Categories
Feature Klima Olje

Berusa av oljedamp?

oljerigg
Det er betre å spare olja på botn av havet: Foto: Tim Thomsen/flickr.com/photos/hotpixelaction/182874330/

Eg må innrømme at eg har tatt feil. Eg har lenge trudd at Senterpartiet var ein alliert i klima og miljøkampen. Eg har lenge visst at SPs Irene Lange Nordahl var berusa av oljedampen, men at også SPs Ola Borten Moe, oljeminister, har tatt til å sniffe petroleumsprodukt er rett og slett trist.

Det er nesten ingen tvil om at vi står framfor store menneskeskapte klimaendringar — om vi ikkje får redusert utsleppa av klimagassar. Bevisa er så trygge at vi må handle. I Tromsø vil SV satse på buss og gang- og sykkelvegar, for at vi skal gjere vårt. Men det nyttar ikkje så mykje om vi held fram med å pumpe opp oljeressursane våre i aukande tempo. Eg hadde trudd at Senterpartiet var ein alliert i kampen for ein ansvarleg oljepolitikk. Det kan virke som eg har tatt feil. Borten Moe seier til VG:

Han mener det er et «paradoks» at det i den norske samfunnsdebatten er et motsetningsforhold mellom det å være for olje og gass og å være miljøvennlig og foroverlent.

Men, og om vi ser bort frå klima er det mange gode argument for å redusere tempoet i oljeutvinninga i Noreg. Olja og gassen vår blir ikkje verdilaus i framtida. Det er derimot mykje større sjanse for at investeringane våre i internasjonale aksjar og handlegater skal bli mindre verd i framtida. Det er mykje betre å spare til framtidige pensjonar på botn av havet enn på internasjonale børsar (eg har skrive litt om dette tidlegare).

Så veit vi at oljeutvinnga skaper problem for fiskerinæringa. Både forurensing og konflikt om areal kan øydelegge for den største fornybare næringa i Noreg. Skal vi ta sjansen på det i bytte mot italienske lånepapir og aksjar?

SV er mot oljeutvinning i nord, eg håper ikkje Borten Mo og Lange Nordahl får gjennomslag i SP til å gjere det partiet og avhengig av oljedunstar.
Categories
Feature Klima Video

Har debatten gått framover?

Isaac Asimov på trone
Isaac Asimov var ein stor forfattar, både av science fiction og populærvitskap. Her på ei trone med symbol frå forfattarskapen. Bilete er laga av Rowena Moril og finst på Wikipedia

Det vart naturleg å stille det spørsmålet då eg kom over denne videoen av ein av dei store heltane mine, Isaac Asimov. I videoen under snakkar han om drivhuseffekten i ein tale frå 1989. Litt har kanskje skjedd, men løysninga er ikkje riktig på plass enno. Tvert i mot, mengda CO2 i atmosfæren har berre auka. I tillegg til å vere ein stor forfattar var han professor i biokjemi ved Boston University og skreiv mykje populærvitskap.

Asimov er forfattar av det som kanskje er den beste science fiction boka/trilogien som nokon gong er skrive, «Foundation«.  og ei av dei beste novellen «The last Question«. Han er kanskje likevel mest kjent for «I, robot» og andre bøker/noveller om robotar der han mellom anna skapar robotikkens tre «lover»:

  1. Ein robot kan ikkje å skade eit menneske eller passivt la eit menneske kome til skade.
  2. Ein robot må følgje ordre gjeve av menneske bortsett frå når slike ordre kjem i konflikt med første lov.
  3. Ein robot må verne om sin eigen eksistens såframt slikt vern ikkje kjem i konflikt med første og andre lov.

Men i alle fall, før eg pratar meg heilt bort, her er videoen eg vart fascinert av. Den fann eg på NASA sin blogg om klimaendringar:

Categories
Feature Klima

Pelsdyr bergar klimaet

Visste du at pelsdyrnæringa er med på å berge kloten frå klimaendringar? Ikkje eg heller, før eg leste ein annonse frå European Fur Breaders Association og International Fur Trade Federation. I The Parliament, bladet til EU-parlamentet nr 318 frå den 22. november i år (side 30-31).

Pelsdyr bergar klimaet
Eg trur det er andre måtar å berge klimaet på enn pelsdyrhald. Foto: faksimile frå "The Parliament" issue 318

Overskrifta i annonsen som går over to sider er, «Tackling Climate Change with EU fur farming? Yes we will!». Eg aksepterer at det kan vere ulike meiningar om pelsdyrhald. Sjølv meiner eg at vi ikkje burde halde på med slikt, men eg har aldri høyrt at nokon har meint at det var eit viktig bidrag i klimakampen.

Så kva er då argumentet for at pelsdyrnæringa er med på å bergar klimaet? Jau, det er at du kan lage biodisel av skrottane som er igjen når pelsen er tatt av. «Fur animal carcasses are used in the biodiesel production». Eg skulle gjerne sett CO2 rekneskapen for den dieselen.

Eg kan ikkje anna enn å konkludere med at det er i ferd med å bli langt mellom dei verkeleg gode argumenta for pelsdyrnæringa

Categories
Feature Klima Video

Varmen gjer det kaldt

Denne underlege utviklinga kan vi få om isen i Arktis held fram med å smete. Det antyder i alle fall NOAA (National Oseanic and Atmospheric Administration) i videoen du kan sjå under her.

NOAA peiker på at vi ser store endringar i klimaet i Arktis og at desse vil få verknader langt utanfor arktiske område. Kanskje var det byrjinga på dette vi såg i fjor då det regna i januar på Svalbard medan det var svinkaldt på fastlandet? NOAA følgjer klimaet i nordområda nøye, og publiserer jamnleg ismålingar.

Kva meiner du vi må gjere for å få bukt med klimaendringane?

Categories
Feature Klima

Klimakur eller hestekur?

Dette viser at vi må gjennom ein kur for å få redusert utsleppa av klimagassar: Illustrasjonen er henta frå klimakur2020.no

I dag la Klima og forurensingsdirektoratet fram rapporten Klimakur 2020. Rapporten er ein gjennomgang av over 160 verkemiddel som vi kan nytte til å redusere utsleppa av klimagassar i Noreg. Dersom vi skulle gjennomføre alle tiltaka ville vi redusere utsleppa med 22 millionar tonn CO2 eller andre gassar. Det målet Stortinget har sett er mellom 15 og 17 millionar tonn. Det betyr at vi kan lese gjennom den menyen av tiltak som Klimakur 2020 er og velge oss ut dei mest fornuftig og mange nok til å nå målet. Kostnadane med tiltaka varierer frå 0 til 4000 kroner per tonn reduserte utslepp. For å nå måla vil kostnaden på det siste tonnet ligge på ca 1500 kroner.

Eg er svært glad for den handsaminga rapporten no skal få. Mange av tiltaka vil kunne føre til store endringar i Noreg og det norske samfunnet. Det er derfor heilt naudsynt at rapporten no blir sendt ut på ei brei høyring og til offentleg diskusjon. Det vil føre til at vi vel dei beste tiltaka. Og, utan forkleinelse for dei som har laga rapporten, dette er innvikla spørsmål der det ikkje er eitt einaste svar. Kanskje er nokre få av forslaga ikkje gode, kanskje har det blitt rekna feil. Slike ting vil vi oppdage gjennom ei offentleg høyring.

Så betyr ikkje dette at regjeringa skal sitte i ro å vente på debatten. Mykje god klimapolitikk kan settast i verk snart – og eg er trygg på at det kjem.

I den debatten som kjem er eg spesielt opptatt av at vi ikkje tømmer ungen ut med badevatnet. Med det meiner eg at vi ikkje lagar rammer for norsk industri som gjer at den forsvinn. Gjer den det vil den bli erstatta av industri i andre land, og ikkje alle desse landa har ein god miljøpolitikk. Resultatet kan vere at dei globale utsleppa aukar. Det er det ingen som vil. Samstundes er eg trygg på at norsk industri vil møte utfordringane på ein offensiv og god måte. Eg meiner Finnfjord as sitt prosjekt saman med det mange andre industribedrifter i Noreg gjer kan vere viktige bilete på at dette er muleg på ein lønsam måte, og at vi kan vise veg for mange andre.

Så trur eg det er rett at prisen på bensin over tid må kraftig opp, men då skal vi samstundes huske at i same periode vil elektriske bilar og plug-in hybridar bli vanlege. Det betyr at det er langt frå sikkert at transportrekninga til folk vil auke i tida framover.

Eg er teknologioptimist – det må ein vere for å kunne løyse klimaproblema og samstundes halde fram med å utvikle velferden.

Dersom vi ikkje gjer dette er eg redd hestekuren når klimaendringane slår inn for fullt kan bli betydeleg verre enn klimakuren.