sektoren «Annen mobil forbrenning» er i stor grad knytt til bygging, graving og den slags. Eg håper at grunnen til at utsleppa her går ned er fordi vi ser større bruk av elektrisitet eller fjernvarme til byggtørk og større grad av bruk av elektriske maskinar. Eg er dessverre redd for at det heller betyr ein nedgang i byggeverksemda i Tromsø i 2019. Dette er uansett ein sektor der kommunen jobbar aktivt for å få til fossilfrie byggeplassar. Det er eit arbeid som må forsterkast.

Kom gjerne med forslag om korleis vi kan bli betre. Har du spørsmål så skal eg og prøve å svare.

Bildet er henta frå sakspapira til kommunestyresak 112/20

Kvar blir det av toget?

Det er skuffande og utruleg defensivt at ikkje dei nordnorske fylkeskommunane klarer å bli samde om å sette tog gjennom heile landsdelen på kartet, og spele det inn i samband med Nasjonal Transportplan. Når dei tre sjefane for Nordland, Troms og Finnmark, er samla må det vere lov å forvente meir. La oss satse på at når dei møtes neste gong i Nordnorsk råd så er dei meir offensive.

I det diskusjonsnotatet som rådet tok til orientering er det kun Ofotbanen som er nemnt i tillegg til at vidareføring av Nordlandsbanen med båt:

Fylkeskommunene står samlet om betydningen av Ofotbanen for fremføring av gods til og fra landsdelen og samlet bak kravet om å bygge dobbeltspor slik at kombinasjonen stykkgods- og malmtransport kan fortsette uten flaskehalser/hinder. Vi bør også be staten stimulere til overgang for frakt av gods fra veg til sjø ved å kombinere veg/bane/båtløsninger gjennom virkemidler. En forlengelse via Bodø med Nordlandsbanen nordover med containerbåt er en slik faktisk mulighet.

Det er ingen tvil om at Ofotbanen er viktig og at det er lurt med båt frå Bodø og nordover, men framtida må vere meir.

Eg veit ikkje nøyaktig kva det vil koste å bygge lyntog frå Trondheim til Kirkenes. Det blir sikkert grusamt mange milliardar. Men, eg veit at i løpet av dette hundreåret vil det vere slutt på å sleppe ut CO2. Dei stadane som då ikkje har noko anna alternativ enn ein trolleylastebil vil slite.

I 2050 vil kanskje batteria gjere at du kan køyre med el-bil frå Tromsø til Oslo, men eg veddar på at fartsgrensa ikkje er så mykje høgare enn i dag. Derfor treng vi toget, for den flyseteavgifta som regjeringa innfører er nok berre den første av mange. Du veit ei avgift vil vekse når sjølv Frp er for den. Det betyr at i 2050 vil det gå svært få fly mellom Tromsø og Oslo. Derfor treng vi lyntoget. Seks til åtte timar frå Oslo til Tromsø, akkurat ei god natts søvn og ein frokost så er du framme.

I tillegg vil lyntoget bety svært mykje for å binde saman landsdelen. Alta, Tromsø og Narvik ville bli ein arbeidsmarknadsregion. Likeins Narvik, Bodø og Mo i Rana, eller heile Helgeland. Landsdelen og regionane i landsdelen vil bli knytt sterkare til kvarandre.

Derfor la oss no i det aller minste finne ut kva det vil koste å bygge lyntog frå Trondheim til Kirkenes, kvar linjene kunne gå og kor fort det vil gå. La oss ta diskusjonen då, når vi har fakta, ikkje avspise den med at det er urealistisk.

Det som er urealistisk er at vi skal kunne halde fram som før.

Exit mobile version