Categories
Klima Olje SV

Snøkvit glede

Det gler meg stort at det ikkje blir noko oljeutvinning på Snøkvit utanfor Finnmarkskysten. Korfor det spør du kanskje, vil ikkje eg ha arbeidsplassar? Jau, eg vil gjerne ha arbeidsplassar, men ikkje arbeidsplassar som er tvilsame økonomisk og meir enn tvilsame økologisk.

Eit uhell ved oljeutvinning er svært mykje meir alvorleg enn eit uhell med utvinning av gass. gass har det med å fordampe fort, medan olje har det med å legge seg i fjære og på fuglar – og bli verande der ei stund.

I tillegg er det jo slik at dette landet vårt ikkje slit med for små inntektar frå oljeverksemda. Vi er i den heilsprøe situasjonen at vi har meir pengar enn vi kan bruke. Då finst det ikkje fornuft i å pumpe opp meir klimaøydande olje for å salte pengane ned på børsen i Ny York eller London.

Vi må bruke kapital og investeringar til å skape anna og meir miljøvenleg industri i dette landet.

Så sjølv om oljedirektoratet gjennom tvilsamt press fekk oljeselskap til å utreide olje på Snøkvit er eg glad for at operatørane fann ut at dette skulle det ikkje brukast meir pengar på.

Categories
Klima SV

Klima i endring

Den siste veka har vi mottatt meldingar om at Nordvestpasasjen er isfri og at store flaumar rammar Afrika. Dette er for å seie det enkelt, ikkje daglegdagse hendingar. Igjen blir det tydeleg for oss at endringane i klimaet er den største utfordringa vi står framfor.

Meiningsmålingsinstituttet inFact melder at nordlendingane er dei som er minst opptatt av klimaendringane. Lat oss no gjere dette til skamme. Eg vil utfordre alle kommunane i Troms til å la lokale klima- og energiplanar bli første store saka for dei nye kommunestyra. Slik kan vi bidra på vår måte til å løyse dei store utfordringane landet og verda står overfor.

Categories
Klima Kollektivtrafikk Miljø SV

Kjøp Tromsbuss tilbake

Troms og Tromsø SV går inn for å kjøpe Tromsbuss tilbake. Kollektivtrafikken i Tromsø er for viktig til at den kan overlatast til marknaden. SV vil at vi skal ha politisk kontroll med kollektivtrafikken. Då kan vi lettare gjere forsøk med lågare pris eller hyppigare avgangar. Vi slepp og å betale overskottet til private eigarar. Dette overskottet kan heller nyttast til å skape ein betre kollektivtrafikk.

I dag er det Hurtigruta som eig Tromsbuss. Dessverre går selskapet Hurtigruta ganske dårleg. Vi er derfor reelt bekymra for at Tromsbuss kan bli selt til ein stor internasjonal aktør som berre er interessert i å suge pengar ut av busspassasjerane i Troms. Det vil ikkje gje fleire bussbrukarar og eit betre miljø.

SV meiner at kommunen og fylket kan finansiere dette tilbakekjøpet gjennom å selge/bytte dei aksjane kommune, fylket og Troms kraft har i Hurtigruta med Tromsbuss. Desse aksjane er i dag verd ca. 100 millionar.